Eksamen i norsk i vidaregåande Udir-9-2009

Eksamen i norsk, Vg3 studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse.

Dette skrivet erstattar Rundskriv Udir-2-2005 Eksamensforma i norsk skriftleg. Det gjeld for elevar og privatistar i Kunnskapsløftet og for privatistar som tek eksamen i Reform-94 i 2009–2010.

Eksamen for privatistar

Privatistar kan ta eksamen i norsk hovudmål, norsk sidemål og munnleg norsk uavhengig av kvarandre, også ved første gongs eksamen.

Privatistar som tek eksamen i Reform 94 i 2 09–2010 kan velje fagskriving som hovudmål og friskriving som sidemål eller omvendt, men må ha begge dei to eksamenane.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål 

I Kunnskapsløftet er skriftleg eksamen i norsk sidemål trekkfag for elevar. Elevar med fritak frå vurdering i skriftleg sidemål skal trekkast ut i andre fag. Dersom eleven har ein fagkombinasjon som ikkje gjer det muleg å ha skriftleg eksamen i tre ulike fag, kan skriftlege eksamenar erstattast med munnlege eller munnleg-praktiske eksamenar (jf rundskriv Udir-1-2009). Privatistar med fritak frå vurdering i skriftleg sidemål skal berre ta eksamen i NOR1211 norsk hovudmål.

For elevar som har fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål standpunkt stå «Delteke» på vitnemålet eller kompetansebeviset. For privatistar skal det stå «Friteken» for eksamen i skriftleg sidemål.

forskrift til opplæringslova § 3-22

Ny eksamen 

Ein elev som får karakteren 1 i ein av dei ordinære eksamenane i norskfaget, har rett til ny eksamen i den aktuelle fagkoden ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget. Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta den aktuelle delen av faget som privatist, og standpunktvurderinga fell bort. Ein beheld likevel standpunktvurderinga i dei andre delane av faget.

Om særskild eksamen i trekkfag, sjå forskrift til opplæringslova § 3-33.

forskrift til opplæringslova § 3-34

Utsett eksamen 

Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved ein eller fleire av eksamenane i norsk, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen i den fagkoden/dei fagkodane ein manglar. Dersom ein elev har dokumentert fråvær til trekkfageksamen i norsk sidemål, skal trekkinga gjerast på nytt. Eleven beheld standpunktvurderinga i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta eksamen i den aktuelle fagkoden som privatist, og standpunktvurderinga i denne delen av faget fell bort. Ein beheld likevel standpunktvurderinga i dei andre delane av faget.

forskrift til opplæringslova § 3-35

Ikkje vurdering i éin del av faget 

Ein elev som ikkje får standpunktkarakter i ein del av norskfaget, må ta denne delen av faget som privatist. Ein beheld likevel standpunktvurderinga i dei delane av faget som ein har karaktergrunnlag i.

forskrift til opplæringslova § 3-18 og 3-37

Forbetring av eksamenskarakter

Ein elev som har bestått eksamen i norsk, men ønskjer å forbetre karakterane i delar av eller heile faget, må ta dei aktuelle delane av faget som privatist. Tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i den delen/dei delane av faget som ein vil forbetre fell bort når privatisten vel å få den nye karakteren ført på vitnemålet. Det er mogleg å ta eksamen som privatist i ein del av faget og behalde standpunktvurderinga og dei eventuelle eksamenskarakterane i resten av faget.