Politiattest i barnehagen

Kunnskapsdepartementet har fastsett ei ny forskrift om politiattest i barnehagar. Forskrifta gjeld frå 1. desember 2015.

Forskrifta er i hovudsak ei oppdatering av gjeldande rett. Endringane er mellom anna at

  • også personar som jobbar mindre enn 14 dagar, må levere politiattest
  • politiattesten gir meir informasjon enn før
  • barnehagar kan innhente oppdaterte opplysningar frå politiet om ein person som allereie er tilsett

Forskrifta på Lovdata.no

Til § 1 Virkeområde

Føresegna er ei vidareføring av verkeområdet i dagens forskrift. Forskrifta gjeld for ordinære barnehagar, familiebarnehagar og opne barnehagar som enten er godkjende etter barnehagelova § 10 eller § 11 eller godkjenningspliktige etter § 6.

Til § 2 Krav om politiattest

Første ledd

Første ledd er ei presisering av kravet om politiattest i barnehagelova § 19 første ledd. Ingen kan tilsettast fast eller mellombels utan først å ha lagt fram politiattest for arbeidsgivaren. Politiattesten må vere levert og vurdert før personen begynner å arbeide i barnehagen.

Plikta til å levere attest gjeld alle som skal tilsettast fast eller mellombels for å arbeide i barnehage, uavhengig av kor lenge tilsettingsforholdet varer, og uavhengig av om vedkommande har vore tilsett i ein annan barnehage tidlegare. Også personar som har lagt fram attest for å arbeide i skolen, må legge fram attest dersom dei seinare skal tilsettast i barnehage.

Det har ingenting å seie om personen som skal tilsettast, skal jobbe direkte med barna eller ikkje. Kravet om attest gjeld både for personar som skal jobbe direkte med barna, og for personar som for eksempel har ansvar for reinhald, utfører vaktmeistertenester eller arbeider på kjøkkenet i barnehagen.

Andre ledd

Barnehagelova § 19 andre ledd gir barnehageeigaren og kommunen som barnehagemyndigheit rett til å krevje politiattest for personar som regelmessig oppheld seg i barnehagen, eller som i vesentleg grad er med og påverkar drifta av barnehagen. Det sentrale i vurderinga av om det skal krevjast attest for desse personane, er om opphaldet eller påverknaden gir dei høve til å vere i direkte kontakt med barna, jf. Prop. 120 L (2012–2013) punkt 3.5.2. Grunnen til det er at det er personar som har høve til å komme i direkte kontakt med barna, som potensielt kan utføre overgrep eller påverke barna på ein skadeleg måte. Vurderingstemaet er det same uansett kva personkategori i § 19 andre ledd vedkommande fell inn under.

Regelmessig opphald inneber at vedkommande vil opphalde seg i barnehagen jamleg eller over tid. For personar som i vesentleg grad er med og påverkar drifta av barnehagen, er det ikkje eit krav at opphaldet i barnehagen er regelmessig.

Føresegna gjeld både barnehageeigaren og kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova § 19 andre ledd. Når det gjeld kven kommunen skal krevje attest av ved godkjenninga av barnehagen, sjå § 6 første ledd.

Barnehageeigaren treng ikkje krevje attest av studentar som er under øvingsopplæring i barnehagen, og som har levert attest i samband med opptak til studiet, jf. forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høgare utdanning § 6-1. Dersom ein student derimot blir tilsett i ein barnehage, for eksempel som tilkallingsvikar, er vedkommande omfatta av barnehagelova § 19 første ledd og må levere attest til arbeidsgivaren på lik linje med andre tilsette.

Til § 3 Krav til attesten

Kravet om at attesten ikkje skal vere eldre enn tre månader, er ei vidareføring av den tidlegare forskrifta. Med det er ein sikra at nyare siktingar, tiltalar, vedtak og domfellingar kjem med. Attesten må leverast til mottakaren seinast tre månader etter utferdinga.

Kravet gjeld alle attestar som kan krevjast med heimel i § 19 og forskrifta, mellom anna attestar for personar som oppheld seg regelmessig i barnehagen, og attestar som kommunen som barnehagemyndigheit skal eller kan krevje.

Til § 4 Framgangsmåte ved ansettelse

Første ledd

Føresegna er i hovudsak ei vidareføring av § 4 første og fjerde ledd i den tidlegare forskrifta. Nokre av formuleringane er endra, mellom anna for å samsvare med den tilsvarande føresegna for tilsette i skolen, sjå forskrift til opplæringslova § 15-1.

