Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Denne forskrifta gjeld skolar som driv verksemd etter friskolelova.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Skolen sitt styre har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 sep 2010 nr. 1269 (i kraft 1 okt 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen sitt styre skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen sitt styre skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, elevmedverknad, elevdemokrati og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skolen sitt styre skal sørgje for at dette blir gjennomført.

For elevar som får spesialundervisning, jf. friskolelova § 3-6, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, og elevar ved internasjonale skolar som mottar opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene. Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Elevar skal delta i ferdigheitsprøva i symjing slik denne er fastsett av departementet. Skolen sitt styre skal sørgje for at dette blir gjennomført. Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev frå å delta i heile eller delar av prøva dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Slik tilrettelegging kan ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla som ligg til grunn for ferdigheitsprøva.

Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.

Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.

Departementet fastsett nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 okt 2013 nr. 1270 (i kraft 1 nov 2013), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016), 1 juli 2017 nr. 1127 (i kraft 1 aug 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Forskrift til opplæringslova § 24-1 om innføringstakt for LK20/LK20S gjeld òg for friskolar.

0 Tilføyd ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1493.

Alle læreplanar som godkjennast etter friskolelova § 2-3 første ledd må oppfylle krava i denne føresegna. Læreplanen må vere jamgod med Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk (LK20/LK20S) og omfatte

  • a) overordna del i LK20/LK20S eller annan tilsvarande plan.
  • b) læreplanar for fag. Læreplanane for det einskilde faget må innehalde ei omtale av desse delane:
  • c) fag- og timefordeling.
  • d) ei omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal nytte.

Grunnskolar kan omdisponere inntil 5 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget for heile klassar/grupper eller årstrinn. Styret fastset fag- og timefordeling for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timer mellom fag kjem fram.

Læreplanen for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlege vidaregåande skolen.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 29 juli 2013 nr. 934 (i kraft 1 aug 2013), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 20 juni 2017 nr. 848, 2 juli 2020 nr. 1493.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolar som er godkjend på grunnlag av livssyn, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a), må synleggjere verdigrunnlaget sitt i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag. I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i forhold til grunnlaget til skolen.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 2 juli 2020 nr. 1493.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolar som er godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav b), må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen.

I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i høve til grunnlaget til skolen. I høve til kompetansemåla i LK20/LK20S kan det godkjennast å flytte kompetansemål frå eit trinn til eit anna dersom dette er vesentleg for at skolen skal kunne ivareta sin pedagogiske egenart.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 2 juli 2020 nr. 1493.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved internasjonale skolar, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav c), skal opplæringa vere i samsvar med ein relevant internasjonal læreplan.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 2 juli 2020 nr. 1493.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med spesiell fagleg merksemd retta mot et emne, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav i), må synleggjere profilen i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag.

Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med annan pedagogikk, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav i), må synliggjere skolens særskilte pedagogikk i læreplanen.

I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig for grunnlaget til skolen.

0 Tilføyd ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), endra ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1493.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved norske skolar i utlandet, jf. friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav e), og andre skolar som ikkje er særskilt nemnt i kapittel 2A i denne forskrifta, skal opplæringa vere i samsvar med LK20/LK20S.

For toppidrettsgymnas skal opplæringa være i samsvar med krava som går fram av friskolelova § 2-1 tredje ledd.

0 Tilføyd ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), endra ved forskrift 2 juli 2020 nr. 1493.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Tida som går med til eksamen, medrekna eventuell førebuingstid som blir teken frå undervisninga, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle elevar skal ha moglegheit og tid til å arbeide med saker knytt til elevdemokrati og medverknad i opplæringa. Arbeidet må vere godkjent av skolen.

0 Tilføyd ved forskrift 30 juni 2012 nr. 816 (i kraft 6 aug 2012).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal i tillegg til opplæring i engelsk ha opplæring i eit framandspråk til, fordjuping i engelsk, norsk, samisk, matematikk eller opplæring i arbeidslivsfaget.

Skolen skal tilby opplæring i framandspråk i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I. I tillegg kan det vere tilbod om andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplanen. Skolen bestemmer kva for framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

Skolen skal tilby opplæring i fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk, samisk eller matematikk ved kvar skole. Skolen bestemmer kva for fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast. Skolen kan i tillegg tilby arbeidslivsfaget.

Elevar som har hatt opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfaget, har ikkje rett til å halde fram med opplæring i det faget dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Skolen bør likevel, så langt det er mogleg, leggje til rette for at elevane kan halde fram med opplæring i det språket eller faget dei har begynt på.

Når ein elev har valt anten framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, skal eleven ha faget på heile ungdomstrinnet. Elevane kan i det første halvåret likevel gjere omval i samråd med skolen. Når det ligg føre særlege grunnar, kan skolen godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 12 april 2012 nr. 357 (i kraft 1 aug 2012), 20 feb 2013 nr. 228 (i kraft 1 aug 2013), 4 mars 2014 nr. 255 (i kraft 1 aug 2014), 17 juni 2015 nr. 708 (i kraft 1 aug 2015), 21 april 2016 nr. 452 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar i vidaregåande opplæring som held fram med det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå II. Elevar som begynner med eit nytt framandspråk, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå I. Elevar som på ungdomstrinnet ikkje har hatt opplæring i framandspråk i grunnskolen, skal ha opplæring både i nivå I og i nivå II i læreplanen når dei begynner med framandspråk i vidaregåande opplæring.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrift 2 aug 2010 nr. 1143.

Elevar på 5.-7. årstrinn skal jamleg ha fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget. Tilsaman skal dette utgjere 76 timar innanfor 5.-7. årstrinn, jf. fag- og timefordelinga.

Den fysiske aktiviteten skal tilretteleggjast slik at alle elevar, utan omsyn til funksjonsnivå, kan oppleve glede, meistring, fellesskap og variasjon i skoledagen.

Reglane om individuell vurdering i kapittel 3 og reglane om krav til pedagogisk kompetanse for undervisningspersonale i friskolelova § 4-2 gjeld ikkje. Elles gjeld friskolelova med tilhøyrande forskrifter.

0 Tilføyd ved forskrift 30 juli 2009 nr. 1014 (i kraft 1 aug 2009), endra ved forskrifter 7 juni 2010 nr. 786 jf. 2 aug 2010 nr. 1143 (i kraft 1 aug 2011, tidlegare § 2A-1), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal ha opplæring i valfag frå 8. årstrinn. Elevane kan ha same valfag på fleire trinn eller dei kan velje nytt valfag på kvart årstrinn.

