Mogleg for foreldregrupper å oppmode til tiltak

Skolen skal behandle ei oppmoding om tiltak frå foreldrekontaktar, grupper av foreldre eller rådsorgan knytte til det psykososiale miljøet etter reglane om enkeltvedtak.

Gjelder

Er det mogleg for foreldrekontaktar, grupper av foreldre eller rådsorgan å sende ei oppmoding til skolen på bakgrunn av det psykososiale miljøet på skolen?

Oppmodingar om tiltak knytte til det psykososiale miljøet kan komme frå elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei. Det følgjer av Ot.prp. nr. 72 (2001-02). Skolen skal snarast mogleg behandle slike saker etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Det går fram av opplæringslova § 9a-3.

Eit vedtak er eit enkeltvedtak dersom adressatane er individualiserte, sjølv om dei er mange

Det avgjerande for om eit vedtak er å sjå på som eit enkeltvedtak eller ei forskrift, er korleis vedtaket er formulert, jf. forvaltningslova § 2b). Eit vedtak vil vere eit enkeltvedtak dersom adressatane er individualiserte, sjølv om dette gjeld mange personar.

At oppmodinga om tiltak eller/og dei personane tiltaket rettar seg mot, er mange, er derfor ikkje til hinder for at vedtaket er å sjå på som eit enkeltvedtak.

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!