Oppfølgingstenesta Udir-11-2012

Kapittel 13 i forskrift til opplæringslova om oppfølgingstenesta er revidert. Endringane inneber ingen nye oppgåver for oppfølgingstenesta, men er presiseringar som skal gjere rolla og oppgåvene til oppfølgingstenesta enda tydelegare.

Innleiing

Opplæringslova § 3-6 fastset at fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje er i opplæring eller arbeid. Tenesta gjeld til og med det året ungdommen fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 3-8 eller § 4-6. Regelen gir departementet myndigheit til å gi forskrifter om oppgåvene til oppfølgingstenesta. Dette er gjort i kapittel 13 i forskrift til opplæringslova. Kapittelet er revidert, og endringane tok til å gjelde frå 01.02.2012. Endringane inneber ingen nye oppgåver for oppfølgingstenesta, men er presiseringar som skal gjere rolla og oppgåvene til oppfølgingstenesta enda tydelegare.

Bakgrunnen for endringane

Manglande gjennomføring i vidaregåande opplæring representerer eit stort problem, både for dei det gjeld og for samfunnet. Personar utan fullført vidaregåande opplæring er overrepresenterte blant arbeidsledige, uføretrygda og som mottakarar av sosialhjelp.

Det siste året var det registrert rundt 20 000 ungdommar i målgruppa til oppfølgingstenesta. Rapporteringar frå fylkeskommunen har vist at oppfølgingstenesta i fleire fylke ikkje kan gjere greie for store delar av målgruppa. Endringane i forskrifta har til føremål å presisere oppgåvene til oppfølgingstenesta. Det har eksistert ulik praksis i fylka med omsyn til i kva grad og kor lenge ungdommane har blitt følgde opp, og usikkerheit med omsyn til kva som eigentleg låg i plikta til å “ta kontakt” med kvar enkelt ungdom i målgruppa.

Kommentarar til dei enkelte reglane

§ 13-1 Formål

Bakgrunnen for endringa er eit ønske om å presisere at dei tilboda som ungdommane får, primært skal gi kompetanse. I tillegg er det presisert at opplæring, arbeid og andre tiltak kan kombinerast på ulike måtar for å sikre den nødvendige fleksibiliteten.

§ 13-2 Målgruppe

Målgruppa er i opplæringslova § 3-6 definert som ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Dette fører til at ungdom som til dømes er i ferd med å falle ut av vidaregåande opplæring, ikkje er omfatta. Ungdommane kjem først inn under ansvaret til oppfølgingstenesta når dei faktisk har slutta i vidaregåande opplæring.

Ungdommane er i målgruppa til og med det året dei fyller 21 år, jf. lova § 3-6. Denne ordlyden har vore tolka og praktisert ulikt. Enkelte fylkeskommunar har tolka det slik at tenesta gjeld kalenderåret, men dette er ikkje rett. Ansvaret følgjer skoleåret. Setninga ”Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år” kom inn i lovteksten i 2005, men dette vart sett på som ei vidareføring av tidlegare gjeldande rett, som innebar at ansvaret til oppfølgingstenesta var relatert til eit gitt tal med år etter fullført grunnskole. (Ot.prp. nr. 57 (2004 – 2005) side 28). Det at ansvaret følgjer skoleåret, vart utleidd av tilvisinga til “har fullført grunnskolen” og regelen i opplæringslova § 3-1 tredje ledd. Dette inneber at alle som til dømes er fødde i 1992, uansett tid på året, er omfatta av oppfølgingstenesta heile skoleåret 2012-2013. Dette er ein parallell til regelen i opplæringslova om skolestart. Etter opplæringslova § 2-1 tredje ledd skal grunnskoleopplæringa normalt begynne det kalenderåret barnet fyller seks år. På same måte som at enkelte vil vere fem år, andre seks år ved skolestart, vil enkelte vere 20 år og andre 21 år når dei ikkje lenger er i målgruppa til oppfølgingstenesta.

Enkelte har spurt om ansvaret til oppfølgingstenesta skal gjelde fram til 23 år, til dømes for ungdom som har vore under omsorga til barnevernet, eller som har fått utvida ungdomsrett til opplæring. Dette er ikkje tilfellet. Gjeldande lovgiving avgrensar ansvaret til 21 år, utan unntak. På side 55 i Ot.prp. nr. 57 (2004 – 2005) er det slått fast at oppfølgingstenesta ikkje skal utvidast tilsvarande utvidinga av ungdomsretten.

Det hender at ungdom flyttar ut av landet. Dei melder ikkje alltid utflytting til Folkeregisteret. Har dei flytta ut av landet, er dei ikkje lenger i målgruppa for oppfølgingstenesta, uavhengig av om dei har meldt utflytting eller ikkje. Det geografiske verkeområdet for opplæringslova er ikkje lovfest særskilt, og det følgjer da av allmenne rettsprinsipp at lova gjeld i riket. Dette inneber at lova gjeld for dei som oppheld seg innanfor rikets geografiske grenser. Det avgjerande er om ein person faktisk oppheld seg i Noreg, ikkje om vedkommande har meldt utflytting eller ikkje.

