(Opplæringslova § 1-3, § 2-2 første ledd og femte ledd, § 2-3 tredje ledd, § 2-5 sjette ledd, § 2-6, § 3-1 tredje ledd, § 3-2 første ledd og § 3-4 første ledd og § 6-4)

I grunnskolen skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Læreplanverket for Kunnskapsløftet omfattar den overordna delen av læreplanverket, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga. Frå kravet i første punktum gjeld desse unntaka:

  1. For spesialundervisning gjeld opplæringslova § 5-5. Reglane om spesialundervisning gjeld også for opplæring med utgangspunkt i dei læreplanalternativa som går fram av dei andre punkta i denne paragrafen.
  2. Elevar i samisk distrikt, jf. opplæringslova § 6-1, skal ha opplæring i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk. Det same gjeld elevar utanfor samisk distrikt når dei får opplæring på samisk, jf. opplæringslova § 6-2 andre ledd.
  3. Elevar som får opplæring i samisk utanfor samisk distrikt, skal ha opplæring i samsvar med det ordinære Læreplanverket for Kunnskapsløftet, men skal følgje Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk når det gjeld opplæringa i samisk.
  4. Elevar med teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 2-6 har i teiknspråk, norsk, engelsk og musikk rett til opplæring i samsvar med læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for hørselshemma, engelsk for hørselshemma og drama og rytmikk for hørselshemma.
  5. Elevar som har rett til særskild norskopplæring etter opplæringslova § 2-8, skal få opplæring etter tilpassing til læreplanen i norsk eller opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.
  6. Elevar med rett til punktskriftopplæring med mer etter opplæringslova § 2-14 har rett til inntil 1525 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.

Skoleeigaren kan omdisponere inntil 5 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget for heile klassar/grupper eller årstrinn. Skoleeigaren gir forskrifter om fag- og timefordelinga for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timar mellom fag kjem fram. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 29 juli 2013 nr. 933 (i kraft 1 aug 2013), 14 juli 2015 nr. 902 (i kraft 1 aug 2015), 14 nov 2022 nr. 1959.

Elevar på 5.-7. årstrinn skal jamleg ha fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget. Tilsaman skal dette utgjere 76 timar innanfor 5.-7. årstrinn, jf. fag- og timefordelinga.

Den fysiske aktiviteten skal tilretteleggjast slik at alle elevar, utan omsyn til funksjonsnivå, kan oppleve glede, meistring, fellesskap og variasjon i skoledagen.

Reglane om individuell vurdering i kapittel 3 og reglane om krav til pedagogisk kompetanse for undervisningspersonale i kapittel 14 gjeld ikkje. Elles gjeld opplæringslova med tilhøyrande forskrifter.

Tilføyd ved forskrift 30 juli 2009 nr. 1014 (i kraft 1 aug 2009).

Læreplanverket for Kunnskapsløftet skal, så langt det passar, også brukast i grunnskoleopplæringa for vaksne. Opplæringa skal tilpassast vaksne og skal vere eigna til å føre dei vaksne fram til vitnemål etter § 4-27 flg.

Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet og den fastsette tilbodsstrukturen. Læreplanverket for Kunnskapsløftet omfattar den overordna delen av læreplanverket, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga.

  1. Elevar som får opplæring ved ein knutepunktskole etter opplæringslova § 3-9 andre ledd, har i teiknspråk, norsk og engelsk rett til opplæring i samsvar med læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for hørselshemma og engelsk for hørselshemma.
  2. Elevar med rett til punktskriftopplæring med meir etter opplæringslova § 3-10 har rett til inntil 456 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.

Opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.

Skoleeigaren kan leggje fag på andre trinn enn det som er fastsett i fag- og timefordelinga. Skoleeigaren gir forskrifter der det kjem fram på kva trinn dei ulike faga skal liggje. Fag- og timefordelinga må sikre progresjonen i faga og at den vidaregåande opplæringa samla sett følgjer ordinær opplæringstid. Skoleeigarar som gir forskrifter om endra fag- og timefordeling, må òg tilby den ordinære fag- og timefordelinga.

Endra ved forskrifter 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 14 juli 2015 nr. 902 (i kraft 1 aug 2015), 14 nov 2022 nr. 1959.

I Læreplanverket for Kunnskapsløftet er fag- og timefordelinga fastsett. Tida som går med til eksamen, medrekna eventuell førebuingstid som blir teken frå undervisninga, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.

Alle elevar skal ha moglegheit og tid til å arbeide med saker knytt til elevdemokrati og medverknad i opplæringa. Arbeidet må vere godkjent av skolen.

Tilføyd ved forskrift 30 juni 2012 nr. 816 (i kraft 6 aug 2012).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For elevar som skifter skole gjeld den vedtekne timefordelinga for den skolen dei til kvar tid går på.

Undervisninga skal i regelen ikkje ta til før kl. 08.00 eller slutte etter kl. 15.30. Undervisninga kan organiserast i undervisningsblokker av ulik lengd.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Når skoletida blir nytta til konfirmantundervisning etter § 36 i kyrkjelova, skal dei timane som fell bort, delast på alle faga i skolen. Andre trus- og livsynssamfunn har same retten til å bruke av skolen si tid som Den norske kyrkja har.

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal i tillegg til opplæring i engelsk ha opplæring i eit framandspråk til, fordjuping i engelsk, norsk, samisk, matematikk eller opplæring i arbeidslivsfaget.

Skoleeigaren skal tilby opplæring i framandspråk i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I ved kvar skole. I tillegg kan det vere tilbod om andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplanen. Skoleeigaren bestemmer kva for framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

Skoleeigaren skal tilby opplæring i fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk, samisk eller matematikk ved kvar skole. Skoleeigaren bestemmer kva for fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast. Skoleeigarar kan i tillegg tilby arbeidslivsfaget.

Elevar som har hatt opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfaget, har ikkje rett til å halde fram med opplæring i det faget dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Skoleeigaren bør likevel, så langt det er mogleg, leggje til rette for at elevane kan halde fram med opplæring i det språket eller faget dei har begynt på.

Når ein elev har valt anten framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, skal eleven ha faget på heile ungdomstrinnet. Elevane kan i det første halvåret likevel gjere omval i samråd med skolen. Når det ligg føre særlege grunnar, kan skoleeigaren godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt.

Endra ved forskrifter 12 april 2012 nr. 357 (i kraft 1 aug 2012), 20 feb 2013 nr. 228 (i kraft 1 aug 2013), 4 mars 2014 nr. 255 (i kraft 1 aug 2014), 17 juni 2015 nr. 708 (i kraft 1 aug 2015), 21 april 2016 nr. 452 (i kraft 1 aug 2016).

Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk, er unnatekne frå kravet om opplæring etter § 1-8. Desse elevane har likevel rett til opplæring i framandspråk eller fordjuping dersom dei ønskjer det, eventuelt også arbeidslivsfaget dersom skoleeigar tilbyr dette faget.

Elevar som får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk etter opplæringslova § 2-7, norsk teiknspråk etter opplæringlova § 2-6 eller særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, kan etter søknad bli fritekne frå kravet om opplæring i framandspråk eller fordjuping.

Elevar som er unnatekne frå kravet om opplæring i framandspråk eller fordjuping, skal få forsterka opplæring i engelsk, norsk, samisk, kvensk, finsk eller eit anna språk som eleven alt har eit grunnlag i.

Endra ved forskrifter 17 juni 2015 nr. 708 (i kraft 1 aug 2015), 21 april 2016 nr. 452 (i kraft 1 aug 2016), 9 des 2019 nr. 1700.

Elevar i vidaregåande opplæring som held fram med det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå II. Elevar som begynner med eit nytt framandspråk, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå I. Elevar som på ungdomstrinnet ikkje har hatt opplæring i framandspråk i grunnskolen, skal ha opplæring både i nivå I og i nivå II i læreplanen når dei begynner med framandspråk i vidaregåande opplæring.

Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk, kvensk eller finsk som andrespråk eller norsk teiknspråk etter opplæringlova § 3-9, er unnatekne frå kravet om opplæring i framandspråk.

Endra ved forskrift 9 des 2019 nr. 1700.

For desse elevane gjeld ikkje kravet om opplæring i skriftleg sidemål:

  1. elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk
  2. elevar som har kvensk eller finsk som andrespråk
  3. elevar som får opplæring i teiknspråk etter opplæringslova § 2-6 og § 3-9
  4. elevar som får særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12.

Vaksne som får opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, jf. § 1-17, er fritekne frå kravet om opplæring i skriftleg sidemål. Privatistar omfatta av § 1-17 er fritekne frå kravet om eksamen i skriftleg sidemål.

Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-19 og § 4-13.

For elevar med rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, avgjerast spørsmålet om fritak frå opplæring i skriftleg sidemål etter reglane i opplæringslova kapittel 5.

Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 28 juli 2017 nr. 1242 (i kraft 14 aug 2017), 9 des 2019 nr. 1700, 14 nov 2022 nr. 1959.

Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring fritak frå opplæring i kroppsøving. Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg, jf. § 3-20. Rektor si avgjerd er eit enkeltvedtak.

Endra ved forskrifter 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 nov 2022 nr. 1959.

Reglane i § 1-10, § 1-11, § 1-12 og § 1-16 gjeld også for privatistar og for vaksne som følgjer vidaregåande opplæring spesielt organisert for dei. Fylkeskommunen gjer enkeltvedtak om godkjenning etter § 1-16.

Privatistar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har minst 5 år allsidig yrkespraksis, eventuelt inkludert opplæring i faget, er fritekne frå kravet om fellesfag for å få vitnemål som gir yrkeskompetanse. Det same gjeld vaksne som følgjer opplæring spesielt organisert for dei, og som har minst 5 år allsidig praksis, eventuelt inkludert opplæring i faget. Føresegnene om fritak frå fellesfag for å få yrkeskompetanse gjeld ikkje krava for å få generell studiekompetanse. I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Vaksne som følgjer vidaregåande opplæring særskild organisert for dei etter kapittel 4A, er fritekne frå opplæring i faget kroppsøving.

Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 22 aug 2012 nr. 822 (i kraft 27 aug 2012).

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal ha opplæring i valfag frå 8. årstrinn. Elevane kan ha same valfag på fleire trinn eller dei kan velje nytt valfag på kvart årstrinn.

Skoleeigaren pliktar å setje i gang minst to ulike valfag per skoleår ved kvar skole. Skoleeigaren avgjer kva for valfag elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

Tilføyd ved forskrift 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012).

Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i læreplanverket, jf. § 1-1. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæringa i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med læreplanverket. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Kommunen gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Før kommunen gjer enkeltvedtaket, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.

Eleven skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering etter kapittel 3 i faget både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-26 tredje ledd.

Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.

Vaksne i grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 kan òg ta fag i vidaregåande opplæring etter denne føresegna.

Tilføyd ved forskrift 23 mai 2008 nr. 934 (i kraft 22 aug 2008), endra ved forskrifter 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012, tidlegare § 1-14), 19 juli 2012 nr. 753 (i kraft 8 aug 2012), 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), 14 nov 2022 nr. 1959.

Ein elev som tidlegare har bestått eit fag som er det same faget, eller som er likeverdig med eller meir omfattande enn eit fag etter læreplanverket, skal få godkjenning for dette som bestått fag etter læreplanverket. Dette gjeld anten det aktuelle faget er bestått i Noreg eller i utlandet. Eleven må søkje rektor om slik godkjenning, og må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.

Ein elev som har gjennomført og bestått eit opplæringsår i utlandet på nivå med norsk Vg1 og/eller Vg2, kan søkje fylkeskommunen om å få denne opplæringa godkjend som ein del av norsk vidaregåande opplæring. Denne ordninga gjeld for alle utdanningsprogramma. Fylkeskommunen skal vurdere søknaden og gje godkjenning når innhaldet i opplæringsåret i utlandet er likeverdig med eller meir omfattande enn opplæringa etter læreplanverket. Opplæringsåret i utlandet må ha hovudvekta på den fagkrinsen ein finn i det tilsvarande norske opplæringsåret, men det er ikkje krav om at den utanlandske opplæringa inneheld alle dei einskilde faga i det aktuelle utdanningsprogrammet. Søkjaren må leggje fram nødvendig dokumentasjon på den utanlandske opplæringa. Fylkeskommunen kan gje tilsegn om godkjenning på vilkår før eleven dreg til utlandet.

Avgjerd etter første og andre ledd er enkeltvedtak som det kan klagast på til statsforvaltaren.

Tilføyd ved forskrift 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), endra ved forskrifter 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012, tidlegare § 1-15), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Elevar i vidaregåande opplæring kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, om begge desse vilkåra er oppfylte:

  1. Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12.
  2. Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg i opplæringspliktig alder.

Elevar som er innvilga utvida opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, og som ville ha oppfylt vilkåret om kortare enn 6 års butid i Noreg på eksamenstidspunktet utan utvida opplæringstid, treng berre enkeltvedtak etter § 3-12 for å kunne følgje læreplanen.

Vaksne i vidaregåande opplæring særleg organisert for dei etter opplæringslova § 4A-3 kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, dersom begge desse vilkåra er oppfylte:

  1. Den vaksne har eit anna morsmål enn norsk og samisk.
  2. Den vaksne har enkeltvedtak om at den vidaregåande opplæringa inneheld særskild språkopplæring.

Privatistar kan ta eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom alle desse vilkåra er oppfylte:

  1. Privatisten har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.
  2. Privatisten har på eksamenstidspunktet kortare enn 6 års butid i Noreg når han eller ho første gong gjennomfører eksamen etter læreplanen.
  3. Privatisten har ikkje tidlegare fått sluttvurdering etter ordinær læreplan i norsk som er frå skoleåret 2020/2021 eller seinare.

Tilføyd ved forskrift 30 juni 2016 nr. 892 (i kraft 1 aug 2016), endra ved forskrifter 28 juli 2017 nr. 1242 (i kraft 14 aug 2017), 22 mars 2018 nr. 449.

Kommunen skal tilby leksehjelp, jf. opplæringslova § 13-7a, med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik kommunen avgjer. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal og medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa.

Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet.

Kommunen er ansvarleg for leksehjelpa og vel korleis leksehjelpa skal organiserast.

Kommunen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som gis.

Kommunen plikter å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Gruppa må ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksehjelpa skal vere gratis for eleven. Dersom leksehjelpa blir organisert som ein del av skolefritidsordninga, kan kommunen ikkje ta betalt for den tida eleven mottek leksehjelp etter denne føresegna. Dette gjeld og for elevar som ikkje deltek i skolefritidsordninga elles.

Tilføyd ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 13 juni 2014 nr. 890 (i kraft 1 aug 2014), 8 juni 2018 nr. 845.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1.-4. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

  1. foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller
  2. det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.

Betaling for kost kan komme i tillegg.

Tilføyd ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1492 (i kraft 1 aug 2020), endra ved forskrift 20 juni 2021 nr. 2116 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.

Kommunen kan gjere vedtak om reduksjon av foreldrebetalinga ved automatisert saksbehandling. Avgjerda kan ikkje bygge på skjønnsmessige vilkår, med mindre avgjerda er utvilsam.

Tilføyd ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1492 (i kraft 1 aug 2020), endra ved forskrift 25 juli 2022 nr. 1382 (i kraft 1 aug 2022).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.-7. årstrinn, jf. opplæringslova § 13-7 første ledd. Tilbodet på 5.-7. årstrinn skal vere gratis. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Tilføyd ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1492 (i kraft 1 aug 2020).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kommunen skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. årstrinn som har plass i skolefritidsordninga. Kommunen kan krevje betaling for kost. Dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i feriane til skolen, gjeld fritaket også i desse periodane.

Kommunen avgjer kva dagar og når på dagen ordninga gjeld. Kommunen kan ikkje rekne om dei 12 timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.

Tilføyd ved forskrift 13 juni 2022 nr. 1014 (i kraft 1 aug 2022).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skoleeigar skal rapportere følgjande opplysningar om grunnskolen, opplæring spesielt organisert for vaksne, musikk- og kulturskoletilbod, skolefritidsordning (SFO) og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) til Utdanningsdirektoratet:

  1. informasjon om skolen, mellom anna om skriftspråk, opplæringsstad og skoleskyss
  2. informasjon om elevar og vaksne deltakarar
  3. informasjon om tilsette, kompetanse og ressursar
  4. informasjon om fagval og organisering av opplæringa for ulike elev- og deltakargrupper
  5. informasjon om skolepengar, foreldrebetaling og moderasjonsordningar.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knyttast til ein elev eller deltakar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å utarbeide statistikk, analysar og til bruk i forsking når det er nødvendig for formål som omtalt i opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 17 aug 2017 nr. 1261, opphevd ved forskrift 25 jan 2021 nr. 272, tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen skal, utan hinder av teieplikt, gjere følgjande opplysningar om søkjarar, elevar, lærlingar og andre deltakarar i vidaregåande opplæring og om dei som er i målgruppa for oppfølgingstenesta jf. § 13-2, tilgjengelege for Utdanningsdirektoratet:

  1. bakgrunnsinformasjon, for eksempel heimfylke, fødselsnummer og kjønn
  2. informasjon om deltaking i vidaregåande opplæring, for eksempel om elevstatus, fagval, inngåtte kontraktar, ungdomsrett og inntak
  3. læringsresultat og gjennomføring, for eksempel karakterar og resultat, avlagde fagprøver, karakterpoeng og om kontakt med oppfølgingstenesta.

Fylkeskommunen skal også, utan hinder av teieplikt, gjere tilgjengeleg for Utdanningsdirektoratet opplysningar som nemnde i første ledd bokstav a og c om elevar på 10. trinn.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å utarbeide statistikk, analysar og til bruk i forsking når det er nødvendig for formål som omtalt i opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Endra ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet for elevane. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå skoleeigar. Skoleeigaren skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Det skal vere frivillig for elevane å delta i slike undersøkingar.

Resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.

