Delegering av mynde til samarbeidsutvalet - fastsetjing av ordensreglement

Kommunen kan delegere mynde til å fastsetje eit ordensreglement til samarbeidsutvalet, men må vere merksam på at samarbeidsutval fyrst og fremst bør vere eit rådgjevande organ. Delegasjonen må vere trygg og forsvarleg.

Gjelder

Utdanningsdirektoratet har fått eit spørsmål om kommunen kan delegere mynde til å fastsetje ordensreglement til samarbeidsutvalet på skulen.

Kvar skule skal ha eit ordensreglement

I opplæringslova § 2-9 står det at kommunen har plikt til å syte for at kvar skule har eit ordensreglement. I mange tilfelle vil kommunen delegere denne mynda til rektor på skulen.

Alle grunnskular skal ha eit samarbeidsutval

Alle grunnskular skal ha eit samarbeidsutval. Eit samarbeidsutval er i hovudsak eit rådgjevande organ som kan uttale seg om alle sakar som gjeld skulen. Det består av representantar frå undervisningspersonalet, andre tilsette, foreldrerådet, elevane og kommunen. Ein av representantane frå kommunen skal vere rektor ved skulen.

Samarbeidsutvalet kan få delegert styringsoppgåver frå kommunen

Sjølv om samarbeidsutvalet vanlegvis ikkje er eit forvaltningsorgan, kan det og få delegert styringsoppgåver frå kommunen, jf. opplæringslova § 11-1 tredje avsnitt. Når samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver, opptrer dei på vegner av kommunen og vil i praksis fungere som eit driftsst yre. Dette er presisert i Ot.prp. nr. 46 (1997 -1998)s. 187 og i kommentarutgåva til opplæringslova. I mange tilfelle vil også kommunen nemne opp samarbeidsutvalet som eit faktisk styre for skulen når dei har fått delegert slike styringsoppgåver, jf. kommunelova § 11.

Ein delegasjon må vere trygg og forsvarleg

Fastsetjing av ei forskrift gjeldande for skulen er ei styringsoppgåve. Etter det Utdanningsdirektoratet kan sjå, vil det altså vere mogleg å delegere mynde til å fastsetje eit ordensreglement til samarbeidsutvalet. For at kommunen skal velje å gjennomføre ein slik delegasjon må delegasjonen vere trygg og forsvarleg. For å sikre ein forsvarleg delegasjon må eit organ som får ei slik oppgåve

  • vekkje tillit hos andre som vert ramma av delegasjonen
  • vere villig til å ta på seg oppgåva
  • vere medveten kommunen si mynde til å gje instruksjon
  • få tilstrekkeleg opplæring og kompetanse til å fastsetje eit ordensreglement.

Ein må og vere oppmerksam på at rektor, som er ein obligatorisk deltakar i samarbeidsutvalet, ikkje er involvert i sakshandsaminga, slik at han vil vere ugild, jf. kommunelova § 40.

Mange samarbeidsutval vil etter dette vere best eigna som rådgjevande organ, og ikkje som styringsorgan. Ein skal likevel ikkje sjå bort frå at nokre kommunar finn ein slik delegasjon formålstenleg, særleg der samarbeidsutvalet er eit driftsstyre.

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!