Grunntilskott til hovudorganisasjonane for funksjonshemma

Tilskottet er eit grunntilskott som blir gjeve til hovudorganisasjonane FFO, SAFO og Unge funksjonshemmede, som forvaltar tilskottet på vegner av sine medlemsorganisasjonar.

Tilskottet skal nyttast til å utvikle og synleggjere kunnskap på det spesialpedagogiske området og/eller til inkludering i undervisninga av barn, unge og vaksne med særskilte behov.

Kven kan få tilskott?

Tilskottet blir gjeve til desse hovudorganisasjonane:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
  • Unge funksjonshemmede

Om ordninga

Formålet med løyvinga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for hovudorganisasjonane sitt arbeid for betre tilrettelagt opplæring og integrering av funksjonshemma i barnehage og grunnopplæring.

Tilskottet skal nyttast til aktiviteter/tiltak eller utdanningsnettverk som bidrar til å utvikle og synleggjere kunnskap på det spesialpedagogiske området. Tilskottet kan også nyttast til integrering av målgruppa i undervisninga. Tiltaka skal i hovudsak vere knytta til Statped sine fagområder innan hørsel, språk og tale, erverva hjerneskade, syn, kombinerte syns- og hørselstap, og samansette lærevanskar. Det er eit mål at ordninga skal medvirke til at funksjonshemma barn, unge og vaksne får ei opplæring som er betre tilpassa deira særskilte behov i barnehage og grunnopplæring.

Interesseorganisasjonar for funksjonshemma som har tiltak i samsvar med tilskottsordninga sitt formål, kan vende seg til den av hovudorganisasjonane som dei er medlemmer i, og søkje hovudorganisasjonen om støtte til gjennomføring av tiltaket. Det er hovudorganisasjonane FFO, SAFO og Unge funksjonshemmede som, i samråd med sine medlemsorganisasjonar, prioriterer tiltak for gjennomføring det enkelte år.

Tilskottsordninga er budsjettstyrt. Løyvinga i Statsbudsjettet fastset rammen for total tilskottssum som kan bli innvilga til hovudorganisasjonane sitt arbeid i tilskottsordninga. For 2018 har Statsbudsjettet løyvd 1,25 mill. kroner til tilskottsordninga.

Lovheimel

1. Før du tek imot tilskott

Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Unge funksjonshemmede sender søknad til Utdanningsdirektoratet innan fristen 1. desember i året før tilskottsåret. For 2019 er søknadsfristen 1. desember 2018.

Søknaden skal innehalde følgande opplysningar og dokumentasjon:

  • kontaktinformasjon for hovudorganisasjonen
  • oppdatert informasjon om dagleg leiar, styreleiar og andre ansvarlege nøkkelpersonar i hovudorganisasjonen, og oversyn over hovudorganisasjonen sine medlemsorganisasjonar
  • hovudorganisasjonen sine planar for gjennomføring av tiltak i samsvar med målsettingane for tilskottsordninga. Planane skal omfatte budsjett og skildring av planlagde tiltak.
  • hovudorganisasjonen sine årsplanar og årsbudsjett for organisasjonen si samla verksemd
  • hovudorganisasjonen sin siste årsrapport og revisorattesterte årsrekneskap med notar (viss dette ikkje er sendt inn tidlegare)

2. Slik blir prosjektstøtta berekna

Løyvinga er budsjettstyrt. Samla sum for tilskottsordninga blir fastsett etter vedtak i Stortinget for det enkelte år. For 2018 utgjer samla løyving i tilskottsordninga 1,25 mill. kroner.

Løyvinga i ordninga blir fordelt på hovudorganisasjonane etter denne fordelingsnøkkelen:

  • 30 prosent til FFO – Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
  • 30 prosent til SAFO – Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner
  • 40 prosent til Unge funksjonshemmede

3. Dette må du rapportere

Hovudorganisasjonane skal innan 1. juli i året etter tilskottsåret sende inn:

  • rapport med rekneskap og skildring av gjennomførte tiltak, som viser korleis dei tildelte tilskottsmidlane er forvalta.
  • årsrekneskap og årsrapport for hovudorganisasjonen si samla verksemd i tildelingsåret.

Rekneskapane må attesterast av statsautorisert/registrert revisor.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!