Grunntilskott til private og frivillige organisasjonar for 2018

Formålet med tilskottet er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale organisasjonar og aktørar som på ein særskild måte bidrar til å nå sektormåla for grunnopplæringa eller har viktige samordningsoppgåver.

Tilskott frå kap. 225 post 75 kan bli gjeve som øyremerka tilskott til private og frivillige enkeltorganisasjonar som er namngitte i Statsbudsjettet for 2018.

Formålet er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale organisasjonar og aktørar som på ein særskild måte bidrar til å nå sektormåla for grunnopplæringa eller har viktige samordningsoppgåver.

Kven kan få tilskott?

I statsbudsjettproposisjonen for 2018 er det foreslått at desse private og frivillige organisasjonane skal få grunntilskott:

  • Elevorganisasjonen
  • Operasjon Dagsverk
  • First Scandinavia
  • World Skills Norway

Om ordninga

Frå denne nye tilskottsordninga skal private og frivillige organisasjonar som tidlegare har fått øyremerka tilskott over kap. 225 post 74, få grunntilskott til si verksemd.

Formålet med løyvinga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale organisasjonar og aktørar som på ein særskild måte bidrar til å nå sektormåla for grunnopplæringa.

Dei overordna sektormåla for grunnopplæringa framgår av Kunnskapsdepartementet sin årlege budsjettproposisjon, Programkategori 07.20 Grunnopplæringa, side 38 (pdf).

  • Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø.
  • Elevar skal meistre grunnleggjande dugleikar og ha god fagleg kompetanse.
  • Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

Tilskottsordninga er budsjettstyrt. Løyvinga i statsbudsjettet fastset ramma for den totale tilskottssummen som kan bli innvilga i tilskottsordninga.

Lovheimel

1. Før du tek imot tilskott

Elevorganisasjonen, Operasjon Dagsverk, First Scandinavia og World Skills Norway skal sende søknad til Utdanningsdirektoratet innan fristen 1. desember i året før tilskottsåret.

Fristen for 2018 er 1. desember 2017.

Søknaden skal innehalde følgande opplysningar og dokumentasjon:

  • kontaktinformasjon for organisasjonen
  • oppdatert informasjon om dagleg leiar, styreleiar og andre ansvarlege nøkkelpersonar i organisasjonen
  • organisasjonen sin siste årsrapport og revisorattesterte årsrekneskap med notar, viss dette ikkje er innsendt tidlegare
  • organisasjonen sine årsplanar og årsbudsjett for organisasjonen si verksemd

Det er utarbeidd søknadsskjema for ordninga, som skal fyllast ut og leggast ved søknaden.

Søknadsskjema

Søknadsskjema for 2018 - bokmål (docx)

Søknadsskjema for 2018 - nynorsk (docx)

2. Slik blir prosjektstøtta berekna

Ordninga har ikkje berekningsreglar. Løyvinga på posten og fordelinga av øyremerka tilskott til namngitte enkeltorganisasjonar blir fastsett etter vedtak i Stortinget.

3. Dette må du rapportere

Du skal sende inn:

  • Årsrekneskap og årsrapport for organisasjonen si samla verksemd i tildelingsåret. Tilskottet frå Utdanningsdirektoratet må spesifiserast i ei eiga linje i resultatrekneskapen eller i note til årsrekneskapen. Årsrekneskapen må attesterast av statsautorisert/registrert revisor.

Rapporteringsfristen er 1. juli i året etter tildelingsåret. For organisasjonar som har avvikande rekneskapsår er rapporteringsfristen 4 månader etter at årsrekneskapen er avslutta.

Statsautorisert/registrert revisor skal:

  • Attestere årsrekneskapen. Revisjonsmeldinga må innehalde opplysning om økonomisk nettoresultat i revidert årsrekneskap.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!