Økonomiforskrift til friskolelova

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Denne forskrifta gjeld skolar som søkjer om godkjenning etter friskolelova og skolar som driv verksemd etter friskolelova.

Forskrifta skal vere med på å sikre at grunnlaget for statstilskot til den einskilde skolen er korrekt, og at skolane brukar det offentlege tilskotet og skolepengane i samsvar med friskolelova og føresetnadene for godkjenninga.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I denne forskrifta tyder

  • a) fulltidselev: ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3
  • b) deltidselev: ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein søknad om ny skole eller driftsendring etter friskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett som speglar eit riktig bilete av forventa inntekts- og kostnadsnivå for den einskilde skole. Budsjettet skal berre innehalde transaksjonar som vedkjem skoledrifta. Budsjettet skal vise kostnader for det totale elevtalet skolen har søkt om, og korleis drifta skal finansierast. Budsjettet skal mellom anna vise kostnader til løn, under dette arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnader samt kostnader til materiell, inventar, husleige og finanskostnader.

I notar til budsjettet skal det gå fram korleis statstilskotet og storleiken på skolepengane er rekna ut. Budsjettet skal følgje gjeldande Norsk standard kontoplan.

Dersom skolen skal drive tilleggsverksemder, jf. § 7-1, skal søknaden innehalde eigne avdelingsbudsjett. Budsjetta skal vise at tilleggsverksemdene samla er sjølvfinansiert.

Dersom skolen og tilleggsverksemda har felleskostnader, skal desse fordelast i budsjettet på den einskilde avdeling.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet kan etter søknad godkjenne at ein skole driv anna tilleggsverksemd enn den som er nemnd i § 7-1 bokstav a til l. Verksemda må vere nært knytt til skoleverksemda og utgjere ein mindre del av den totale verksemda. Tilleggsverksemdene må samla sett være sjølvfinansierte. Søknaden må følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta, jf. § 2-1.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Før ein ny skole får utbetalt tilskot etter § 4-8 og kan starte skoledrifta, må Utdanningsdirektoratet godkjenne søknaden om driftsløyve. Utdanningsdirektoratet kan fastsetje vilkår for driftsløyve.

Dersom vilkåra for driftsløyve blir oppfylte mellom 15. juni og 1. juli, kan Utdanningsdirektoratet i særlege tilfelle godkjenne at tilskot skal reknast frå juli.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. friskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.

For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter friskolelova § 3-1.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. friskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.

For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter friskolelova § 3-1.

Elevar med fråvær utover 20 skoledagar per 1. oktober eller 1. april som ikkje kan dokumentere fråværet sitt etter § 4-4, skal ikkje reknast som å ha følgt opplæringa, og utløyser ikkje tilskot. Fråvær frå einskildtimar skal reknast om til heile dagar med utgangspunkt i timetalet i eleven sitt programområde. For deltidselevar skal talet på tillatne fråværsdagar reduserast prosentvis i samsvar med eleven sitt timetal.

Opplæring utover minstekrava i eleven sitt programområde er ikkje å rekne som tilskotsberettiga.

For vidaregåande skolar for funksjonshemma skal tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober leggjast til grunn når tilskotet skal fastsetjast, dersom elevtalet per 1. april er lågare enn det var 1. oktober.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolane får tilskot etter ein av følgjande satsar:

  • a) Sats for nokså ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med generelle eller samansette lærevanskar. Lærevanskane skal vere langvarige eller permanente.
  • b) Sats for særleg ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med omfattande generelle eller samansette lærevanskar. Lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som fell inn under denne satsen, har eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre ulike delar av opplæringssituasjonen.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Følgjande dokumentert fråvær skal ikkje reknast som fråvær ved berekning av statstilskot etter § 4-2:

  • a) fråvær som kjem av sjukdom der omfanget av fråværet er beskrive og attestert av lege
  • b) organisert eller sjølvstendig studiearbeid, mellom anna skoleadministrative gjeremål avtala på førehand med faglærar eller dagleg leiar. Sjølvstendig studiearbeid skal dekkje fag som det er gitt opplæring i under perioden og kan ikkje vere langvarig
  • c) arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, fråvær av helse- og velferdsgrunnar og fråvær ved religiøse høgtider for elevar som er medlemar av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, avgrensa til i alt 14 skoledagar
  • d) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå, avgrensa til i alt 10 skoledagar.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I særlege tilfelle kan Utdanningsdirektoratet gjere unntak frå § 4-2 tredje ledd.

