Opplæringskontor i fag- og yrkesopplæringa

Fleire bedrifter kan gå saman om å gi lærlingar og lærekandidatar læretid i bedrift. Dersom bedrifter ønskjer å organisere seg på denne måten, blir det kalla eit opplæringskontor.

Organisert som eit opplæringskontor

Fleire bedrifter kan gå saman om å gi lærlingar og lærekandidatar læretid i bedrift. Dersom bedrifter ønskjer å organisere seg på denne måten, blir det kalla eit opplæringskontor. Det er opplæringskontoret som blir rekna som lærebedrift, og ikkje kvar enkelt underliggjande bedrift (dei blir kalla medlemsbedrift)1.

Sjølv om det er eit krav om godkjenning av den enkelte medlemsbedrifta etter opplæringslova § 4-3 andre ledd, gir ikkje det bedrifta status som lærebedrift. Mange medlemsbedrifter gir i dag all opplæringa på eiga hand, sjølv om den opphavlege tanken bak opplæringskontora var at fleire bedrifter skulle samarbeide om opplæringa. At ei medlemsbedrift leverer 100 % av opplæringa, gir ikkje bedrifta status som «lærebedrift» tolka etter lova.

Godkjenning av opplæringskontor og medlemsbedrifter

Opplæringskontoret må godkjennast av fylkeskommunen for å bli lærebedrift. Ein føresetnad for dette er at også medlemsbedriftene som inngår i opplæringskontoret, er godkjende av fylkeskommunen. Det er eit viktig prinsipp at også den enkelte medlemsbedrifta blir godkjend, ettersom det faktisk er ho som gir opplæring til lærlingar og lærekandidatar.

Opplæringskontoret har rett til godkjenning dersom det oppfyller vilkåra i opplæringslova, og fylkeskommunen kan ikkje komme med tilleggskrav.

Dersom eit opplæringskontor tek opp ei ny medlemsbedrift, må dette meldast til fylkeskommunen, slik at fylkeskommunen kan vurdere den nye samansetjinga av opplæringskontoret opp mot krava til godkjenning i opplæringslova. Ordninga skal sikre at fylkeskommunen har oversikt og kontroll på opplæringa.

Godkjenning når medlemsbedriftene ligg i fleire fylke

Det er fylkeskommunen der medlemsbedrifta ligg, som skal godkjenne bedrifta for den delen av opplæringa som bedrifta skal stå for2. Det gjeld sjølv om opplæringskontoret ligg i eit anna fylke. Fylkeskommunen kan ikkje nekte å godkjenne bedrifter som ønskjer å inngå i eit opplæringskontor som ligg i eit anna fylke.

Talet på medlemsbedrifter i eit opplæringskontor

Lova seier ikkje noko om talet på medlemsbedrifter knytte til eit opplæringskontor. Eit opplæringskontor kan gjerne ha fleire bedrifter knytte til seg, men det er ikkje nødvendigvis slik at alle desse bedriftene har lærlingar inne heile tida.

Opplæringskontoret skal ha avtalar eller vedtekter med medlemsbedriftene

Det skal vere avtalar eller vedtekter mellom opplæringskontoret og medlemsbedriftene som fastset kva for opplæring den enkelte bedrifta skal gi, og delinga av tilskotet. I desse avtalane eller vedtektene skal den interne planen for opplæring nedfelles.

Lærlingen og lærekandidaten inngår kontrakt med opplæringskontoret

Opplæringskontoret er ei eiga juridisk eining. Lærlingen og lærekandidaten inngår ein lærekontrakt og opplæringskontrakt (heretter kontrakt) med opplæringskontoret. For å bli gyldig må kontrakten godkjennast av fylkeskommunen i det fylket opplæringskontoret ligg.

Medlemsbedrifta har arbeidsgivaransvaret og skriv arbeidsavtale

Arbeidsgivaransvaret ligg hos den medlemsbedrifta der lærlingen eller lærekandidaten til ei kvar tid får opplæring. Det skal liggje føre ein skriftleg arbeidsavtale mellom medlemsbedrifta og lærlingen og lærekandidaten.

Tilskotet skal betalast ut til opplæringskontoret

Opplæringskontoret får tilskot per lærling og lærekandidat frå den fylkeskommunen der lærlingen eller lærekandidat er busett. Tilskotet skal utbetalast til opplæringskontoret og ikkje til dei enkelte medlemsbedriftene. Opplæringskontoret skal ha avtalar eller vedtekter som fastset fordelinga av tilskotet. Det er ikkje noko krav om korleis fordelinga skal gjerast, berre at avtalen eller vedtektene viser kva som er fastsett om delinga3.

Det er viktig at tilskotet som opplæringskontoret får, blir brukt til å finansiere dei utgiftene som opplæringskontoret og medlemsbedriftene har med å ha lærlingar eller lærekandidatar.

