Fritak frå opplæring - Endringar i forskrift til privatskolelova Udir-12-2009

Kunnskapsdepartementet har med verknad frå 9. november 2009 vedteke endringar i forskrift 14.07.06 nr. 932 til privatskolelova. Endringane omfattar innføringa av nytt kapittel 5A om fritak frå opplæring.

Bakgrunn

Med verknad frå 1. juli 2007 har departementet fått heimel i privatskolelova § 2–3 andre ledd andre punktum til å gje forskrift om ”…fritak frå opplæring i sidemålet for elevar i grunnskolen som får særleg språkopplæring, om godskriving av tidlegare gjennomgått vidaregåande opplæring eller praksis, og om fritak for den praktiske delen av kompetansemåla i faget kroppsøving i den vidaregåande skolen.”

Kunnskapsdepartementet gav Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide forslag til fritak for opplæring. Forslaget blei sendt på høring 12. november 2008. Etter høringa blei forslaget oversendt Kunnskapsdepartementet 8. mai 2009.

Forskrift til opplæringslova § 1-11 omhandlar fritak frå opplæring i sidemål for elevar som får særleg språkopplæring. Paragrafane 1–12 i den same forskrifta omhandlar ”Fritak frå opplæring i fag i vidaregåande opplæring”. Det blir nå gjeve føresegner om dei same emna i forskrift til privatskolelova. Det blir elles synt til kapittel 11 i Ot.prp. nr. 37 (2006-2007) om endringar i friskolelova, der det blant anna heiter:

”Slik departementet ser det har det aldri vært meningen at det skulle være forskjeller mellom opplæringsloven og friskoleloven på dette området. Etter departementets vurdering er det rimelig at elever som får særskilt språkopplæring i offentlige grunnskoler og private grunnskoler med rett til statstilskudd likebehandles når det gjelder fritak for kravet om opplæring i skriftlig sidemål. Når det gjelder videregående skoler, vil departementet særlig peke på at de skolene som har læreplaner som er godkjent etter friskoleloven § 2-3 allerede har myndighet til å gi standpunktskarakterer og skrive ut vitnemål og kompetansebevis, jf. kapittel 4 i forskrift til friskoleloven. Det er derfor naturlig at departementet også kan gi forskrift om godskriving av tidligere gjennomført videregående opplæring eller praksis med hjemmel i privatskoleloven.

Departementet foreslår derfor at det gis tilsvarende forskriftshjemler i friskoleloven § 2-3. I tillegg foreslår departementet en forskriftshjemmel som gjør det mulig for daglig leder å gi fritak fra den praktiske delen av faget kroppsøving. Slik forskrift er gitt i forskrift til opplæringsloven § 1-12 annet ledd.”

Om endringa

Følgjande endringar er gjort i forskrift 14.07.06 nr. 932 til privatskolelova:

Det er vedteke eit nytt kapittel 5A om fritak frå opplæring. Paragraf 5a-1 lyder som følgjer:

§ 5a–1 Opplæring i skriftleg sidemål i grunnskolen

 

For desse grunnskoleelevane gjeld ikkje kravet om opplæring i skriftleg sidemål:
a) elevar som får særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5 
b) elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk 
c) elevar som har finsk som andrespråk 
d) elevar som får opplæring i teiknspråk som førstespråk 

Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-21.

Kommentar til § 5a-1

Føresegna omfattar berre elevar i grunnskolen. Dette heng saman med at departementet i § 2–3 andre ledd andre punktum berre har kompetanse til å gje forskrift om ”…fritak frå opplæring i sidemålet for elevar i grunnskolen som får særleg språkopplæring.”

I motsetning til elevar i den offentlege skolen har ikkje elevar i private skolar med rett til statstilskott rett til teiknspråkopplæring, finskopplæring og samiskopplæring. Skolane kan likevel velje å ha samisk som undervisningsspråk, jf. privatskoleloven § 2–1. I kapittel 7.4 i Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) om endringar i friskolelova er det lagt til grunn at privatskolelova ikkje er til hinder for at dei skolane som har norsk som undervisningsspråk tilbyr elevar opplæring i samisk, dersom læreplanen er godkjent etter privatskolelova § 2-3. Etter Utdanningsdirektoratets vurdering er privatskolelova heller ikkje til hinder for at skolane tilbyr teiknspråkopplæring og finskopplæring, dersom læreplanen er godkjent etter privatskoleloven § 2–3. Forskriftsendringa inneber derfor at også elevar i private grunnskolar med rett til statstilskott som har opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk, finsk som andrespråk eller teiknspråk som førstespråk har krav på fritak frå opplæring i skriftleg sidemål.  

Paragraf 5a–1 første ledd bokstav a vil ikkje få praktiske konsekvensar for elevar ved dei norske skolane i utlandet, jf. privatskolelova § 3–5 fjerde ledd der det kjem fram at føresegna ikkje gjeld for elevar ved norske grunnskolar i utlandet.

Paragraf 5a-2 lyder som følgjer:

§ 5a–2 Fritak frå opplæring i fag i vidaregåande opplæring

For å få utferda vitnemål, må som hovudregel alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar [med] den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 vere bestått, jf. § 3-41 andre ledd. Dagleg leiar kan likevel etter søknad gi fritak frå opplæring i fag som inngår i fagfordelinga, dersom eleven tidlegare har bestått det same faget eller har bestått likeverdig eller meir omfattande opplæring i faget.

For den praktiske delen av kompetansemåla i faget kroppsøving kan dagleg leiar etter søknad gi fritak frå opplæring når ei fråsegn frå lege dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og tilpassa opplæring ikkje er mogleg.

Kommentar til § 5a-2

Føresegna tilsvarer forskrift til opplæringslova § 1–12 Fritak frå opplæring i fag i vidaregåande opplæring. Bakgrunnen for skilnaden i ordlyden i sistnemnde føresegn og i § 5a–2 første ledd første punktum, er at offentleg opplæring og private skolar med rett til statstilskott har ulik finansieringsmodell, jf. mellom anna § 13 i økonomiforskrift til privatskolelova. 

Elevar som får stetta fritak frå opplæring må omreknast til deltidselvar, jf. økonomiforskrift til privatskolelova § 13 fjerde ledd.

Føresegna gjeld for vidaregåande skolar som driv verksemda si etter privatskolelova § 2–1, det vil seie at føresegna ikkje skal gjelde for tilbod som gjev yrkesretta opplæring som ikkje blir gjeve ved vidaregåande offentlege skolar etter privatskolelova § 6A-1.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!