Opplæringsforskrifta
§ 6-18 Krav til samarbeidsorgan for lærebedrifter
For å inngå avtale om lærekontrakt eller tilskot etter opplæringslova § 7-2 og § 7-8, eller bistå lærebedrifter med opplæring, må eit samarbeidsorgan for lærebedrifter ha godkjenning av fylkeskommunen som må meine at samarbeidsorganet bidrar til å sikre kvaliteten i opplæringa.
For å få godkjenning må samarbeidsorganet ha vedtekter og vere registrert i einingsregisteret. Vedtektene skal som eit minimum ha definert eit relevant formål.
For å få godkjenning må samarbeidsorganet vere vurdert av yrkesopplæringsnemnda som skal ta stilling til om samarbeidsorganet bidrar til å sikre kvaliteten i opplæringa. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
Samarbeidsorganet skal ha eit styre med minst éin representant for arbeidsgivarane, minst éin representant for arbeidstakarane og minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar.
Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 7-12 andre ledd. Paragrafen er ny.