Retten til skyss

Retten til skyss skal sørgje for at alle som har rett på opplæring, kjem til skolen uavhengig av økonomisk bakgrunn, bustad og geografi.

1. Finn ut kven som har rett til skyss

Elevane kan ha rett til skyss på ulike grunnlag. 

Avstand 

  • elevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skolen
  • elevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skolen
  • elevar i vidaregåande som bur meir enn 6 km frå skolen

Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss. Dei har også rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skoleferiane.

Andre grunnlag

  • Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg
  • Elevar som har behov for båttransport

2. Vurder om eleven også har rett på reisefølgje eller tilsyn

3. Gjer enkeltvedtak

Når de tek ei avgjerd om retten til skyss, skal det gjerast eit enkeltvedtak. Dette er fordi ei avgjerd om skyss rører ved elevens individuelle rettar.

Les meir om enkeltvedtak og finn malar

Kven skal gjere enkeltvedtak om skyss?

Kommunen skal gjere vedtak om skyss på grunn av farleg eller særleg vanskeleg skoleveg. Fylkeskommunen skal gjere vedtak for dei andre grunnlaga for skyss, for eksempel lang avstand til nærskolen.

Når det gjeld reisefølgje og tilsyn, skal kommunen gjere vedtak for grunnskoleelevar, mens fylkeskommunen skal gjere vedtak om reisefølgje og tilsyn for elevar i vidaregåande opplæring.

Myndigheita til å gjere vedtak kan delegerast, for eksempel til rektor.

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!