Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast og drivast frittståande skolar, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2.

Opplæringa ved skolar som blir godkjende etter lova her, skal ta sikte på:

  • a) å utvikle personlegdommen, talentet og dei mentale og fysiske evnene til elevane,
  • b) å utvikle respekt for menneskerettane, grunnleggjande fridommar og for dei prinsippa som pakta til Dei sameinte nasjonane vernar om,
  • c) å utvikle respekt for foreldra og den kulturelle identiteten, språket og verdiane til eleven, for dei nasjonale verdiane i det landet der eleven bur, og respekt for kulturar som er ulike hans eller hennar eigen,
  • d) å førebu eleven til eit ansvarleg liv i eit fritt samfunn i ei ånd av forståing, fred, toleranse, likestilling mellom kjønna og venskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personar som høyrer til urfolk,
  • e) å fremje respekten for naturmiljøet.

Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim. Alle som er knytte til skolen, skal arbeide for å hindre at elevane kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.

0 Endra med lover 9 juni 2006 nr. 17, 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskot for frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar, og vilkår for å få slikt tilskot.

Lova gjeld ikkje skolar som er omfatta av folkehøyskoleloven, fagskoleloven, voksenopplæringsloven eller skolar som driv verksemda si etter opplæringslova § 2-12. Lova gjeld heller ikkje skolar som blir drivne av politiske grupper eller parti på partipolitisk grunnlag.

Lova gjeld ikkje fjernundervisning og kjøp av opplæringstenester.

0 Endra med lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2009 nr. 95 (ikr. 1 jan 2010), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Med heimkommune og heimfylke i denne lova er meint den kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret etter opplæringslova §§ 13-1, 13-2 og 13-3.

0 Endra med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Oppheva med lov 29 juni 2007 nr. 92.)

0 Føyd til med lov 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), endra med lov 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), oppheva med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Oppheva med lov 29 juni 2007 nr. 92.)

0 Føyd til med lov 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), endra med lov 9 juni 2006 nr. 17, oppheva med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).)

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Departementet kan godkjenne frittståande skolar og driftsendringar ved godkjende frittståande skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Ein skole skal ikkje få godkjenning dersom etableringa vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skoletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skolen ikkje bør godkjennast. Vertskommunen eller vertsfylket skal få høve til å gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og dei kan klage på departementet sitt vedtak. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.

Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:

  • a) livssyn
  • b) anerkjend pedagogisk retning
  • c) internasjonalt
  • d) særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett
  • e) norsk grunnskoleopplæring i utlandet
  • f) særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
  • g) vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag
  • h) vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram
  • i) særskilt profil

Med særskild tilrettelagt vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett etter andre ledd bokstav d, er det i denne samanhengen meint årstimetalet for utdanningsprogram idrettsfag eller årstimetalet for utdanningsprogram studiespesialisering med tillegg av 140 årstimar toppidrett på vidaregåande trinn 1. Toppidrett på første årstrinn i vidaregåande opplæring kan vere programfaget toppidrett eller toppidrett etter eigen læreplan som er godkjend av departementet. Skolane må tilby toppidrett som eit programfag på vidaregåande trinn 2 og 3.

Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk.

Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.

Krava i andre ledd om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skolar som var i drift innan utgangen av 2007. Departementet kan berre godkjenne nødvendige driftsendringar ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd.

Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknader om godkjenning av frittståande skolar.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 9 juni 2006 nr. 17, 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 juli 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 20 juni 2014 nr. 53, 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Skolen kan ikkje drive eller eige anna verksemd enn skole i samsvar med denne lova. Departementet kan gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak som tillet at skolane kan drive eller eige tilleggsverksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Departementet kan gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak om bruk av inntekter frå skoleverksemd og tillate tilleggsverksemd.

Skolen må vere registrert i Einingsregisteret, jf. enhetsregisterloven, eller i tilsvarande register, før det blir søkt om godkjenning. Skolen må seinast til same tid dokumentere at han har ein innskotskapital på minimum kroner 100 000.

Dersom ein skole har færre enn 15 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort. For norske skolar i utlandet gjeld ei tilsvarande minimumsgrense på 10 elevar. Departementet kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå minimumskrava til elevtal. Skolar som berre driv verksemd etter § 2-1 bokstav g, er ikkje omfatta av minimumskrava til elevtal.

Skolen skal ha vedtekter. Vedtektene skal angje at alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode, jf. § 6-3.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 9 juni 2006 nr. 17, 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 juli 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 for annet ledd iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2016 for første ledd iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 16 juni 2017 nr. 70 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 754).

Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolane skal anten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamgod opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 første ledd og § 3-4 første ledd. Elles har skolen sin undervisningsfridom. I samband med godkjenninga fastset departementet kva for tilbod skolen kan gi, og maksimalt elevtal på det enkelte tilbodet.

Departementet kan gi forskrift om krav til læreplanen, vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon. Departementet gir forskrift om aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag. Departementet kan også gi forskrift om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring, om godskriving av tidlegare gjennomgått vidaregåande opplæring eller praksis, og om fritak for den praktiske delen av kompetansemåla i faget kroppsøving i den vidaregåande skolen.

0 Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 8 juni 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skoleanlegga må vere godkjende av departementet. Anlegga må liggje samla.

Opplæringslova kapittel 9 A om elevane sitt skolemiljø gjeld også for skolar godkjende etter lova her, med unntak av §§ 9 A-10 og 9 A-11. Departementet er klageinstans for vedtak etter § 9 A-7 om det fysiske skolemiljøet.

0 Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711). Vert endra med lov 21 juni 2019 nr. 60 (ikr. 1 aug 2019 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 778).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I samband med tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk kan departementet gjere unntak frå lova og forskriftene etter lova.

0 Føyd til med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova §§ 2-1 tredje ledd og 3-1 første ledd. Dette gjeld òg skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg. Skolane kan reservere eit avgrensa tal på elevplassar til søkjarar som kjem etter hovudinntaket.

Ved inntak til vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Skolar for funksjonshemma kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Heimfylket skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev ved ein vidaregåande skole. Norske vidaregåande skolar i utlandet kan ikkje ta inn vaksne.

Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.

Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.

Departementet kan gi forskrift om inntak av ungdom og vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring, inntak av vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring og om inntak av utanlandske søkjarar.

Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.

Når det gjeld særskilde skolar for funksjonshemma, kan departementet gjere unntak frå reglane i andre ledd.

0 Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova, oppfyller si plikt til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.

Elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova, nyttar retten sin til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 og § 4A-3.

0 Endra med lov 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend. Ein grunnskoleelev kan i særlege tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort enkeltvedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.

Opplæringslova § 2-1 tredje ledd om utsett skolestart og tidlegare skolestart og § 2-1 fjerde ledd om heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.

Ein elev som har fått plass ved ein vidaregåande skole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre trinnet med mindre eleven kan visast bort, jf. § 3-10.

Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval og § 3-1 femte ledd om opplæring i inntil to år ekstra gjeld tilsvarande så langt dei passar for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Heimfylket gjer vedtak.

0 Endra med lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 639), 24 apr 2015 nr. 23. Vert endra med lov 21 juni 2019 nr. 60 (ikr. 1 aug 2019 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 778).

I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg.

Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen.

0 Endra med lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven.

0 Føyd til med lov 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 25 juni 2010 iflg. res. 25 juni 2010 nr. 982 for første ledd, ikr. 1 aug 2011 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675 for andre ledd), endra med lov 8 juni 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

På 1. til 4. årstrinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt beste talar for det, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.

0 Føyd til med lov 8 mai 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til slik opplæring. Departementet er klageinstans.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går ved.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen eller fylkeskommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

Heimkommunen eller heimfylket til eleven skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Frittståande skolar kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper eller klassar når det ligg føre vedtak frå kommunen eller fylkeskommunen om slik organisering, og om at den private skolen kan gi slikt opplæringstilbod. Frittståande skolar som vil gi enkeltelevar slikt opplæringstilbod, må gi kommunen eller fylkeskommunen den informasjon som er nødvendig for å opplyse saka før denne gjer vedtak etter opplæringslova §§ 2-8 femte ledd eller 3-12 femte ledd.

Føresegna gjeld ikkje for elevar ved norske skolar i utlandet.

0 Endra med lover 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1064), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 621), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning, § 5-3 om sakkunnig vurdering, § 5-4 om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning og § 5-5 om unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa og om kompetansekrav gjeld tilsvarande.

Heimkommunen eller heimfylket til eleven sørgjer for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering og gjer vedtak om spesialundervisning. Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje utgiftene til spesialundervisning i frittståande skolar på lik linje med offentlege skolar. Berekninga av midlar til spesialundervisning skal vere relatert til talet elevar med spesialundervisning. I tvilstilfelle avgjer departementet kva kommune eller fylkeskommune som er ansvarleg for kostnadene. Departementet har tilsvarande ansvar for elevar ved norske skolar i utlandet.

Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om spesialundervisning.

Departementet er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning.

Føresegna gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta i vertskommunen skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje betre til rette for elevar med særlege behov.

0 Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 16 juni 2017 nr. 70 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 754).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal, når det er nødvendig for å ivareta elevanes behov for eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan heimla etter anna lov og forskrift.

0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 685).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar.

Når det er nødvendig og forholdsmessig for å vareta ansvaret etter første ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert særlege kategoriar av personopplysningar og opplysningar om straffbare forhold.

0 Føyd til med lov 8 mai 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevane har rett til skyss etter reglane i opplæringslova § 7-1 første og andre ledd om skyss i grunnskolen, § 7-2 første ledd om skyss i den vidaregåande skolen, § 7-3 om skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke og § 7-4 om reisefølgje og tilsyn. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. For elevar i vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.

Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 13-4. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss i grunnskolen. Heimfylket er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar.

Departementet kan gi forskrift om skoleskyss og skyssgodtgjersle, og om at skyssbehovet til elevane i vidaregåande skolar i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.

Føresegna gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne, og for elevar ved norske skolar i utlandet.

0 Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Forskrift gitt i medhald av helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 andre ledd gjeld for elevar ved skolar i Noreg godkjende etter denne lova. Kommunen der skolen ligg, har ansvaret for å gjennomføre helsetenesta i samsvar med forskrifta og å dekkje utgifter for helsetenesta ved skolane etter same reglar som for offentlege skolar.

0 Endra med lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 24 juni 2011 nr. 30 (ikr. 1 jan 2012 iflg. res. 16 des 2011 nr. 1252).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kvar skole skal ha eit reglement med rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om orden og oppførsel, om kva tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet, og om korleis slike saker skal behandlast.

Skolen kan berre nytte tiltak som er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra.

0 Endra med lov 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Styret kan fastsetje i ordensreglementet at grunnskoleelevar kan visast bort frå undervisninga dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Elevar på 1. til 7. årstrinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på 8. til 10. årstrinn kan visast bort for opp til tre dagar.

Styret kan fastsetje i ordensreglementet at elevar i vidaregåande skole kan visast bort frå undervisninga i opp til fem dagar dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Det kan like eins fastsetjast at elevar kan visast bort for resten av skoleåret dersom brota er særleg alvorlege.

Den daglege leiaren kan vedta bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Heimfylket kan vedta at ein elev i vidaregåande skole skal visast bort for resten av skoleåret. Heimfylket kan ikkje overlate til skolen å gjere slikt vedtak. Norske vidaregåande skolar i utlandet gjer sjølv vedtak om bortvising. Om ikkje styret fastset noko anna, kan den daglege leiaren gi lærarar høve til å vise bort elevar frå si eiga undervisning for ei opplæringsøkt, men ikkje meir enn to klokketimar.

Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal ein ha vurdert andre tiltak. Foreldra skal varslast før ein elev på 1. til 7. årstrinn blir bortvist for resten av dagen.

Avgjerd om bortvising er enkeltvedtak, og reglane i forvaltningsloven gjeld. Departementet er klageinstans.

0 Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010 iflg. res. 25 juni 2010 nr. 982), 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevane har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Departementet kan gi nærare forskrift.

0 Endra med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Opplæringslova § 2-3a gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar godkjende etter lova her. Retten til fritak frå aktivitetar m.m. gjeld likevel ikkje for elevar i grunnskolar som er oppretta av religiøse grunnar. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter føresegna.

0 Endra med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Når det er forsvarleg, kan skolen gi den enkelte eleven i grunnskolen permisjon i inntil to veker. Ved avgjerd etter føresegna gjeld forvaltningsloven. Avgjerd om permisjon er enkeltvedtak, jf. forvaltningsloven § 2. Departementet er klageinstans.

0 Endra med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i § 3-6. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon.

0 Føyd til med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

  • a) i undervisninga og vurderingssituasjonar
  • b) på turar og arrangement i regi av skolen
  • c) når skoleeigaren tilbyr leksehjelp
  • d) i skolefritidsordninga

Forbodet i første ledd gjeld ikkje dersom bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.

Ved brot på forbodet i første ledd kan det nyttast reaksjonar som følgjer av ordensreglementet til skolen.

Dei som underviser på skolen, skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei underviser elevane, med mindre bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Dersom nokon bruker klesplagg i strid med forbodet, skal styret gi personen pålegg om å ta bort plagget. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for oppseiing.