I søknaden om unntak må skolen føre opp namnet til eleven, utdanningsprogram, prosentdel dersom eleven er deltidselev samt talet på dagar eleven ikkje har gyldig dokumentert fråvær. Skolen må òg beskrive årsaka til at fråværet ikkje er gyldig dokumentert, og kva som gjer at det ligg føre eit særleg tilfelle.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Grunnskolar skal rapportere tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober. Dersom skolen ikkje har undervisning denne dagen, skal skolen oppgi tilskotsberettiga elevtal siste skoledagen før 1. oktober. Rapportering av elevtalet skal gjerast elektronisk med underskrift frå dagleg leiar og stadfestast med særattestasjon frå revisor, jf. § 8-4.

Elevtalsprognosen for komande skoleår skal rapporterast i april.

Vesentleg avvik mellom innmeld elevtalsprognose og faktisk elevtal skal meldast til Utdanningsdirektoratets postmottak så tidleg som mogleg.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vidaregåande skolar skal rapportere tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober og 1. april. Dersom skolen ikkje har undervisning denne dagen, skal skolen oppgi tilskotsberettiga elevtal siste skoledagen før 1. oktober og 1. april.

Rapportering av elevtalet skal gjerast elektronisk med underskrift frå dagleg leiar og stadfestast med særattestasjon frå revisor, jf. § 8-4.

Det er berre vidaregåande skolar som kan ha deltidselevar. Deltidselevar må reknast om og skal rapporterast som fulltidselevar ved å setje timetalet til eleven opp mot årstimetalet på utdanningsprogrammet eller programområdet eleven er teken inn på. Omrekninga skal dokumenterast per elev og leggjast ved når skolen rapporterer det tilskotsberettiga elevtalet.

Dersom ein vidaregåande skole har programområde/kurs som ikkje blir tilbodne på nokre av teljetidspunkta, fastset Utdanningsdirektoratet i det einskilde tilfellet korleis skolen skal rapportere det dokumenterte elevtalet.

Elevar som har fråvær ut over § 4-2 tredje ledd, skal ikkje rapporterast som tilskotsberettiga. Dersom skulen etter teljedato kan dokumentere eleven sitt fråvær, jf. § 4-4, skal dagleg leiar melde frå til Utdanningsdirektoratet for etterbetaling av tilskot.

Elevtalsprognosen for komande skoleår skal rapporterast i april.

Vesentleg avvik mellom innmeld elevtalsprognose og faktisk elevtal skal meldast til Utdanningsdirektoratet så tidleg som mogleg.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Statstilskot blir utbetalt på grunnlag av innmeld prognose fram til rapportering av tilskotsberettiga elevtal ligg føre, jf. § 4-6 og § 4-7.

Statstilskotet etter friskolelova § 6-1 blir utbetalt månadleg. For haustsemesteret blir statstilskot utbetalt frå og med juli til og med desember. For vårsemesteret blir statstilskot utbetalt frå og med januar til og med juni.

For nye skolar blir tilskot utbetalt etter at kravet til driftsløyve i § 3-1 er oppfylt. Dersom dette kravet ikkje er oppfylt innan 15. juni det året skolen skal starte opp, vil tilskot bli utbetalt frå og med månaden etter kravet blir oppfylt.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det tilskotsberettiga elevtalet er lågare enn prognosen, skal for mykje utbetalt statstilskot betalast attende til Utdanningsdirektoratet.

Ved feil utbetaling kan ein avrekne når tilskotet blir utbetalt til skolen, eller tilskotet kan krevjast betalt attende.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Berekning av storleiken på skolepengane skal skje med utgangspunkt i gjeldande satsar for tilskot.

Skolepengane til grunnskolar kan utgjere inntil 15 % per elev av høgste satsen på barnetrinn og tilsvarande på ungdomstrinn.

Skolepengane til vidaregåande skolar kan utgjere inntil 15 % per elev av satsen på dei ulike utdanningsprogramma.