Det skjer også at personar flyttar frå eit fylke til eit anna utan å melde flytting til Folkeregisteret. Da oppstår spørsmålet om kva for ei av dei to oppfølgingstenestene som har ansvaret: Er det tenesta i det fylket der vedkommande er folkeregistrert, eller er det tenesta i det fylket der vedkommande faktisk oppheld seg? Utgangspunktet er at det er fylkeskommunen der vedkommande er folkeregistrert 1. januar det året vedkommande begynner i vidaregåande opplæring, som har ansvaret. Det kan likevel vere unntak. Det kan for eksempel vere naturleg å sjå på gjesteelevar, jf. forskrifta § 19-2, som ansvaret til opphaldsfylket.

§ 13-3 Oppgåver

Ei vesentleg presisering i denne paragrafen er kravet om at første steg i å etablere kontakt med ungdommane skal skje skriftleg. Slik kan ungdommane tidleg setje seg inn i kva for moglegheiter dei har.

For ytterlegare å sikre at informasjonen kjem fram, er det sett krav om at føresette til umyndige skal få same informasjon, med mindre informasjonen er teiepliktig etter ei anna lovgiving. Dersom det ikkje er nokon indikasjon på at ungdommen ikkje bur saman med dei føresette, er det ikkje noko krav om at oppfølgingstenesta skal bruke store ressursar for å oppspore ungdommane sine føresette dersom adressa er ukjend.

Det er ikkje høve til å gi informasjon til føresette for myndige personar.

Informasjon til ungdommen og eventuelt føresette skal skje så snart som mogleg etter at det er klart at ungdommen er i målgruppa. Formålet med å gi informasjon til føresette er at dei også skal få oversikt over dei moglegheiter og rettar ungdommane har. Det er ikkje meininga at dei føresette skal få kopi av all informasjon som blir send til ungdommen. Informasjons plikta gjeld berre det første, generelle brevet om kva for rettar ungdommen har.

Tidlegare har fylkeskommunane hatt ulik praksis med omsyn til det å ta kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa. Enkelte fylkeskommunar har tolka kravet om å ta kontakt slik at det var tilstrekkeleg å sende brev/e-post/SMS til ungdommane, utan å følgje opp dersom vedkommande ikkje svarte. Manglande svar vart av enkelte fylkeskommunar tolka som at ungdommen takka nei til oppfølging, og lét det vere med det. Noverande ordlyd, “etablere kontakt”, er meint å skulle skjerpe denne plikta, slik at det krevst at dei faktisk får kontakt. Det har ikkje vore sett på som føremålstenleg å forskriftsfeste måten ein etablerer kontakt, eller omfanget av kontakten, da noko som kan vere tilstrekkeleg i eitt tilfelle, ikkje nødvendigvis er det i eit anna. Plikta må ein sjå i samanheng med føremålet med oppfølgingstenesta, som er å få ungdom inn i kompetansegivande opplæring eller liknande.

Det skal primært etablerast kontakt med ungdommen sjølv. Men dersom oppfølgingstenesta har forsøkt å etablere kontakt utan å lykkast, kan informasjon frå samarbeidspartnarar for oppfølgingstenesta, til dømes skole, rådgivarar, NAV, PPT eller frå føresette for ungdom under 18 år, brukast til å setje den statuskoden som best beskriv ungdommens situasjon. Informasjon frå venner eller bekjente om ungdommens situasjon er derimot ikkje tilstrekkeleg til å flytte ungdommen bort frå ein “ukjend”-kode.

Nytt er også kravet om “rettleiingssamtalar”. Det er ikkje sett noko krav til innhaldet i slike samtalar, heller ikkje til kor mange, da behova kan variere. Enkelte kan trivast og fungere utmerkt med det tilbodet dei har fått, mens andre har problem. Også her er det viktig å sjå på føremålet med forskrifta.

§ 13-4 Samarbeid og koordinering

Tidlegare forskrift § 13-1 tredje ledd er i revidert form plassert i § 13-4 andre ledd, da det naturleg høyrer heime under samarbeid og samordning. Dette er ikkje meint å vere ei realitetsendring. Førebyggjande arbeid vil i alle tilfelle vere ei frivillig sak både for den enkelte oppfølgingstenesta og for skolane. Ettersom ungdommar som står i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring, ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-6, kan ein ikkje påleggje oppfølgingstenesta å arbeide førebyggjande.

Første ledd i regelen pålegg oppfølgingstenesta ei plikt til samarbeid. Andre etatar kan ikke påleggjast plikter etter kapittel 13.