0 Føyd til med lov 22 juni 2018 nr. 85 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 22 juni 2018 nr. 946).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing.

Skolen skal ha ein dagleg leiar.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende etter lova her, gjeld dei kompetansekrava som følgjer av §§ 10-1 og 10-2 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift.

Opplæringslova § 10-6 om mellombels tilsetjing og § 10-6a om tilsetjing på vilkår gjeld tilsvarande.

For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende med alternative læreplanar, kan departementet også godkjenne alternative kompetansekrav til dei krava som følgjer av opplæringslova §§ 10-1 og 10-2 med tilhøyrande forskrift.

Departementet kan gi forskrift om krav til kompetanse i tillegg til krava i første og andre ledd.

Departementet kan gi forskrift om at det ikkje skal stillast krav om relevant kompetanse i enkelte fag.

0 Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 17 juni 2005 nr. 62 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 609), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen eller i vidaregåande skole eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e, må leggje fram politiattest med tilsvarande innhald som er nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd. Kravet gjeld også for personar som skal tilsetjast fast eller mellombels i skoleliknande aktivitetstilbod. Skoleliknande aktivitetstilbod vil seie aktivitetstilbod i regi av skoleeigaren med tilknyting til skolen, og som har karakter av opplæring.

Skolen kan også krevje politiattest som nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd av andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen, i vidaregåande skole eller i tilbod etter første ledd.

Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e. I andre tilfelle må konsekvensane av merknader på politiattesten vurderast konkret.

Departementet gir nærmare forskrifter.

0 Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 639). Vert endra med lov 21 juni 2019 nr. 60 (ikr. 1 aug 2019 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 778).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Undervisningspersonalet har rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar.

0 Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling etter § 4-2 kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ei slik måte og i eit slikt omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Personale som ikkje er tilsett i undervisningstilling skal ikkje ha ansvaret for opplæringa.

0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 685).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.

Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:

  • a) ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,
  • b) ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,
  • c) ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,
  • d) ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
  • e) ein representant for andre tilsette ved skolen,
  • f) dagleg leiar av skolen.

Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.

Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate møtet.

0 Endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Styret har den øvste leiinga av skolen og skal sjå til at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Styret skal:

  • a) sjå til at elevar i opplæringspliktig alder som blir tekne inn ved skolen, får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og melde frå til foreldra og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter fram til undervisninga utan lovleg grunn,
  • b) fastsetje storleiken på skolepengane,
  • c) vedta budsjett og rekneskap for skolen,
  • d) fastsetje inntaks- og ordensreglement for skolen,
  • e) fremje saker om flytting etter § 3-3 første ledd og bortvising etter § 3-10 andre ledd,
  • f) ha ansvar for at skolen har ei forsvarleg økonomi- og rekneskapsforvaltning,
  • g) sjå til at offentlege tilskot og skolepengar kjem elevane til gode,
  • h) sjå til at offentlege krav og føresetnader for verksemda blir oppfylte.
  • i) sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver ved skolen høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.
  • j) tilsetje dagleg leiar.
  • k) drøfte den årlege rapporten om tilstanden i skolen som er utarbeidd etter tredje ledd.

Styret skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i gjeldande lover og forskrifter, og føresetnadene for godkjenninga blir oppfylte. Styret skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 7-2 tredje ledd. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i skolen knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø.

I andre saker enn dei som følgjer av andre og tredje ledd, kan styret med 2/3 fleirtal delegere avgjerdsretten.

0 Endra med lover 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1064), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675).

Ved grunnskolar skal det vere elevråd for årstrinna 5-10 med representantar for elevane. Skolen fastset talet på elevrepresentantar. Vidaregåande skolar skal ha eit elevråd på minst 5 medlemmer med varamedlemmer.

Elevrådet blir valt av elevane ved skriftleg røysting. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

Elevrådet skal blant anna fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape eit godt lærings- og skolemiljø.

0 Endra med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved kvar grunnskole skal det vere foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet kan velje eit arbeidsutval.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal samarbeide med barnehagen om barna sin overgang frå barnehage til skole. Samarbeidet skal bidra til at barna får ein trygg og god overgang.

Skoleeigaren har hovudansvaret for samarbeidet og skal utarbeide ein plan for overgangen frå barnehage til skole.