Utdanningsdirektoratet kan behandle resultat som indirekte kan knyttast til enkeltpersonar når det er nødvendig for kartlegging av tema som nemnde i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Endra ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, arbeids- og læringsmiljø, medverknad til opplæringa på arbeidsplassen og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt.

0 Tilføyd ved forskrift 22 juni 2015 nr. 858 (i kraft 1 aug 2015), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale undersøkingar om arbeids- og læringsmiljøet for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Det skal vere frivillig for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar å delta i slike undersøkingar.

Resultata av undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar. Utdanningsdirektoratet kan behandle resultat som indirekte kan knyttast til enkeltpersonar når det er nødvendig for kartlegging av tema som nemnde i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Endra ved forskrifter 14 okt 2013 nr. 1270 (i kraft 1 nov 2013), 4 juli 2016 nr. 873 (i kraft 1 aug 2016), 1 juli 2017 nr. 1127 (i kraft 1 aug 2017), 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021, tidlegare § 2-3a).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale prøver som skal gi kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvane skal gi grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike prøver.

Skoleeigaren skal sørgje for at prøver etter første ledd blir gjennomførte.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltaking i og om resultat frå nasjonale prøver når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd. Utdanningsdirektoratet kan levere ut resultat frå prøver for den enkelte eleven til den skolen eleven går på.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, obligatoriske kartleggingar som skal gi kunnskap om kven som treng ekstra oppfølging i enkelte fag og ferdigheiter. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike kartleggingar.

Skoleeigar skal sørgje for at kartleggingar etter første ledd blir gjennomførte.

Utdanningsdirektoratet utarbeider i tillegg, på oppdrag frå departementet, frivillige kartleggingsprøver og anna kartleggingsverktøy.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltaking i og om resultat frå kartleggingane for

  1. å vidareutvikle kartleggingsverktøya
  2. å drifte eit digitalt system for gjennomføring av kartleggingane
  3. forsking, analyse og statistikk, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Utdanningsdirektoratet kan levere ut resultat frå slike prøver for den enkelte eleven til den skolen eleven går på.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for norsk deltaking i internasjonale undersøkingar som skal gi kunnskapsgrunnlag for å drive skoleutvikling på nasjonalt nivå. Undersøkingane er utvalsundersøkingar, og det er obligatorisk å delta for dei skolane og elevane som blir trekte ut til å vera med.

Dei internasjonale undersøkingane må gjennomførast i tråd med retningslinjene for kvar enkelt undersøking.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltakarar i internasjonale undersøkingar når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021), endra ved forskrift 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og der prøvene klart ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøver og undersøkingar etter § 2-5 og § 2-6 første ledd. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12, og elevar ved internasjonale eller utanlandske skolar som mottar opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.

Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbart urimeleg at elevane skal delta i prøvene.

Departementet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021), endra ved forskrift 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje ferdigheitsprøver i symjing som skal gi kunnskap om behovet for å styrke svømmeopplæringa til elevane.

Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev frå å delta i heile eller delar av ferdigheitsprøva dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Slik tilrettelegging kan ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla som ligg til grunn for ferdigheitsprøva.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje nærmare retningslinjer for gjennomføringa av ferdigheitsprøvene.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kapitlet gjeld for elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar som får opplæring i offentleg skole og skole godkjend etter opplæringslova § 2-12.

Kapitlet gjeld privatistar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb der det er særskilt fastsett.

Dei som får privat opplæring i heimen, er ikkje omfatta av kapitlet.

Vaksne som får opplæring særskilt organisert for seg etter opplæringslova kapittel 4A, får vurdering etter kapittel 4.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa etter reglane i dette kapitlet.

Skoleeigar har ansvar for at retten til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10. Skoleeigar eller lærebedrifta skal syte for at alle som gjennomfører vurdering etter forskrifta, følgjer reglane i dette kapitlet.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og bidra til lærelyst undervegs, og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget.

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal vere kjende med læreplanen i faget.

Føresetnader, fråvær, orden eller åtferd skal ikkje inn i vurderinga i fag. Innsats er berre ein del av grunnlaget for vurdering dersom det følgjer av læreplanen i faget.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal møte fram og delta aktivt i opplæringa. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at lærar og instruktør ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å fremje sosial læring, bidra til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om orden og åtferd.

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er ordensreglementet til skolen, jf. opplæringslova § 9A-10. Elevane skal vere kjende med skolen sitt ordensreglement.

Orden heng saman med om eleven er punktleg, førebudd og følgjer opp arbeid.

Åtferd heng saman med om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Kompetanse i fag skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i orden eller i åtferd. Det skal tas omsyn til føresetnadene til eleven i vurderinga.

Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.

Frå og med 8. årstrinn skal vurdering givast både med og utan talkarakter. Det er berre krav om å gi talkarakter ved halvårsvurdering med karakter og sluttvurderingar.

Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:

  1. karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
  2. karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
  3. karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
  4. karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
  5. karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
  6. karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Departementet kan fastsetje i læreplanverket at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.

Frå og med 8. årstrinn skal vurdering givast både med og utan karakter.

Desse karakterane skal brukast:

  1. God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
  2. Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
  3. Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga. Den kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 20-3 og § 20-4.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har òg rett til jamleg dialog med kontaktlærar eller instruktør om sosial utvikling og anna utvikling. Samtalen skal sjåast i samband med opplæringslova § 1-1 og overordna del i læreplanverket.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar og foreldre til elevar under 18 år skal varslast skriftleg dersom eleven står i fare for å

  1. ikkje få karakter (IV) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag
  2. få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i orden eller i åtferd.

Varselet skal givast straks det er klart at det er fare for nedsatt karakter eller bortfall av karakter, og skal gi eleven høve til å få karakter i fag eller ikkje få nedsett karakter i orden eller åtferd.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

I vidaregåande skole skal ein elev ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter ved fråvær over fråværsgrensa i faget. Fråværsgrensa er på 10 prosent av årstimetalet i faget.

Fråvær som det er dokumentert at kjem av grunnane nemnde i § 3-45 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd, skal ikkje inngå i fråværsgrensa. Det same gjeld dersom fråværet skyldast følgjande delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften kapittel 11.

Rektor kan avgjere at ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, likevel skal få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde.

Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. § 3-3.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 24 aug 2020 nr. 1673.

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa, er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

I undervegsvurderinga i fag skal elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar

  1. delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
  2. forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei
  3. få vite kva dei meistrar
  4. få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 5-1. Lærekandidatar og elevar med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 5-5 første ledd.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Undervegsvurdering i orden og i åtferd skal givast jamleg og brukast til å fremje sosial læring ved at elevar

  1. reflekterer over eigen orden og eiga åtferd og korleis dei kan utvikle seg
  2. får vite korleis deira orden og åtferd er vurdert opp mot ordensreglementet
  3. får rettleiing om korleis dei eventuelt kan forbetre sin orden og si åtferd.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.

Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for elevar. Instruktøren skal gjennomføre halvårsvurderinga for lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise korleis elevane sin orden og åtferd er vurdert opp mot ordensreglementet og gi rettleiing om korleis elevane eventuelt kan forbetre seg. Elevane skal få halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole.

Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle elevar, også elevar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve.

Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjonen, jf. § 3-35, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Når ein elev har ein bestått sluttvurdering i eit fag, skal denne følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan då ikkje bli elev i faget på nytt. Elevar som har fått innvilga omval eller har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16 eller om han eller ho vil ta faget på nytt som elev.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i faget ved avslutninga av opplæringa.

Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter. Eleven skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetanse som eleven har vist i løpet av opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Faglæraren set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje at faglærar gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Rektor har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-8.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for elevane sin orden eller åtferd etter opplæringa er avslutta. Det skal givast ein standpunktkarakter i orden og ein standpunktkarakter i åtferd på 10. trinn, og ved avslutninga av opplæringa i vidaregåande skole.

Rektor har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting med kontaktlærar og dei andre lærarane til eleven.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Elevar i grunnskolen som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får opplæring etter individuell opplæringsplan i faget, skal få fritak frå vurdering med karakter etter avgjerd frå foreldra. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel foreldra om eleven skal ha både skriftleg og munnleg karakter. Om foreldra vel karakter i norsk skriftleg, kan dei også velje om eleven skal få karakter i eitt av skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.

Elevar i vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får individuell opplæringsplan i eit fag har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag enn i skriftleg sidemål. Foreldra eller eleven avgjer om dei vil ha fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.

Skoleeigar skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter etter måla i den individuelle opplæringsplanen der planen avvikar frå læreplanen i faget.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 14 nov 2022 nr. 1959.

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår, skal få fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette opplæringsåret om foreldra ber om det.

Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12, og som får opplæringa i eit innføringstilbod, skal få fritak frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet dersom foreldra ber om det. Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje bli fritekne frå standpunktkarakter.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Skoleeigar skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Elevar og privatistar kan søkje om å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei

  1. har problem med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
  2. ikkje har gått i norsk grunnskole på ungdomstrinnet, eller
  3. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring, eller
  4. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har gått i internasjonal eller utanlandsk skole i Norge som er godkjend for å ikkje gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er elev i faget. Skoleeigar skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget dersom fritak frå vurdering med karakter er innvilga.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skolen eller skoleeigaren som har ansvar for å skrive ut vitnemål, skal fatte enkeltvedtaket.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 14 nov 2022 nr. 1959.

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan søkje rektor om fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får, ikkje kan vurderast med karakter.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal få undervegsvurdering utan karakter.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget.

I grunnskolen kan rektor sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3. Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen og på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.

Om ikkje anna er fastsett, gjeld føresegnene om eksamen òg for dei som etter læreplanverket skal ha eksamen som lærling, praksisbrevkandidat, kandidat for fagbrev på jobb eller praksiskandidat i faget.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

For sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget.

For lokalt gitt eksamen har skoleeigar ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglærar skal utarbeide forslag til oppgåver.

Skoleeigar har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar, og for å trekkje elevar til eksamen. Skoleeigar har ansvar for gi elevar informasjon om eksamen og kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei har òg ansvaret for at privatistar får tilgang til slik informasjon.

Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart enkelt fag.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 9 nov 2021 nr. 3172.

Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen til skolen.

Privatistar har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset. Privatisten kan ikkje vere elev, lærling eller praksisbrevkandidat i faget ved tidspunktet for oppmelding. Den som er teken inn som fulltidselev til vidaregåande opplæring, kan ikkje melde seg til eksamen utan at fylkeskommunen innvilgar at eleven kan bli deltidselev, jf. § 6-5 tredje ledd. Ein privatist kan berre melde seg til eksamen i det same faget éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast. Privatistar må betale ein prøveavgift etter fastsette satsar. Dei må ikkje betale for utsett og ny eksamen.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Eksamensforma og om eksamen skal dekkje eit eller fleire fag, er fastsett i læreplanane.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, praktisk, eller ein kombinasjon av desse. Utdanningsdirektoratet fastset tidsramma for dei ulike eksamensformene.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Elevar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Om elevar skal trekkjast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen.

Trekket skal vere kjent for elevane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Elevar i grunnskolen som forserar opplæringa i eit fag, jf. § 1-15, skal vere med i trekket til eksamen det opplæringsåret faget blir avslutta. Dette kjem i tillegg til dei andre eksamenane dei skal ha i grunnskolen.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa og skal førebu elevane og privatistane på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen eleven eller privatisten viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Det skal vere fastsett i læreplanen at alle munnlege eksamenar for elevar skal ha førebuingsdel. Førebuingstida skal vere 24 timar.

Det skal vere fastsett i læreplanen om andre eksamenar skal ha førebuingsdel. Førebuingstida kan vare frå 24 timar til 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, fastsett kor lang førebuingstida skal vere. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen, og kor lenge førebuingstida skal vare.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentrale eksamenar skal begge sensorane vere eksterne. Ved usemje avgjer ein oppmann.

Ved lokale eksamenar skal minst ein sensor vere ekstern. Faglærar skal vere sensor om skoleeigar ønsker det. Ved usemje avgjer den eksterne sensoren. Ein av sensorane skal vere eksaminator om eksamen krev det.

Sensor skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven og privatisten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at eleven eller privatisten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Rektor avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til rektor er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Rektor kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Privatistar må leggje fram ein sakkunnig uttale. Fylkeskommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Eleven eller privatisten må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan eleven eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av rektor sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Eleven eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein elev i vidaregåande opplæring eller ein privatist får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-39 dersom omsynet til elevane tilseier det.

Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert. Tverrfagleg eksamen vil berre bli annullert om eleven ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven eller privatisten har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv for elevar. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. For privatistar blir spørsmålet avgjort av fylkeskommunen. Privatistar skal ha høve til å uttale seg munnleg for fylkeskommunen før enkeltvedtak om annullering av eksamen blir fatta. Eleven eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til statsforvaltaren.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.

Privatistar, inkludert praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, som har vore oppe til eksamen eller fag- eller sveineprøve, har rett til å få dette dokumentert.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Skoleeigaren skal ha eit system for føring av karakterar og fråvær.

Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag- og sveineprøva og kompetanseprøva skal førast inn i systemet skoleeigar bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at karakterane er gitte. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av rektor.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Fråvær skal dokumenterast kvart halvår.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 25 jan 2021 nr. 272.

Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og fråvær.

Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

Elevar i skole for spesialundervisning og elevar i fengselsundervisning skal få vitnemål frå ein naboskole eller skolen på heimstaden når eleven eller foreldra ber om det. Skoleeigaren i bustadkommunen til eleven skal opplyse om denne retten.

For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast karakter i faget på vitnemålet. Det skal då førast på vitnemålet at vurdering ikkje var mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast som standpunktkarakter.

Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom eleven eller foreldra ønskjer det.

Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskoleopplæringa.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet:

a. dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b. innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-17 til § 3-20, § 3-42 og § 23-1.

Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet. For privatistar som tidlegare har fått vitnemål som elev, skal skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet, også skrive ut det nye vitnemålet til privatisten. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut vitnemål til lærlingar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål. For privatistar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten sist fekk standpunktkarakter i eit fag, som skal skrive ut vitnemålet. Viss ein privatist ikkje tidlegare har fått ein standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, eller sist fekk standpunktkarakter i eit fag i ein skole godkjend etter friskolelova, skal den fylkeskommunen der vedkommande er busett, skrive ut vitnemålet.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanverket, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-30, utsett eksamen etter § 3-32 og ny eksamen etter § 3-33 eller § 3-34 på førstegongsvitnemålet.

Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.

Elevane kan få ført på førstegongsvitnemålet karakterar som er forbetra innan utløpet av normal tid. Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, og som er oppnådde innan utløpet av normal tid.

Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan etter søknad bli utvida til maksimalt fem år. Dette gjeld dersom eleven har fått innvilga søknad om omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, eller har fått rett til ekstra opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd. Dette gjeld òg dersom det blir lagt fram skriftleg dokumentasjon på at eleven har vore fråverande frå opplæringa ein lengre periode i løpet av eit opplæringsår på grunn av

a. internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid
b. folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid som er utført i minst seks månader av opplæringsåret
c. langvarig sjukdom.

Føresegna gjeld òg for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanverket over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Fag- eller sveinebrev blir gitt som dokumentasjon for bestått fag- eller sveineprøve. Praksisbrev blir gitt som dokumentasjon for bestått praksisbrevprøve.

For å få fag- eller sveinebrev eller praksisbrev må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-17 til § 3-20, § 3-42 og § 23-1. Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb må ikkje ha fellesfag for å få skrive ut fag- eller sveinebrev.

Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut fag- og sveinebrev og praksisbrev. Når det blir teikna lærekontrakt, skal fylkeskommunen gjere bedrifta merksam på unntaka nemnde over.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Etter søknad kan fylkeskommunen gi samtykke til at elevar og lærlingar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to fellesfag, likevel får vitnemål og fag- eller sveinebrev. Tilsvarande gjeld praksisbrev for praksisbrevkandidatar som ikkje har bestått i eit fellesfag. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga.

Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.

Rektor avgjer søknadene frå elevar og lærlingar i fag som gir vitnemål med yrkeskompetanse. Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål eller fag- og sveinebrev ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.

For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for lærlingar, lærekandidatar og privatistar.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

I fag der det i læreplanverket er fastsett at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, skal eksamenskarakteren/eksamenskarakterane på høgaste nivå førast.

Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.

For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-14, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset. For privatistar skal berre eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i faget fell bort når privatisten får eksamenskarakteren ført på vitnemålet.

For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

a. helse- og velferdsgrunnar
b. arbeid som tillitsvald
c. politisk arbeid
d. hjelpearbeid
e. lovpålagt oppmøte
f. representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av fag-, sveine-, praksisbrev- og kompetanseprøva, og for å gjere prøvekandidatane kjende med føresegnene som regulerer prøva.

Prøvane skal som hovudregel haldast før utløpet av læretida, men ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er over. Kandidatane må fullføre læretida for å få dokumentasjon. Læretida kan forlengjast ved avtale.

Prøva skal normalt gjennomførast i den bedrifta der lærlingen, praksisbrevkandidaten, kandidaten for fagbrev på jobb eller lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa, og tilpassast verksemda i bedrifta.

Prøvenemnda kan be praksiskandidaten om forslag til kvar eller korleis fag- eller sveineprøva kan gjennomførast.

Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at heile eller delar av prøva skal haldast på ein annan stad.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen, kandidaten for fagbrev på jobb eller eleven til fag- eller sveineprøva første gong. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten til kompetanseprøva eller praksisbrevprøva første gong. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten, kontrakten for fagbrev på jobb eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om ikkje fylkeskommunen har motteke melding til prøva to månader før kontraktstida er ute, skal dei ta kontakt med bedrifta/skolen.

Kandidatar for fagbrev på jobb skal, der det er fastsett i læreplanverket, ha bestått ein eksamen før lærebedrifta melder kandidaten til fag- eller sveineprøva.

Praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, må sjølve melde seg til fag- og sveineprøva til fylkeskommunen innan fristar fylkeskommunen fastset. Praksiskandidaten skal sjølv betale prøveavgifta. Praksiskandidatane skal før dei sender melding, ha bestått ein eksamen der dette er fastsett i læreplanverket.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast, skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått alle fag og eksamenar som er fastsette i fag- og timefordelinga for utdanningsprogrammet.

Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Praksisbrevkandidatar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i eitt fellesfag, kan likevel få framstille seg til praksisbrevprøva. Dersom det ikkje ligg føre vedtak etter § 3-42, må desse lærlingane, elevane og praksisbrevkandidatane bestå faga innan to år etter at prøva er halden for å få skrive ut fagbrev, sveinebrev eller praksisbrev.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og så langt det er mogleg, har oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Fylkeskommunen skal sikre at prøvenemnda har tilfredsstillande kompetanse til å vurdere prøva.

Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet. Fylkeskommunen kan om nødvendig hente inn forslag også frå andre.

Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta eller skolen der kandidaten har fått opplæring.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.

Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget etter læreplanen for opplæring i bedrift. Alle kompetansemåla i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Prøvenemnda skal syte for at kandidaten får vist om han eller ho har den kompetansen som skal til for å få fag- eller sveinebrev i faget.

Fag-/sveineprøva skal prøve kandidaten i å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eit eige fagleg arbeid.

Fag- eller sveineprøva skal vere tilpassa tidsramma som er fastsett for prøva i læreplanen, slik at det er mogleg for kandidaten å utføre eit arbeid av god kvalitet. Dei hjelpemidla kandidaten har brukt i læretida, kan òg nyttast under prøva.

Prøvenemnda og kandidaten skal ved behov ha ein oppsummerande samtale til slutt for å avklare spørsmål som har oppstått under prøva.

Prøvenemnda skal samstundes med oppgåva utarbeide eit grunnlag for vurderinga av kandidaten sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta skal gjerast klare for kandidaten.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Heile prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøvestart og prøveslutt. Ved prøvestart skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten. I prøveperioden skal prøvenemnda sjølv vurdere kandidaten sitt arbeid. Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført tilsyn under heile prøva, for å sikre at prøva blir halden i tråd med føresegnene.

Prøvenemnda skal føre protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik han er dokumentert gjennom fag- eller sveineprøva, og fastsetje karakter.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen for faget som kandidaten er prøvd i.

Det skal brukast ein tredelt skala med dette innhaldet:

  1. bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse i faget
  2. bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget
  3. ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.

Fylkeskommunen fastset ved oppnemninga kven av medlemmene i prøvenemnda som skal avgjere karakteren, dersom det er usemje når stemmetalet er likt.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For kandidat for fagbrev på jobb, er det mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis og opplæring. Samla krav til praksistid og opplæring før fag- eller sveineprøva skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget. For dei fleste faga vil det seie fire år i heiltidsstilling. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast.

Før teikning av kontrakt, skal det stillast krav om minimum eitt års allsidig praksis i faget i heiltidsstilling. For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til 100 prosent stilling. Ein stillingsbrøk på 80 prosent godkjennast som heiltid.

Når ein teiknar kontrakt, skal det gjerast frådrag for det året med praksis som er kravd, og for eventuell realkompetanse, før ein inngår kontrakten. Det er likevel eit krav om ei minste kontraktstid på eitt år.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen har ansvaret for at praksisbrevprøver og kompetanseprøver blir utarbeidde og vurderte. Praksisbrevkandidatane skal prøvast i måla som er fastsette i den lokale læreplanen i faget. Lærekandidatane skal prøvast i dei opplæringsmåla som er fastsette for dei, jf. opplæringslova § 4-4. Innanfor dei rammene som måla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøva, jf. § 3-50 og § 3-51.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla som er fastsette for kandidaten eller i den lokale læreplanen.

Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 3-52, brukast.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Er fag- eller sveineprøva ikkje bestått, skal prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. For praksisbrevprøve og kompetanseprøve skal dei som står for vurdering av prøvene i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. Prøvearbeidet skal så langt råd er, takast vare på slik kandidaten leverte det frå seg. Dersom prøvearbeidet ikkje kan takast vare på, skal det sikrast med fotografi eller ei nøyaktig beskriving med tanke på framlegging i ei eventuell klagebehandling.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom fag-, eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått ved første forsøk, kan lærlingen, eleven, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb innan seks månader etter prøva melde seg til ei ny prøve. Kontrakten kan forlengjast i avtale. Fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre prøva og skal dekkje utgifter lærebedrifta har med gjennomføringa.

Lærlingar som ikkje består fag- eller sveineprøva ved andre forsøk, vil bli praksiskandidatar. Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han eller ho melde seg til ny prøve. Denne kan tidlegast takast seks månader etter prøva som ikkje var bestått. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til ny prøve, og betale ny prøveavgift.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein lærling, elev, praksiskandidat, praksisbrevkandidat, lærekandidat eller kandidat for fagbrev på jobb som har dokumentert fråvær ved fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg.

Fråvær frå prøva blir rekna som dokumentert når lærlingen, eleven, lærekandidaten, praksiskandidaten, praksisbrevkandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Kandidaten må leggje fram dokumentasjon på dette.

Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett fag- eller sveineprøve.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, praksiskandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.

Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve kan annullerast dersom kandidaten har juksa eller forsøkt å jukse ved prøva.

Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven som kan annullere praksisbrevprøva og kompetanseprøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skal ha høve til å uttale seg munnleg for den/dei som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om annullering av prøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb har likevel rett til å fullføre prøva. Enkeltvedtak om annullering av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve kan klagast på til statsforvaltaren.

Dersom fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til ny prøve tidlegast eit år etter den annullerte prøva.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Dersom åtferd til ein kandidat er i strid med denne føresegna, kan kandidaten etter å ha blitt åtvara, visast bort. Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen avgjer kven som kan vise bort kandidatar frå praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om bortvising.

Dersom ein kandidat får medhald i klage på bortvising, har han eller ho rett til ny fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kapitlet gjeld vaksne deltakarar som får opplæring særskilt organisert for seg etter opplæringslova kapittel 4A. Kapitlet gjeld vaksne privatistar i grunnskolen så langt det er fastsett i føresegnene her.

Vaksne som er tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring i skole eller i bedrift etter opplæringslova kapittel 3 og kapittel 4, skal ha vurdering etter kapittel 3.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Deltakarar har rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa i tråd med dette kapitlet.

Skoleeigar har ansvar for at retten til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10. Skoleeigar skal syte for at alle som gjennomfører vurdering etter forskrifta, følgjer reglane i dette kapitlet.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst undervegs, og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget.

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Deltakarar skal vere kjende med læreplanen i faget.

Føresetnader, fråvær, orden eller åtferd skal ikkje inn i vurderinga i fag. Innsats er berre ein del av grunnlaget for vurdering dersom det følger av læreplanen i faget.

Deltakarane skal møte fram og delta aktivt i opplæringa. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at lærar ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vurdering med karakterar skal givast med talkarakterar. Det er berre krav om å gi talkarakter ved halvårsvurdering med karakter og sluttvurderingar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:

  1. Karakteren 6 uttrykkjer at deltakaren har framifrå kompetanse i faget.
  2. Karakteren 5 uttrykkjer at deltakaren har mykje god kompetanse i faget.
  3. Karakteren 4 uttrykkjer at deltakaren har god kompetanse i faget.
  4. Karakteren 3 uttrykkjer at deltakaren har nokså god kompetanse i faget.
  5. Karakteren 2 uttrykkjer at deltakaren har låg kompetanse i faget.
  6. Karakteren 1 uttrykkjer at deltakaren har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Departementet kan fastsetje i læreplanverket at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.

Ved realkompetansevurdering brukast uttrykka godkjent eller ikkje godkjent i heile eller delar av faget.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Deltakaren skal varslast skriftleg dersom det er tvil om deltakaren står i fare for å

  1. ikkje få standpunktkarakter (IV) i eitt eller fleire fag
  2. ikkje få halvårsvurdering (IV) i eitt eller fleire fag.

Varselet skal givast utan ugrunna opphald og gi deltakaren høve til å få karakter i faget.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein realkompetansevurdering skal vise om realkompetansen er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom grunnopplæringa, utan å bruke tradisjonelle prøveordningar. Vurderinga skal gjerast opp mot kompetansemåla i læreplanane i fag, jf. § 4-3.

Skoleeigar har ansvaret for at vurderinga av realkompetanse blir utført på forsvarleg grunnlag og utan ugrunna opphald. Skoleeigar kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk og samisk.

Bruk av realkompetansevurdering for å avklare kva slags opplæring den vaksne har behov for er regulert i opplæringslova § 4A-3 og forskrift til opplæringslova § 6-46 og § 6-47. Bruk av realkompetansevurdering som sluttvurdering er regulert i § 4-11.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 5 jan 2022 nr. 20.

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

I undervegsvurdering i fag skal deltakarar

  1. delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
  2. forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei
  3. få vite kva dei meistrar
  4. få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Deltakarar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga.

Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om deltakarar i grunnskolen har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-4. Deltakarar i grunnskolen med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-5 første ledd.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen deltakaren har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Deltakarar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal deltakarar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen deltakaren har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. Dersom opplæringa på det enkelte trinnet varer mindre enn eit semester, skal det ikkje givast halvårsvurdering. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.

Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for deltakarar.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til deltakaren ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle deltakarar, også deltakarar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen, jf. § 4-3.

Sluttvurderingar i grunnskoleopplæringa for vaksne er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjent etter realkompetansevurdering.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring for vaksne er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjent etter realkompetansevurdering.

Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjon, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Når ein deltakar har ein bestått sluttvurdering i eit fag skal denne følgje deltakaren fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan då ikkje bli deltakar i faget på nytt. Deltakarar som har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16 eller om han eller ho vil ta faget på nytt som deltakar.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen deltakaren har i faget ved avslutninga av opplæringa.

Deltakaren skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter. Deltakaren skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetanse som deltakaren har vist i løpet av opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Faglæraren set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje at faglærar gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Rektor har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal deltakaren først vere varsla, jf. § 4-5.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Det er mogleg å nytte realkompetansevurdering som sluttvurdering i fag.

På Vg3 yrkesfaglege utdanningsprogram som skal avsluttast med fag- eller sveineprøve, kan ikkje realkompetansevurdering nyttast som sluttvurdering. Der kan realkompetansevurdering berre nyttast for å avklare kva slags opplæring den vaksne har behov for, jf. § 6-46 og § 6-47.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Deltakarar i grunnskolen som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får opplæring etter individuell opplæringsplan i faget, kan velje om han eller ho skal få fritak frå vurdering med karakter. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel han eller ho om dei skal ha både skriftleg og munnleg karakter. Den som vel karakter i norsk skriftleg, kan også velje om han eller ho skal få karakter i eitt av skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får individuell opplæringsplan i eit fag, har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag enn i skriftleg sidemål. Deltakaren avgjer om han eller ho vil ha fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.

Skoleeigar skal syte for at deltakaren får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

Deltakarar som er fritekne, skal ha undervegsvurdering utan karakter etter måla i den individuelle opplæringsplanen der planen avvikar frå læreplanen i faget.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 14 nov 2022 nr. 1959.

Deltakarar kan søkje om å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål om dei

  1. har problem med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
  2. ikkje har gått i norsk grunnskole på ungdomstrinnet, eller
  3. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring.

Deltakarar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er deltakar i faget. Skoleeigar skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget om fritak frå vurdering med karakter er innvilga.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skoleeigaren som har ansvar for å skrive ut vitnemål skal fatte enkeltvedtaket.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 14 nov 2022 nr. 1959.

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt deltakar eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 4-3. Eksamen skal gi deltakaren eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag i vidaregåande opplæring. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen for både deltakarar og privatistar, og kor mange eksamenar det skal vere på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.

Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle og etter søknad gi kommunen høve til å arrangere lokalt gitt eksamen for privatistar på andre tider av året enn ordinær eksamen.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

For sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget.

For lokalt gitt eksamen har skoleeigar har ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglærar skal utarbeide forslag til oppgåver.

Skoleeigar har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar for deltakarar og privatistar, og for å trekkje deltakarar til eksamen. Skoleeigar har ansvar for gi deltakarar informasjon om eksamen og kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei har òg ansvar for at privatistar i grunnskolen får tilgang til slik informasjon.

Dei som er ansvarleg for å utarbeide eksamen avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart enkelt fag.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 9 nov 2021 nr. 3172.

Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Skoleeigar melder til eksamen alle deltakarar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Deltakarar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen til skoleeigar.

Privatistar i grunnskolen har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som kommunen fastset. Privatisten kan ikkje vere deltakar i faget ved tidspunktet for oppmelding. Ein privatist kan berre melde seg til eksamen i det same faget éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast. Privatistar må betale ein prøveavgift etter fastsette satsar. Dei må ikkje betale for utsett og ny eksamen.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Eksamensforma er fastsett i læreplanane.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, praktisk, eller ein kombinasjon av desse. Utdanningsdirektoratet fastset tidsramma for dei ulike eksamensformene.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Deltakarar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Om deltakarar i vidaregåande opplæring skal trekkast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen. Utdanningsdirektoratet fastset om deltakarar eller privatistar i grunnskolen skal trekkjast til eksamen.

Trekket skal vere kjent for deltakarane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa, og skal førebu delkaren eller privatisten på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen deltakaren eller privatisten viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Det skal vere fastsett i læreplanen at alle munnlege og munnleg-praktiske eksamenar for deltakarar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen skal vare i 24 timar.

Det skal vere fastsett i læreplanen om andre eksamenar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen kan vare i frå 24 timar inntil 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen fastsett kor lang førebuingsdelen skal vere. Kommunen avgjer om privatistar i grunnskolen skal ha førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen, og kor lenge denne skal vare.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentralt gitte eksamenar skal begge sensorane vere eksterne. Ved usemje avgjer ein oppmann.

Ved lokalt gitte eksamenar skal minst ein sensor vere ekstern. Faglærar skal vere sensor om skoleeigar ønskjer det. Ved usemje avgjer den eksterne sensoren. Ein av sensorane skal vere eksaminator om eksamen krev det.

Sensorar skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Deltakarar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag. Tiltaka må vere tilpassa behova til deltakaren og privatisten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at deltakar eller privatist får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at deltakaren eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Skoleeigar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for deltakarer. Avgjerda til skoleeigar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Skoleeigar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Privatistar i grunnskolen må leggje fram ein sakkunnig uttale. Kommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til kommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein deltakar som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein deltakar som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Deltakaren beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom deltakaren ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein deltakar som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Deltakaren beheld standpunktkarakteren i faget.

Deltakaren må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom deltakaren ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein deltakar har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Deltakarar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan deltakaren eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av skoleeigar og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Deltakaren eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før skoleeigar eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein deltakar i vidaregåande opplæring får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 4-31 dersom omsynet til deltakarane tilseier det.

Dersom ein deltakar har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom deltakaren eller privatisten har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av skoleeigar. Deltakaren eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før skoleeigar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Deltakaren eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til statsforvaltaren.

For deltakarar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Godkjend realkompetanse er likeverdig med bestått og skal dokumenterast. Deltakarar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.

Privatistar som har vore oppe til eksamen i grunnskolen, har rett til å få dette dokumentert.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Skoleeigaren skal ha eit system for føring av karakterar.

Halvårsvurdering med karakter, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet som skoleeigar bruker. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at karakterane er gitte. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av skoleeigar.

Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 25 jan 2021 nr. 272.

Alle deltakarar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa. Vitnemålet til deltakaren skal innehalde standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Kravet til vitnemål er sluttvurdering i faga norsk, engelsk og matematikk og to av faga:

a. matematikk munnleg
b. naturfag
c. samfunnsfag
d. kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Deltakarar som har teiknspråk eller samisk som førstespråk, kan få standpunktkarakterar i dette faget ført på vitnemålet i tillegg til eller i staden for norsk.

Deltakarar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

Deltakarar i grunnskolen som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom deltakaren ønskjer det.

Kommunen har ansvaret for å skrive ut vitnemål for deltakarar og privatistar i grunnskolen.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4A i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde, og godkjend realkompetanse. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der deltakaren berre har fått opplæring i delar av eit fag.

Dersom deltakaren ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast, men ønskjer å få dokumentert sin kompetanse i faget skal den siste halvårsvurderinga med karakter som deltakaren har fått, førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad om at karakteren er halvårsvurdering med karakter.

På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjent gjennom realkompetansevurderinga, førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjent i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå. Dersom den vaksne har fått godkjent berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

Kommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for deltakarar. Etter at kommunen har realkompetansevurdert ein vaksen, skal det skrivast ut kompetansebevis.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp som gir studie- eller yrkeskompetanse. Deltakarar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål, må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 4-12, § 4-13, § 4-26 og § 23-1.

Vitnemål for deltakarar skal skrivast ut av fylkeskommunen der deltakaren fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skoleeigaren som skreiv ut det opphavlege vitnemålet.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Etter søknad kan skoleeigaren gi samtykke til at deltakarar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to av fellesfaga, likevel får vitnemål som gir yrkeskompetanse. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga.

Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.

Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kompetansebevis blir skrivne ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Godkjend realkompetanse skal førast på kompetansebeviset.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde, og godkjend realkompetanse. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der deltakaren berre har fått opplæring i delar av eit fag.

I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som deltakaren får ved avslutning av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom deltakaren ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren er halvårsvurdering med karakter.

Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for deltakarar. Etter at fylkeskommunen har realkompetansevurdert ein vaksen, skal det skrivast ut kompetansebevis.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For deltakarar skal berre standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakterar skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast på vitnemålet. Dersom heile faget er godkjent gjennom realkompetansevurderinga, er dette likeverdig med bestått i faget.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- og yrkeskompetanse.

