Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

Fylkeskommunen har søknadsfrist 1. oktober for å sende inn ferdigbehandla søknader elektronisk til Utdanningsdirektoratet i Tavla.

Tilskottet skal stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. 

Kven kan få tilskott?

Lærebedrifter, under dette opplæringskontor og bedrifter. Fylkeskommunen formidlar tilskottet til lærebedrifta.

Lærebedrifta skal sende søknaden sin om tilskott til fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal ferdigbehandle søknaden og sende den inn elektronisk til Utdanningsdirektoratet i Tavla. Lærebedrifta må difor sende søknaden sin til fylkeskommunen i god tid før fylkeskommunen sin frist til Utdanningsdirektoratet går ut 1. oktober.

Kva kan du bruke tilskottet til?

Tilskottet skal bidra til å finansiere kostnader i samband med opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov. 

Tilskottet skal brukast til ekstra personellressurs.

Om ordninga

Tilskottet er ein del av 0-24-samarbeidet mellom direktorata, for tiltak til barn og unge mellom 0-24 år som av ulike årsaker har behov for ekstra støtte til betre gjennomføring og tilknyting til skole og utdanning.

Tilskottet skal stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Intensjonen er å gi ungdommar under 25 år betre høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.

Ordninga er for dei som er under 25 år og gjeld for:

  • lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov.
  • lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med svake norskdugleikar og kort butid i Noreg

I denne ordninga følger praksisbrevkandidatar same vilkår og krav som lærekandidatane.

Definisjonar:
Særskilde behov: lærling/praksisbrevkandidat/lærekandidat som ikkje har eller ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Kort butid: inntil 6 års butid i Noreg ved søknad om tilskott.

Lovheimel:

Ikkje heimla i lov.

1. Før du får tilskott

Lærebedrifta skal:

  • sende søknad med aktuelle vedlegg til fylkeskommunen i god tid før søknadsfristen til fylkeskommunen går ut.
  • sende rapport frå førre tilskottsperiode til fylkeskommunen, dersom lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten har fått tilskott tidlegare

Mal - Søknadsskjema for lærebedrifta - nynorsk (xls)

Mal - Søknadsskjema for lærebedriften - bokmål (xls)

Skjema for rapport for forrige tilskottsperiode - nynorsk (xls)

Skjema for rapport fra forrige periode - bokmål (xls)

Fylkeskommunen skal:

  • informere lærebedriftene om høve til å søkje om tilskottet 
  • vurdere behovet for tilskott og avgjere søknaden frå lærebedrifta
  • kontrollere at lærebedrifta har levert rapport frå førre tilskottsperiode dersom tilskott er utbetalt tidlegare
  • sende inn godkjente søknader elektronisk til Utdanningsdirektoratet i Tavla innan 1. oktober
  • avslå søknader der vilkåra for tilskott ikkje er oppfylt
  • utbetale tilskott og sende vedtak til lærebedrifta på grunnlag av overførte midlar frå Utdanningsdirektoratet

 

Utdanningsdirektoratet skal:

  • sende tilskottsbrev til fylkeskommunane
  • utføre stikkprøvekontroll av søknader
  • utbetale tilskott til fylkeskommunane på grunnlag av innsendte søknader

Manglar du tilgang til Tavla?

Ta kontakt med Brukaradministrator i eigen fylkeskommune

Lærling/praksisbrevkandidat/lærekandidat med særskilde behov

Fylkeskommunen skal vurdere og behandle søknaden ut frå følgjande dokumentasjon:

  • søknaden frå lærebedrifta
  • kopi av godkjent lærekontrakt/opplæringskontrakt
  • ei utgreiing eller plan for korleis ein har brukt eller skal bruke tilskottet
  • Sakkunnig vurdering av ny dato frå pedagogisk psykologisk teneste og eventuelt uttale frå andre faginstansar. Dokumentasjonen må gjere greie for dei særskilde behov lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten har, og kva for tilrettelegging dette fører med seg. Uttalen bør skrivast i samarbeid med lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten og lærebedrifta.

Lærling/praksisbrevkandidat/lærekandidat med svake norskdugleikar og kort butid i Noreg

Fylkeskommunen skal vurdere og behandle søknaden ut frå følgjande dokumentasjon:

  • søknaden frå lærebedrifta 
  • kopi av godkjent lærekontrakt/opplæringskontrakt 
  • ei utgreiing eller plan for korleis ein har brukt eller skal bruke tilskottet
  • bustadsattest frå folkeregisteret på butid i Noreg.
  • dokumentasjon som gjer greie for utfordringar lærlingen/praksisbrevkandidaten/ lærekandidaten har relatert til norskdugleikar, og kva for tilrettelegging det er behov for    

Godkjent dokumentasjon er:
- ei stadfesting på at lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten har karakteren 2 eller lågare i norsk frå skoledelen av opplæringa, eller 
- eit vedtak om særskild språkopplæring frå skoledelen av opplæringa. Det skal være gitt særskild språkopplæring etter dette vedtaket ved avslutta opplæring i skole, ev. framleis dersom lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten framleis mottar opplæring som elev. 

Kontakt fylkeskommunen dersom du har spørsmål om ordninga.

2. Slik blir tilskottet berekna

Tilskottsordninga er styrt av budsjettet og løyvinga i statsbudsjettet har direkte verknad på storleiken på tilskottet. Dersom samla timetall for alle søkarane er større enn budsjettramma, vil tilskottet bli avkorta for den enkelte tilskottsmottakar.

  • Tilskottet blir berekna etter ein timesats pr. klokketime. Satsen følger budsjettåret.
  • Det gis tilskott for inntil 6 klokketimer pr. veke i maksimum 47 veker pr. år (52 veker – 5 veker ferie). Ferie skal fordeles jamt over heile tilskottsperioden.
  • Bedrifta kan få tilskott for maksimalt eit år om gongen, dvs ein søknad pr. år. Du kan søkje om tilskott utover gjeldande budsjettår. Dette er avgrensa til 12 månader tilbake i tid eller 12 månader fram i tid relatert til gjeldande budsjettår.
  • Der lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten blir 25 år i perioden for tilskott, kan lærebedrifta få tilskott til og med månaden før fylte 25 år. 
  • Der lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten har budd 6 år i Noreg i perioden for tilskott, kan lærebedrifta få tilskott til og med månaden før 6 års butid går ut.
  • Du kan berre bruke tilskottet til ekstra personellressurs.
  • Dersom kontrakten blir heva skal heile eller deler av tilskottet betales tilbake til Utdanningsdirektoratet etter nærmare avtale.

Satsar 2018 tilskott i grunnopplæringa

3. Dette må du rapportere

Lærebedrifta skal sende inn desse rapportane til fylkeskommunen:

  • Rapport frå førre tilskottsperiode innan tre månader etter at perioden for tilskott  er gått ut.
  • Sluttrapport med prøveresultat innan tre månader etter at fagprøva, sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva er gjennomført.
  • Sluttrapport ved avbrot eller heving av kontakt.

Last ned skjema for lærebedrifta her:

Rapportskjema for førre tilskottsperiode (nynorsk) | Rapportskjema for forrige tilskuddsperiode (bokmål)

Skjema for sluttrapport frå lærebedrifta (nynorsk) | Skjema for sluttrapport fra lærebedriften (bokmål)

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!