Svar på spørsmål om tilskot til kjernetid i barnehage for barn i asylmottak

Utdanningsdirektoratet har svart Fylkesmannen i Møre og Romsdal på spørsmål om tilskudd til kjernetid i barnehage for barn i asylmottak. 

Vi viser til e-post datert 6. september 2016 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal der det er vist til spørsmål frå ein kommune med tanke på tilskot til kjernetid i barnehage for to- og treåringar i asylmottak.

Det blir vist til to brev frå Utlendingsdirektoratet (UDI) med informasjon om ei ny ordning om tilskot, der det mellom anna kjem fram at «UDI fra august 2016 kan betale tilskudd til vertskommuner som tilbyr kjernetid i barnehage til to- og treåringer. Ordningen gjelder kun barn som bor i asylmottak og med oppholdstillatelse. Tilskuddet er ment å dekke kjernetid/20 timer per uke». Det er asylmottaket der barnet oppheld seg, som skal søkje vertskommunen om barnehageplass. Asylmottaket skal rapportere til UDI om talet på barn som har fått plass. UDI vil deretter utbetale tilskot til kommunen.

Kommunen har to spørsmål:

  1. Skal barna som går inn under denne ordninga, rapporterast i årsmeldinga per 15.12. og skal dei i så fall takast med i utrekningsgrunnlaget for kommunalt tilskot til private barnehagar?
  2. Skal det krevjast foreldrebetaling for desse barna? Dersom det skal krevjast, kven skal dekkje foreldrebetalinga - asylmottaket, kommunen eller andre?

Teljing av barn

Det er ikkje gjort noko unnatak i regelverket for tilskot til private barnehagar om at barn som får betalt barnehageplass gjennom tilskotsordningar, skal haldast utanfor berekninga av driftstilskotet. Vi meiner difor at barna som går inn under UDIs ordning, skal teljast på lik linje med andre barn som går i barnehagen, og at dei skal takast med i utrekningsgrunnlaget for kommunalt tilskot til private barnehagar. Tilsvarande vil desse barna også rapporterast etter forskrifta § 12, og dei er med i utrekninga av tilskotet til dei private barnehagane.

Foreldrebetaling

I UDIs rundskriv 2011-025 går det fram at UDI gir tilskot til vertskommunar som tilbyr toog treåringar i asylmottak med innvilga opphaldsløyve 20 timar gratis opphaldstid per veke. Tilskotet inkluderer kostpengar. Det kjem fram her at tilbodet skal vere gratis for barnet. Det skal dermed ikkje krevjast foreldrebetaling av barnets foreldre for desse timane. Det er kommunen som får tilskot frå UDI. Kommunen og den enkelte barnehagen må seg imellom bli einige om korleis betalinga for barnehageplassen skal ordnast.

Dersom barnet går i barnehagen utover dei 20 timane i veka som er gratis, skal det krevjast foreldrebetaling på same måte som for andre barn. Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar vil da gjelde.

Vår referanse: 2016/6509