I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3 400 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4 500 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for å dekkje utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. friskolelova § 6-2 første ledd.

Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar kan ikkje ta skolepengar, med mindre skolen har søkt og fått innvilga unntak etter friskolelova § 6-2 andre ledd.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd skal nyttast til å gi opplæring i samsvar med godkjenninga etter friskolelova og skal kome elevane til gode. Inntekter frå tilleggverksemd kan òg nyttast til ei eller fleire tilleggsverksemder. Tilleggsverksemder må samla sett være sjølvfinansierte.

Statstilskott, skolepengar og inntekter frå skoleverksemda kan ikkje nyttast til å finansiere tilleggsverksemd.

Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd skal brukast det året dei blir mottekne. Dei kan likevel disponerast etter § 6-3.

Skolen kan ikkje gi utbyte eller på annan måte overføre overskot frå statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd til eigarane eller deira nærståande.

Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd kan ikkje lånast ut.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Styret skal sjå til at all handel med eigarane eller deira nærståande er gjord på marknadsmessige vilkår.

Styret skal gjere vedtak om at handelen kjem elevane til gode, deriblant at dette er ein rasjonell måte å skaffe vara eller tenesta på. Styrevedtaket skal så langt som mogleg dokumenterast med prisar og andre vilkår frå uavhengige tilbydarar.

Krava til styrevedtak og dokumentasjon gjeld ikkje for ubetydelege totalbeløp for ei vare eller teneste.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom rekneskapen eitt år viser overskot, kan styret vedta å disponere inntil 25 % av totalt inntektsgrunnlag til skolens eigenkapital.

Totalt inntektsgrunnlag er summen av alle skolen sine inntekter i rekneskapsåret. Gåver er ikkje ein del av det totale inntektsgrunnlaget og kan disponerast fritt.

Overskot utover 25 % av totalt inntektsgrunnlag er å rekne som statstilskot. Desse midla skal uoppfordra betalast attende til Utdanningsdirektoratet.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen kan, i tillegg til skoleverksemd, drive følgjande tilleggsverksemd:

  • a) skolefritidsordning for elevar ved skolen og for eit mindretal som ikkje er elevar ved skolen
  • b) internat for elevar ved skolen
  • c) utleige av tenestebustader ved internatet for tilsette i skolen og utleige til andre i skoleferien
  • d) tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar
  • e) kantineverksemd som elevane eller skolen driv, og som gjeld for elevar ved skolen, samt utleige av lokale til slik verksemd
  • f) utleige av spesialrom når romma ikkje er i bruk, og utleigeverksemda ikkje er til hinder for skoleverksemda
  • g) utleige av skolelokala utanfor skoletida
  • h) praksisopplæring i samband med lærarutdanninga
  • i) lærebedrift for lærlingar i fag som er knytte til skoledrifta når dette er godkjent av fylkeskommunen
  • j) deltaking i tiltak som er initierte av det offentlege samt statlege satsingar knytte til skoleverksemd
  • k) administrasjon av skoleskyss for elevar ved skolen
  • l) tilrettelegging for privatisteksamen i utlandet.

Skolen kan òg søke om å drive anna tilleggsverksemd etter § 2-2.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen sitt rekneskap skal følgje kalenderåret. Kontoplanen skal byggje på gjeldande Norsk standard kontoplan med eigne konti for skolepengar og statstilskot.

Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter friskolelova, skal førast i rekneskapen. Rekneskapen kan innehalde eigarskap, kostnader og inntekter knytte til tilleggsverksemd, jf. § 2-2 og § 7-1. Kvar tilleggsverksemd skal førast på eiga avdeling. Rekneskapen skal vise interne transaksjonar mellom avdelingane. Transaksjonane skal vere tilfredsstillande dokumenterte.

Årsrekneskap, årsberetning og revisjonsberetning skal sendast til Utdanningsdirektoratet innan 1. juni året etter rekneskapsåret. Årsberetninga må minst innehalde andre, femte, sjuande, åttande, niande og tiande ledd i regnskapslova § 3-3a. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 2-2 og § 7-1, skal skolen òg sende inn avdelingsrekneskap.