For deltakarar som har fått sluttvurdering i eit fag som elev eller deltakar meir enn éin gong, jf. § 4-9 andre ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjend gjennom realkompetansevurderinga førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjend i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå, dersom den vaksne har fått godkjend berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 2-3 tredje ledd, § 3-4 første ledd, § 4A-4 femte ledd)

Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag-/sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering. Det kan også klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar eller dei som desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldra eller dei føresette til umyndige elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar har sjølvstendig klagerett. Dersom eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, privatisten eller praksiskandidaten er under 15 år, kan dei ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra eller dei føresette. Sjå også § 5-15 om klage på realkompetansevurdering.

Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Behandling av klage på karakter eller realkompetansevurdering kan føre til at karakteren eller realkompetansevurderinga blir ståande, eller til at denne blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. Avgjerda skal grunngivast. Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på.

Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet eller kompetansebeviset, skal det skrivast eit nytt, og tidlegare vitnemål/kompetansebevis skal leverast tilbake.

Behandling av klage på fag-//sveineprøve kan føre til at karakteren blir endra frå ikkje bestått til bestått.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei som har klagerett etter § 5-2, skal få opplysningar om høvet til å klage, klagefristen og om kva klagen skal innehalde, i medhald av denne forskrifta og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) § 29, § 30, § 31 og § 32. Dei som har klagerett, skal også få informasjon om at dei har rett til å få retningslinjene som sensorane har fått, og grunngiving etter § 5-7.

Klagen skal sendast til den skolen der klagaren er elev. Privatistar sender klagen til den skolen der eksamen er halden. Klage som gjeld fag- og sveineprøve og kompetanseprøve, skal sendast til fylkeskommunen der prøva er halden.

Når det gjeld klagar i samband med sentralt gitt eksamen med sentral sensur i grunnskolen og vidaregåande opplæring, skal skolen sende klagen saman med prøvesvaret til statsforvaltaren, jf. § 5-9. Ved klage i fag der det blir vurdert fleire svar, skal alle elevsvara leggjast ved.

Klage på realkompetansevurdering skal sendast til den instansen som har vurdert realkompetansen, sjå elles § 5-15.

Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fristen for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar, er 10 dagar.

Fristen for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva og realkompetansevurdering er 3 veker.

Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller når den som har klagerett, burde ha gjort seg kjend med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett, ber om grunngiving for vedtaket. Ny frist gjeld frå det tidspunkt klagaren har fått grunngivinga.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Klagen må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller eventuelt av ein med fullmakt. Klagen skal nemne det vedtaket som det blir klaga på, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden. Klagen bør innehalde årsaka til klagen, bortsett frå klagar etter § 5-9.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den som har klagerett, jf. § 5-2, kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakterar i fag der det blir halde munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar, karakter for praktisk eksamen eller standpunktkarakter i orden og i åtferd. Grunngivinga skal givast av sensor eller ein lærar som har vore med og fastsett karakteren.

Dersom ein elev ikkje får standpunktkarakter eller får ikkje bestått som standpunktkarakter, kan det krevjast grunngiving for det.

Den som har klagerett, kan ikkje krevje grunngiving for karakterar til skriftleg eksamen.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Eleven, privatisten og lærlingen har etter at karakteren ved skriftleg eksamen er fastsett, rett til å gjere seg kjend med sitt eige svar. På oppmoding skal han eller ho få kopi av svaret. Eleven, privatisten og lærlingen kan også krevje å få lagt fram eventuelle retningslinjer som sensorane har fått til hjelp ved sensureringa.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Klageinstansen for vurdering av skriftleg eksamen i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Statsforvaltaren i kvart fylke nemner opp klagenemnda.

Klageinstansen for vurdering av skriftleg sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av statsforvaltaren. Klageinstansen for vurdering av skriftleg lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av fylkeskommunen etter retningslinjer frå statsforvaltaren.

Medlemmene av ei klagenemnd må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga og bør så langt det lèt seg gjere, ikkje vere frå same skolen som klagaren. Når det er felles sensur for fleire grunnskolar, skal medlemmene så langt råd er ikkje vere frå same skolen som klagaren.

Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.

Når det gjeld klage på karakter til skriftleg eksamen, prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn nemnda at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ein ny karakter.

Endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage på munnleg eksamen hentar rektor inn fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til statsforvaltaren når det gjeld klagar i grunnskolen, og til fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, når det gjeld klagar i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.

Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg eksamen, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ein ny sensor.

Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Eleven skal få melding om faget med same frist som ved ordinær prøve.

Endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved andre ikkje-skriftlege eksamenar enn munnleg eksamen, der det ikkje ligg føre dokumentasjon som kan vurderast av ei klagenemnd, kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. I slike tilfelle skal ein følgje same prosedyren som for munnleg eksamen, jf. § 5-10.

Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, skal ein følgje same prosedyren som for skriftleg eksamen, jf. § 5-9.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved klage på standpunktkarakter eller vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. Med klagen skal det følgje fråsegn frå faglæraren om korleis karakteren er fastsett, eller kvifor det ikkje er sett karakter, og fråsegn frå rektor om saksbehandlinga ved skolen. Klagaren skal få kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er statsforvaltaren i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Dersom klagen blir funnen rettkomen, må klageinstansen presisere kva for reglar ein meiner er brotne eller det kan reisast tvil om er brotne, og sende saka tilbake til skolen. Klageinstansen skal informere klagaren om resultatet av klagebehandlinga. Rektor og faglæraren gjennomfører ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.

Finn klageinstansen at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg.

Endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og rektor gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen. Fråsegna skal gjere greie for kva for karakterar i orden og i åtferd som har vore gitt tidlegare, kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda, og ei fyldig grunngiving for karakteren. Kopiar av ordensreglementet for skolen, utskrift av protokollen som viser korleis skolen har behandla saka m.m., skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned, og eventuell annan korrespondanse med foreldra eller dei føresette. Klagaren skal ha kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er statsforvaltaren i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Klageinstansen avgjer om klagen skal føre til at karakteren blir endra til gunst eller ugunst for klagaren.

Endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Klage på den faglege vurderinga av prøvearbeidet til ikkje bestått skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der prøva er gjennomført, jf. § 5-4 andre ledd tredje punktum. Fylkeskommunen skal innhente uttale frå dei som har gitt den opphavlege bedømminga, jf. § 3-52 og § 3-54, før saka blir send til klageinstansen.

Klageinstans for klage på bedømming av fag- og sveineprøver er klagenemnda som er oppnemnd i samsvar med opplæringslova § 12-6. Klageinstans for klage på bedømming av praksisbrevprøver og kompetanseprøver er den fylkeskommunen gir mynde.

Medlemmene i klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga og bør ikkje vere frå den bedrifta eller skolen som klagaren kjem frå.

Klagenemnda kan gjere om resultatet frå ikkje bestått til bestått, avvise klaga eller oppheve den opphavlege avgjerda og vise til ny prøve.

Klage som er grunngitt med formelle feil eller andre ikkje-faglege forhold, skal behandlast av fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande innverknad for prøveresultatet, skal den opphavlege avgjerda opphevast. Prøva skal da reknast for ikkje gjennomført, og klagaren har høve til å gjennomføre ny prøve så snart som mogleg.

Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017), 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved klage på realkompetansevurdering, jf. § 4-6, § 4-11 og § 6-46, gjeld klagereglane i forvaltningslova bortsett frå det som følgjer om klageinstansen sin kompetanse i § 5-3 første ledd.

Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dette kapitlet gjeld inntak til all offentleg vidaregåande opplæring. Formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar er regulert i kapittel 6A.

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring er ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1 og vaksne med rett etter opplæringslova § 4A-3. Vaksne utan rett etter opplæringslova kapittel 4A kan også søkje om inntak etter kapitlet her.

Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen skal fastsetje lokal forskrift om inntak. Den lokale forskrifta skal innehalde reglar om korleis inntaket vil bli gjennomført, mellom anna inntaksområde, kva for utdanningsprogram eller programområde det er fastsett særskilde inntakskrav for, og korleis inntaket elles skal gjennomførast. Forskrifta kan også innehalde utfyllande føresegnar om formidling.

Den lokale forskrifta skal innehalde reglar om inntak til landslinjer og dei statlege vidaregåande skolane, jf. § 6-12 og § 6-44.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde.

Dersom fylkeskommunen er i tvil om ein søkjar har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, må fylkeskommunen etter søknad vurdere konkret og etter skjønn kor mykje vidaregåande opplæring søkjaren har fått tidlegare.

0 Endra ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017, tidlegare § 6-4).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 har rett til å søkje om opplæring i ein annan fylkeskommune som gjesteelev, jf. opplæringslova § 13-3 første ledd. Søkjaren må søkje om inntak til kvart opplæringsår. Søknaden sendes til vertsfylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal ta inn gjesteeleven til tilbodet som det er søkt på dersom det er ledig kapasitet. Dersom det ikkje er ledig kapasitet, gjer vertsfylkeskommunen vedtak om avslag.

Ved inntak skal prioriteringsrekkjefølgja vere slik:

  1. Søkjarar busette i fylket i samsvar med § 6-14 og § 6-29
  2. Prioriterte gjesteelevar
  3. Gjesteelevar som konkurrerer etter poeng.

Fylkeskommunen kan la gjesteelevar konkurrere på lik linje med søkjarar busette i fylket dersom retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 oppfyllast for søkjarar busette i fylket.

For å bli teken inn som prioritert gjesteelev til eit tilbod må søkjaren kunne dokumentere at det ligg føre særlege pedagogiske eller sosiale grunnar for å gå på skole i eit anna fylke. Søkjaren må leggje fram relevant dokumentasjon. Vertsfylkeskommunen behandlar søknaden og avgjer om det ligg føre særlege grunnar.

Elevar som har rett til opplæring i samisk, skal bli tekne inn som prioriterte gjesteelevar dersom dei har i behov for å gå på skole i eit anna fylke for å få opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag. Eleven må kunne dokumentere at han eller ho har rett til opplæring i samisk etter opplæringslova § 6-3.

Vertsfylkeskommunen er klageinstans for klage om inntak av gjesteelevar etter denne føresegna. Ein klage kan gjelde alle sider av saka.

Fylkeskommunen kan i lokal forskrift regulere inntak av gjesteelevar nærare.

0 Tilføyd ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3.

Deltidselev er ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket. Deltidselevar kan vere tekne inn til eit eller fleire fag.

Fylkeskommunen avgjer om søknaden frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknaden frå ein elev som er teken inn som fulltidselev, om å bli deltidselev etter at vedtak om inntak er gjort, kan berre bli innvilga når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Deltidselevar blir tekne inn til vidaregåande opplæring etter fulltidselevar. Deltidselevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 blir tekne inn før eventuelle deltidselevar utan rett til vidaregåande opplæring blir tekne inn.

Ein søkjar som får innvilga omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev.

Utvekslingselev er norsk ungdom som tek utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande opplæring, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg, som ledd i elevutveksling.

Fylkeskommunen skal reservere tilstrekkeleg mange plassar for utvekslingselevar frå andre land. Fylkeskommunen kan òg reservere plassar for norske elevar som tek imot plass som utvekslingselev i eit anna land med avvikande skoleår.

Elevar som har teke Vg1 eller Vg2 i utlandet, og som søkjer om inntak til vidaregåande opplæring på neste trinn, blir tekne inn til Vg2 eller Vg3 etter § 6-36 til § 6-40.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen skal sørgje for nødvendig informasjon til grunnskolane og dei vidaregåande skolane i fylket om dei reglane som skal nyttast ved inntak til vidaregåande opplæring.

Skolane må sikre at elevane og deltakarane får nødvendig informasjon om inntak til vidaregåande opplæring.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søknadsfristen for inntak til vidaregåande opplæring er 1. februar for søkjarar som

a. har enkeltvedtak om spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som søkjer om fortrinnsrett ved inntak etter § 6-15 til § 6-19 og § 6-30 til § 6-32, eller om individuell behandling etter § 6-22 og § 6-35
b. har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12
c. er nyleg komne til Noreg
d. har rett til teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 3-9
e. søkjer om individuell behandling etter § 6-25 og § 6-38.

Fristen for søknad for andre med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 er 1. mars.

Når ein frist går ut på ein laurdag eller søndag, må søknaden vere send den nærmast etterfølgjande yrkesdagen.

For seint innkomne søknader skal det takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandle dei som ein søknad om inntak det etterfølgjande skoleåret. Søkjarane skal få melding om at søknaden kom for seint, og om konsekvensane av det. Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen. Fylkeskommunen må sikre at det ikkje skjer usakleg forskjellsbehandling.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Kunngjeringa skal nemne dei opplysningane og dokumenta som skal følgje søknaden, og korleis søknaden skal sendast.

Inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor.

Fylkeskommunen har plikt til å ha inntak til vidaregåande opplæring (Vg1, Vg2 og Vg3) etter utløpet av søknadsfristar av ungdom som blir plassert i fosterheim eller barnevernsinstitusjonar med heimel i barnevernloven etter søknadsfristen. Fylkeskommunen har i slike tilfelle òg plikt til å ha inntak etter at skoleåret har begynt når dette er forsvarleg. Fylkeskommunen har rett til refusjon etter reglane i § 19-4 og § 19-7 for den delen av skoleåret som eleven får opplæring i fylket.

Plikta etter sjuande ledd gjeld så langt fylkeskommunen tilbyr og har kapasitet på det aktuelle utdanningsprogrammet eller programområdet. Ungdommen kan takast inn til eit anna utdanningsprogram eller programområde etter ei konkret vurdering.

0 Endra ved forskrift 27 juni 2017 nr. 1105 (i kraft 1 aug 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen fastset søknadsskjema som søkjarar må nytte.

Alle søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 må føre opp tre alternative utdanningsprogram på Vg1 i prioritert rekkjefølgje.

Søkjarar til Vg2 og Vg3 fører opp eit eller fleire programområde i prioritert rekkjefølgje som dei er kvalifiserte til på grunnlag av det utdanningsprogrammet på Vg1 eller det programområdet på Vg2 som dei har gjennomført.

Søkjarar skal som hovudregel sende søknaden til fylkeskommunen i det fylket han eller ho er folkeregistert på tidspunktet for søknaden. Dette gjeld òg for han eller ho som søkjer om inntak til ein knutepunktskole i eit anna fylket.

Søkjarar som planlegg å flytte og kan dokumentere dette, sender søknaden til tilflyttingsfylket.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Avgjerda om inntak til vidaregåande opplæring er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Søkjarar kan klage på enkeltvedtaket i samsvar med føresegnene i opplæringslova § 15-2 og forvaltningslova kapittel VI. Søkjarar kan ikkje klage på skoleplasseringa.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For inntak til utdanningsprogram for musikk, dans, drama og utdanningsprogram for idrettsfag i Vg1 kan fylkeskommunen fastsetje særlege reglar i den lokale forskrifta om inntak. Fylkeskommunane kan fastsetje at inntil 50 prosent av plassane i desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller eventuell inntaksprøve, i tillegg til poeng rekna ut på grunnlag av karakterar.

For inntak til utdanningsløp som leier fram til praksisbrevprøve, kan fylkeskommunen fastsetje i den lokale forskrifta om inntak at plassane skal fordelast etter poeng og intervju.

For inntak til særskilde yrkesfaglege utdanningsløp som leier fram til yrkes- og studiekompetanse, kan fylkeskommunen fastsetje i den lokale forskrifta om inntak at plassane skal fordelast etter poeng og intervju.

0 Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Landslinjer er dei utdanningsprogramma på Vg1 eller programområda på Vg2 eller Vg3 som til ei kvar tid er godkjende av departementet som landslinjer. Ved inntak til godkjende landslinjer stiller søkjarar frå heile landet likt i konkurransen om plassar.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vilkår for inntak til vidaregåande opplæring til utdanningsprogram på Vg1 er at søkjaren har fullført norsk grunnskoleopplæring eller tilsvarande. Dette kan dokumenterast ved vitnemål for fullført norsk grunnskole eller stadfesting av at søkjaren fyller eitt av desse vilkåra:

  1. Er skriven ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd.
  2. Har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år.
  3. Har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og denne forskrifta § 4-29.

Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet etter bokstav b, må sjølve dokumentere dette eller grunngi at det er sannsynleg at han eller ho oppfyller vilkåret. Om fylkeskommunen finn at vilkåret ikkje er oppfylt, skal saka sendast til kommunen som avklarar om søkjaren har tilsvarande realkompetanse etter bokstav c.

Kommunen har ansvaret for å vurdere om søkjaren har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring etter bokstav c. Kommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i § 4-29, jf. opplæringslova § 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for grunnskoleopplæringa er ansvaret for gjennomføring av realkompetansevurdering av søkjaren tilsvarande lagt til fylkeskommunen.

Endra ved forskrifter 14 nov 2022 nr. 1959, 14 nov 2022 nr. 1959.

Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 har rett til inntak til eit av tre valde utdanningsprogram på Vg1. Ved inntak skal fylkeskommunen ta inn søkjarane til vidaregåande opplæring etter rekkefølgja i denne føresegna.

Fylkeskommunen skal først ta inn søkjarar som oppfyller vilkåra for inntak etter fortrinnsrett etter kapitlet her. Innhaldet i fortrinnsretten er regulert i føresegnene nedanfor. Søkjarar med fortrinnsrett skal takast inn etter denne rekkjefølgja. Søkjarar som har

  1. rett til eit særskild utdanningsprogram, jf. § 6-15 og § 6-16
  2. rett til spesialundervisning, og som har sterkt nedsett funksjonsevne og behov for omfattande tilrettelegging, jf. § 6-17
  3. rett til opplæring i og på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9, og som ønskjer opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole, jf. § 6-18
  4. vedtak om utvida tid på Vg1, jf. § 6-19.