Skolen pliktar å setje i gang minst to ulike valfag per skoleår. Skolen avgjer kva for valfag elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

0 Tilføyd ved forskrift 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæringa i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med dei læreplanane skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Dagleg leiar gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Fylkesmannen er klageinstans. Før dagleg leiar gjer enkeltvedtaket, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.

Eleven skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering etter kapittel 3 i faget både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-24 tredje ledd.

Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.

0 Tilføyd ved forskrift 19 juli 2012 nr. 753 (i kraft 8 aug 2012), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Elevar i vidaregåande opplæring kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, om alle desse vilkåra er oppfylte:

  • a) Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5.
  • b) Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg i opplæringspliktig alder.
  • c) Skolen følgjer læreplanar i norsk i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, eller har godkjenning for å kunne tilby opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.

Elevar som er innvilga utvida opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd jf. friskolelova § 3-3, og som ville ha oppfylt vilkåret om kortare enn 6 års butid i Noreg på eksamenstidspunktet utan utvida opplæringstid, treng berre enkeltvedtak etter § 3-5 for å kunne følgje denne læreplanen på ein skole som tilbyr opplæring etter han.

0 Tilføyd ved forskrift 30 juni 2016 nr. 892 (i kraft 1 aug 2016), endra ved forskrift 28 juli 2017 nr. 1242 (i kraft 14 aug 2017).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal tilby leksehjelp, jf. friskolelova § 7-1e, med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik skolen avgjer. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal og medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa.

Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet.

Skolen er ansvarleg for leksehjelpa og vel korleis leksehjelpa skal organiserast.

Skolen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som gis.

Skolen plikter å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Gruppa må ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksehjelpa skal vere gratis for eleven. Dersom leksehjelpa blir organisert som ein del av skolefritidsordninga, kan skolen ikkje ta betalt for den tida eleven mottek leksehjelp etter denne føresegna. Dette gjeld og for elevar som ikkje deltek i skolefritidsordninga elles.

0 Tilføyd ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 13 juni 2014 nr. 890 (i kraft 1 aug 2014), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 8 juni 2018 nr. 845.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opphevd)

0 Tilføyd ved forskrift 8 mai 2020 nr. 967, opphevd ved forskrift 26 mai 2020 nr. 1061.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opphevd)

0 Tilføyd ved forskrift 4 mars 2020 nr. 225 (i kraft 4 mars 2020 og gjeld til 1 aug 2020), opphevd ved forskrift 26 mai 2020 nr. 1061.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kapitlet gjeld for elevar som får opplæring i verksemd godkjend etter friskolelova.

Elevar i skolar godkjend på grunnlag av anerkjend pedagogisk retning og elevar i internasjonale skolar som nyttar alternative vurderingsformer, har rett på vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering. Skolane må følgje reglane i dette kapitlet om ikkje anna følgjer av godkjenninga, jf. friskolelova § 2-3. Godkjenninga kan ikkje gi unntak frå føresegnene i § 3-3, § 3-4, § 3-7, § 3-9, § 3-10, 3-11, § 3-12 første ledd, 3-13 tredje ledd, § 3-35 til § 3-39, § 3-42 til § 3-45.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar har rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa i tråd med dette kapitlet.

Skolen sitt styre har ansvar for at retten til vurdering blir oppfylt, jf. friskolelova § 5-2. Styret skal syte for at alle som gjennomfører vurdering etter forskrifta følger reglane i dette kapitlet.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og bidra til lærelyst undervegs, og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget.

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget som skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevane skal vere kjend med læreplanen i faget.

Føresetnader, fråvær, orden eller åtferd skal ikkje gå inn i vurderinga i fag. Innsats er berre ein del av grunnlaget for vurdering om det følger av læreplanen i faget.

Elevar skal møte fram og delta aktivt i opplæringa. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at lærar ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å fremje sosial læring, bidra til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om orden og åtferd.

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er ordensreglementet til skolen. Elevane skal vere kjende med skolen sitt ordensreglement.

Orden heng saman med om eleven er punktleg, førebudd og følgjer opp arbeid.

Åtferd heng saman med om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Kompetanse i fag skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i orden eller i åtferd. Det skal tas omsyn til føresetnadene til eleven i vurderinga.

Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.

Frå og med 8. årstrinn skal vurdering både givast både med og utan talkarakter. Det er berre krav om å gi talkarakter ved halvårsvurdering med karakter og sluttvurderingar.

Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:

  • a. karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
  • b. karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
  • c. karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
  • d. karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
  • e. karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
  • f. karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Det kan gå fram av læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.

Frå og med 8. årstrinn skal vurdering givast både med og utan karakter.

Desse karakterane skal brukast:

  • a. God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
  • b. Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
  • c. Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 4-2 og 4-3.

Elevar har òg rett til jamleg dialog med kontaktlærar om sosial utvikling og anna utvikling. Samtalen skal sjåast i samband med friskolelova § 1-1 og læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar og foreldre til elevar under 18 år skal varslast skriftleg dersom eleven står i fare for å

  • a. ikkje få karakter (IV) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag
  • b. få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i orden eller i åtferd.

Varselet skal givast utan ugrunna opphald og gi eleven høve til å få karakter i faget.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I vidaregåande skole skal ein elev ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter ved fråvær over fråværsgrensa i faget. Fråværsgrensa er på 10 prosent av årstimetalet i faget.

Fråvær som det er dokumentert at kjem av grunnane nemnde i § 3-44 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd, skal ikkje inngå i fråværsgrensa. Det same gjeld dersom fråværet skyldast følgjande delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften kapittel 11.

Dagleg leier kan avgjere at ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, likevel skal få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde.

Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. § 3-3.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan ikkje arrangere eksamen for privatistar.

0 Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

I undervegsvurderinga i fag skal elevar

  • a. delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
  • b. forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei
  • c. få vite kva dei meistrar
  • d. få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-1 og § 5-4. Elevar med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-5 første ledd.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Undervegsvurdering i orden og åtferd skal givast jamleg og brukast til å fremje sosial læring ved at elevar

  • a. reflekterer over eigen orden og eiga åtferd og korleis dei kan utvikle seg
  • b. får vite korleis deira orden og åtferd er vurdert opp mot ordensregelementet
  • c. får rettleiing om korleis dei eventuelt kan forbetre sin orden og si åtferd.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen eleven har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Elevar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.

Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for elevar.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise korleis elevane sin orden og åtferd er vurdert opp mot ordensreglementet og gi rettleiing om korleis dei eventuelt kan forbetre seg.

