Samisk opplæring i kriminalomsorga

Ein vaksen kan ha rett til opplæring i og på samisk i grunnskoleopplæringa. Vaksne som får vidaregåande opplæring har krav på å få opplæring i samisk, men dei har ikkje rett til opplæring på samisk.

Gjelder

Vi har svart på spørsmål frå Fylkesmannen i Troms om den retten innsette har til å få opplæring på samisk.

Har den innsette rett til å få opplæring på samisk?

Førespurnaden gjeld ein innsett med samisk bakgrunn som krev å få opplæring i fengselet på samisk. Har den innsette rett til å få opplæring på samisk?

Nedanfor er det ei oversikt som viser om ein person som får opplæring spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kapitel 4A, har rett til opplæring i og på samisk når dei gjennomfører anten grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring.

Det må understrekast at opplæringstilbod som vaksne deltek i, og som òg er retta mot barn og unge, fell utanfor kapitel 4A og § 1-2 tredje ledd. Slike tilbod er omfatta av hovudregelen om verkeområdet til lova i § 1-2 første ledd.

Grunnskoleopplæring

Opplæring spesielt organisert for vaksne er uttømmande regulert i opplæringslova kapitel 4A, jf. opplæringslova § 1- 2 tredje ledd. Rett til grunnskoleopplæring for vaksne er regulert i opplæringslova § 4A-1.

Ein vaksen kan ha rett til opplæring i og på samisk etter § 4A-1. Men opplæringslova kapitel 6 gjeld altså ikkje direkte, da kapitel 4A uttømmande regulerer opplæring som er spesielt organisert for vaksne. Kapitel 4A fastset at enkelte av dei andre reglane i lova også gjeld for kapittel 4A, men noko slikt er ikkje fastsett i høve til kapitel 6 om samisk opplæring.

Opplæring i samisk

Normalt bør ein imøtekomme eit krav om opplæring i samisk for ein vaksen same som elles treng grunnskoleopplæring (og som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, jf. dette kriteriet i § 4A-1). I denne samanhengen blir det derfor i realiteten liten forskjell mellom vaksne samar og samiske elevar i grunnskolealder. Som kjent har alle i sistnemnde gruppe etter opplæringslova § 6-2 rett til opplæring i samisk.

Opplæring på samisk

Ein kan ikkje automatisk leggje til grunn at vaksne samar som får undervisning etter § 4A-1, må få opplæring på samisk. Heller ikkje i grunnskolealder har alle samiske elevar rett til opplæring på samisk. Elevar i grunnskolealder har rett til opplæring på samisk i eit samisk distrikt, eller når det utanfor eit samisk distrikt er minst ti elevar som ønskjer ei slik opplæring, jf. opplæringslova § 6-2. Det må bedømmast heilt konkret i det enkelte tilfellet om opplæring på samisk er nødvendig for den enkelte vaksne for at opplæringa skal bli forsvarleg.

Vidaregåande opplæring for vaksne

Retten til vidaregåande opplæring for vaksne følgjer av opplæringslova § 4A-3.

Vaksne samar som får opplæring etter kapitel 4A, har rett på å få opplæring i samisk, men dei har ikkje rett til opplæring på samisk.

I rundskrivet Udir-2-2008 om voksnes rett til videregående opplæring står det nærmare om opplæring i og på samisk for vaksne.

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!