Politiattesten skal leggast fram for arbeidsgivaren/tilsettingsmyndigheita. I private barnehagar er det normalt barnehageeigaren, eller styraren dersom styraren handlar på vegner av eigaren. Personar som skal arbeide i barnehage og formelt er tilsette i kommunen, eit barnehagekonsern, eit vikarbyrå eller liknande, skal også levere attest til arbeidsgivaren ved tilsettinga.

Politiattesten skal ikkje leggast ved søknadspapira, men leggast fram før søkaren blir tilsett. Det følger også av politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3. Kravet om slik attest må gå fram av stillingsutlysinga. Søkaren skal også gjerast merksam på at attesten ikkje skal sendast med søknaden. Berre den som skal arbeide i barnehagen, med andre ord den som barnehageeigaren ønsker å tilsette, må legge fram denne typen opplysningar.

Ein føresetnad for å få tilbod om stillinga er at attesten ikkje inneheld merknader som enten utelukkar søkaren frå tilsetting eller fører til at barnehageeigaren vurderer den som har fått tilbod om stillinga, som ueigna. Den som har fått tilbod om stillinga, har ikkje fått stillinga endeleg før attesten er lagd fram og vurdert av arbeidsgivaren. Det er arbeidssøkaren sjølv som må innhente politiattesten, jf. politiregisterlova § 44.

Det avgjerande for når det krevst attest, er om det blir etablert eit tilsettingsforhold. Byte av stilling internt i ein barnehage utløyser ikkje krav om ny attest sjølv om stillinga blir utlyst offentleg.

Andre ledd

I dokumenta som er knytte til tilsettinga, må barnehagen føre inn ein merknad om at politiattesten er innhenta og vurdert. Av omsyn til personvernet skal barnehagen ikkje skrive kva attesten inneheld.

Til § 5 Yrkesforbud og egnethet

Første ledd

Føresegna presiserer at personar som ikkje legg fram politiattest, eller som legg fram ein politiattest med visse merknader, ikkje kan tilsettast, og viser til lovparagrafane som definerer kva lovbrot som blir rekna som «seksuelle overgrep mot mindreårige» i barnehagelova § 19 tredje ledd. Omfanget av yrkesforbodet er ei vidareføring av § 3 andre ledd i den tidlegare forskrifta, men det er i tillegg vist til straffeboda i den nye straffelova. Også § 306 i straffelova av 2005, som tilsvarer § 201 a i den gamle straffelova, er tatt med. Denne føresegna gjeld avtalar om møte med barn under 16 år for å gjennomføre seksuelle overgrep, noko som blei kriminalisert i 2007.

Yrkesforbodet i § 19 tredje ledd gjeld personar som er dømde. Personar som er sikta eller tiltalte for brot på ei av føresegnene som er nemnde her, vil i praksis få eit mellombels tilsettingsforbod fram til saka er avgjord, sjølv om dei formelt kan tilsettast etter lova.

Straffelova av 2005 §§ 299, 301, 302 og 303 gjeld seksuell omgang med barn under 14 eller 16 år, § 304 gjeld seksuelle handlingar med barn under 16 år, og § 305 gjeld seksuelt krenkande åtferd mv. overfor barn under 16 år.

Straffelova § 306 gjeld avtalar om møte med barn under 16 år for å gjennomføre eit seksuelt overgrep, § 310 gjeld framvising av seksuelle overgrep mot barn eller framvising som seksualiserer barn, og § 311 gjeld framstillingar av seksuelle overgrep mot barn eller framstillingar som seksualiserer barn. Tilvisingane til straffelova 1902 viser til dei tilsvarande straffeføresegnene i denne lova.

Dersom ein person på grunn av andre straffbare forhold er ueigna til å arbeide i barnehage, kan vedkommande frådømmast retten til å ha ei slik stilling, jf. straffelova § 56.

Andre ledd

Føresegna er ei utdjuping av barnehagelova § 19 tredje ledd andre setning. Dersom attesten viser andre merknader enn dom for seksuelle overgrep mot mindreårige, må barnehageeigaren vurdere om merknaden gjer personen ueigna til å arbeide i barnehagen. Dersom vedkommande har merknader på politiattesten som ikkje fullstendig utelukkar vedkommande frå å arbeide i barnehage, er det opp til barnehageeigaren å vurdere kva merknaden skal ha å seie.

