Forskrift til opplæringslova
§ 20-3 Foreldresamarbeid i grunnskolen
Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.
Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.
Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.
Foreldra skal få munnleg eller skriftleg:
- varsling om eleven sitt fråvær
- varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-8
- informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter opplæringslova og forskrifta
- anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgiving.
Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020), 14 nov 2022 nr. 1959.