0 Føyd til med lov 8 juni 2018 nr. 29 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 827).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Godkjende skolar får statstilskot til godkjend opplæring med 85 prosent av eit tilskotsgrunnlag per elev. Til grunn for tilskotsgrunnlaget ligg gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skolen. Tilskotsgrunnlaget blir korrigert for utgifter som den offentlege skolen har, men som ikkje skal inngå i tilskotsgrunnlaget. Tilskotsgrunnlaget blir rekna ut særskilt for barnesteget, ungdomssteget og dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring.

Grunnskolar får innarbeidd 100 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar i tilskotsgrunnlaget. Vidaregåande skolar får innarbeidd 85 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar i tilskotsgrunnlaget.

For grunnskolar skal det takast omsyn til skilnaden i utgifter mellom små, mellomstore og store skolar. Departementet kan gi forskrift om at det for grunnskolar i Noreg skal takast omsyn til skilnaden i utgiftene i den kommunen skolen ligg, og til utgiftene på landsbasis.

Dei særskilde skolane for funksjonshemma får likevel alle driftsutgifter dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår. Departementet kan gi forskrift om tilskotsordninga for dei særskilde skolane for funksjonshemma.

Departementet kan gi forskrift om dokumentasjon for elevtal og om rapportering av elevtal.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 19 juni 2009 nr. 95 (ikr. 1 jan 2010).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolar som får statstilskot etter § 6-1 første ledd, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil 15 prosent av tilskotsgrunnlaget, med eit beløp fastsett av departementet i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader. Departementet kan i særskilde tilfelle gjere tidsavgrensa unntak frå kravet.

Skolar som får statstilskot etter § 6-1 fjerde ledd, kan i særskilde tilfelle få dispensasjon til å krevje inn skolepengar.

Grunnskolar kan ikkje krevje noka form for betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna.

Vidaregåande skolar kan ikkje krevje noka form for betaling for opplæringa frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna. Skolen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Skolen kan påleggje elevane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan

  • a) gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd
  • b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande eller på anna måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode.

Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd.

Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at første ledd er oppfylt og skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av vilkåra i marknaden.

0 Føyd til med lov 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Til statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved grunnskole i utlandet, og som ikkje er elevar ved skole som er godkjend etter lova her, kan det givast tilskot til kompletterande undervisning. Departementet kan gi nærare forskrift.

0 Føyd til med lov 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), endra med lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolane skal følgje rekneskapsloven og bokføringsloven og ha revisjon i samsvar med revisorloven. Skolane må leggje fram budsjett og revidert rekneskap etter forskrift fastsett av departementet.

Departementet kan gi forskrift om krav til rapportering av informasjon om ressursbruk og tenesteproduksjon til bruk i nasjonale informasjonssystem.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker eller andre læremiddel som blir nytta i opplæringa. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

0 Føyd til med lov 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758).

Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Departementet kan gi nærmare forskrift om ulykkesforsikring.

0 Føyd til med lov 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 juli 2008 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758).

(Oppheva med lov 20 juni 2014 nr. 54.)

0 Føyd til med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 621), oppheva med lov 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014 iflg. res. 20 juni 2014 nr. 842).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal sørgje for samarbeid med foreldra. Plikta gjeld grunnskolen og vidaregåande opplæring. Organiseringa av foreldresamarbeidet skal ta omsyn til lokale tilhøve. Departementet gir nærmare forskrifter.

0 Føyd til med lov 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010 iflg. res. 25 juni 2010 nr. 982).

Skolen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskolen.

Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.

For krav om politiattest gjeld reglane i § 4-3.

Departementet gir nærmare forskrifter om leksehjelptilbodet.

0 Føyd til med lov 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010 iflg. res. 25 juni 2010 nr. 982), endra med lover 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 639), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014 iflg. res. 20 juni 2014 nr. 842).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Departementet fører tilsyn med skolar godkjende etter denne lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon. Dersom departementet i samband med gjennomføring av tilsyn har behov for dokumentasjon frå eigaren av skolen eller nærståande av eigaren, skal departementet også ha tilgjenge til slik dokumentasjon. Departementet sin rett til dokumentasjon gjeld utan hinder av teieplikt.

Ved opphør av skoledrifta kan departementet i alle tilfelle krevje tilbakeført gjenståande midlar som skriv seg frå det offentlege tilskotet.

Departementet kan gi forskrift som pålegg dei ansvarlege for opplæringsverksemda og dei som mottar opplæring, å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportere om forhold som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda.

Departementet kan gi forskrift om meldeplikt ved sal, fusjon, fisjon og nedlegging av friskolar.

Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller dei pliktene dei er pålagde i eller i medhold av §§ 3-3, 3-5, 3-6, 3-7, 3-8 og 3-10. Reglane i kommuneloven kapittel 10 A gjeld for denne tilsynsverksemda.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 16 juni 2017 nr. 70 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 754). Vert endra med lov 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det blir oppdaga forhold i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova eller i strid med føresetnadene for godkjenninga, kan departementet gi pålegg om å rette på forholda.

Departementet kan halde attende tilskotet eller dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova, vilkår i forskrifter gitt med heimel i lova eller føresetnadene for godkjenninga ikkje blir fylte. Departementet kan òg krevje attende for mykje utbetalt tilskot, og tilskotsmidlar som er brukte i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova eller i strid med føresetnadene for godkjenninga.

Første og andre ledd gjeld også dersom det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, og forholdet svekker tilliten til skolen.

Ved bruken av reglane i første og andre ledd skal det leggjast vekt på dei verdiane som følgjer av § 1-1 andre ledd.

0 Føyd til med lov 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), endra med lov 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det ved ein skole blir oppdaga særleg alvorlege forhold i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova, eller i strid med føresetnadene for godkjenninga, og brota klart svekker tilliten til at skolen eller den ansvarlege personen er eigna til å drive skole i samsvar med regelverket, kan departementet påleggje karantene retta mot skolen eller personen.

Karantene kan berre påleggjast personar som har opptredd forsettleg eller aktlaust. Karantene kan berre påleggjast personar i sentrale stillingar ved skolen. Med sentrale stillingar er meint medlem og varamedlem i styret, eigar, rektor, skoleleiar, dagleg leiar og andre leiande posisjonar ved skolen.

At ein skole er pålagt karantene inneber at den juridiske eininga som skolen er registrert som, ikkje kan søkje ny godkjenning eller driftsendringar i karanteneperioden. Personar som er pålagt karantene, kan i karanteneperioden ikkje tiltre sentrale stillingar ved godkjende skolar eller skolar som søker godkjenning.

Karantene gjeld som hovudregel i to år frå vedtaket blir treft. Dersom det ligg føre særlege forhold, kan det bli pålagt karantene for kortare eller lengre tidsrom, men ikkje lengre enn fire år.

0 Føyd til med lov 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeld ved behandling av saker etter denne lova.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Tilsette i skolen skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

Tilsette i skolen skal utan hinder av teieplikta melde frå til barneverntenesta utan ugrunna opphald

  • a) når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt,
  • b) når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring,
  • c) når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for utprega normlaus åtferd,
  • d) når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel.

Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, pliktar også å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernloven § 6-4.

0 Endra med lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 20 apr 2018 nr. 5 (ikr. 1 juli 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 839).

Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom ein elev i grunnskolen utan å ha rett til det har fråvær frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom barnevernstenesta har overteke omsorga etter barnevernlova §§ 4-8 eller 4-12, har barnevernstenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak om flytteforbod etter barnevernlova § 4-8 og vedtak om plassering etter barnevernlova § 4-6 andre ledd.

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 3-12, og til å velje privat skole, jf. opplæringslova § 2-1.

0 Føyd til med lov 19 juni 2015 nr. 76 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 699).

Offentlege myndigheiter kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet gir forskrift om kva for opplysningar som kan innhentast.

0 Føyd til med lov 22 juni 2018 nr. 60 (ikr. 1 okt 2018).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Departementet kan ikkje godkjenne nye skolar etter § 2-1 andre ledd bokstav f før 1. juli 2009.

Departementet fastset nærare overgangsreglar i forskrift.

For skolar som tilbyr særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, jf. § 2-1 andre ledd bokstav d, og som var godkjende og i drift då lova tok til å gjelde, gjeld § 2-1 tredje ledd frå 1. august 2020.

For skolar som var godkjende før endringa i § 2-2 fjerde ledd tok til å gjelde, gjeld § 2-2 fjerde ledd andre punktum frå 1. august 2018.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), endra paragrafnummer frå § 7-7, 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 16 juni 2017 nr. 70 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 754).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kapittel 6A sluttar å gjelde 1. juli 2010. Det same gjeld § 6-1 siste ledd siste punktum.1

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), endra paragrafnummer frå § 7-8, 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757).

1 § 6-1 siste leden siste punktum er også oppheva av lov 19 juni 2009 nr. 95 (ikr. 1 jan 2010).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Lova tek til å gjelde frå 1. oktober 2003.

Samstundes blir lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) oppheva.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.