§ 3-29 Lokalt gitt eksamen i grunnskolen

Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Munnleg eksamen skal gjennomførast med førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal eleven få oppgitt eit tema eller ei problemstilling. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per elev.

Lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidatane høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan elevane prøvast i fleire relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal eleven presentere temaet eller problemstillinga som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}