Opplæringskontoret må ha ein eller fleire faglege leiarar

Det er eit vilkår for godkjenning at opplæringskontoret har ein eller fleire faglege leiarar. Ein fagleg leiar har ansvaret for opplæringa og skal sikre at medlemsbedrifta følgjer pliktene sine etter opplæringslova med forskrifter. Det er opp til kvart enkelt opplæringskontor å peike ut kven som skal vere fagleg leiar, men han eller ho må vere «fagleg kvalifisert»4. Det vil seie at den faglege leiaren bør ha god og oppdatert kompetanse. I dag er kravet i lova om at den faglege leiaren er kvalifisert, eit krav som kan oppfyllast både gjennom formell utdanning i faget eller gjennom praksis innafor faget. Det blir ikkje lovfesta eit ytterlegare krav om formell utdanning for den faglege leiaren, sidan behovet for kompetanse stadig endrar seg.

Det er opplæringskontoret som har det overordna ansvaret for at medlemsbedrifta oppfyller krava i lova. Ein fagleg leiar vil typisk ha ansvaret for ein del av dei praktiske oppgåvene knytte til kvalitetssikringa, og er den personen som fylkeskommunen skal halde seg til.

Medlemsbedriftene må ha ein eller fleire instruktørar

Det er eit krav om instruktør ved kvar bedrift som driv opplæring. Det føreset at instruktøren er fagleg kvalifisert til å utføre pliktene sine overfor lærlingen og lærekandidaten. Det er ikkje lovfesta eit krav til kompetanse.

Heving av kontrakten

Dersom ei medlemsbedrift ikkje lenger har høve til å gi læreplass til ein lærling eller lærekandidat, må læreforholdet avviklast i samsvar med den avtalen bedrifta har med opplæringskontoret. Om nødvendig må lærlingen eller lærekandidaten få tilbod om å få delar av læretida si ved ei anna bedrift.

Endring og heving av eit læreforhold er uttømmande regulert i opplæringslova § 4-6. Det gjeld både kontrakten og det tilhøyrande, underliggjande arbeidsforholdet. Det inneber mellom anna at det er nødvendig med samtykke frå fylkeskommunen for å kunne avslutte læreforholdet. Dette gjeld uavhengig av om lærebedrifta er eit opplæringskontor eller ikkje.

For lærlingar over 21 år som inngår lærekontrakt med full opplæring i bedrift og har prøvetid på seks månader5, gjeld arbeidsmiljølova §§ 15-3 og 15-6.6

Elles er lærlingar og lærekandidatar arbeidstakarar i dei bedriftene dei har teikna arbeidsavtale med, og arbeidsforholdet er underlagt dei lovene og tariffavtalane som gjeld i arbeidslivet7.

Krav om rapportering

Opplæringskontora har ei plikt til å rapportere til fylkeskommunen ein gong i året. Dei enkelte medlemsbedriftene skal ikkje rapportere. Den årlege rapporten skal danne grunnlag for det vidare arbeidet i fylkeskommunen med å utvikle fag- og yrkesopplæringa i fylket.

Rapporteringsplikta følgjer av opplæringslova § 4-7 andre ledd og er utdjupa i forskrifta § 11-3. Opplæringskontoret skal gi den informasjonen som fylkeskommunane krev, for å kunne vurdere om bedrifta skal få godkjenning, eller om godkjenninga skal vidareførast. Opplæringskontoret skal mellom anna

  • dokumentere om opplæringa tilfredsstiller krava i lova og forskrifta, og om det er grunnlag for vidare godkjenning som lærebedrift
  • gjere greie for korleis tilskotet blir brukt
  • sikre at medlemsbedriftene har avtalar eller vedtekter som sikrar at lærlingen og lærekandidaten får opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt i den individuelle opplæringsplanen for lærekandidaten
  • ha internkontroll for å sikre at lærlingen og lærekandidaten får opplæring i samsvar med lova og forskrifta

Spørsmåla i Lærebedriftsundersøkinga speglar i stor grad av det lærebedriftene skal rapportere på etter opplæringslova § 4-7 andre ledd. Lærebedrifta har i tillegg ei plikt til å rapportere på bruken av tilskot. Dette er ikkje dekt i Lærebedriftsundersøkinga.

Kvar enkelt fylkeskommune vel sjølv om dei ønskjer at lærebedriftene i deira fylkeskommune skal vere med i Lærebedriftsundersøkinga. Nokre fylkeskommunar vel å ikkje vere med i denne undersøkinga. Lærebedriftene, medrekna opplæringskontora, må da rapportere på annan måte.

Dersom det er opplysningar i protokollar som opplæringskontoret ikkje ønskjer å oppgi, marknadsføringstiltak, forretningshemmelegheiter etc., er det mogleg å sladde desse opplysningane før dei blir sende over til fylkeskommunen. Slik vi forstår det, blir rekneskapen til bedriftene også offentleggjord i Brønnøysundregisteret.

NIFU har på oppdrag fra Utdanningsdirektoratet undersøkt opplæringskontorenes rolle i norsk fag- og yrkesopplæring. Rapporten finner du her. 


1 Sjå opplæringslova § 4-3 tredje ledd.
2 Sjå forskrift til opplæringslova § 11-1 andre punktum.
3 Sjå opplæringslova § 4-3 tredje ledd.
4 Sjå opplæringslova § 4-3.
5 Sjå opplæringslova § 4-5 tredje ledd.
6 Sjå opplæringslova § 4-5 tredje ledd.
7 Sjå opplæringslova § 4-2 andre ledd første punktum.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!