Elevane skal få halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd gjennom heile opplæringsløpet. Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinnet skal det også givast halvårsvurdering med karakter, eller anna godkjend vurdering, i orden og i åtferd. Halvårsvurdering med karakter skal fastsetjast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet og ved slutten av opplæringsåret på 8. og 9. årstrinnet. Halvårsvurdering med karakter skal givast skriftleg.

I vidaregåande opplæring i skole skal det givast halvårsvurdering med karakter midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. Det skal givast halvårsvurdering med karakter ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole dette opplæringsåret. Når eleven avsluttar opplæringa i skole skal det fastsetjast standpunktkarakter i orden og i åtferd etter § 3-18.

Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

0 Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Undervegsvurderinga skal fremme læring og gi eleven høve til å forbetre kompetansen sin gjennom opplæringstida i faget. Den kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast, jf. § 3-3 og § 3-17.

0 Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle elevar, også elevar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen godkjend etter friskolelova § 2-3, jf. § 3-3.

Sluttvurderingar er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjonen jf. § 3-35, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Når ein elev har ein sluttvurdering i eit fag skal denne følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan da ikkje bli elev i faget på nytt. Elevar som har fått innvilga omval eller har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 2A-11, kan velje om faget skal godkjennast etter § 5a-3, eller om han eller ho vil ta faget på nytt som elev.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i faget ved avslutninga av opplæringa.

Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakteren. Eleven skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetanse eleven har vist i løpet av opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Faglæraren set standpunktkarakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan han eller ho krevje at faglærar gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Dagleg leiar har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om ikkje å gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-8.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for elevane sin orden eller åtferd ved avslutninga av opplæringa. Det skal givast ein standpunktkarakter i orden og ein standpunktkarakter i åtferd på 10. trinn, og ved avslutninga av opplæringa i vidaregåande skole.

Dagleg leiar har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting med kontaktlærar og dei andre lærarane til eleven.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Når ein elev har fullført og bestått opplæringa i eit fag, skal sluttvurderinga følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan da ikkje få elevstatus i faget på nytt.

Ein elev som har sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 2A-11, kan velje om faget skal godkjennast etter § 5a-3, eller ta faget på nytt som elev i vidaregåande opplæring.

Ein elev som har fått innvilga omval, kan velje om tidlegare sluttvurderingar i fellesfag skal godkjennast etter § 5a-3, eller velje å ta faget på nytt som elev i vidaregåande opplæring.

0 Tilføyd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, og som skal førast på vitnemålet.

Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget, jf. § 3-3. Eleven skal vere kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Dagleg leiar har ansvaret for at faglæraren set standpunktkarakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan dagleg leiar krevje ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Dagleg leiar har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-7.

For elevar i grunnskolen som er fritekne for opplæringsplikt etter friskolelova § 3-3 andre ledd, gjeld den siste halvårsvurderinga med karakter som standpunktkarakter, jf. § 3-39 og § 5-1.

0 Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar skal ha standpunktkarakterar i orden og i åtferd etter 10. årstrinnet. I vidaregåande opplæring skal elevar ha standpunktkarakter når dei avsluttar opplæringa i skole.

Dagleg leiar har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting i møte der lærarane til eleven er til stades. Endelege karakterar i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at opplæringa er avslutta.

0 Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar i grunnskolen som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får opplæring etter individuell opplæringsplan i faget, skal få fritak frå vurdering med karakter etter avgjerd frå foreldra. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel foreldra om eleven skal ha både skriftleg og munnleg karakter. Om foreldra vel karakter i norsk skriftleg, kan dei også velje om eleven skal få karakter i ein eller begge målformer.

Elevar i vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får individuell opplæringsplan i eit fag har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag enn i skriftleg sidemål. Foreldra eller eleven avgjer om dei vil ha fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.

Skolen sitt styre skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal ha undervegsvurdering utan karakter etter måla i den individuelle opplæringsplanen der planen avvikar frå læreplanen i faget.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår skal få fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette opplæringsåret om foreldra ber om det.

Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, og som får opplæringa i eit innføringstilbod, skal få fritak frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet dersom foreldra ber om det. Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje bli fritekne frå standpunktkarakter.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Skolen sitt styre skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar kan søkje om å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei

  • a. har problem med å lære begge målformene på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
  • b. ikkje har gått i norsk grunnskole noko av ungdomstrinnet, eller
  • c. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring, eller
  • d. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har gått ved internasjonal eller utanlandsk skole i Norge som er godkjend for å ikkje gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal få undervegsvurdering utan karakter.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er elev i faget. Skolen sitt styre skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakterar i faget dersom fritak frå vurdering med karakter er innvilga.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skolen som har ansvar for å skrive ut vitnemål, skal fatte enkeltvedtaket.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan søkje dagleg leiar om fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får, ikkje kan vurderast med karakter.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal få undervegsvurdering utan karakter.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget.

I grunnskolen kan dagleg leiar sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre tungtvegande grunnar.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan få fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Avgjerda er eit enkeltvedtak. Fritekne elevar skal ha halvårsvurdering utan karakter og anna undervegsvurdering utan karakter.

0 Endra ved forskrifter 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar som er fritekne for vurdering med karakter i fag som blir avslutta med eksamen, skal ikkje delta i eksamen i faget.

I grunnskolen kan dagleg leiar sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Eksamen skal gi eleven høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen og på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget.

For lokalt gitt eksamen har vertsfylket eller vertskommunen ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglærar skal utarbeide forslag til oppgåver.

Vertsfylket eller vertskommunen har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar, og for å trekkje elevar til eksamen. Skolen har ansvar for gi elevar informasjon om eksamen og kva det blir lagt vekt på i vurderinga.

Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart enkelt fag.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen til skolen.

Skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan ikkje arrangere eksamen for privatistar.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Eksamensforma og om eksamen skal dekke eit eller fleire fag er fastsett i læreplanane.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, praktisk, eller ein kombinasjon av desse. Utdanningsdirektoratet fastset tidsramma for dei ulike eksamensformene.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Elevar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Om elevar skal trekkast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen.

Trekket skal vere kjent for elevane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Elevar i grunnskolen som forserer opplæringa i eit fag, jf. friskolelova § 2A-10, skal vere med i trekket til eksamen det opplæringsåret faget blir avslutta. Dette kjem i tillegg til dei andre eksamenane dei skal ha i grunnskolen.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved sentralt gitt eksamen skal eksamen starte klokka 09.00 norsk tid, og avsluttast etter fem timar om ikkje anna er oppgitt. Dersom eleven har vedtak om særskild tilrettelegging av eksamen i form av utvida tid, vil vedtaket vere avgjerande for når eksamen skal avsluttast for vedkommande.

