Ordensreglement på SFO

Reglane om elevane sitt skulemiljø og reglane for elevane sin tryggleik gjeld også for SFO. Skulens ordensreglement gjeld ikkje for SFO. SFO må ha eigne vedtekter, og bør ha eigne ordensreglar.

Gjelder

Vi har svart på eit spørsmål om kommunen kan vedta at skulens ordensreglement også skal gjelde for skulefritidsordninga (SFO).

Ordensreglementet gjeld i skuletida

Ordensreglementet inneheld reglar om rettane og pliktene til elevane for den enkelte grunnskulen, jf. opplæringslova § 2-9. Utgangspunktet er dermed at det berre er i skuletida ordensreglementet gjeld, og at berre elevar kan omfattast av dette reglementet. SFO vil som hovudregel heller ikkje omfattast av opplæringslova sitt verkeområde, jf. opplæringslova § 1-2.

Reglane om elevane sitt skulemiljø og reglane for elevane sin tryggleik vil også gjelde for SFO. Dette følgjer direkte av opplæringslova § 9a-8 og forskrift til opplæringslova § 12-1.

SFO skal ha eigne vedtekter

SFO skal ha eigne vedtekter som set rammer for verksemda. Utforminga av SFO-tilbodet er overlaten til det lokale sjølvstyret innafor relativt vide rammer. Kommunen kan i stor grad forme reglar tilpassa behov i verksemda, då dei utgjer eit tilbod og ikkje ein rett for elevane.

Mange av reglane for SFO kan dermed vere tilsvarande ordensreglementet for skulen, men ein kan ikkje vedta at ordensreglementet gjeve med heimel i § 2-9 skal gjelde for SFO. Det vil heller ikkje vere grunnlag for å regulere sanksjonar som bortvising, jf. § 2-10, frå eit slikt tilbod.

Kommunen bør opprette eigne ordensreglar for SFO

Slik vi ser det bør kommunen opprette eigne ordensreglar for SFO. Vi viser i denne samanheng til opplæringslova § 13-7 andre ledd og § 9a-1. Slike reglar må ein informere foreldra om, t.d. i vedlegg til avtala med foreldra. Sjølv om skulen og SFO ofte har eit tett samarbeid, vil SFO-tilbodet i tillegg til eit enkeltvedtak om inntak byggje på ei privatrettsleg avtale.

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!