Medisinering og spesialundervisning

Medisinering og oppfølging av ein elev med diabetes er ikkje spesialundervisning.

Gjelder

Medisinering fell inn under det overordna ansvaret til skoleeigaren om å syte for at elevar får den hjelpa med legemiddelhandtering som dei treng for å kunne fungere i skolekvardagen, jf. rundskriv I-5/2008.​

Utdanningsdirektoratet har fått eit spørsmål om kven som har ansvaret for medisinering og oppfølging av ein elev med diabetes.

Spørsmålet er knytt til om det aktuelle tiltaket kan reknast som spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, eller om ein skal sjå på tiltaket som medisinsk behandling. Det følgjer av privatskolelova § 3-6 at reglane om spesialundervisning i opplæringslova gjeld tilsvarande for elevar i private grunnskolar. Problemstillinga er viktig for å avgjere om det er kommunen eller styret for den private skolen som må finansiere og organisere tiltaket.

Medisinering er ikkje spesialundervisning

Spesialundervisning gjeld for dei elevane som ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Retten til spesialundervisning er først og fremst knytt til særskilde opplæringsbehov for elevar med ulike typar lærevanskar. Ein elev som har diabetes vil vere avhengig av å få medisinering. Dette er likevel ikkje det same som at ein skal sjå på slik medisinering og oppfølging som spesialundervisning.

Retten til spesialundervisning gjeld opplæring, ikkje behandling. Ein elev med diabetes vil i utgangspunktet ha eit tilfredsstillende læringsutbytte av det ordinære opplæringstilbodet, så lenge vedkommande får riktig medisinsk behandling. Aktiviteten/tiltaket vil dermed berre ha eit medisinsk siktemål, og vil falle utanfor det som blir rekna som opplæring. 

Utdanningsdirektoratet viser elles til den sakkunnige fråsegna frå PP-tenesta om at medisinering og oppfølging av diabetes ikkje er spesialundervisning. Slik Utdanningsdirektoratet ser det, fell medisinering og oppfølging her utanfor rammene for spesialundervisning.

Elevar skal få hjelp til legemiddelhandtering mens dei er på skolen

Sjølv om det aktuelle tiltaket ikkje blir rekna som spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, er det klart at eleven har behov for medisinar og oppfølging når vedkommande er på skolen.

Ansvaret for å syte for hjelp til legemiddelhandtering på skolar er ikkje uttrykkjeleg regulert i lovgivinga. Utdanningsdirektoratet viser her til rundskriv I-5/2008, utarbeidd av Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, om handtering av legemiddel i barnehage, skole og skolefritidsordningar. Det går fram av rundskrivet at det er lagt inn eit ansvar i opplæringslova om at kommunen må syte for at elevar får hjelp til legemiddelhandtering mens dei er på skolen. Tilsvarande ansvar er lagt inn i privatskolelova for styret ved private grunnskolar. 

Skoleeigaren har det overordna ansvaret og skal syte for at elevar med behov for bistand med legemiddelhandtering, får den hjelpa dei treng for å kunne fungere i skolekvardagen. Det er likevel slik at skoleeigaren ved vurderinga av om det er forsvarleg å la læraren ta seg av oppgåva med å gi barnet legemiddel, må ta omsyn til omfanget av oppgåva. I tillegg vil det vere viktig om læraren i samband med medisineringa må gjere ei vurdering av elevens helsetilstand

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!