Forskrift til opplæringslova
§ 14A-1 Forholdstal mellom lærarar og elevar på skolenivå
På ein grunnskole skal forholdet mellom talet på lærarar og elevar i ordinær undervisning frå 1. august 2019 maksimalt vere:
- 15 elevar per lærar på 1.-4. årstrinn
- 20 elevar per lærar på 5.-7. årstrinn
- 20 elevar per lærar på 8.-10. årstrinn.
Skoleeigarar kan fram til 1. august 2020 fråvike desse krava dersom dei ikkje har fått søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing etter opplæringslova § 10-1. Det må takast avgjerd om dette for kvart halvår. Stillingane må lysast ut minst kvart halvår.
Tilføyd ved forskrift 26 juni 2018 nr. 1034 (i kraft 1 aug 2018), endra ved forskrifter 26 juni 2018 nr. 1034 (i kraft 1 aug 2019), 5 nov 2019 nr. 1650.