Utdanningsdirektoratet kan etter søknad utsetje tidsfristen i tredje ledd.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I tillegg til dei krava rekneskapslova stiller til rekneskapsføringa, skal skolen i notar til årsrekneskapen gi særskilde opplysningar om:

  • a) offentlege finansieringskjelder. Spesifiseringa skal vise kven som har ytt midlane og formålet med ytinga.
  • b) skolepengesatsane. Skolar som ikkje tar skolepengar, skal spesifisere dette.
  • c) disponering av overskot. Utrekninga skal vise kor mykje skolen har disponert i forhold til totalt inntektsgrunnlag, både i kronebeløp og i prosent av inntektsgrunnlaget.
  • d) handel med eigarane til skolen eller deira nærståande. Spesifiseringa skal vise kven skolen handlar med, kva slags vare eller teneste som er kjøpt og totalbeløpa for dei ulike varene og tenestene. Skolar som ikkje har hatt handel med eigarar eller nærståande, skal spesifisere dette.
  • e) tilleggsverksemd. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 2-2 og § 7-1, skal skolen vise korleis felleskostnadene er fordelte på avdelingane.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Revisjonen skal utførast av ein statsautorisert eller registrert revisor i samsvar med revisorlova.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Revisor skal stadfeste elevtalet på skolen og samstundes kontrollere om elevtalet er gitt i samsvar med den dokumentasjonen som blir kravd etter § 4-1, § 4-2, § 4-7 og § 8-6. Stadfestinga av elevtalet skal gjerast ved særattestasjon og etter rutinar utarbeidde av Utdanningsdirektoratet.

Revisor skal sende revisor sitt brev med påpeikingar frå rekneskapsrevisjonen til Utdanningsdirektoratet samstundes med at brevet blir sendt til skolen.

Dersom revisor seier frå seg revisjonsoppdraget for ein friskole som følgje av at revisoren har avdekt vesentlege brot på lov og forskrifter, jf. revisorloven § 7-1, skal revisor utan ugrunna opphald varsle Utdanningsdirektoratet. Det skal grunngjevast kvifor revisor seier frå seg oppdraget.

Utdanningsdirektoratet kan også krevje andre stadfestingar eller opplysningar frå revisor enn dei som er nemnde i denne paragrafen.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Styret pliktar å gjere revisor kjend med friskolelova, forskrifter gitte med heimel i lova, føresetnadene for godkjenninga og det årlege tilskotsbrevet frå Utdanningsdirektoratet.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Styret er ansvarleg for at skolen har tilstrekkeleg dokumentasjon for at friskolelova, forskrifter heimla i lova og føresetnadene for godkjenninga er følgde.

Dokumentasjon for fråvær skal registrerast i dagar og einskildtimar. For deltidselevar skal fråvær registrerast berre i timar. Frammøte og fråvær skal attesterast av faglærar eller anna ansvarleg undervisningspersonale.

Dokumentasjon som blir kravd etter denne paragrafen, skal skolen ta vare på i minst ti år etter utgangen av det skoleåret det gjeld.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det blir vedteke å leggje ned skoledrifta, skal skolen omgåande og utan oppmoding gi melding til Utdanningsdirektoratet. Melding om nedlegging av skoledrifta skal innehalde kontaktinformasjon til styreleiar og styremedlemar ved skolen samt medlemar i avviklingsstyret.

Skolen må sende ei oversikt over alle eigedelar og midlar som er att ved skolen samt ei utgreiing for korleis eigedelane og midlane er finansiert.

Skolen må sende avviklingsrekneskap bekrefta av revisor.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Når skoledrifta blir lagd ned, står skolen fritt til å disponere eigedelar og midlar som stammar frå gåver, tilleggsverksemd og innskotskapital som ikkje er brukt på oppstartskostnader. Resterande eigedelar og midlar, etter at gjeld er trekt frå, er å rekne som statstilskot og skal utan oppmoding betalast attende til Utdanningsdirektoratet. Eigedelar skal seljast til marknadspris.

Når skoledrifta blir lagd ned, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad godkjenne at eigedelar og midlar blir overførte til ei anna skoleverksemd etter friskolelova.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.

Forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova blir oppheva når denne forskrifta tek til å gjelde.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}