Grunnskolefag som privatist

Det finst ikkje privatisteksamen for grunnskolen for andre enn vaksne. Ungdom kan likevel, dersom dei oppfyller gitte vilkår, få tilbod om meir grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1. Ungdommane blir da deltakarar og kan ikkje gå opp til privatisteksamen.

Gjelder

 

Personer som har avslutta og fullført grunnskolen, og som ikkje har rett på grunnskoleopplæring for vaksne, har ikkje rett til å forbetre karakterane sine frå grunnskolen som privatistar. Men ungdom som har behov for meir grunnskoleopplæring, kan no få tilbod om det. Den 01.08.2016 fekk vi eit nytt andre ledd i § 4A-1. Kommunar og fylkeskommunar kan no tilby grunnskoleopplæring etter § 4A-1 første ledd til dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 (ungdomsrett), men som har behov for meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring.

Lovendringa gjer det mogleg for kommunar og fylkeskommunar å tilby grunnskoleopplæring til ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 i lova.

Deltakarar i tilbodet om meir grunnskoleopplæring etter nytt andre ledd må oppfylle to kriterium:

Dei må ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Dette inneber at dei må ha fullført grunnskolen og ikkje ha brukt opp retten til vidaregåande opplæring for ungdom. (Dei som er over 25 år, kan ha rett til grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4A-1 første ledd.)

Skoleeigaren må gå ut frå at vedkommande har behov for meir grunnskoleopplæring. Behovet for meir grunnskoleopplæring skal knytast til den moglegheita kvar enkelt har til å fullføre vidaregåande opplæring. Vurderinga skal knytast til det faglege nivået og kva for føresetnader han eller ho har for å kunne starte opp og følgje undervisninga på vidaregåande nivå, for dermed å klare å fullføre vidaregåande opplæring. Det er behovet til den enkelte ungdommen for meir grunnskoleopplæring, og ikkje berre eit ønske om betre grunnskolekarakterar eller grunnskolepoeng, som skal vere tema når behovet skal vurderast.

Dette inneber at alle ungdommar som har gjennomført grunnskolen, men som av ulike årsaker ikkje har eit godt nok fagleg grunnlag til å starte eller gjennomføre vidaregåande opplæring kan få grunnskoleopplæring etter § 4A-1 andre ledd.  Eit døme kan vere ungdommar som har komme til Noreg seint i grunnskoleopplæringa, og som derfor ikkje har fått all den grunnskoleopplæringa dei har behov for.

Rettleiar om meir grunnskoleopplæring.

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!