Etter at søkjarar med fortrinnsrett er tekne inn, skal søkjarar som konkurrerer etter poeng, jf. § 6-20 og § 6-21, takast inn. Fylkeskommunen må i tillegg sikre at andre søkjarar med rett til vidaregåande opplæring blir tekne inn, og at deira rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 blir oppfylt. For å sikre dette må fylkeskommunen behandle individuelt dei søkjarane som

  1. har rett til spesialundervising, og som manglar vurdering med karakter i halvparten av faga, jf. § 6-22
  2. har hatt rett til særskild språkopplæring i grunnskolen etter opplæringslova § 2-8, og som manglar vurdering med karakter i minst halvparten av faga, jf. § 6-23
  3. har vitnemål med ikkje samanliknbart tal- eller bokstavgrunnlag, eller som har realkompetansevurdering i meir enn halvparten av grunnskolefaga, jf. § 6-24
  4. av særlege grunnar må behandlast individuelt, jf. § 6-25
  5. manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, jf. § 6-26
  6. ønskjer å vere deltidselev, jf. § 6-27.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal normalt takast inn til eit tilbod som er organisert særskilt for dei, jf. opplæringslova § 4A-3 og denne forskrifta § 6-45 til § 6-47. Vaksne kan søkje om inntak til eit tilbod etter opplæringslova § 3-1, men skal da takast inn etter ungdom, jf. § 6-49.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar som har rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, har rett til inntak til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1 når vilkåra her er oppfylte. Desse søkjarane skal ha fortrinn ved fordeling av plassar.

For å ha eit fortrinn etter føresegna her må søkjaren ha rett til spesialundervisning og ha eit særleg behov for inntak til eit bestemt utdanningsprogram. Søkjaren må ha eit omfattande behov for spesialundervisning på grunn av vanskane som ligg til grunn for søknaden. I vurderinga av om søkjaren har eit særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, må det godtgjerast at vanskane til søkjaren gjer at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for moglegheita søkjaren har til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Om søkjaren sannsynlegvis kan fullføre tre utdanningsprogram, har han eller ho ikkje eit særleg behov for inntak etter føresegna her.

Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6. Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som tilrår eit bestemt utdanningsprogram, jf. § 6-16.

Kommunen må etter samtykke frå søkjaren innan 1. oktober melde søkjaren til fylkeskommunen for ei sakkunnig vurdering etter § 6-16 frå den pedagogisk-psykologiske tenesta til fylkeskommunen. Kommunen må i meldinga leggje ved siste enkeltvedtak om spesialundervisning med sakkunnig vurdering og gjere greie for

a. vanskane som ligg til grunn for enkeltvedtaket om spesialundervisning, og kvifor dei meiner søkjaren oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram
b. tidlegare tiltak
c. kva vanskane vil ha å seie for vidaregåande opplæring.

Søkjaren må ha valt utdanningsprogram på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga. Om søkjaren ikkje har valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga, skal han eller ho ikkje takast inn etter føresegna her.

Fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram. Fylkeskommunen kan avvike frå den sakkunnige vurderinga, men vedtaket må da grunngivast særleg.

Før fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram etter § 6-15, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til søkjaren. Den sakkunnige vurderinga skal gjere greie for og ta standpunkt til følgjande:

a. Vanskane som ligg til grunn for søknaden, tidlegare tiltak og kva vanskane vil ha å seie for opplæringa i vidaregåande opplæring, jf. § 6-15 andre ledd.
b. Om søkjaren har eit særleg behov for å bli teken inn på eit særskilt utdanningsprogram som ikkje kan sikrast ved at søkjaren blir teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram.
c. Om det er sannsynleg at søkjaren ut frå sine føresetnader har større moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse, dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet enn til andre utdanningsprogram.
d. Om og eventuelt i kva grad søkjaren har føresetnader og moglegheit for å fullføre andre utdanningsprogram enn det utdanningsprogrammet som han eller ho har ført opp som sitt primære val med yrkes- eller studiekompetanse.
e. Det behovet søkjaren har for særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet, samanlikna med andre utdanningsprogram.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg1 etter føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.

Søkjaren har rett til eit av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjaren har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.

Om søkjaren har særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, skal søknaden behandlast etter § 6-15 og § 6-16 og ikkje etter føresegna her.

Kommunen skal innan 1. oktober kvart år, på bakgrunn av samtykke frå søkjaren, melde frå til fylkeskommunen om elevar på 10. årstrinn som har sterkt nedsett funksjonsevne, og som fullfører grunnskolen det aktuelle skoleåret.

Søkjarar som har rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9, kan søkje om inntak til Vg1 med bruk av tolk i ein ordinær vidaregåande skole. Søkjaren kan òg søkje om inntak til ein knutepunktskole etter § 6-40 til § 6-43. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole.

I samband med søknad om fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 og opplæring med tolk i ein ordinær vidaregåande skole, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som mellom anna skal greie ut og ta standpunkt til

a. det behovet søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk
b. om behovet til søkjaren blir sikra best gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk
c. om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.

Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her. Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.

Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd etter behova til eleven. Eleven har rett til inntak til eit av tre valde utdanningsprogram.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar som har enkeltvedtak om utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, og som treng fleire år på Vg1, skal takast inn til Vg1 på same utdanningsprogram etter ei individuell vurdering. Søkjaren skal takast inn før inntaket etter poeng.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det til eit utdanningsprogram på Vg1 melder seg fleire søkjarar enn talet på elevplassar som fylkeskommunen tilbyr denne gruppa, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av § 6-21. Søkjarar med høgare poengsum blir tekne inn framfor søkjarar med lågare poengsum.

Når fleire søkjarar står likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved utrekning av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga leggjast til grunn.

Ved omrekning til poeng i dei faga som skal leggjast til grunn, følgjer ein denne framgangsmåten:

a. Kvar av talkarakterane frå grunnskolen får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterar blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10.
b. I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane eleven har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar.
c. I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått» eller at læreplanen ikkje inneheld vurderingsuttrykk, skal ikkje faget reknast med i poenga til søkjaren.
d. Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-20 til § 3-24, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
e. For søkjarar som har «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM) som sluttvurdering i fag eller eksamen, skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.

For søkjarar som har vitnemål frå grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4-33, skal poeng reknast ut etter første ledd og andre ledd bokstav a. For vaksne som er fritekne frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller fritekne frå vurdering med karakter etter § 4-14, § 4-15 eller § 4-17, skal sluttvurderinga som den vaksne er friteken frå, ikkje reknast med i poengutrekninga. Om søkjaren har fått godkjent eit eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal ikkje dette reknast med i poenga til søkjaren. Om søkjaren er realkompetansevurdert i meir enn halvparten av faga, skal han eller ho takast inn til Vg1 etter § 6-24.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For søkjarar med rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer da på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

For søkjarar som har hatt enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 i grunnskolen, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

0 Endra ved forskrift 4 nov 2016 nr. 1284.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring.

For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag slik at dei kan bli vurderte etter § 6-20 og § 6-21, skal søknaden vurderast individuelt. Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt.

Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 4-33.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen kan òg i særskilde tilfelle behandle søknaden frå andre søkjarar individuelt. Vilkåret er at det må liggje føre tungtvegande grunnar, og at søkjaren må ha eit særleg behov for dette.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1, men som ikkje har vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn. Søkjaren må ikkje oppfylle vilkåra for å bli teken inn etter § 6-22 til § 6-25.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Etter at fulltidselevar er tekne inn til vidaregåande opplæring, kan fylkeskommunen ta inn deltidselevar. Eleven blir ikkje teken inn til fag der han eller ho allereie har ei sluttvurdering med karakteren 2 eller betre. Den eleven som ønskjer å ta opp fag som han eller ho allereie har karakteren 2 eller betre i, må melde seg til eksamen som privatist, jf. § 3-27.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vilkåra for inntak til Vg2 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter. Vilkåra for inntak til Vg3 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for programområdet på Vg2 og utdanningsprogrammet til Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter.

Søkjarar som ikkje har oppfylt vilkåra i første ledd, men som oppfyller vilkåra for inntak til neste nivå etter § 6-35 til § 6-38, skal òg takast inn som fulltidselev til eit programområde på Vg2 eller Vg3 som bygger på utdanningsprogrammet på Vg1 og eventuelt programområdet på Vg2.

Føresegna gjeld òg søkjarar med dokumentasjon frå bestått relevant grunnkurs eller vidaregåande kurs I frå Reform 94 eller tidlegare, jf. overgangsordningane i kapittel 24.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1, har rett til inntak på eit programområde på Vg2 innanfor det utdanningsprogrammet på Vg1 som søkjaren har gjennomgått. Ved inntak til Vg3 har søkjaren rett til inntak på eit programområde som byggjer på det programområdet på Vg2 som søkjaren har gjennomgått.

Til Vg2 eller Vg3 skal fylkeskommunen ta inn søkjarane i denne rekkjefølgja:

  1. søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-30
  2. søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-31
  3. søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-32
  4. søkjarar som konkurrerer på grunnlag av poeng etter § 6-33 og § 6-34, og søkjarar som skal behandlast individuelt, jf. § 6-35 til § 6-38
  5. deltidselevar, jf. § 6-39.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal normalt takast inn til eit tilbod som er særskilt organisert for dei, jf. opplæringslova § 4A-3 og denne forskrifta § 6-45 til § 6-49. Vaksne som er tekne inn til eit tilbod på Vg1 eller Vg2 etter opplæringslova § 3-1, har rett til å fullføre opplæringa i eit tilbod etter § 3-1. Dei skal takast inn etter søkjarar med ungdomsrett etter opplæringslova § 3-1.

Søkjarar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 og § 4A-3, skal takast inn etter søkjarar med rett.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg2 eller Vg3 etter føresegna her. Dette gjeld både for søkjarar som vart tekne inn til føregåande trinn på grunnlag av fortrinnsrett etter § 6-17 eller føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjarar som vart tekne inn til Vg1 med fortrinnsrett etter § 6-17 har rett til å fortsetje på same skole. Søkjarar som ikkje tidlegare har nyta fortrinnsretten på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter § 3-9 som til Vg1 blir tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring med tolk eller til ein knutepunktskole etter § 6-40, kan søkje om inntak etter føresegna her. Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd.

Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller så må fylkeskommunen etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste trinn, jf. § 6-37.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar som har vedtak om utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, skal takast inn til Vg2 eller Vg3 etter ei individuell vurdering før inntak etter poeng.

Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller fylkeskommunen må etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste nivå, jf. § 6-37. Søkjarar med vedtak om utvida tid som treng fleire år på same trinn har òg fortrinnsrett etter denne føresegna.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde på Vg2 som byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 på eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det til eit vidaregåande trinn melder seg fleire søkjarar enn det er elevplassar i tilbodet frå fylkeskommunen, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av § 6-34. Søkjarar med høgare poengsum blir tekne inn framfor søkjarar med lågare poengsum.

Om det står fleire søkjarar likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved utrekning av poeng skal alle standpunktkarakterane, eksamenskarakterane og halvårsvurdering med karakter i faga på Vg1 og eventuelt Vg2 leggjast til grunn.

Ved omrekning til poeng i faga som ligg til grunn, følgjer ein denne framgangsmåten:

a. Kvar av talkarakterane får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10.
b. I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått», skal faget ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
c. Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-18, § 3-19 og § 3-20, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
d. For søkjarar som har fått «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) som sluttvurdering eller halvårsvurdering med karakter eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM), skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.
e. Dersom søkjaren har teke fag som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
f. For søkjarar som har gått fleire forskjellige utdanningsprogram på Vg1 eller programområde på Vg2, som alle dannar grunnlag for inntak på det vidaregåande trinnet, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar som har enkeltvedtak om spesialundervisning, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå Vg1 eller Vg2, kan takast inn til neste nivå på grunnlag av ei individuell vurdering. Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må fylkeskommunen gjere ei heilskapleg vurdering av om dette er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader. I vurderinga skal det leggjast vekt på ei sakkunnig vurdering og søkjaren si prioritering.

Søkjaren skal takast inn til eit programområde på Vg2 og Vg3 som byggjer på det Vg1 eller Vg2 søkjaren har gjennomgått. Om det ikkje er forsvarleg å ta søkjaren inn til Vg2, skal søkjaren eventuelt takast inn til Vg1. Om det ikkje er forsvarleg å ta inn søkjaren til Vg3, skal det vurderast om søkjaren skal takast inn til Vg2 neste skoleår.

Denne føresegna gjeld òg for søkjarar som følgjer eit planlagt løp mot grunnkompetanse etter opplæringslova § 3-3 første ledd.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For søkjarar som har gjennomført Vg1 eller Vg2, og som har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse vidaregåande skolane rangere søkjarane. Søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag slik at dei kan bli vurderte etter § 6-33 til § 6-34, skal vurderast individuelt.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak til Vg2 eller Vg3 etter § 6-28 første ledd, fordi han eller ho ikkje har bestått eit eller fleire fag, kan likevel takast inn som fulltidselev til neste nivå om fylkeskommunen etter ei heilskapleg vurdering finn at det er forsvarleg. Fylkeskommunen må vurdere om det, gjennom den heilskaplege vurderinga, er dokumentert at søkjaren har den kompetansen som etter læreplanverket er nødvendig for å følgje opplæringa på neste nivå. I vurderinga av om det er forsvarleg skal det vurderast om søkjaren samla sett har faglege føresetnader til å følgje opplæringa på dette nivået.

Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for å bli tekne inn etter føresegnene her, kan søkje om inntak som deltidselev etter § 6-39.

Fylkeskommunen kan også i særskilde tilfelle behandle søknaden frå andre søkjarar individuelt. Vilkåret er at det må liggje føre tungtvegande grunnar, og at søkjaren må ha eit særleg behov for dette.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren blir teken inn på eit programområde på Vg2 og Vg3 som byggjer på det Vg1 eller Vg2 han eller ho har fullført, jf. opplæringslova § 3-1.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein søkjar som ikkje fyller vilkåra i § 6-28 eller § 6-37 for å bli teken inn som fulltidselev, kan i særskilde tilfelle likevel takast inn som deltidselev. Fylkeskommune fastset korleis inntaket skjer.

Fylkeskommunen kan mellom anna ta inn som deltidselev ein søkjar som

a. manglar bestått karakter i eit eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og som det etter ei heilskapleg vurdering etter § 6-37 ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå, i dei faga han eller ho har bestått på det lågare nivået,
b. manglar fag for å ha full fagkrins i eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, dersom han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1,
c. har rett til vidaregåande opplæring, men manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 kan søkje om inntak til eit teiknspråkleg miljø på ein knutepunktskole etter føresegnene her, eller om opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole etter § 6-18. Knutepunktskolar er ordinære fylkeskommunale vidaregåande skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod for døve og sterkt tunghøyrde elevar.

Søkjaren må føre opp i søknaden om han eller ho ønskjer vidaregåande opplæring på ein knutepunktskole eller på ein ordinær vidaregåande skole med tolk. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole. Ved søknaden skal det liggje ei sakkunnig vurdering av behova til søkjaren i samsvar med § 6-41. Søkjaren må ha valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga.

Søkjarar etter denne føresegna har rett til eit av tre valde utdanningsprogram etter opplæringslova § 3-1. Søkjarar som ønskjer opplæring på ein knutepunktskole, kan ikkje føre opp andre utdanningsprogram/programområde i søknaden enn dei tilboda som knutepunktskolane gir, eller dei tilboda som desse skolane gir i samarbeid med andre vidaregåande skolar.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I samband med inntak til ein knutepunktskole etter opplæringslova § 3-9 eller opplæring med tolk på ein ordinære vidaregåande skole skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som mellom anna skal greie ut og ta standpunkt til

  1. behovet som søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk
  2. om behovet til søkjaren blir best sikra gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk
  3. om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.

Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her.

Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistert, har ansvaret for at rettane etter opplæringslova § 3-9 blir oppfylte.

Søkjaren sender inn søknad i samsvar med § 6-8 og § 6-9.

Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistrert, sender søknaden om inntak til knutepunktskole vidare til den fylkeskommunen som eig knutepunktskolen som søkjaren har søkt om inntak til, om vilkåra i § 6-40 er oppfylte. Søknadsfristen for fylkeskommunen er 15. mars.

Fylkeskommunen der knutepunktskolen ligg, avgjer om søkjaren skal få plass, og sender tilbakemelding til søkjaren sin heimfylkeskommune. Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistert, gjer endeleg vedtak om opplæring etter opplæringslova § 3-9. Dersom søkjaren får avslag på søknaden om inntak til ein knutepunktskole, skal det snarast mogleg sendast melding til søkjaren sin heimfylkeskommune, som i samråd med skolane må finne eit anna tilbod om opplæring i eit teiknspråkleg miljø.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det til eit utdanningsprogram/programområde ved ein knutepunktskole er fleire søkjarar enn elevplassar, skal fylkeskommunen der knutepunktskolen ligg, fordele plassane i denne prioriterte rekkjefølgja:

  1. søkjarar frå eige fylke med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
  2. søkjarar frå eige fylke utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
  3. søkjarar frå resten av landet med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
  4. søkjarar frå resten av landet utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1.

Innanfor kvar av gruppene i første ledd skal plassane fordelast på grunnlag av føresegnene om inntaksrekkjefølgje etter § 6-14 til § 6-28 for Vg1 og § 6-29 til § 6-39 for Vg2 og Vg3.

Skolane må reservere plassar for søkjarar som ikkje har vurdering med karakterar. Desse søkjarane skal takast inn på grunnlag av ei individuell vurdering. Det skal gjerast ei heilskapsvurdering som òg legg vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjaren.

Eleven skal normalt ha rett til å fullføre opplæringsløpet ved den skolen han eller ho først er teken inn til.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Føresegnene i dette kapitlet gjeld inntak til desse statlege vidaregåande skolane så langt dei høver:

  1. Samisk videregående skole, Karasjok, Sami joatkkaskuvla, Karasjogas
  2. Samisk videregående skole og reindriftsskole, Kautokeino, Sami joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla, Guovdageaidnu
  3. Statens skolar med utdanningsprogram for naturbruk.