I vurderinga må formålet med reglane om politiattest i barnehagen og omsynet til behovet for vern vege tungt. Det er barnehageeigaren som har ansvar for å sjå eventuelle merknader på politiattesten i samanheng med opplysningane som kjem fram i intervju og referansar. Av forarbeida til § 19 (Prop. 120 L (2012–2013) punkt 3.5.4) går det fram kva moment som kan ha betydning i vurderinga: type merknad, kor lang tid det har gått sidan dette forholdet, og alderen til vedkommande på det aktuelle tidspunktet.

Ei tilsvarande vurdering må også gjerast når barnehageeigaren har kravd politiattest etter barnehagelova § 19 andre ledd og attesten viser seg å ha merknader. I desse tilfella må alle merknadene vurderast konkret fordi det lovfesta yrkesforbodet berre gjeld personar som skal tilsettast, og ikkje andre personar som oppheld seg i barnehagen eller er med og påverkar drifta av barnehagen.

Til § 6 Godkjenning av barnehage

Første ledd

Kommunen skal innhente attest frå barnehageeigaren, eigaren av barnehagelokala og familiemedlemmer av begge. Kravet gjeld ved godkjenning av både kommunale og private barnehagar. Kommunen skal berre krevje attest av personar som har høve til å vere i direkte kontakt med barna i barnehagen. Attesten skal ligge føre før det blir gitt godkjenning. Føresegna må sjåast i samanheng med barnehagelova § 19 andre ledd og forskrifta § 2 andre ledd. Det avgjerande er om vedkommande har høve til å vere i direkte kontakt med barna.

Ein barnehageeigar som allereie har starta eller driv fleire barnehagar, må også levere attest dersom vedkommande skal arbeide i den nye barnehagen. Eigaren skal da levere attest på lik linje med andre som skal arbeide eller opphalde seg i barnehagen. Der det er ein juridisk person, for eksempel eit aksjeselskap, som eig barnehagen, skal personane som står bak selskapet, legge fram politiattest dersom dei har høve til å vere i direkte kontakt med barna.

Andre ledd

I samband med behandlinga av søknaden om godkjenning av barnehagen skal kommunen vurdere merknader på attestar til personar som er nemnde i første ledd. Kommunen skal ikkje godkjenne barnehagar dersom det er kravd attest og attesten ikkje er levert. Kommunen skal heller ikkje godkjenne barnehagar der personar som er nemnde i § 6 første ledd, skal ha eit tilsettingsforhold i barnehagen og leverer attest med merknader som dei som er nemnde i § 5 første ledd. I andre tilfelle skal kommunen vurdere om merknadene skal føre til avslag på søknad om godkjenning av barnehagen eller ikkje, jf. barnehagelova § 19 tredje ledd andre setning.

Vurderinga av politiattest ved godkjenning er ein del av godkjenninga etter barnehagelova §§ 10 og 11. Det følger av barnehagelova § 10 og forskrift om familiebarnehager § 7 at vedtak om godkjenning kan påklagast til statsforvaltaren.

Kommunen kan som barnehagemyndigheit krevje politiattest etter barnehagelova § 19 andre ledd for andre personar som oppheld seg regelmessig i barnehagen eller i vesentleg grad er med og påverkar drifta av barnehagen, jf. barnehagelova § 19 andre ledd. Retten kommunen har etter § 19 andre ledd, er ikkje avgrensa til godkjenningstidspunktet og kan omfatte også andre personar enn dei som er nemnde i forskrifta § 6 første ledd, dersom vilkåra i § 2 andre ledd er oppfylte.

Det inneber at kommunen kan krevje politiattest for visse personar etter at det er gitt godkjenning. I vurderinga av om kommunen som barnehagemyndigheit skal innhente attest for personar som er nemnde i § 19 andre ledd, etter godkjenninga, skal kommunen legge vekt på om vedkommande gjennom opphaldet eller påverknaden har høve til å vere i direkte kontakt med barna, jf. forskrifta § 2 andre ledd. Kommunen må vurdere eventuelle merknader på politiattesten konkret. Kommunen kan ved tilsyn vurdere om forholda i barnehagen er uforsvarlege, jf. barnehagelova § 16.

Tredje ledd

Godkjenningsmyndigheita må sørge for å gjere ei påteikning i papira sine om at det er innhenta attest, og at attesten er vurdert. Påteikninga skal daterast og signerast, slik at opplysningane kan etterprøvast og kontrollerast.

