Dra på skoletur og leirskole

Det er lov å dra på skoleturar og på leirskole som ein del av opplæringa.

1. Elevane skal ikkje være nøydde til å betale

All opplæring skal vere gratis. Når turen er ein del av opplæringa, må turen vere gratis. Slik får alle elevar moglegheit til å delta.

Unntak for mat

Skolen dekkjer til vanleg ikkje maten til elevane, og treng heller ikkje å gjere det på ein skoletur.

2. Legg til rette for at alle elevar kan delta

Alle elevar skal ha moglegheit til å delta på ein skoletur. Det gjeld også elevar med funksjonshemming. Elevar kan ikkje stengjast ute frå skoleturar fordi dei har dårleg orden eller åtferd.

3. Ulykkesforsikringa må også gjelde for skoletur og leirskole

Skoleeigaren må sørgje for at alle elevane har ei ulykkesforsikring, og for at ho gjeld på skoleturar og på leirskole.

Les meir om ulykkesforsikring i rundskrivet vårt

4. Det er mogleg å få finansiering frå andre enn skoleeigaren

Så lenge opplæringa til elevane er gratis, kan andre enn skolen finansiere turen. Elevar og foreldre kan for eksempel gå saman om å samle inn pengar via dugnad eller loddsal.

Pengegåver

Elevar, foreldre og andre har lov til å gi pengar til turen. Føresetnadene er følgjande:

  • Pengane er ikkje øyremerkte éin elev, men kjem heile elevgruppa til gode.
  • Når elevar og foreldre gir pengar, må det skje anonymt.
  • Ingen skal pressast til å gi eller bidra.
  • Dei som gir gåver eller tilskot, kan ikkje komme med krav om motytingar, for eksempel i form av reklame for næringslivet.

Tilskotsordning

Kommunen kan søkje om støtte til å dra på leirskole via vår støtteordning

Tilskott til leirskoleopplæring

5. Eigne reglar for private turar

Gratisprinsippet gjeld ikkje for private turar.

Ein privat tur:

  • Går ikkje føre seg i skoletida
  • Følgjer ikkje læreplanen for fag og er ikkje ein del av årsplanen
  • Blir ikkje dekt av skolens ordensreglement og ulykkesforsikring

Elevar og foreldre kan organisere sine eigne private turar. Skoleeigaren kan også leggje til rette for at ein tur går føre seg både på skoledagar og fridagar. Den delen av turen som går føre seg på fridagane, kan reknast som ein privat tur. Det er skoleruta som avgjer kva som er fridagar.

6. Skoleeigaren avgjer om turen er privat eller ikkje.

Dersom det er tvil om turen er privat eller ikkje, er det skoleeigaren som må vurdere om turen skal reknast som ein del av opplæringa, og må følgje gratisprinsippet.

Vi i Udir ønskjer dykk ein god tur!

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!