Skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen

Kommunen skal ha tilstrekkeleg og relevant skolefagleg kompetanse til å kunne løyse oppgåvene sine etter opplæringslovgivinga på ein forsvarleg og regelverkskonform måte. Kva som er tilstrekkeleg kompetanse, må vurderast konkret, mellom anna ut i frå organisasjon, storleik og kompleksitet i kommunen.

Dei skolefagleg kompetente personane i kommuneadministrasjonen skal ha innverknad på dei skolerelaterte avgjerslene som blir tekne i kommunen.

Dersom det er forsvarleg og i samsvar med relevant lovgiving at den skolefagleg kompetente personen i kommuneadministrasjonen også har ein annan funksjon i kommunen, er ikkje dette i strid med regelverket.

Gjelder

Kravet til skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen

I opplæringslova § 13-1 fjerde ledd heiter det at kommunen skal ha ”skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skolenivået”.

Kommunen er ansvarleg for at heile kommuneorganisasjonen etterlever reglane

Kommunen v/ kommunestyret er ansvarleg for at heile kommuneorganisasjonen etterlever reglane i opplæringslova med forskriftsverk, medrekna den enkelte skolen og overfor den enkelte eleven, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd og kommunelova § 6.

Kravet til skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen er for å setje kommunen i stand til å løyse pliktene sine etter opplæringslovgivinga på ein forsvarleg måte, og dermed sikre at elevane får det opplæringstilbodet som dei har krav på.

Kravet til skolefagleg kompetanse er nært knytt til kravet om eit forsvarlig system

Kravet til skolefagleg kompetanse er nært knytt til kravet til kommunen om eit forsvarlig system, jf. opplæringslova § 13-10 andre ledd. Dette kravet inneber at kommunen skal ha eit forsvarleg system for mellom anna å avdekkje lovbrot og for å setje i verk adekvate tiltak for å få avdekte lovbrot i samsvar med regelverket.

Eit forsvarleg system etter opplæringslova § 13-10 kan vanskeleg realiserast og følgjast opp og vedlikehaldast utan riktig og tilstrekkeleg skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen. Det er vidare klart at kompetanse ikkje i seg sjølv er nokon tilstrekkeleg suksessfaktor; kompetansen må vere knytt til, og ha innverknad på, dei avgjersler som blir tekne.

Kravet til skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen oppsummert

Kommunen skal ha tilstrekkeleg og relevant skolefagleg kompetanse til å kunne løyse oppgåvene sine etter opplæringslovgivinga på ein forsvarleg og regelverkskonform måte. Kva som er tilstrekkeleg kompetanse, må vurderast konkret, mellom anna ut i frå organisasjon, storleik og kompleksitet i kommunen.

Dei skolefagleg kompetente personane i kommuneadministrasjonen skal ha innverknad på dei skolerelaterte avgjerslene som blir tekne i kommunen.

Kombinere rektorfunksjonen og funksjonen som skolefagleg kompetanseperson

Eit spørsmål av noko meir spesifikk karakter er om ein person som tek seg av den skolefaglege kompetansefunksjonen etter § 13-1 fjerde ledd, også kan ta seg av andre opplæringsrelaterte funksjonar i kommunen, til dømes funksjonen som rektor ved ein skole i den same kommunen.

Utdanningsdirektoratet ser at det for små kommunar av praktiske og økonomiske grunnar kan vere behov for å finne alternative løysingar for å oppfylle lovkravet om skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skolenivået. Det er likevel ikkje høve til å dispensere frå krav i lova.

I opplæringslova § 13-1 fjerde ledd heiter det at kommunen skal ha den skolefaglege kompetansen ”i kommuneadministrasjonen over skolenivået”. Dette statuerer etter direktoratets oppfatning eit delegasjonsforbod.

For at rektorfunksjonen og funksjonen som skolefagleg kompetanseperson etter dette skal kunne la seg kombinere for ein og same person, må funksjonane arbeidsrettsleg haldast frå kvarandre, typisk ved separate arbeidsforhold for kvar av funksjonane.

Ei funksjonsdeling må vere foreinleg med rektors ansvar og arbeidsoppgåver

Den skolefaglege kompetansefunksjonen skal sikrast på ein tilfredsstillande måte kva gjeld arbeidsmengd. Dersom vedkommande er den einaste som skal sikre funksjonen som skolefagleg kompetent person i kommuneadministrasjonen, må vedkommande ved sida av andre plikter ha tilstrekkeleg restkapasitet til også å løyse oppgåvene etter opplæringslova § 13-1 fjerde ledd.

Funksjonsdelinga må vere foreinleg med rektors ansvar og arbeidsoppgåver, jf. opplæringslova. § 9-1.

  • Det må ikkje vere konflikt mellom dei respektive rollene. Forhold som potensielt vil kunne føre til konflikt, er eksempelvis at den skolefagleg kompetente personen i kommunen har instruksjonsmyndigheit over rektoren(-ane) ved skolane i kommunane. Vidare vil det kunne vere problematisk dersom den skolefaglege kompetente personen er involvert i klagesaker som gjeld skolane, eller har innverknad på tildelingar til skolane. Vedrørande klagesaker vil dette berre gjelde i dei tilfella der det ikkje er statleg klage, jf. kap. 15 i opplæringslova.
  • Den ovannemnde vurderinga må gjerast i kvart enkelt konkret tilfelle, mellom anna med omsyn til organisasjonsforma i kommunen, plasseringa av den skolefagleg kompetente personen i organisasjonen, osv.
  • Sjølv om nemnde funksjonsdeling etter dette i prinsippet kan vere foreinleg med regelverket, er det grunn til å tru at dette i mange tilfelle er problematisk å gjennomføre på ein forsvarleg måte.

Om den skolefaglege kompetansen lèt seg kombinere med andre funksjonar i kommunen, vil avhenge av ei heilskapsvurdering av om funksjonane lèt seg kombinere på ein forsvarleg måte. Utgangspunktet er at kommunen sjølv kan delegere oppgåver innanfor sin organisasjon (ansvaret vil i alle høve alltid liggje hos kommunen), men delegasjonen må vere forsvarleg

Den skolefagleg kompetente personen i kommuneadministrasjonen kan også ha ein annan funksjon i kommunen

Dersom det etter ei vurdering framstår som forsvarleg og i samsvar med relevant lovgiving at den skolefagleg kompetente personen i kommuneadministrasjonen også har ein annan funksjon i kommunen, meiner Utdanningsdirektoratet at dette ikkje er i strid med opplæringslova § 13-1 fjerde ledd. Ei eventuell deling av funksjonane skolefagleg kompetent og rektor, eller andre funksjonar på lågare nivå, må gjennomførast arbeidsrettsleg og kan ikkje gjerast gjennom delegasjon.

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!