Søkjarar frå heile landet stiller likt ved inntak til dei skolane som er nemnde i denne paragrafen.

Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar i dei vidaregåande statsskolane i Karasjok og Kautokeino, har samisk ungdom førerett. Søkjarar som berre kan få oppfylt fagønska i dei vidaregåande statsskolane i Karasjok og Kautokeino, går elles framfor søkjarar som kan få oppfylt ønska sine ved ein annan skole.

Inntak til dei samiske vidaregåande skolane som er nemnde i denne paragrafen, skal gjerast av inntaksnemnda i Finnmark fylke.

Kapitlet 6 gjeld, så langt det høver, for inntak til statlege vidaregåande skolar.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande, jf. § 6-13, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har frå og med det året dei fyller år 25 år, rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3.

Vaksne søkjarar skal primært takast inn til opplæringstilbod som er organiserte for vaksne etter opplæringslova § 4A-3. Opplæringstilbodet skal vere tilpassa behovet til den vaksne.

Den vaksne skal i søknaden føre opp den ønskte sluttkompetansen. Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3 skal til vanleg få tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen dei ønskjer. I vurderinga skal det leggjast vekt på dei moglegheitene den enkelte har til å oppnå yrkes- eller studiekompetanse.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal få tilbod om realkompetansevurdering, jf. § 6-46.

Fylkeskommunen har plikt til å sørgje for at vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3 skal få kartlagt og vurdert realkompetansen sin, dersom dei ønskjer det. Resultatet av realkompetansevurderinga dannar grunnlag for opplæringstilbodet til den vaksne.

I realkompetansevurderinga skal fylkeskommunen vurdere om den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen til søkjaren kan godkjennast som likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring, jf. § 4-6. Den vaksne kan få godkjent heile eller delar av fag eller opplæringsår.

Opplæringa som den enkelte får tilbod om, skal tilpassast resultatet av realkompetansevurderinga. Den vaksne skal ikkje få tilbod om opplæring i heile fag som han eller ho har fått godkjent gjennom realkompetansevurderinga.

Realkompetansevurderinga er eit enkeltvedtak som det kan klagast på til statsforvaltaren, jf. § 5-1. I enkeltvedtaket skal følgjande gå klart fram:

  1. Kva den vaksne har fått godkjent.
  2. Rettsreglane som gjeld.
  3. Kva for opplysningar som er lagde til grunn i saka.
  4. Dei hovudomsyna som er vektlagde i skjønnsutøvinga ved vurderinga av realkompetansen til den vaksne, jf. forvaltingslova § 25.

Endra ved forskrifter 2 des 2019 nr. 1691 (i kraft 1 jan 2020), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021), 14 nov 2022 nr. 1959.

Vaksne kan søkje om inntak til vidaregåande opplæring uavhengig av fristane i § 6-8. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal gi eit tilbod innan rimeleg tid.

Fylkeskommunen skal gjere eit vedtak om inntak. I enkeltvedtaket skal fylkeskommunen ta stilling til følgjande:

  1. Om den vaksne har rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.
  2. Kva sluttkompetanse den vaksne får tilbod om, mellom anna kva programområde på Vg3 søkjaren kan takast inn til.
  3. Resultatet av realkompetansevurderinga.
  4. Opplæringstilbodet som den vaksne får.

Om fylkeskommunen gir den vaksne tilbod om ein annan sluttkompetanse enn den søkjaren ønskjer, må dette grunngivast i vedtaket.

Den vaksne har rett til å få avklart om han eller ho har rett til vidaregåande opplæring, å få vurdert realkompetansen sin og å få eit enkeltvedtak om vidaregåande opplæring innan rimeleg tid.

Vaksne som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande, men som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4-A3, kan søkje om inntak til vidaregåande opplæring.

Fylkeskommunen fastsett i enkeltvedtak om søkjaren skal takast inn til vidaregåande opplæring. Dersom søkjaren takast inn skal opplæringstilbodet fastsetjast i enkeltvedtaket.

Vaksne utan rett som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringa dei er tekne inn til, jf. opplæringslova § 4A-3 andre ledd. Vaksne utan rett som er tekne inn til eit opplæringstilbod som er særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A, har etter inntaket dei same rettane som andre vaksne. Opplæringa skal vere gratis.

Vaksne utan rett må sjølve betale for realkompetansevurderinga, med mindre det blir dekt av andre etter opplæringslova § 4A-3 femte ledd. § 6-46 andre og fjerde ledd gjeld og for realkompetansevurdering av vaksne utan rett til vidaregåande opplæring.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Rangeringa av vaksne søkjarar når det er knapt om plassar:

  1. Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring.
  2. Vaksne søkjarar utan rett som har fullført, men ikkje bestått vidaregåande opplæring.
  3. Vaksne søkjarar utan rett som har studie- eller yrkeskompetanse.

Vaksne kan søkje om inntak til ordinær vidaregåande opplæring. Vaksne søkjarar skal da prioriterast etter ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dette kapitlet regulerer formidling til læreplass som lærling, praksisbrevkandidat og lærekandidat for opplæring i bedrift etter opplæringslova kapittel 4.

Han eller ho som blir formidla, skal takast inn til vidaregåande opplæring på det aktuelle trinnet i samsvar med kapittel 6. Enkeltvedtaket om inntak skal fastsetje kva for utdanningsprogram og programområde søkjaren er teken inn til.

Søkjarar til læreplass som lærling må oppfylle vilkåra for inntak til neste trinn for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Dette inneber mellom anna at søkjaren må ha bestått faga innanfor programområdet på Vg2, jf. § 6-28, for å kunne formidlast til Vg3, eller ha faglege føresetnader for å følgje opplæringsåret på neste nivå, jf. § 6-37.

Søkjarar til læreplass som lærekandidat må ha bestått sitt opplæringsløp mot planlagd grunnkompetanse for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Søkjarar som har gjennomført, men ikkje bestått faga innanfor utdanningsprogrammet på Vg1 og programområdet på Vg2, kan òg søkje formidling som praksisbrevkandidat og lærekandidat.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrifter 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017), 1 nov 2017 nr. 1706.

Fylkeskommunen skal fastsetje lokal forskrift om formidling. Den lokale forskrifta om inntak og den lokale forskrifta om formidling kan vere den same forskrifta.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen må sørgje for nødvendig informasjon til bedrifter, og til elevar og deltakar på yrkesfaglege utdanningsprogram om dei reglane som skal nyttast ved formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fristen for å søkje om formidling til læreplass er

  1. 1. februar for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar,
  2. 1. mars for lærlingar.

Når ein frist går ut på ein laurdag eller søndag, må søknaden vere send den nærmast etterfølgjande yrkesdagen.

For seint innkomne søknader skal det takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandle dei som ein søknad om inntak og formidling det etterfølgjande skoleåret. Søkjaren skal få melding om at søknaden kom inn for seint, og om konsekvensane av det. Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen. Fylkeskommunen må sikre at det ikkje skjer usakleg forskjellsbehandling.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Kunngjeringa skal nemne dei opplysningane og dokumenta som skal følgje søknaden, og korleis søknaden skal sendast.

Formidling i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor her.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen fastset søknadsskjema som søkjarar må nytte.

I søknaden må søkjaren opplyse om ho eller han ønskjer opplæring i bedrift som lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat.

Søkjarar skal som hovudregel sende søknaden til fylkeskommunen i det fylket han eller ho er folkeregistert på tidspunktet for søknaden. Dette gjeld også for han eller ho som søkjer om inntak til ein knutepunktskole i eit anna fylke.

Søkjarar som planlegg å flytte og kan dokumentere dette, sender søknaden til tilflyttingsfylket.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ungdom og vaksne kan søkje om læreplass i eit lærefag som byggjer på utdanningsprogrammet eller programområdet, jf. opplæringsordninga som er fastsett for faget i læreplanverket. Elevar og vaksne som er tekne inn til utdanningsprogram som avvik frå hovudmodellen, søkjer om formidling til læreplass på det tidspunktet som følgjer av læreplanverket.

Fylkeskommunen pliktar å formidle søkjarane med ungdomsrett til lærebedrifter det er inngått avtaler om læreplass med. Lærebedrifta avgjer kven ho inngår lærekontrakt med. Fylkeskommunen kan tilby læreplass i eige fylket eller i eit anna fylke.

Bedrifta kan stille krav til lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten på grunn av verksemda i bedrifta, mellom anna på grunn av produksjon, utstyr, kundebehandling og liknande. Krava skal ikkje vere diskriminerande.

Det skal teiknast lærekontrakt mellom lærlingen og bedrifta eller opplæringskontrakt mellom praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og bedrifta, jf. opplæringslova § 4-5.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrifter 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017), 1 nov 2017 nr. 1706.

Fylkeskommunen kan godkjenne lærekontraktar og opplæringskontraktar som inneheld ei anna organisering enn den opplæringsordninga som er fastsett for faget i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. opplæringslova § 3-3 fjerde ledd. Anna organisering kan vere at

  1. Lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa i faget enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
  2. Skolen i samarbeid med lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
  3. Opplæringa i skole og bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
  4. Opplæringa skal leie fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse.
  5. Opplæringa skal leie fram til praksisbrev.

Det skal gå fram av lærekontrakten og opplæringskontrakten kva opplæringsansvar bedrifta har for lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida bedrifta har ansvaret for lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten.

Dersom opplæringa i skole og bedrift skal skje i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av faget i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter opplæringslova § 3-3 fjerde ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 til § 11-15.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett unntak frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne. For lærlingar kan det ikkje fastsetjast unntak frå reglane i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i første ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 flg.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar som har lovfesta rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1, men ikkje får tilbod om læreplass, har rett til inntak i eit programområde på Vg3 som byggjer på det programområdet på Vg2, som søkjaren har gjennomført. Fylkeskommunen skal tilby søkjaren opplæring i skole dersom søkjaren ønskjer det, og dersom dei ikkje kan skaffe læreplass innan 1. september. Tilsvarande plikt til å tilby opplæring i skole gjeld der læreplanverket fastset eit anna opplæringsløp.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013).

Fylkeskommunen kan òg formidle vaksne med rett til vidaregåande opplæring. Opplæringa i bedrift for vaksne blir da regulert av opplæringslova kapittel 4.

Vaksne som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt som fastset ei anna opplæringsordning for faget enn den ordninga som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. § 6A-6, skal normalt få den delen av opplæringa som ikkje skjer i bedrift, som opplæring organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A.

Tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 2-7 andre ledd, § 6-2 femte ledd og § 6-3 første ledd)

Endra ved forskrift 9 des 2019 nr. 1700.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar som har rett til opplæring i samisk, kvensk eller finsk, har rett til alternativ form for slik opplæring når opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale ved skolen. Alternative former for opplæring kan t.d. vere fjernundervisning, intensivundervisning eller særlege leirskoleopphald.

Alternative opplæringstilbod for elevar i grunnskolen skal utarbeidast i samarbeid med foreldra.

Endra ved forskrift 9 des 2019 nr. 1700.

(Opplæringslova § 13-3b)

Kapitlet tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, men ikkje for elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A.

Ulykkesforsikringa skal minst ha det innhald og omfang som går fram av føresegnene i denne forskrifta.

Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008), endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ulykkesforsikringa skal vere teikna i eit forsikringsselskap som har løyve etter forsikringslova.

Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved ulykkesskade skal forsikringa gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den mon slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova.

Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Forsikringa skal gi eleven dekning for ulykkesskade som har hendt

  1. på opplæringsstaden i opplæringstida
  2. på veg mellom heim og opplæringsstad
  3. under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som er ledd i opplæringa, og på veg mellom heim og arbeidsplass
  4. under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for
  5. under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den stad der aktiviteten skjer

Likestilt med heim i pkt. b, c og e er annan opphaldsplass.

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skolen, men ikkje i feriar og liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av skolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heim og skole i samanheng med slikt fråver.

Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved varig medisinsk invaliditet som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning tufta på ein forsikringssum på 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 %. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.

Graden av invaliditet skal reknast ut etter invaliditetstabellar med tilhøyrande retningsliner som Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for.

Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fører ulykkesskaden i løpet av dei to første åra etter at skaden hende til utgifter til behandling av skaden, skal forsikringa dekkje dokumenterte og nødvendige utgifter til

  • lege og tannlege
  • medisinsk behandling utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda tilrådd av lege eller tannlege
  • reise til og frå heim for nødvendig behandling med billegaste transportmiddel når det blir teke omsyn til tilstanden hos eleven.

Det krevst ikkje at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Den øvre grensa for dei samla tilbakebetalingskrava frå forsikringa for nødvendige utgifter til behandling må ikkje vere lågare enn 0,25 G.

Eigendelen for eleven må ikkje vere høgare enn 0,015 G.

Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Forsikringa kan gjere unnatak frå dekninga av ulykkesskade som har si årsak i

  • forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
  • infeksjon eller stikk/bit av insekt, som til dømes malaria, flekktyfus eller borrelia
  • smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde, som til dømes e-coli, salmonella eller liknande
  • psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet

Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 2-5 sjuande ledd)

Overskrift endra ved forskrift 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Føresegnene i kapitlet gjeld rådgivande folkerøysting om skriftleg hovudmål i grunnskolen etter opplæringslova § 2-5 sjuande ledd.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Røysterett har alle som bur i det området som soknar til skolen etter opplæringslova § 8-1, og som den 30. dagen før røystemøtet står innførte i folkeregisteret som busette i kommunen, og seinast i det året folkerøystinga blir halden, vil ha fylt 18 år.

Røysterett har òg foreldre/forsytarar til barn på barnetrinnet ved skolen, og foreldre/forsytarar som har barn som er innskrivne der for å ta til på første trinnet, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Krav om å kome med som røystefør forelder/forsytar må vere levert eller framsett for kommunen seinast tre veker etter den første kunngjeringa om røysting.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kommunen har ansvaret for røystinga og skal sørgje for at det blir sett opp liste over dei som har røysterett etter § 9-2 andre ledd. Kommunen organiserer røystinga.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kommunen skal fastsetje tid og stad for røysting og syte for innkalling av dei røysteføre med minst 4 vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om

  • kva røystinga gjeld
  • kven som har røysterett
  • tid og stad for røysting
  • tid og stad for førehandsrøysting.

Så langt råd er, skal røystinga haldast på ei tid som høver for dei røysteføre. Røystinga skal vere skriftleg. Resultatet av røystinga er rådgivande, og kjem fram ved vanleg fleirtal.

Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades ved røystinga, har rett til å røyste på førehand.

Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast før det er gått 5 år.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 7-2)

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen har ansvaret for skyss etter reglane i opplæringslova § 7-2 for elevar som er busette i fylket.

Fylkeskommunen kan velje om eleven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

Fylkeskommunen har etter reglane i dette kapitlet ikkje ansvar for skyss når eleven vel eit anna tilbod om vidaregåande opplæring enn det fylkeskommunen gir. Avgrensinga gjeld ikkje når ein elev blir teken inn som gjesteelev i eit anna fylke.

Endra ved forskrift 26 sep 2017 nr. 1528.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Eleven har rett til full skyssgodtgjersle i dei tilfella fylkeskommunen ikkje gir tilbod om gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at dei naudsynte faktiske skysskostnadene for eleven blir dekte. Val av transportmiddel skal avklarast med fylkeskommunen så snart som mogleg etter at eleven har fått tildelt skoleplass. Kostnadene skal dokumenterast. Dersom det ikkje er mogleg å avklare val av transportmiddel før skolen tek til, må fylkeskommunen likevel dekkje dei dokumenterte faktiske og naudsynte skysskostnader eleven har i perioden fram til ei slik avklaring skjer.

Ved bruk av privat bil blir skysskostnadene dekte med 2,50 kr per kilometer. Eit tillegg på 0,45 kr per kilometer skal givast for kvar ekstra passasjer, dersom passasjeren er ein annan elev med rett til skyss, eller det er nødvendig følgje. I tillegg skal eleven få godtgjersle for alle naudsynte faste og variable kostnader knytte til bruk av bil dersom desse utgiftene er større enn det den faste satsen dekkjer. I tillegg til utgifter til drivstoff skal skyssgodtgjersle kunne dekkje utgifter til bompengar, ferjeturar, piggdekkavgift og parkering, og til andre særlege kostnader som ikkje blir dekte etter satsane ovanfor. Tapt arbeidsinntekt for den som køyrer eleven, blir ikkje rekna med i grunnlaget for skyssgodtgjersle. Eleven dokumenterer utgiftene som ikkje blir dekte av minstesatsen, ved å syne fram kvitteringar for utgiftene.

Endra ved forskrifter 31 aug 2009 nr. 1217, 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011), 28 mai 2017 nr. 2443 (i kraft 1 feb 2018), 8 juni 2018 nr. 845.

Dispensasjon frå plikta til å sørgje for gratis skoleskyss etter § 7-2 i opplæringslova kan etter søknad til departementet givast når desse vilkåra er oppfylte:

  • Fylkeskommunane må ha ei ordning med subsidierte rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50% av vanleg månadskort for vaksne.
  • Eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skole, arbeid og fritidsaktivitetar.
  • Rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjeld for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar.
  • Ordninga må omfatte minst heile skoleåret.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søknader om dispensasjon frå § 7-2 i opplæringslova blir avgjorde av departementet. Dispensasjon kan givast for eitt år om gongen.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 3-3 sjette ledd, § 4-3, § 4-4 femte ledd, § 4-5 andre ledd, § 12-3 sjette ledd)

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kvar enkelt bedrift som driv opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, må vere godkjend av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-3 første og andre ledd. Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, gir godkjenning for kvart enkelt fag lærebedrifta skal kunne ha lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat i. Har bedrifta lokale i fleire fylkeskommunar, avgjer lokaliseringa til den aktuelle avdelinga av lærebedrifta kva for ein fylkeskommune som kan godkjenne denne.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Eit opplæringskontor er eit organ for bedrifter som samarbeider om opplæring for lærlingar praksisbrevkandidatar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og opplæringskontoret.

