Forskrift til opplæringslova
§ 1-11 Opplæring og eksamen i skriftleg sidemål
For desse elevane gjeld ikkje kravet om opplæring i skriftleg sidemål:
- elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk
- elevar som har kvensk eller finsk som andrespråk
- elevar som får opplæring i teiknspråk etter opplæringslova § 2-6 og § 3-9
- elevar som får særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12.
Vaksne som får opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, jf. § 1-17, er fritekne frå kravet om opplæring i skriftleg sidemål. Privatistar omfatta av § 1-17 er fritekne frå kravet om eksamen i skriftleg sidemål.
Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-19 og § 4-13.
For elevar med rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, avgjerast spørsmålet om fritak frå opplæring i skriftleg sidemål etter reglane i opplæringslova kapittel 5.
Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 28 juli 2017 nr. 1242 (i kraft 14 aug 2017), 9 des 2019 nr. 1700, 14 nov 2022 nr. 1959.