Spørsmål om skulens ordensreglement kan gjelde for SFO

Utdanningsdirektoratet har svart Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om kommunen kan vedta at skulens ordensreglement også skal gjelde for skulefritidsordninga (SFO).

Gjelder

Vi viser til e-post datert 6. februar 2014, der de spør om kommunen kan vedta at skulens ordensreglement også skal gjelde for skulefritidsordninga (SFO).

Ordensreglementet inneheld reglar om rettane og pliktene til elevane for den enkelte grunnskulen, jf. opplæringslova § 2-9. Utgangspunktet er dermed at det berre er i skuletida ordensreglementet gjeld, og at berre elevar kan omfattast av dette reglementet. SFO vil som hovudregel heller ikkje omfattast av opplæringslova sitt verkeområde, jf. opplæringslova § 1-2.

Som de viser til, vil reglane om elevane sitt skulemiljø og reglane for elevane sin tryggleik, også gjelde for SFO. Dette følgjer direkte av opplæringslova § 9a-8 og forskrift til opplæringslova § 12-1.

De viser til NOU 1995:18 side 227 der det står at «Utgangspunktet må her være at skolen bare kan gi regler med virkning utenfor skolen så langt det kan begrunnes direkte i skolegangen.» De viser også til Udir-3-2009 der denne grunngjevinga vert nytta for å vise til at kommunen kan tryggje skuleskyssen ved å la ordensreglementet gjelde for skulevegen. Ut frå dette blir spørsmålet om også ordensreglar i SFO kan grunngjevast i skulegangen.

Utdanningsdirektoratet peikar på at det ikkje er nokon automatikk i at ordensreglementet omfattar skulevegen. Der skulevegen vert vurdert til å vere omfatta av ordensreglementet, er det gjort ei vurdering både av påverknaden på skulegangen, og faren for skade og ulykke, jf. opplæringsloven § 12-1 bokstav d. Dette heng mellom anna saman med at ulykkesforsikringa kommunen pliktar å ha, også omfattar skade på skulevegen, jf. forskrift til opplæringslova § 8-4.

Hendingar på SFO kan påverke skulegangen, men kan neppe grunngjevast direkte i skulegangen. Reglane i kap. 9a vil omfatte krenkjande åtferd også på SFO. SFO er eit frivillig tilbod. SFO er slik sett i ei anna stilling enn skulevegen, som har ein tettare samanheng med sjølve skulegangen. Vi viser også til at kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om SFO, t.d. private aktørar.

Av opplæringslova § 13-7 følgjer det at SFO skal ha eigne vedtekter som set rammer for verksemda. Utforminga av SFO-tilbodet er overlaten til det lokale sjølvstyret innafor relativt vide rammer. Kommunen kan i stor grad forme reglar tilpassa behov i verksemda, då dei utgjer eit tilbod og ikkje ein rett for elevane. Mange av reglane for SFO kan dermed vere tilsvarande ordensreglementet for skulen, men ein kan ikkje vedta at ordensreglementet gjeve med heimel i § 2-9 skal gjelde for SFO. Det vil heller ikkje vere grunnlag for å regulere sanksjonar som bortvising, jf. § 2-10, frå eit slikt tilbod.

Slik vi ser det bør kommunen opprette eigne ordensreglar for SFO. Vi viser i denne samanheng til opplæringslova § 13-7 andre ledd og § 9a-1. Slike reglar må ein informere foreldra om, t.d. i vedlegg til avtala med foreldra. Sjølv om skulen og SFO ofte har eit tett samarbeid, vil SFO-tilbodet i tillegg til eit enkeltvedtak om inntak byggje på ei privatrettsleg avtale.

Vår referanse: 2014/1172

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}