Til § 7 Behandling av politiattest og taushetsplikt

Første ledd

Innhaldet i regelen er ei vidareføring av § 5 første ledd i den tidlegare forskrifta. Ordet «umiddelbart» er endra til «straks», men inneber inga realitetsendring. Attesten skal ikkje oppbevarast i barnehagen eller i kommunen over tid, men makulerast straks etter at han er brukt til formålet han er innhenta for, jf. politiregisterlova § 50 og politiregisterforskrifta § 37-2.

Ein politiattest kan berre oppbevarast så lenge det er nødvendig. Så snart han har vore brukt til det formålet han er innhenta for, skal mottakaren makulere han. Formålet med attestar som er innhenta med heimel i barnehagelova § 19, er å få informasjon for å kunne ta stilling til om ein person skal tilsettast, eller om ein barnehage skal godkjennast, sjå formuleringa i dagens forskrift § 5 første ledd. Formålet kan også vere å gjere ei vurdering av ein person som er nemnd i barnehagelova § 19 andre ledd.

Attesten skal med andre ord ikkje oppbevarast i barnehagen eller i kommunen over tid. Kravet om makulering gjeld etter at attesten har vore brukt i ei tilsettingssak, ved godkjenning av ein barnehage eller i andre tilfelle der barnehageeigaren eller kommunen har innhenta attest i medhald av barnehagelova § 19. Attesten skal makulerast uavhengig av om attesten inneheld merknader eller ikkje, og uavhengig av kva merknader som eventuelt kjem fram. Dette er grunngitt med personvernomsyn.

Attesten skal ikkje returnerast til søkaren. Tilbakelevering av ein politiattest vil vere i strid med politiregisterforskrifta 20. september 2013 nr. 1097 § 37-2. Grunngivinga er at ein vil førebygge eventuelt misbruk frå søkaren si side.

Andre ledd

Innhaldet i regelen er ei vidareføring av § 5 andre ledd i den tidlegare forskrifta. Det er viktig at uvedkommande ikkje får tilgang eller kjennskap til opplysningar i politiattesten. Føresegna i forskrifta legg opp til ei generell teieplikt om opplysningar i politiattestar, jf. forvaltningslova §§ 13–13 e og politiregisterlova § 47.

Opplysningane i ein politiattest er sensitive personopplysningar, jf. personopplysningslova § 2 nr. 8 bokstav b. Teieplikta er derfor spesielt viktig. Det er berre dei som treng opplysningane i ein politiattest for å kunne ta stilling til spørsmål om tilsetting eller godkjenning, som bør få innsyn. Det inneber at «uvedkommende» ifølge forskrifta er alle andre enn dei som faktisk skal ta stilling til tilsettings- eller godkjenningsspørsmålet.

§ 5 andre ledd i den tidlegare forskrifta inneheldt ei tilvising til straffelova § 121. Denne tilvisinga er tatt ut av forslaget til ny forskrift fordi det allereie er vist til straffeføresegna i politiregisterlova § 47. Det betyr at alle som bryt teieplikta om opplysningar i ein politiattest, framleis kan straffast etter gjeldande straffelov § 121 eller ny straffelov av 2005 § 209.

Straffelova av 2005 § 209 første og andre ledd lyder:

«Med bot eller fengsel inntil 1 år straffes den som røper opplysning som han har taushetsplikt om i henhold til lovbestemmelse eller forskrift, eller utnytter en slik opplysning med forsett om å skaffe seg eller andre en uberettiget vinning.
Første ledd gjelder tilsvarende ved brudd på taushetsplikt som følger av gyldig instruks for tjeneste eller arbeid for statlig eller kommunalt organ.»

Til § 8 Fornyet vandelskontroll

Føresegna inneheld ei tilvising til reglane i politiregisterlova om høve til fornya vandelskontroll. Tilvisinga er tatt inn med tanke på å gjere reglane tilgjengelege.

Politiregisterlova § 43 opnar for at arbeidsgivaren eller ein annan mottakar av den opphavlege politiattesten kan forsikre seg om at arbeidstakaren framleis oppfyller krava til vandel. Grunnvilkåret for ein slik fornya vandelskontroll er at det må ligge føre ein allereie utlevert attest for personen. Det inneber mellom anna at dersom arbeidsgivaren har mottatt politiattest i samband med ei tilsetting, kan vedkommande seinare be politiet om eventuelle nye opplysningar som kan ha betydning. Det kan ikkje utleverast andre opplysningar enn det som går fram av heimelsgrunnlaget for utferding av den opphavlege attesten. Det betyr at ein berre kan få opplysningar om straffbare forhold som er nemnde i politiregisterlova § 39 første ledd.

Til § 9 Ikrafttredelse

Ingen merknader.