Elevar som oppheld seg i utlandet

Opplæringslova gjeld for barn som oppheld seg i Noreg. Foreldre kan gje barna sine heimeundervisning i utlandet, men undervisinga vil ikkje vere omfatta av opplæringslova. Utskriving er ikkje regulert i lov eller forskrift.

Gjelder

Vi svarer på spørsmål fra Fylkesmannen i Rogaland om utdanninga til barn som oppheld seg i utlandet og som ikkje er melde som utvandra etter lov om folkeregister § 8.

Spørsmåla gjeld barn som oppheld seg i utlandet utover dei to vekene kommunen har heimel til å gi persmisjon frå den pliktige opplæringa etter opplæringslova § 2-11.

Opplæringslova gjeld i Noreg

Det føljer av forarbeida til gjeldande § 1-2 i opplæringslova, jf. Ot.prp. nr. 46. (1997-98) at det geografiske virkeområdet for lova ikkje er lovfest og at det da føljer av allmenne rettsprinsipp at lova gjeld i riket, men ikkje for Svalbard, jf. § 2 i svalbardlova. Dette inneber at lova og retten til grunnopplæring gjeld for barn i skolepliktig alder som oppheld seg innafor rikets geografiske grenser.

Heimeundervisning

Fylkesmannen spør vidare om foreldra kan drive heimeundervisning mens dei oppheld seg i utlandet. Som nemnt over gjeld rettane og pliktane etter opplæringslova berre for dei som oppheld seg i riket. Dette betyr at foreldre kan velje å gje barna sine undervisning heime medan dei oppheld seg i utlandet, men undervisinga vil ikkje vere omfatta av opplæringslova med dertil gjeldande forskrifter.

Utskriving

Fylkesmannen spør også om elevane som oppheld seg i utlandet skal skrivast ut frå skolen og inn igjen når dei kjem tilbake. Desse spørsmålet er ikkje regulert ved lov eller forskrift og skolen må i utgangspunktet gjere det dei meiner er mest praktisk i dei særskilte tilfella dei står overfor. Utdanningsdirektoratet vil på generelt grunnlag uttrykke at utskriving når eleven reiser og innskriving når eleven kjem tilbake kan bidra til å gi ryddige ansvarsforhold.

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!