Forskrift til opplæringslova
§ 3-3 Vurdering i fag
Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og bidra til lærelyst undervegs, og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget.
Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal vere kjende med læreplanen i faget.
Føresetnader, fråvær, orden eller åtferd skal ikkje inn i vurderinga i fag. Innsats er berre ein del av grunnlaget for vurdering dersom det følgjer av læreplanen i faget.
Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal møte fram og delta aktivt i opplæringa. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at lærar og instruktør ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).