Rett til mobilitetsopplæring for studentar

 

Oppdatert 25. januar 2016: Vi har lagt fram saka for Kunnskapsdepartementet etter eit spørsmål Norges Blindeforbund. Kunnskapsdepartementet svarte i januar 2016, og er einig i konklusjonen vår om at ein student ved ein høgskole eller eit universitet som ikkje har vedtak om grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4 A-1, og eventuelt § 4 A-2, ikkje har rett til mobilitetsopplæring etter opplæringslova.

Kven gjeld opplæringslova for?

Opplæringslova gjeld grunnskole og vidaregåande opplæring i Noreg, jf. opplæringslova § 1-2. Lova gir også vaksne rett til grunnopplæring dersom visse vilkår er oppfylte, jf. opplæringslova §§ 4 A-1 og 4 A-3. Det er berre vaksne som har rett til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4 A-1, som kan ha rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 4 A-2. Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring kan etter opplæringslova §§ 2-14 og 3-10 ha rett til mellom anna nødvendig mobilitetstrening.

Kven kan ha rett til grunnskoleopplæring for vaksne?

Ein person som har fullført grunnopplæringa, kan ha rett til grunnskoleopplæring for vaksne dersom vedkommande treng det, jf. § 4 A-1. Etter § 4 A-2 har vaksne som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne etter § 4 A-1, rett til spesialundervisning på grunnskolens område. Nødvendig mobilitetstrening kan betraktast som grunnskoleopplæring, men kan også tenkast gitt som spesialundervisning.

Kvar blir det gitt mobilitetstrening etter § 4 A-2?

Dersom vaksne med vedtak om rett til grunnskoleopplæring skal få tilbod om mobilitetstrening etter § 4 A-1, jf. § 4 A-2, skal dei få tilbod om slik opplæring på den skolen som tilbyr grunnskoleopplæring for vaksne, typisk eit vaksenopplæringssenter og ikkje eit universitet eller ein høgskole. Tilsvarande vil mobilitetstrening på skolevegen gjelde vegen frå heimen til den skolen som tilbyr grunnskoleopplæring for vaksne.

Studentar utan rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Utdanningsdirektoratet kan ikkje sjå at ein student ved ein høgskole eller eit universitet som ikkje har vedtak om grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4 A-1, og eventuelt § 4 A-2, har rett til mobilitetsopplæring etter opplæringslova. Kommunar kan ikkje på bakgrunn av opplæringslova påleggast å dekke utgifter til mobilitetstrening for personar som ikkje er omfatta av føresegnene om grunnskoleopplæring i opplæringslova.

Utdanningsdirektoratet er ikkje rett myndigheit til å tolke universitets- og høgskolelova, vi gjer likevel merksam på universitets- og høgskolelova § 4-3 femte ledd og svaret frå kunnskapsministerens på spørsmål om tilrettelegging for funksjonshemma studentar i spørjetimen 18. april 2012.