Elevar som møter opp til eksamen for seint, men før kl. 10.00, skal få gjennomføre eksamen, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid. Dei som møter kl. 10.00 eller seinare, får ikkje gjennomføre eksamen.

Det skal som hovudregel ikkje vere høve for elevar til å forlate eksamenslokalet før kl. 10.00. Unntak må vurderast konkret, der omsynet til ei sikker eksamensgjennomføring og omsynet til helsa til den det gjeld veg tungt.

0 Tilføyd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa, og skal førebu elevane på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen eleven viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Det skal vere fastsett i læreplanen at alle munnlege og munnleg-praktiske eksamenar for elevar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen skal vare i 24 timar.

Det skal vere fastsett i læreplanen om andre eksamenar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen kan vare i frå 24 timar inntil 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen fastsett kor lang førebuingsdelen skal vere.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentralt gitte eksamenar skal begge sensorane vere eksterne. Ved usemje avgjer ein oppmann.

Ved lokalt gitte eksamenar skal minst ein sensor vere ekstern. Faglærar skal vere sensor om skoleeigar ønsker det. Ved usemje avgjer den eksterne sensoren. Ein av sensorane skal vere eksaminator om eksamen krev det.

Sensorar skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opphevd)

0 Tilføyd ved forskrift 14 okt 2013 nr. 1236, opphevd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag, jf. friskolelova § 2-3. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Dagleg leiar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til dagleg leiar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Dagleg leiar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist etter forskrift til opplæringslova, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ein elev som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Eleven må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist etter forskrift til opplæringslova, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev er i strid med denne føresegna, kan eleven, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av dagleg leiar sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før dagleg leiar eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein elev i vidaregåande opplæring får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Elevar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-39 dersom omsynet til elevane tilseier det.

Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert. Tverrfagleg eksamen vil berre bli annullert om eleven ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av dagleg leiar sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før dagleg leiar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist etter forskrift til opplæringslova, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert. Tverrfagleg eksamen vil berre bli annullert om eleven ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.

Elevar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-39 dersom omsynet til elevane tilseier det.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av dagleg leiar sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for dagleg leiar før dagleg leiar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til fylkesmannen.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, jf. forskrift til opplæringslova § 3-10, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

0 Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 22 mars 2018 nr. 449, 2 juli 2018 nr. 1149 (i kraft 1 aug 2018, se endringsforskriften for merknad til endringen i andre ledd).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle som har fullført grunnopplæringa etter friskolelova, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast. Elevar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opphevd)

0 Endret ved forskrift 29 april 2020 nr. 911, opphevd ved forskrift 26 mai 2020 nr. 1061.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kvar skole skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær, jf. friskolelova § 5-2.

Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet skolen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av dagleg leiar.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Fråvær skal dokumenterast kvart halvår.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kvar skole skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær, jf. friskolelova § 5-2 første ledd.

Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet skolen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av dagleg leiar.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Fråvær skal dokumenterast kvart halvår.

0 Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Departementet kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå reglane om dokumentasjon i § 3-35 til § 3-44.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2010 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-41 andre ledd.

0 Tilføyd ved forskrift 16 juni 2010 nr. 839.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-41 andre ledd.

0 Tilføyd ved forskrift 5 juni 2012 nr. 491.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa etter friskolelova. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær.

Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast karakter i faget på vitnemålet. Det skal då førast på vitnemålet at vurdering ikkje var mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast som standpunktkarakter.

Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom eleven eller foreldra ønskjer det.

Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskoleopplæringa.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:

  • a. dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
  • b. innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

  • a) dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
  • b) innvilga permisjon etter friskolelova § 3-13.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

0 Endra ved forskrifter 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 3-15 til § 3-18, § 3-35 og § 3-40.

Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Skolen er også ansvarleg for å skrive ut vitnemål til elevar som fullfører opplæringa, men først seinare består alle fag.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-30, utsett eksamen etter § 3-32 og ny eksamen etter § 3-33 eller § 3-34 på førstegongsvitnemålet.

Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.

Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan etter søknad bli utvida til maksimalt fem år. Dette gjeld dersom eleven har fått innvilga søknad om omval eller har fått rett til ekstra opplæringstid etter friskolelova § 3-3 jf. opplæringslova § 3-1 fjerde ledd og femte ledd. Dette gjeld òg dersom det blir lagt fram skriftleg dokumentasjon på at eleven har vore fråverande frå opplæringa ein lengre periode i løpet av eit opplæringsår på grunn av

  • a. internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid,
  • b. folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid som er utført i minst seks månader av opplæringsåret, eller
  • c. langvarig sjukdom.

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2010 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Etter søknad kan dagleg leiar gi samtykke til at elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to fellesfag, likevel får vitnemål som gir yrkeskompetanse Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga.

Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.

Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.

For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen. Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.

For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-14, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Dagleg leiar kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

  • a. helse- og velferdsgrunnar
  • b. arbeid som tillitsvald
  • c. politisk arbeid
  • d. hjelpearbeid
  • e. lovpålagt oppmøte
  • f. representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Departementet kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå reglane om dokumentasjon i § 3-37 til § 3-44.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Dagleg leiar kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

  • a) helse- og velferdsgrunnar
  • b) arbeid som tillitsvald
  • c) politisk arbeid
  • d) hjelpearbeid
  • e) lovpålagt oppmøte
  • f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller dagleg leiar, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

0 Endra ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. friskolelova § 1-1 og § 7-1d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til god oppfølging av eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.

Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.

Foreldra skal få munnleg eller skriftleg:

  • a) varsling om eleven sitt fråvær
  • b) varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7
  • c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter friskolelova og forskrifta
  • d) anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgiving.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret.

Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.

Foreldra til ikkje myndig elevar skal få munnleg eller skriftleg

  • a) varsling om eleven sitt fråvær
  • b) varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite god i orden eller oppførsel, jf. § 3-7
  • c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter friskolelova og forskrifta
  • d) anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.

0 Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 31 jan 2011 nr. 127, 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Det kan klagast på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Det kan også klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

0 Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Elevar eller dei som desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldra eller dei føresette til umyndige elevar har sjølvstendig klagerett. Dersom eleven er under 15 år, kan dei ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra eller dei føresette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Behandling av klage på karakter kan føre til at karakteren blir ståande, eller til at denne blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. Avgjerda skal grunngivast. Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på.

Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet eller kompetansebevis, skal det skrivast eit nytt, og tidlegare vitnemål/kompetansebevis skal leverast tilbake.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dei som har klagerett etter § 5-2, skal få opplysningar om høvet til å klage, klagefristen og om kva klagen skal innehalde, i medhald av denne forskrifta og forvaltningslova § 29, § 30, § 31 og § 32. Dei som har klagerett, skal også få informasjon om retten til å få retningslinjer som sensorane har fått, og grunngiving etter § 5-7.

Klagen skal sendast til den skolen der klagaren er elev.

Når det gjeld klage i samband med sentralt gitt eksamen med sentral sensur i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, skal skolen sende klagen saman med prøvesvaret til Fylkesmannen, jf. § 5-9. Ved klage i fag der det blir vurdert fleire svar, skal alle elevsvara leggjast ved.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fristen for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er 10 dagar.

Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller når den som har klagerett burde ha gjort seg kjend med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket. Ny frist gjeld frå det tidspunkt klagaren har fått grunngivinga.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Klagen må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller eventuelt av ein med fullmakt. Klagen skal nemne det vedtaket som det blir klaga på, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden. Klagen bør innehalde årsaka til klagen, bortsett frå klagar etter § 5-9.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den som har klagerett, jf. § 5-2, kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakterar i fag der det blir halde munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar, karakter for praktisk eksamen eller standpunktkarakter i orden og i åtferd. Grunngivinga skal givast av sensor eller ein lærar som har vore med og fastsett karakteren.

Dersom ein elev ikkje får standpunktkarakter eller får ikkje bestått som standpunktkarakter, kan det krevjast grunngiving for det.

Den som har klagerett kan ikkje krevje grunngiving av karakterar til skriftleg eksamen.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Eleven har, etter at karakter ved skriftleg eksamen er fastsett, rett til å gjere seg kjend med sitt eige svar. På oppmoding skal han eller ho få kopi av svaret. Eleven kan også krevje å få lagt fram eventuelle retningslinjer som sensorane har fått til hjelp ved sensureringa.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Klageinstansen for vurdering av skriftleg eksamen i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Fylkesmannen i kvart fylke nemner opp klagenemnda.

Klageinstansen for vurdering av skriftleg sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av Fylkesmannen. Klageinstansen for vurdering av skriftleg lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av vertsfylket etter retningslinjer frå Fylkesmannen.

Medlemmene av ei klagenemnd må ikkje ha vore med i førstegangsbedømminga og bør så langt det lèt seg gjere, ikkje vere frå same skolen som klagaren. Når det er felles sensur for fleire grunnskolar, skal medlemmene så langt råd er ikkje vere frå same skolen som klagaren.

Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.

Når det gjeld klage på karakter til skriftleg eksamen, prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn nemnda at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ein ny karakter.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage på munnleg eksamen hentar dagleg leiar inn fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til Fylkesmannen når det gjeld klager i grunnskolen, og til fylkestinget i vertsfylket eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, når det gjeld klager i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.

Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg eksamen, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ein ny sensor.

Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Eleven skal få melding om faget med same frist som ved ordinær prøve.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved andre ikkje-skriftlege eksamenar enn munnleg eksamen, der det ikkje ligg føre dokumentasjon som kan vurderast av ei klagenemnd, kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. I slike tilfelle skal ein følgje same prosedyren som for munnleg eksamen, jf. § 5-10.

Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, skal ein følgje same prosedyren som for skriftleg eksamen, jf. § 5-9.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved klage på standpunktkarakter eller vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. Med klagen skal det følgje fråsegn frå faglæraren om korleis karakteren er fastsett, eller kvifor det ikkje er sett karakter, og fråsegn frå dagleg leiar om saksbehandlinga ved skolen. Klagaren skal få kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget i vertsfylket eller den fylkestinget gir mynde.

Dersom klagen blir funnen rettkomen, må klageinstansen presisere kva for reglar ein meiner er brotne eller det kan reisast tvil om er brotne, og sende saka tilbake til skolen. Klageinstansen skal informere klagaren om resultatet av klagebehandlinga. Dagleg leiar og faglæraren gjennomfører ny vurdering. Dagleg leiar set endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.

Finn klageinstansen at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og dagleg leiar, eller den skolen sitt styre har oppnemnt, gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen. Fråsegna skal gjere greie for kva karakterar i orden og i åtferd som har vore gitt tidlegare, kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda, og ei fyldig grunngiving for karakteren. Kopiar av ordensreglement for skolen, utskrift av protokollen som viser korleis skolen har behandla saka m.m., skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned, og eventuell annan korrespondanse med foreldra eller dei føresette. Klagaren skal ha kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Klageinstansen avgjer om klagen skal føre til at karakteren blir endra til gunst eller ugunst for klagaren.

0 Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opphevd)

0 Tilføyd ved forskrift 25 mars 2020 nr. 447, opphevd ved forskrift 26 mai 2020 nr. 1061.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For desse grunnskoleelevane gjeld ikkje kravet om opplæring i skriftleg sidemål:

  • a) elevar som får særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5
  • b) elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk
  • c) elevar som har kvensk eller finsk som andrespråk
  • d) elevar som får opplæring i teiknspråk som førstespråk.

Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-21.

0 Tilføyd ved forskrift 9 nov 2009 nr. 1356, endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 9 des 2019 nr. 1700.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dagleg leiar kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring fritak frå opplæring i kroppsøving. Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg, jf. § 3-22. Dagleg leiar si avgjerd er eit enkeltvedtak.

0 Tilføyd ved forskrift 9 nov 2009 nr. 1356, endra ved forskrifter 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

Ein elev som tidlegare har bestått eit fag som er det same faget, eller som er likeverdig med eller meir omfattande enn eit fag etter læreplanen for skolen, skal få godkjenning for dette som bestått fag etter læreplanen. Dette gjeld anten det aktuelle faget er bestått i Noreg eller i utlandet. Eleven må søkje dagleg leiar om slik godkjenning, og må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.

Ein elev som har gjennomført og bestått eit opplæringsår i utlandet på nivå med norsk Vg1 og/eller Vg2, kan søkje dagleg leiar om å få denne opplæringa godkjend som ein del av norsk vidaregåande opplæring. Denne ordninga gjeld for alle utdanningsprogramma. Dagleg leiar skal vurdere søknaden og gje godkjenning når innhaldet i opplæringsåret i utlandet er likeverdig med eller meir omfattande enn opplæringa etter læreplanen. Opplæringsåret i utlandet må ha hovudvekta på den fagkrinsen ein finn i det tilsvarande norske opplæringsåret, men det er ikkje krav om at den utanlandske opplæringa inneheld alle dei einskilde faga i det aktuelle utdanningsprogrammet. Søkjaren må leggje fram nødvendig dokumentasjon på den utanlandske opplæringa. Dagleg leiar kan gje tilsegn om godkjenning på vilkår før eleven dreg til utlandet.