Ein opplæringsring består av to eller fleire bedrifter som samarbeider om opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten og den bedrifta som skal ha hovudansvaret for opplæringa.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Lærebedrifta pliktar å gi den informasjon som fylkeskommunen krev for å kunne vurdere om godkjenning skal givast eller vidareførast, og for å kunne fastsetje og utbetale tilskott.

Lærebedrifta skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.

0 Endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen der lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten er busett, skal betale tilskott for opplæring til lærebedrift, opplæringsring og opplæringskontor etter retningslinjer og satsar fastsette av departementet. Betalingsplikta gjeld godkjend lærekontrakt for lærlingar, og opplæringskontrakt for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.

Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, kan krevje refusjon av utgifter som er direkte relaterte til lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten frå fylkeskommunen der lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten er busett.

Dersom ein lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat skifter lærebedrift, skal den fylkeskommunen som utbetaler tilskott, gjere vedtak om fordelinga av dei forskjellige tilskotta mellom lærebedriftene.

Har fylkeskommunen gitt lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten delar av den opplæringa som etter læreplanen skal givast i læretida, skal lærebedrifta ikkje ha basistilskott for denne delen av opplæringa.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017), 1 nov 2017 nr. 1706.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen kan dra godkjenninga som lærebedrift attende dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava i opplæringslova eller denne forskrifta. Lærebedrifta må ha ny godkjenning dersom det er gått meir enn to år frå siste avslutta lærekontrakt eller opplæringskontrakt.

0 Endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved teikning av lærekontrakt og opplæringskontrakt skal det nyttast skjema fastsett av departementet.

0 Endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vedtak i sak om godkjenning av utanlandsk fagopplæring kan klagast til ei klagenemnd vald av departementet.

Klagenemnda skal bestå av minst 3 personar. Nemnda sin leiar skal tilfredsstille krava til lagdommarar etter domstollova. Oppnemninga gjeld for 4 år av gongen.

0 Endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), oppheva ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013), tilføyd igjen ved forskrift 17 nov 2017 nr. 1833 (i kraft 1 jan 2018).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

§ 11-9 til § 11-15 gir reglar om kva som kan godskrivast som gjennomgått opplæring eller praksistid

a. for praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, kandidatar for fagbrev på jobb eller
b. ved godkjenning av lærekontrakt eller opplæringskontrakt med unntak frå opplæringsordninga i faget, jf. opplæringslova § 3-3 fjerde ledd.
Som gjennomgått opplæring skal ein òg rekne med oppnådd kompetanse etter realkompetansevurdering jf. § 4-6 eller etter eksamen bestått som privatist.

Det kan ikkje gjevast godskriving etter § 11-10 til § 11-12 når det vert gjeve godskriving etter § 11-13 eller § 11-14.

Fylkeskommunen vurderer den framlagde dokumentasjonen og gjer vedtak i samsvar med § 11-9 flg.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Vg1 i utdanningsprogrammet for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Alle andre Vg1 blir godskrive med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år.

Vg2 som er fastsett for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Andre Vg2 i det utdanningsprogrammet som er fastsett for det aktuelle lærefaget blir godskrivne med 1/2 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år. Alle andre Vg2 blir godskrivne med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år.

Vg3 i skole som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 1/2 år, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre Vg3 blir ikkje godskrivne.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-15), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 25 jan 2017 nr. 80 (i kraft 1 feb 2017), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Grunnkurs som i forhold til det aktuelle lærefaget kan likestillast med aktuelt Vg1 i Kunnskapsløftet blir godskrive med eitt år. Andre grunnkurs blir godskrivne med 1/4 år, men dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget kan godskrivinga aukast ytterligare med inntil 1/4 år.

VKI som i forhold til det aktuelle lærefaget kan likestillast med aktuelt Vg2 i Kunnskapsløftet blir godskrive med eitt år. Andre VKI blir godskrivne med 1/4 år, men dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget kan godskrivinga aukast ytterligare med inntil 1/4 år.

VKII innan same fagområde som det aktuelle lærefaget blir godskrive med inntil 1/2 år avhengig av kor relevant den gjennomgåtte opplæringa er i forhold til lærefaget, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre VKII blir ikkje godskrive.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-16), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

Allsidig, dokumentert praksis i tilknyting til det aktuelle lærefaget, blir godskriven fullt ut som læretid for lærlingar og lærekandidatar og som praksistid for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Før praksiskandidaten kan gjennomføre fag- eller sveineprøva etter opplæringslova § 3-5, må praksisen etter ei samla vurdering dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for opplæring i bedrift/Vg3 i lærefaget.

Dersom ein lærling eller elev ikkje gjennomfører eller ikkje består fag- eller sveineprøva etter reglane for slike prøvekandidatar, kan vedkommande melde seg til fag- eller sveineprøva etter reglane som gjeld for praksiskandidatar når kravet om eit tillegg i tid på 25 prosent i opplæringslova § 3-5 er oppfylde eller etter reglane for kandidatar for fagbrev på jobb.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-17), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 3 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på eit anna Vg2 innanfor det same utdanningsprogrammet som det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Bestått fag- eller sveineprøve i fag innanfor andre utdanningsprogram enn det aktuelle faget blir godskriven med inntil 1/2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-18), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

Bestått fag- eller sveineprøve i fag som kan likestillast med det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 3 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Bestått fag- eller sveineprøve i fag som slektar på det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Bestått fag- eller sveineprøve i andre fag blir godskriven med inntil 1/2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-19), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I særlege tilfeller og ved særlege fagkombinasjonar der godskrivingsreglane ut frå ei fagleg vurdering vil gi eit urimeleg resultat, kan fylkeskommunen fråvike frå forskrifta § 11-10 til § 11-14.

0 Tilføyd ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 9a-9)

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I tillegg til dei krav om førebygging av skade og ulykke som følgjer av andre lover og forskrifter, gjeld dette:

  1. Når skolen er ansvarleg for tryggleiken til elevane, må tilsynet i praksis vere forsvarleg i forhold til risikoen for at skade eller ulykke kan skje.
  2. I situasjonar der skolen er ansvarleg for symjing og bading i grunnskolen, skal det alltid vere ein tilsynsansvarleg, vaksen person til stades. Dersom den gruppa skolen har ansvaret for, overstig 15, skal tilsynet aukast med ein vaksen tilsynsperson for kvar påbegynt gruppe på 15. Dei som fører tilsyn, må vere flinke til å symje og dykke, og må kunne livredning. Tilsynet må aukast ytterlegare når omsynet til tryggleik gjer det nødvendig. For vidaregåande skole gjeld her berre det generelle kravet om tryggleik, slik det er formulert i bokstav a.
  3. I ordensreglementet for skolen bør det takast inn føresegner som nærmare regulerer trafikktryggleik og andre førebyggjande tiltak. Foreldra avgjer om barna får sykle til skolen eller ikkje.
  4. Reglane for grunnskolen gjeld tilsvarande for skolefritidsordninga.

Endra ved forskrifter 20 aug 2015 nr. 974, 4 des 2015 nr. 1407 (i kraft 1 aug 2016).

Relatert innhold på udir.no

Dra på skoletur og leirskole

(Opplæringslova § 3-6 andre ledd)

Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at all ungdom som høyrer til målgruppa, jf. § 13-2, får tilbod om opplæring, arbeid, andre kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse. Tilboda skal primært ta sikte på å føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

Endra ved forskrift 20 des 2011 nr. 1522 (i kraft 1 feb 2012).

Målgruppa for oppfølgingstenesta er ungdom som er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring, og som det aktuelle skoleåret

  1. ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass, eller
  2. avbryt slik opplæring, eller
  3. ikkje er i arbeid, eller
  4. har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising med heimel i opplæringslova § 3-8 eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt eller opplæringskontrakt i samsvar med opplæringslova § 4-6.

Endra ved forskrift 20 des 2011 nr. 1522 (i kraft 1 feb 2012).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta

  1. ha oversikt over alle i målgruppa, jf. § 13-2, og aktuelle tilbod for målgruppa. Registrering av ungdom som høyrer til ansvarsområdet for oppfølgingstenesta, og som tenesta formidlar tilbod til, skjer gjennom heile året.
  2. gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har. Føresette til ungdom som ikkje er myndig skal ha same informasjon med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.
  3. etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging.
  4. gi alle i målgruppa tilbod i samsvar med § 13-1, eventuelt i samarbeid med andre aktørar.
  5. etter behov følgje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta gjennom ei eller fleire rettleiingssamtaler.

Pliktene her gjeld så lenge ungdommen er i målgruppa for oppfølgingstenesta.

Endra ved forskrift 20 des 2011 nr. 1522 (i kraft 1 feb 2012).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa, og formidle, eventuelt samordne, tilbod frå ulike instansar. Aktuelle instansar for samarbeid er særleg grunnskolane og dei vidaregåande skolane, den pedagogisk-pykologiske tenesta, opplæringsadministrasjonen i fylkeskommunen, arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og sosialtenestene.

Oppfølgingstenesta kan bistå i arbeidet med å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring gjennom samarbeid med grunnskole og vidaregåande opplæring.

Endra ved forskrift 20 des 2011 nr. 1522 (i kraft 1 feb 2012).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle som skal tilsetjast i undervisningsstilling, må ha pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane med forskrifter, jf. lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-2 andre ledd, eller ha tilsvarande pedagogisk kompetanse.

Endra ved forskrifter 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 3 mai 2021 nr. 1381.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 1.-4. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:

  1. førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, og minst 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på barnetrinnet
  2. førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
  3. grunnskolelærarutdanning for 1.-7. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
  4. faglærarutdanning i praktiske og/eller estetiske fag, jf. nasjonale rammeplanar, eller tilsvarande kompetanse i desse faga. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
  5. treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 5.-7. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:

  1. grunnskolelærarutdanning for 1.-7. årstrinn eller for 5.-10. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
  2. faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
  3. yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
  4. universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
  5. førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
  6. treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

For å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på barnetrinnet krevst det at vedkommande har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. Dei som før 1. januar 2014 hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014, har fram til 1. august 2025 dispensasjon frå dette kravet, jf. opplæringslova § 10-2 tredje ledd andre punktum.

Endra ved forskrifter 9 juli 2007 nr. 884 (i kraft 1 aug 2007), 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 1 aug 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015), 25 jan 2017 nr. 80 (i kraft 1 feb 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på ungdomstrinnet, må fylle eitt av desse krava:

  1. grunnskolelærarutdanning for 5.-10. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
  2. faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
  3. yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
  4. universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning. Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande likevel ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for faget
  5. førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
  6. treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

For å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på ungdomstrinnet krevst det at vedkommande har minst 60 studiepoeng som er relevante for faget. Dei som før 1. januar 2014 hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014, har fram til 1. august 2025 dispensasjon frå dette kravet, jf. opplæringslova § 10-2 tredje ledd andre punktum.

For å undervise i andre fag på ungdomstrinnet krevst det at vedkommande har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. Dette gjeld ikkje for valfaga, utdanningsval og arbeidslivsfag. For dei som før 1. januar 2014 hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller har fullført tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014, gjeld ikkje kravet om 30 relevante studiepoeng i andre fag.

Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 1 aug 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015), 25 jan 2017 nr. 80 (i kraft 1 feb 2017).

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i studieførebuande fag i den vidaregåande skolen, må fylle eitt av desse krava:

  1. universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
  2. faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
  3. lærarutdanning, jf. § 14-2 og § 14-3, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i yrkesfag i den vidaregåande skolen, må fylle eitt av desse krava:

  1. yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
  2. universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
  3. faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
  4. fagbrev, sveinebrev eller fullført og bestått anna yrkesfagleg utdanning i vidaregåande opplæring, to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring, for undervisning i fag/på fagområde som utdanninga/bakgrunnen er relevant for. I tillegg krevst pedagogisk kompetanse etter § 14-1
  5. lærarutdanning, jf. § 14-2 og § 14-3, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

For å undervise i den vidaregåande skolen krevst det at vedkommande har minst 60 studiepoeng som er relevante for faget. Dette gjeld ikkje for faget yrkesfagleg fordjuping. Dette gjeld heller ikkje for dei som er tilsette etter andre ledd bokstav d, gitt at minst eitt av dei to åra med yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå er relevant for å undervise i faget.

Tredje ledd gjeld ikkje dei som før 1. januar 2014 hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014.

Endra ved forskrifter 9 juli 2007 nr. 884 (i kraft 1 aug 2007), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015), 25 jan 2017 nr. 80 (i kraft 1 feb 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den som skal tilsetjast som morsmålslærar, jf. opplæringslova § 2-8 og § 3-12, må fylle eitt av desse krava:

  1. lærarutdanning frå heimlandet til eleven og dokumentert gode norskkunnskapar
  2. lærar med same morsmål som eleven: universitets- og/eller høgskoleutdanning av ei samla lengd på minst tre år inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, og dokumentert gode norskkunnskapar. Eitt og eitt halvt år av utdanninga må omfatte språket og kulturen til eleven
  3. norskspråkleg lærar som ikkje har same morsmål som eleven: universitets- og/eller høgskoleutdanning i eleven sitt språk som samla utgjer minst 90 studiepoeng, og god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven, i tillegg til pedagogisk utdanning etter § 14-1
  4. treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Tilsetjing kan skje for undervisning der læraren har same morsmål som eleven.

Endra ved forskrifter 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Personar med utdanning og praksis frå andre land må ha Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse si godkjenning av yrkeskvalifikasjonane før dei kan bli tilsette som lærarar i grunnopplæringa. Dei som har rettar etter yrkeskvalifikasjonslova, blir godkjende etter yrkeskvalifikasjonslova og denne paragrafen. Andre kan godkjennast etter denne paragrafen og § 14-7 i denne forskrifta.

Søknad på eige formular skal sendast til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

I tillegg til godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skal arbeidsgivaren før tilsetjinga stille krav om kunnskapar, dugleik og innsikt i norsk språk, i norske samfunnsforhold og i skoleforhold som er nødvendige for stillinga. Arbeidsgivaren skal også før tilsetjinga stille krav om at vedkommande legg fram attest frå politiet i samsvar med reglane i opplæringslova § 10-9 med tilhøyrande forskrifter.

Endra ved forskrifter 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 20 feb 2018 nr. 261 (i kraft 1 mars 2018), 15 mai 2019 nr. 629, 3 okt 2019 nr. 1311 (i kraft 1 jan 2020), 16 des 2022 nr. 2323 (i kraft 1 jan 2023).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Godkjenninga skal ta utgangspunkt i om kvalifikasjonane for å utøve læraryrket kan seiast å vere likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-5. Statsborgarar frå EØS og Sveits har rett til godkjenning, dersom dei har kvalifikasjonar som er likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-5.

Med søknaden til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skal det følgje:

  • tilfredsstillande kopi av dokumentasjon for kvalifikasjonar
  • bevis for nasjonalitet.

Innan ein månad etter at søknad er motteken, skal Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse stadfeste at søknaden er motteken, eller be søkjaren om manglande dokumentasjon. Avgjerd i ei sak skal gjerast seinast innan fire månader etter at all nødvendig dokumentasjon er lagd fram. Vedtak eller mangel på vedtak frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.

Tilføyd ved forskrift 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008), endra ved forskrifter 20 feb 2018 nr. 261 (i kraft 1 mars 2018), 15 mai 2019 nr. 629, 3 okt 2019 nr. 1311 (i kraft 1 jan 2020), 16 des 2022 nr. 2323 (i kraft 1 jan 2023).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle som tidlegare har vore kvalifiserte for tilsetjing i ei undervisningsstilling, eller som har fått dispensasjon frå tidlegare utdanningskrav, vil framleis ha gyldig kompetanse for å bli tilsette i undervisningsstilling.

Dei som har allmennlærarutdanning fullført våren 2014 eller seinare, kan tilsetjast på same måte som dei med allmennlærarutdanning fullført før 2014.

Ein førskolelærar som starta si førskolelærarutdanning hausten 2007 eller tidlegare, kan tilsetjast på 1. årstrinn i grunnskolen utan å ha slik vidareutdanning som er kravd i § 14-2 første ledd.

Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 1 aug 2008), 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008, tidlegare § 14-8), 18 juli 2012 nr. 751 (i kraft 8 aug 2012), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Der det i forskrifta er krav om eit bestemt tal med studiepoeng, skal tilsvarande omfang av høgare utdanning som ikkje er fastsett i studiepoeng, reknast for å tilfredsstille kravet.

Tilføyd ved forskrift 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Stilling i grunnskolen og i vidaregåande opplæring skal normalt vere lærar, adjunkt eller lektor.

Endra ved forskrifter 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008, tidlegare § 14-9), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015, tidlegare § 14-10).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

På ein grunnskole skal forholdet mellom talet på lærarar og elevar i ordinær undervisning frå 1. august 2019 maksimalt vere:

  1. 15 elevar per lærar på 1.-4. årstrinn
  2. 20 elevar per lærar på 5.-7. årstrinn
  3. 20 elevar per lærar på 8.-10. årstrinn.

Skoleeigarar kan fram til 1. august 2020 fråvike desse krava dersom dei ikkje har fått søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing etter opplæringslova § 10-1. Det må takast avgjerd om dette for kvart halvår. Stillingane må lysast ut minst kvart halvår.

Tilføyd ved forskrift 26 juni 2018 nr. 1034 (i kraft 1 aug 2018), endra ved forskrifter 26 juni 2018 nr. 1034 (i kraft 1 aug 2019), 5 nov 2019 nr. 1650.

Arbeidsgivaren innhentar politiattest i samsvar med reglane i opplæringslova § 10-9, § 13-6, § 13-7 og § 13-7a. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

Arbeidsgivaren skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing, men at slik attest ikkje skal leggjast ved søknaden. Attest skal berre krevjast av den søkjaren som får tilbod om stillinga. Det skal i tilbodet takast atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Politiattest skal liggje føre før arbeidstakaren blir tilsett i stillinga.

