Forskrift til opplæringslova
§ 3-8 Varsling
Elevar og foreldre til elevar under 18 år skal varslast skriftleg dersom eleven står i fare for å
- ikkje få karakter (IV) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag
- få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i orden eller i åtferd.
Varselet skal givast straks det er klart at det er fare for nedsatt karakter eller bortfall av karakter, og skal gi eleven høve til å få karakter i fag eller ikkje få nedsett karakter i orden eller åtferd.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).