Avgjerd etter første og andre ledd er enkeltvedtak som det kan klagast på til fylkesmannen.

0 Tilføyd ved forskrift 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Heimfylket har ansvaret for skyss for elevar som har slik rett etter reglane i friskolelova § 3-7 første ledd. Heimfylket kan velje om eleven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Eleven har rett til full skyssgodtgjersle i dei tilfella heimfylket ikkje gir tilbod om gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at dei naudsynte faktiske skysskostnadene for eleven blir dekte. Val av transportmiddel skal avklarast med heimfylket så snart som mogleg etter at eleven har fått tildelt skoleplass. Kostnadene skal dokumenterast. Dersom det ikkje er mogleg å avklare val av transportmiddel før skolen tek til, må heimfylket likevel dekkje dei dokumenterte faktiske og naudsynte skysskostnader eleven har i perioden fram til ei slik avklaring skjer.

Ved bruk av privat bil blir skysskostnadene dekte med 2,50 kr per kilometer. Eit tillegg på 0,45 kr per kilometer skal givast for kvar ekstra passasjer, dersom passasjeren er ein annan elev med rett til skydd, eller det er nødvendig følgje. I tillegg skal eleven få godtgjersle for alle naudsynte faste og variable kostnader knytte til bruk av bil dersom desse utgiftene er større enn det den faste satsen dekkjer. I tillegg til utgifter til drivstoff skal skyssgodtgjersle kunne dekkje utgifter til bompengar, ferjeturar, piggdekkavgift og parkering, og til andre særlege kostnader som ikkje blir dekte etter satsane i sjuketransportforskrifta. Tapt arbeidsinntekt for den som køyrer eleven, blir ikkje rekna med i grunnlaget for skyssgodtgjersle. Eleven dokumenterer utgiftene som ikkje blir dekte av minstesatsen, ved å syne fram kvitteringar for utgiftene.

0 Endra ved forskrifter 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011), 14 feb 2019 nr. 119.

Dispensasjon frå plikta for heimfylket til å sørgje for gratis skoleskyss, jf. friskolelova § 3-7, kan etter søknad frå heimfylket til departementet givast når vilkåra i § 6-4 og § 6-5 er oppfylte.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Dispensasjon frå plikta til å sørgje for gratis skoleskyss etter friskolelova § 3-7 kan etter søknad til departementet givast når desse vilkåra er oppfylte:

  • a) heimfylket må ha ei ordning med subsidiert rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50 % av vanleg månadskort for vaksne.
  • b) eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skolen eller, om eleven går på skole utanfor sitt eige heimfylke, til og frå fylkesgrensa for fylket der eleven bur, til og frå arbeid og fritidsaktivitetar.
  • c) rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjelder for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar.
  • d) ordninga må omfatte minst heile skoleåret.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søknader om dispensasjon frå friskolelova § 3-7 blir avgjorde av departementet.

Dispensasjon kan givast for eitt år om gongen.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den enkelte eleven har rett til to ulike former for nødvendig rådgiving: sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving. Tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, og vere tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skolen.

Retten til nødvendig rådgiving inneber at eleven skal kunne få informasjon, rettleiing, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette på skolen og ta avgjerd i tilknyting til framtidige yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga kan vere både individuell og gruppevis. Eleven sitt behov og ønskje vil avgjere forma som blir teken i bruk.

Rådgivinga skal medverke til å utjamne sosial ulikskap, førebyggje fråfall og integrere etniske minoritetar. For at rådgivinga skal bli best mogleg for eleven, skal skolen ha eit heilskapleg perspektiv på eleven og sjå den sosialpedagogiske rådgivinga og utdannings- og yrkesrådgivinga i samanheng.

Eleven skal få den hjelpa han/ho treng for å utvikle seg vidare og utnytte eigne ressursar, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.

0 Tilføyd ved forskrift 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den enkelte eleven har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgivinga er å medverke til at den enkelte eleven finn seg til rette i opplæringa og hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skolen.

Ved behov kan eleven få hjelp til mellom anna å:

  • - klarleggje problem og omfanget av desse
  • - kartleggje kva skolen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skolen
  • - finne dei rette hjelpeinstansane og formidle kontakt med desse.

Eleven skal bli møtt med respekt av personalet på skolen i forhold til sine sosiale, personlege og emosjonelle problem.

Personalet på skolen skal ha tett kontakt og samarbeid med hjelpeinstansar utanfor skolen og heimen slik at det blir samanheng i tiltaka rundt eleven.

0 Endra ved forskrift 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 7-1).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den enkelte eleven har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Utdannings- og yrkesrådgivinga har som formål å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv.

Retten til nødvendig utdannings- og yrkesrådgiving inneber at eleven mellom anna har rett til:

  • - rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning
  • - oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Noreg og andre land
  • - oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • - opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
  • - informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • - opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.

Eleven skal gradvis bli bevisst sine eigne interesser, dugleikar og verdiar, og få kunnskap, sjølvinnsikt og evne til sjølv å kunne ta avgjerd om yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga skal også utvikle eleven sine evner til å vurdere moglege konsekvensar av val og førebyggje feilval. Frå 8.-13. årstrinn skal rådgivinga leggjast opp som ein prosess.

Utdannings- og yrkesrådgiving skal vere eit samarbeid mellom ulike personar og instansar på skolen, og skolen skal så langt det er mogleg og hensiktsmessig trekkje inn eksterne samarbeidspartnarar for å gje elevane best mogleg informasjon og tilbod om rådgiving om yrkes- og utdanningsval. Aktuelle samarbeidspartnarar er til dømes andre utdanningsnivå, lokalt næringsliv, partnarskap for karriererettleiing og heimen.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 7-2).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen sitt styre er ansvarleg for å oppfylle eleven sine rettar etter § 7-1 til § 7-3, jf. friskolelova § 5-2. Ansvaret inneber mellom anna at begge formene for rådgiving skal utførast av personale med relevant kompetanse for dei to områda.

Skolen skal arbeide systematisk og planmessig for å sikre at rådgivingstilbodet blir tilfredsstillande.

0 Endra ved forskrifter 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 7-3), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også lærlingar og lærekandidatar, men ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter friskolelova kapittel 6A.

Ulykkesforsikringa skal minst ha det innhald og omfang som går fram av føresegnene i denne forskrifta.

