Avgjerder i skolespørsmål for barn under barnevernet si omsorg Udir-2-2016

1. Som hovudregel er det barnevernstenesta som tek avgjerdene

Barnevernstenesta har rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når det er gjort vedtak om omsorgsovertaking, akuttvedtak eller vedtak om flytteforbod, og foreldra ikkje uttrykkjeleg har fått avgjerdsmyndigheit.

Dette står i opplæringslova § 15-6 og i friskolelova § 7-7. Reglane tok til å gjelde 1. august 2015.

2. Føreset plasseringar utanfor heimen utan samtykke frå foreldra

Regelen gjeld ikkje når foreldra har samtykt til plassering utanfor heimen, med mindre fylkesnemnda vedtek flytteforbod.

Ved frivillige plasseringar må barnevernstenesta og foreldra i samarbeid bli einige om kven som skal ha myndigheit til avgjere ulike spørsmål på vegner av barnet.

Skolen bør informerast om kven skolen skal rette seg etter.

3. Barnets sjølvråderett

Lovendringa rører ikkje ved barnets grunnleggjande rett til å bli høyrt og få si meining vektlagd etter alder og mognad, jf. barnekonvensjonen artikkel 12Grunnloven § 104 første ledd og barnelova § 31.

Barnets rett til sjølv å ta avgjerder, mellom anna etter etter barnelova § 32 og opplæringslova § 2-3a, blir det heller ikkje rørt ved.

4. Barnevernstenesta

4.1. Når har barnevernstenesta rett til å bestemme?

 

Når barnevernstenesta eller fylkesnemnda har gjort eit vedtak etter barnevernslova §§ 4-6 andre ledd, 4-8 eller 4-12.

4.2. Kva har barnevernstenesta rett til?

Barnevernstenesta har rett til å ta alle avgjerder som foreldra ikkje uttrykkjeleg har rett til å ta, og som barnet ikkje kan ta sjølv.

Dette gjeld mellom anna å 

  • samtykkje til sakkunnig vurdering, spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp (kapittel 5)
  • be om tiltak som gjeld det psykososiale og fysiske skolemiljøet (kapittel 9a)
  • søkje om ein annan offentleg skole enn nærskolen (§ 8-1)
  • krevje teiknspråkopplæring (§ 2-6)
  • krevje særskild språkopplæring, punktskrift og ASK (§§ 2-82-14 og 2-16)
  • velje skyss eller innlosjering (§ 7-1)
  • samtykkje til delvis fritak frå opplæringsplikta (§ 7-1)

Lista er ikkje uttømmande.

I tillegg omfattar dette det som blir rekna som vanleg oppfølging av skolegangen, som foreldresamarbeid, deltaking i utval m.m.

4.3. Barnvernstenesta har ansvar for å følgje opp foreldra og involvere dei

Foreldra bør òg høyrast i skolesaker, sjølv om barnevernstenesta har avgjerdsmyndigheita. Særleg veg dette tungt i saker der omsorga snart skal tilbakeførast.

Oppfølgingsansvaret til barnevernstenesta overfor foreldra er regulert i  barnevernslova § 4-16.

4.4. Barnevernsteneste, fosterforeldre eller institusjon?

Det mest føremålstenlege er at den kommunale barnevernstenesta delegerer avgjerdsmyndigheit til fosterheimen eller barnevernsinstitusjonen og informerer skolen om ansvarsfordelinga.

5. Foreldra

5.1. Når har foreldra rett til å bestemme?

Når foreldra beheld forelderansvaret, har dei òg avgjerdsmyndigheit i nokre saker.

Dette gjeld ikkje dersom fylkesnemnda har teke frå dei heile foreldreansvaret, slik nemnda kan etter barnevernslova § 4-20 første ledd.

5.2. Kva har foreldra rett til?

Foreldra si avgjerdsmyndigheit er avgrensa til saker som uttrykkjeleg er nemnde i § 15-6.

  • Å krevje fritak frå aktivitetar ut frå religion eller livssyn (§ 2-3a)

Skolen treng likevel berre å informere barnevernstenesta om reglane for fritak og innhaldet i opplæringa. Barnevernstenesta må informere foreldra slik at dei får ei reell valmoglegheit.

  • Å velje privat i staden for offentleg skole (§ 2-1)

Foreldra har ikkje rett til å velje ein konkret skole, berre typen skole ut frå godkjenningsgrunnlaget, til dømes livssyn eller ei anerkjend pedagogisk retning. Valet bør ikkje gi urimelege praktiske konsekvensar for barnet eller for han eller ho som utøver den daglege omsorga. Det vil til dømes seie at utgangspunktet er at skoletypen finst i nærområdet der barnet bur. Foreldra må betale eventuelle ekstrautgifter.

  • Å velje målform (§ 2-5)
  • Å krevje opplæring i finsk og på samisk (§§ 2-7 og 6-2)
  • Å samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta (§ 2-1)

 

 

6. Korleis oppfyller skolen si informasjons- og varslingsplikt?

Opplæringslova og friskolelova med forskrifter pålegg skolane uoppfordra å gi enkelte opplysningar til foreldra.

Skolen har oppfylt denne plikta når han informerer og/eller varslar barnevernstenesta.

Det er barnevernstenesta som deltek på foreldresamtalar og foreldremøte, og ho må informere foreldra om det som er relevant.

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}