Heile kapitlet endra ved forskrift 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande, og skal makulerast straks etter at attesten har vore nytta i tilsetjingssaka eller til det formålet attesten er innhenta med heimel i opplæringslova § 10-9, § 13-6, § 13-7 og § 13-7a.

Heile kapitlet endra ved forskrift 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den som får kjennskap til opplysningar gjennom ein politiattest, pliktar å hindre at uvedkomande får tilgjenge eller kjennskap til opplysningane, jf. forvaltningslova § 13 - § 13e og politiregisterlova § 47. Brot kan straffast etter straffelova § 121.

Heile kapitlet endra ved forskrift 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For søknad om godkjenning av privat grunnskole etter opplæringslova § 2-12, skal sakshandsamingsfrist som nemnd i tjenesteloven § 11 første ledd første punktum vere fire månader.

Tjenesteloven § 11 andre ledd om at tillating er betrakta som gitt når sakshandsamingsfristen er overskride, gjeld ikkje for godkjenning etter opplæringslova § 2-12.

Tilføyd ved forskrift 22 des 2009 nr. 1767 (i kraft 28 des 2009).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 9-4)

Overskrifta endra ved forskrifter 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Eleven har rett til læremiddel på ønskja skriftspråk; nynorsk eller bokmål. Kravet til språklege parallellutgåver skal gjere det enklare for eleven å gjere seg nytte av opplæringa og sikre dei språklege rettane som eleven har.

I andre fag enn norsk kan det berre brukast læremiddel som ligg føre på nynorsk og bokmål til same tid, med mindre læremiddelet er omfatta av unntaka i § 17-2. Kravet til språkleg parallellitet gjeld berre for fag med årskull over 300 elevar.

Kravet om språklege parallellutgåver gjeld for læremiddel som skal brukast regelmessig i opplæringa og dekkjer vesentlege delar av kompetansemåla eller er viktig for dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Med regelmessig meiner ein at læremiddelet blir brukt fast, over ei lengre periode eller jamleg. Når det er tvil om eit læremiddel dekkjer vesentlege delar av læreplanen i fag, skal skoleeigar vurdere saka konkret.

Med læremiddel meiner ein alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Dei kan vere enkeltståande eller gå inn i ein heilskap, og dekkjer aleine eller til saman kompetansemål i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Når det skal vurderast om læremiddelet er omfatta av kravet til parallellitet gjeld dei same vurderingane for trykte og digitale læremiddel.

Endra ved forskrifter 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), 14 nov 2022 nr. 1959.

Reglane i § 17-1 skal ikkje hindre at elevane får ta i bruk eit breitt tilfang av læremiddel i opplæringa.

Kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, avisar, oppslagsverk og likande kjem ikkje under kravet til språklege parallellutgåver, sjølv ved regelmessig bruk.

Læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, kjem ikkje inn under kravet til språkleg parallellutgåve.

Endra ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010).

Skoleeigaren har ansvaret for at retten til eleven til læremiddel på ønskja skriftspråk blir oppfylt etter § 17-1 og § 17-2. Dette gjeld uavhengig av kor mange elevar som brukar bokmål og nynorsk i kommunen eller fylkeskommunen.

Endra ved forskrifter 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), 25 jan 2021 nr. 272, 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 13-1 andre ledd)

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 13-3 og § 3-9 femte ledd)

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Reglane her gjeld refusjon av utgifter til undervisning for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar.

Reglane gjeld i den utstrekning andre løysingar ikkje følgjer av andre føresegner eller er avtalte mellom eit heimfylke og eit skolefylke.

Reglane her omfattar ikkje

  • elevar som blir dekte av landslinjeordninga
  • elevar ved sentrale lærlingskolar
  • elevar som blir dekte av fengselsundervisningsordninga
  • elevar som blir lagde inn på sjukehus utanfor heimfylket medan dei er elevar ved ein vidaregåande skole.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Med gjesteelev er her meint elev som er teken inn til eit vidaregåande skoletilbod i ein fylkeskommune der eleven ikkje er registrert i folkeregisteret som busett per 1. januar det året kurset tek til.

Med heimfylke er meint den fylkeskommunen der ein elev er registrert som busett per 1. januar det året kurset tek til.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Det er skolefylket sitt ansvar å bringe på det reine om vilkåra for å krevje refusjon er til stades.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Det kan krevjast refusjon frå heimfylkeskommunen for gjesteelevar. For utrekning av refusjon for gjesteelevar skal kostnadsnøkkelen fastsett av Utdanningsdirektoratet nyttast.

For gjesteelevar som får spesialundervisning, betaler heimfylkeskommunen etter avtale. Heimfylkeskommunen fastset omfanget av spesialundervisninga etter sakkunnig tilråding frå vertsfylkeskommunen.

Fylkeskommunane avtaler særskild refusjon for andre gjesteelevar som er tekne inn

a. til teoriundervisning for lærlingar
b. etter førerett til inntak ved institusjonar der dei er langtidspasientar, med 6 læretimar per veke per elev avgrensa til 3 år.

0 Endra ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til kost og losji for elevar som får opplæring etter opplæringslova § 3-9.

Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til nødvendige sosialpedagogiske tiltak for elevar som har behov for hjelp med å finne seg til rette i skole- og fritida, mellom anna utgifter til nødvendig miljøpersonale.

Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar etter første og andre ledd gjeld elevar som er busette i fylket, og som må flytte heimanfrå for å få opplæring. Fylkeskommunen der eleven er busett, gjer det endelege vedtaket etter første og eventuelt andre ledd.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Frå 1. august 2007 skal skoleeigar halde elevar på vidaregåande trinn 2 med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Frå 1. august 2008 gjeld ansvaret for elevar på vidaregåande trinn 3 og frå 1. august 2009 gjeld ansvaret elevar på vidaregåande trinn 1.

Dersom skoleeigar organiserer opplæringa på ein måte som krev at elevane må ha berbar pc, kan skolen krevje ein årleg eigendel frå eleven for å dekkje delar av kostnaden for pc-en. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet. Etter vidaregåande skole skal eleven få behalde pc-en.

Elevar som ikkje fullfører opplæringa skal få tilbod om å kjøpe pc-en. Samla betaling kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet berekna på avbrotstidspunktet.

0 Tilføyd ved forskrift 3 juli 2007 nr. 880 (i kraft 1 aug 2007), endra ved forskrift 25 aug 2009 nr. 1216.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Reglane her gjeld satsar for refusjon av utgifter til opplæring som fylkeskommunen, der ein institusjon etter barnevernlova ligg, har rett til etter opplæringslova § 13-2 andre ledd.

Fylkeskommunen, der ein institusjon etter barnevernlova ligg, kan krevje refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der eleven var busett på det tidspunktet det blei gjort vedtak om plassering, etter desse satsane per elev per år:

a. Kr 86 000 for elevar som ikkje har behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
b. Kr 253 000 for elevar som har moderat behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
c. Kr 501 000 for elevar som har omfattande behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
Tvist om val av sats kan leggjast fram til avgjerd for statsforvaltaren i fylkeskommunen der institusjonen ligg.

Reglane i § 19-4 gjeld dersom elevane blir tekne inn til vidaregåande opplæring i eit anna fylke enn heimfylket eller fylket der institusjonen ligg.

0 Tilføyd ved forskrift 30 jan 2008 nr. 85 (i kraft 1 feb 2008), endra ved forskrifter 4 des 2009 nr. 1478 (i kraft 1 jan 2010), 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Reglane her gjeld satsar for refusjon av utgifter til opplæring som fylkeskommunen, der ein institusjon for rusmiddelavhengige eller institusjon innanfor psykisk helsevern ligg, har rett til etter opplæringslova § 13-3a andre ledd.

Fylkeskommunen der institusjonen ligg, kan krevje refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten var busett på det tidspunktet pasienten vart innlagd, etter desse satsane per elev per år:

a. Kr 86 000 for elevar som ikkje har behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
b. Kr 253 000 for elevar som har moderat behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
c. Kr 501 000 for elevar som har omfattande behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
Tvist om val av sats kan leggjast fram til avgjerd for statsforvaltaren i fylkeskommunen der institusjonen ligg.

0 Tilføyd ved forskrift 4 des 2009 nr. 1478 (i kraft 1 jan 2010), endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. opplæringslova § 1-1 og § 13-3d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

Endra ved forskrifter 10 des 2008 nr. 1467 (i kraft 1 jan 2009), 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim. Mandatet til utvalet omfattar grunnskolen og første året av vidaregåande opplæring.

FUG skal arbeide for godt samarbeid mellom skole og heim, og skal vareta foreldra sine interesser i skolesamanheng.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.

Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.

Foreldra skal få munnleg eller skriftleg:

  1. varsling om eleven sitt fråvær
  2. varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-8
  3. informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter opplæringslova og forskrifta
  4. anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgiving.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020), 14 nov 2022 nr. 1959.

Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret.

Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.

Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg:

  1. varsling om eleven sitt fråvær
  2. varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-8
  3. informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova og forskrifta
  4. anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020), 14 nov 2022 nr. 1959.

(Opplæringslova § 9-2 andre ledd)

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opplæringslova § 9-2 første ledd)

Den enkelte eleven har rett til to ulike former for nødvendig rådgiving: sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving. Tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, og vere tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skolen.

Retten til nødvendig rådgiving inneber at eleven skal kunne få informasjon, rettleiing, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette på skolen og ta avgjerd i tilknyting til framtidige yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga kan vere både individuell og gruppevis. Eleven sitt behov og ønskje vil avgjere forma som blir teken i bruk.

Rådgivinga skal medverke til å utjamne sosial ulikskap, førebyggje fråfall og integrere etniske minoritetar. For at rådgivinga skal bli best mogleg for eleven, skal skolen ha eit heilskapleg perspektiv på eleven og sjå den sosialpedagogiske rådgivinga og utdannings- og yrkesrådgivinga i samanheng.

Eleven skal få den hjelpa han/ho treng for å utvikle seg vidare og utnytte eigne ressursar, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.

Tilføyd ved forskrift 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den enkelte eleven har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgivinga er å medverke til at den enkelte eleven finn seg til rette i opplæringa og hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skolen.

Ved behov kan eleven få hjelp til mellom anna å:

  • klarleggje problem og omfanget av desse
  • kartleggje kva skolen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skolen
  • finne dei rette hjelpeinstansane og formidle kontakt med desse.

Eleven skal bli møtt med respekt av personalet på skolen i forhold til sine sosiale, personlege og emosjonelle problem.

Personalet på skolen skal ha tett kontakt og samarbeid med hjelpeinstansar utanfor skolen og heimen slik at det blir samanheng i tiltaka rundt eleven.

Endra ved forskrift 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 22-1).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den enkelte eleven har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Utdannings- og yrkesrådgivinga har som formål å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv.

Retten til nødvendig utdannings- og yrkesrådgiving inneber at eleven mellom anna har rett til:

  • rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning
  • oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Noreg og andre land
  • oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
  • informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.

Eleven skal gradvis bli bevisst sine eigne interesser, dugleikar og verdiar, og få kunnskap, sjølvinnsikt og evne til sjølv å kunne ta avgjerd om yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga skal også utvikle eleven sine evner til å vurdere moglege konsekvensar av val og førebyggje feilval. Frå 8.-13. årstrinn skal rådgivinga leggjast opp som ein prosess.

Utdannings- og yrkesrådgiving skal vere eit samarbeid mellom ulike personar og instansar på skolen, og skolen skal så langt det er mogleg og hensiktsmessig trekkje inn eksterne samarbeidspartnarar for å gje elevane best mogleg informasjon og tilbod om rådgiving om yrkes- og utdanningsval. Aktuelle samarbeidspartnarar er til dømes andre utdanningsnivå, lokalt næringsliv, partnerskap for karriererettleiing og heimen.

Endra ved forskrift 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 22-2).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skoleeigar er ansvarleg for å oppfylle eleven sine rettar etter § 22-1 til § 22-3, jf. opplæringslova § 13-10. Ansvaret inneber mellom anna at begge formene for rådgiving skal utførast av personale med relevant kompetanse for dei to områda.

Skolen skal arbeide systematisk og planmessig for å sikre at rådgivingstilbodet blir tilfredsstillande.

Endra ved forskrift 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 22-3).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter opplæringslova, kan offentlege myndigheiter utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret om:

  1. kven som er foreldra til barn som mottar, eller skal motta, tenester etter opplæringslova
  2. kven som har foreldreansvaret for barn som mottar, eller skal motta, tenester etter opplæringslova
  3. andre barn av foreldra som er nemnde i bokstav a
  4. ektefelle eller registrert partnar til foreldra som er nemnde i bokstav a.

Tilføyd ved forskrift 28 sep 2018 nr. 1480 (i kraft 1 okt 2018).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kommunar og fylkeskommunar skal sørgje for tilgangsstyring slik at dei som arbeider for verksemda, berre har tilgang til personopplysningar dersom og i den utstrekning dei treng opplysningane for formål som nemnde i opplæringslova § 15-10. Kommunar og fylkeskommunar skal sørgje for at den som arbeider for verksemda, har nødvendig kunnskap om personvern og informasjonstryggleik før vedkommande får tilgang til personopplysningar.

Krava i første ledd gjeld personopplysningar som er omfatta av personopplysningsloven, og som blir behandla med heimel i opplæringslova.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I den utstrekning det er nødvendig for formål som nemnt i opplæringslova § 15-10 andre ledd, kan skolar innhente følgjande opplysningar om elevar og vaksne deltakarar i forbindelse med skolebytte:

  1. tidlegare gjennomført opplæring, inkludert fagsamansetning
  2. karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
  3. fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
  4. kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12 eller etter friskolelova § 3-5.

Ein skole kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebytte etter opplæringslova § 9A-12 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta og andre elevar på skolen.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I den utstrekning det er nødvendig for formål som nemnde i opplæringslova § 15-10 tredje ledd, kan fylkeskommunar innhente følgjande opplysningar om elevar frå grunnskolar:

  1. om grunnskolen er fullført
  2. halvårskarakter frå 10. trinn
  3. karakterar som blir ført på vitnemål for grunnskolen
  4. fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter opplæringslova § 9A-3 i tilfelle der slike undersøkingar er hensiktsmessige for å kartleggje læringsmiljøet, finne eigna tiltak for å forbetre relasjonar og sikre alle elevar eit trygt og godt skolemiljø.

Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i oppfølginga av ein konkret mistanke etter opplæringslova § 9A-4 og § 9A-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram.

Ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei i minst mogleg grad grip inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan bli namngitte. Skolane skal på eigna måte kontrollere om opplysningane er rette før desse blir lagt til grunn for val av tiltak.

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Departementet og Utdanningsdirektoratet kan i særskilde tilfelle dispensere frå reglane i kapitla 3, 4, 6 og 24.

Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna lærarstreiken våren 2008 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 4-31 andre ledd.

Tilføyd ved forskrift 17 juni 2008 nr. 591.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2010 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.

Tilføyd ved forskrift 16 juni 2010 nr. 839, endra ved forskrift 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.

Tilføyd ved forskrift 5 juni 2012 nr. 491, endra ved forskrift 14 nov 2022 nr. 1959.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

LK20/LK20S skal brukast for:

  1. 1.-9. årstrinn og vidaregåande trinn 1 frå og med 1. august 2020
  2. 10. årstrinn og vidaregåande trinn 2 frå og med 1. august 2021
  3. vidaregåande trinn 3 frå og med 1. august 2022.

I same takt som nytt læreplanverk blir tatt i bruk, vil heile eller delar av LK06/LK06S opphevast.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje unntak frå innføringstakta i fag og programområde. Om ikkje anna er fastsett, gjeld reglane også for opplæring spesielt organisert for vaksne.

Endra ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1495.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Første eksamen i fag etter LK20/LK20S er:

  1. våren 2021 for fag som skal bli avslutta på vidaregåande trinn 1
  2. våren 2022 for fag som skal bli avslutta i grunnskolen og på vidaregåande trinn 2
  3. våren 2023 for fag som skal bli avslutta på vidaregåande trinn 3.

Siste eksamen i fag etter LK06/LK06S skal haldast hausten etter første eksamen for LK20/LK20S. Siste eksamen etter LK06/LK06S for dei ulike trinna i vidaregåande skal haldast:

  1. hausten 2021 for vidaregåande trinn 1
  2. hausten 2022 for vidaregåande trinn 2
  3. hausten 2023 for vidaregåande trinn 3.

Om opplæringa er gjennomført, kan lokalt gitt eksamen haldast hausten same året som LK20/LK20S er tatt i bruk i faget.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje unntak frå når første eksamen etter LK20/LK20S skal vere, og når siste eksamen etter LK06/LK06S skal vere.

Endra ved forskrifter 2 juli 2020 nr. 1495, 16 sep 2020 nr. 1778.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Første fag- eller sveineprøve etter LK20/LK20S vil vere våren 2023. Fag- eller sveineprøve etter LK06/LK06S må vere gjennomført innan 31. desember 2025. Tilsvarande gjeld for kompetanseprøve og praksisbrevprøve.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje unntak frå første ledd.

Endra ved forskrifter 2 juli 2020 nr. 1495, 5 jan 2023 nr. 18.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Eit vitnemål eller kompetansebevis etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet kan innehalde fag både frå LK06/LK06S og LK20/LK20S. Utdanningsdirektoratet fastset kva for fag i LK20/LK20S som erstattar fag i LK06/LK06S, og korleis det skal førast på kompetansebevis eller vitnemål.

Endra ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1495.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet fastset nærmare reglar om overgangen frå tidlegare læreplanverk.

Endra ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1495.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Forskrifta tek til å gjelde 1. august 2006. Frå same dag blir forskrift 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova oppheva.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.