0 Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ulykkesforsikringa skal vere teikna i eit forsikringsselskap som har løyve etter forsikringslova.

0 Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved ulykkesskade skal forsikringa gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den mon slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova.

0 Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Forsikringa skal gi eleven dekning for ulykkesskade som har hendt

  • a. på opplæringsstaden i opplæringstida
  • b. på veg mellom heim og opplæringsstad
  • c. under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som er ledd i opplæringa, og på veg mellom heim og arbeidsplass
  • d. under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for
  • e. under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den stad der aktiviteten skjer.

Likestilt med heim i pkt. b, c og e er annan opphaldsplass.

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tida elevane held seg på skolen, men ikkje i feriar og liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av skolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heim og skole i samanheng med slikt fråver.

0 Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Ved varig medisinsk invaliditet som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning tufta på ein forsikringssum på 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 %. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.

Graden av invaliditet skal reknast ut etter invaliditetstabellar med tilhøyrande retningsliner som Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for.

Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

0 Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fører ulykkesskaden i løpet av dei to første åra etter at skaden hende, til utgifter til behandling av skaden, skal forsikringa dekkje dokumenterte og nødvendige utgifter til

  • - lege og tannlege
  • - medisinsk behandling utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda tilrådd av lege eller tannlege
  • - reise til og frå heim for nødvendig behandling med billegaste transportmiddel når det blir teke omsyn til tilstanden hos eleven

Det krevst ikkje at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Den øvre grensa for dei samla tilbakebetalingskrava frå forsikringa for nødvendige utgifter til behandling må ikkje vere lågare enn 0,25 G.

Eigendelen for eleven må ikkje vere høgare enn 0,015 G.

0 Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Forsikringa kan gjere unntak frå dekning av ulykkesskade som har si årsak i

  • - forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
  • - infeksjon eller stikk/bit av insekt, som til dømes malaria, flekktyfus eller borrelia
  • - smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde, som til dømes e-coli, salmonella eller liknande
  • - psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.

0 Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter friskolelova, kan offentlege myndigheiter utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret om:

  • a) kven som er foreldra til barn som mottar, eller skal motta, tenester etter friskolelova
  • b) kven som har foreldreansvaret for barn som mottar, eller skal motta, tenester etter friskolelova.

0 Oppheva ved forskrift 1 juli 2014 nr. 973 (i kraft 1 aug 2014), tilføyd ved forskrift 28 sep 2018 nr. 1480 (i kraft 1 okt 2018).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Arbeidsgivaren innhentar politiattest i samsvar med reglane i friskolelova § 4-3 og § 7-1e tredje ledd. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

Arbeidsgivaren skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing, men at slik attest ikkje skal leggjast ved søknaden. Attest skal berre krevjast av den søkjaren som får tilbod om stillinga. Det skal i tilbodet takast atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Politiattest skal liggje føre før arbeidstakaren blir tilsett i stillinga.

0 Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande, og skal makulerast straks etter at attesten har vore nytta i tilsetjingssaka eller til det formålet attesten er innhenta med heimel i friskolelova § 4-3 eller § 7-1e.

0 Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Den som får kjennskap til opplysningar gjennom ein politiattest, pliktar å hindre at uvedkomande får tilgjenge eller kjennskap til opplysningane, jf. forvaltningslova § 13 - § 13e og politiregisterlova § 47. Brot kan straffast etter straffelova § 121.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I skolar som er godkjende til å drive på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal minst halvparten av undervisningspersonalet ha spesialkompetanse til å gjennomføre den anerkjende pedagogiske retninga.

Som spesialkompetanse reknast høgare utdanning innan den anerkjende pedagogiske retninga med eit omfang på minst 60 studiepoeng. Departementet kan godkjenne anna utdanning av minst eit års omfang som spesialkompetanse. Spesialkompetansen må vere relevant for undervisning i den aktuelle skolen.

0 Tilføyd ved forskrift 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), endra ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

I skolar som er godkjende for å drive særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, skal undervisningspersonalet ha spisskompetanse i dei idrettane skolen er godkjend for å tilby. Kravet gjeld berre for dei som skal undervise i dei aktuelle idrettane.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje kostnadene for elevar som har rett til spesialundervisning jf. friskolelova § 3-6, når eleven for ei kortare eller lengre periode er vesentleg meir ressurskrevjande enn det satsen etter økonomiforskrift til friskoleloven § 4-3 dekkjer.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 13 sep 2018 nr. 1335.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen har ansvar for at elevane som blir tekne inn, har slike lærevanskar som skolen får tilskot etter, jf. økonomiforskrift til friskolelova § 4-3.

Skolen skal derfor syte for dokumentasjon av diagnosen og /eller ei vurdering av søkjaren sitt behov for eit tilrettelagt opplæringstilbod. Ein kompetent instans utanfor skolen skal gi denne dokumentasjonen.

0 Tilføyd ved forskrift 13 sep 2018 nr. 1335, endra ved forskrift 21 nov 2018 nr. 1727.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolen skal halde elevar i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr.

Dersom skolen organiserer opplæringa på ein måte som krev at elevane må ha berbar pc, kan skolen krevje ein årleg eigendel frå eleven for å dekkje delar av kostnaden for pc-en. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde læremiddelstipendet. Etter vidaregåande skole skal eleven få behalde pc-en.

Elevar som ikkje fullfører opplæringa, skal få tilbod om å kjøpe pc-en. Samla betaling kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde læremiddelstipendet berekna på avbrotstidspunktet.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 18 juni 2008 nr. 608 (i kraft 1 aug 2008), 14 sep 2010 nr. 1269 (i kraft 1 okt 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 13 sep 2018 nr. 1335.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

(Opphevd)

0 Tilføyd ved forskrift 3 juli 2007 nr. 879 (i kraft 1 aug 2007), opphevd ved forskrift 13 sep 2018 nr. 1335.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Alle som blir tekne inn ved ein vidaregåande skole som driv verksemd etter friskolelova, blir rekna som elevar.

Elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vidaregåande skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan berre ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 eller § 4A-3. Skolar nemnde i § 11-3, kan òg ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.

Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 skal prioriterast føre vaksne søkjarar.

For vaksne søkjarar mellom 19 og 24 år utan rett til vidaregåande opplæring og vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Noreg, kan ei vurdering av søkjarens formalkompetanse erstatte kravet om ei realkompetansevurdering i friskolelova § 3-1 andre ledd. For vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Norge, kan ei vurdering av formalkompetansen skje på grunnlag av dokumentasjon som fortel kva for fag søkjaren må ta for å kome vidare i utdanningsløpet. Slik dokumentasjon kan vere frå NOKUT eller frå Samordna opptak (Unit). Vurderinga av formalkompetansen er individuell og skal dokumentere søkjarens gjennomførte vidaregåande opplæring. Det er dagleg leiar som skal vurdere formalkompetansen, og eleven må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016), endret ved forskrift 9 juni 2020 nr. 1198.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolar som er godkjende for å drive særskilt tilrettelagt opplæring for funksjonshemma kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.

I tillegg kan desse skolane ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring:

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 9 juli 2009 nr. 995 (i kraft 1 aug 2009), 14 sep 2010 nr. 1269 (i kraft 1 okt 2010), 30 aug 2012 nr. 856, 16 jan 2013 nr. 41, 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016, tidlegare § 11-1), 29 juni 2018 nr. 1100, 22 jan 2020 nr. 60.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få godkjend ein kvote for vaksne med rett til vidaregåande opplæring innafor ramma av det elevtalet skolen er godkjend for. Skolar kan etter reglane i § 11-3 òg ta inn vaksne søkjarar utan rett innanfor denne kvoten. Kvoten kan ikkje nyttast til å ta inn ungdom med rett til vidaregåande opplæring.

Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring skal prioriterast føre vaksne søkjarar utan slik rett.

0 Tilføyd ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), endra ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016, tidlegare § 11-2).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Utvekslingselev er norsk ungdom som tek utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande opplæring, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg som ledd i elevutveksling.

Styret ved skolen kan i inntaksreglementet reservere plassar for utvekslingselevar frå andre land. Styret kan òg reservere plassar for norske elevar som tek imot plass som utvekslingselev i eit anna land med avvikande skoleår.

Søknadar frå elevar som har teke Vg1 eller Vg2 i utlandet, og som søkjer om inntak til vidaregåande opplæring på neste trinn, skal behandlast individuelt etter § 11-10 andre ledd.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Styret ved skolar godkjent for Vg1 i utdanningsprogram for musikk, dans og drama og utdanningsprogram for idrettsfag kan fastsetje i inntaksreglementet at plassane på desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller inntaksprøve, i tillegg til poeng rekna ut frå karakterar. Det same gjeld for skolar med særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett.

Tildeling på grunnlag av ferdigheit eller inntaksprøve kan berre skje i situasjonar med oversøking.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Styret ved skolen kan i inntaksreglementet fastsetje ein eigen søknadsfrist for søkjarar som har rett til fortrinn eller inntak etter individuell behandling etter kapittel 6 i forskrift til opplæringslova. Styret kan òg reservere eit bestemt tal med plassar for dette opptaket.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3.

Deltidselev er ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket. Deltidselevar kan vere tekne inn til eit eller fleire fag.

Styret ved skolen avgjer om søknaden frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknaden frå ein elev som er teken inn som fulltidselev, om å bli deltidselev etter at vedtak om inntak er gjort, kan berre innvilgast når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Deltidselevar blir tekne inn til vidaregåande opplæring etter fulltidselevar.

Ein søkjar som får innvilga omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vilkår for inntak til vidaregåande opplæring til utdanningsprogram på Vg1 er at søkjaren har fullført norsk grunnskoleopplæring eller tilsvarande. Dette kan dokumenterast ved vitnemål for fullført norsk grunnskole eller stadfesting av at søkjaren fyller eitt av desse vilkåra:

  • a) er skriven ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd.
  • b) har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år.
  • c) har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og forskrift til opplæringslova § 4-33.

Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet etter bokstav b, må sjølve dokumentere dette eller grunngi at det er sannsynleg at han eller ho oppfyller vilkåret. Om skolen finn at vilkåret ikkje er oppfylt, skal saka sendast til heimkommunen som avklarar om søkjaren har tilsvarande realkompetanse etter bokstav c.

Heimkommunen har ansvaret for å vurdere om søkjaren har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring etter bokstav c. Heimkommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i § 4-33, jf. opplæringslova § 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for grunnskoleopplæringa, er ansvaret for gjennomføringa av realkompetansevurdering av søkjaren tilsvarande lagt til fylkeskommunen.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring.

For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag, skal søknaden vurderast individuelt.

Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter forskrift til opplæringslova § 4-33.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vilkåra for inntak til Vg2 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter. Vilkåra for inntak til Vg3 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for programområdet på Vg2 og utdanningsprogrammet til Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter.

Søkjarar som ikkje har oppfylt vilkåra i første ledd, men som oppfyller vilkåra for inntak til neste nivå etter § 11-10 eller § 11-12, eller § 6-35 og § 6-38 i forskrift til opplæringslova, skal òg takast inn som fulltidselev til eit programområde på Vg2 eller Vg3 som byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1 og eventuelt programområdet på Vg2.

Føresegna gjeld òg søkjarar med dokumentasjon frå bestått relevant grunnkurs eller vidaregåande kurs I frå Reform 94 eller tidlegare, jf. overgangsordningane i forskrift til opplæringslova kapittel 24.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak til Vg2 eller Vg3 etter § 11-11 første ledd, fordi han eller ho ikkje har bestått eit eller fleire fag, kan likevel takast inn som fulltidselev til neste nivå dersom styret ved skolen etter ei heilskapleg vurdering finn at det er forsvarleg. Styret må vurdere om det, gjennom den heilskaplege vurderinga, er dokumentert at søkjaren har den kompetansen som etter læreplanverket er nødvendig for å følgje opplæringa på neste nivå. I vurderinga av om det er forsvarleg, skal det vurderast om søkjaren samla sett har faglege føresetnader til å følgje opplæringa på dette nivået.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Søkjarar som ikkje fyller vilkåra i § 11-11 eller § 11-12 for å bli teken inn som fulltidselev, kan i særskilde tilfelle takast inn som deltidselev. Styret ved skolen fastset korleis inntaket skjer.

Skolen kan ta inn som deltidselev ein søkjar som

  • a) manglar bestått karakter i eit eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og som det etter ei heilskapleg vurdering ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå, i dei faga han eller ho har bestått på det lågare nivået,
  • b) manglar fag for å ha full fagkrins i eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, dersom han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1,
  • c) har rett til vidaregåande opplæring, men manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

0 Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Frist for søknad om godkjenning av skole eller driftsendringar etter friskolelova er 1. februar i kalenderåret før det året verksemda eller endringane skal ta til. Oppstart skal normalt skje i haustsemesteret. Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle fastsette andre fristar.

0 Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.

Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2006.

Frå same tidspunkt blir følgjande forskrift oppheva:

Vis på Lovdata.no

Udir har ingen relaterte tolkninger til dette.