Rapport om tilskotsforvaltning og tilskotskontroll 2020

Denne rapporten handlar om forvaltninga av tilskotsordningar til barnehage, offentleg grunnopplæring, frittståande skular, folkehøgskular og ei rekkje mindre ordningar til andre formål.

1 Om tilskotsforvaltninga

Dei overordna sektormåla for barnehage og grunnopplæring er grunnlaget for prioriteringa av faglege mål, prioriterte område og utvikling av nye tiltak eller verkemiddel.

Tilskotsporteføljen vår blir kvart år følgd opp gjennom risikovurdering og kategorisering av tilskotsordningane. Gjenbruk av data som allereie er samla inn, står sentralt i arbeidet med å forenkle tilskotsforvaltninga og gjere ho meir effektiv. Data som er tilgjengelege i sentrale datakjelder, blir lagde til grunn for fordelinga av tilskot til kommunar og fylkeskommunar. Slik unngår vi ressurskrevjande søknadsprosessar.

Om lag 9,2 milliardar kroner av direktoratet si tildeling i 2020 gjekk til ulike tilskotsordningar innanfor barnehage, offentleg grunnopplæring, friskular og folkehøgskular, i tillegg til andre formål. Det er ein nedgang på om lag 700 millionar kroner frå 2019. Årsaka er først og fremst at 1,8 milliardar kroner av tilskot til auka lærarinnsats er overført til kommuneramma. Det er også fleire andre ordningar som har gått ut av vår portefølje, desse hadde ei tildeling på 160 millionar kroner i 2019.

I samband med koronasituasjonen har vi fått ni nye ordningar med ei tildeling på totalt 642,6 millionar kroner.1 I tillegg er det seks andre nye ordningar i 2020 med til saman 224,5 millionar kroner.

Tildelinga er fordelt på 45 hovudgrupper av ordningar. Den største nedgangen finn vi i tildelinga til kommunar og fylkeskommunar, mens den største auken er i tildelinga til frittståande skular.

Vi vurderer fortløpande om tilskotsordningane våre oppfyller kvalitative og kvantitative mål. I tillegg kontrollerer vi om ordningane har kriterium som kan brukast til å vurdere risiko og styringseffektivitet. Vi vurderer også kva ordningar statsforvaltaren bør ha forvaltningsoppgåver på. Om nærleik til tilskotsmottakarane ikkje er nødvendig og vi har objektive tildelingskriterium, er det eit mål å sentralisere forvaltninga. Stordrift og standardisering gjer at statsforvaltaren kan bruke frigjord kapasitet til oppgåver der nærleiksprinsippet er viktig. Arbeidet med å forenkle, gjere ordningane mindre byråkratiske og meir effektive er framleis ein dimensjon i dette.

1.1 Digitalisering

Frå 2011 og fram til slutten av 2019 har direktoratet utvida Helhetlig forvaltningsløsning (HFL) til å omfatte store delar av tilskotsporteføljen og prosjektporteføljen, i tillegg til søknadsbehandling og godkjenning av frittståande skular og tilsyn med frittståande skular. Løysinga blir nytta av, eller utfører tenester for, mange avdelingar på tvers av divisjonar i direktoratet. HFL er også eit heilt sentralt verktøy for det stadig aukande tilfanget av nye forvaltningsoppgåver.

I rapporten for 2019 gjorde vi greie for arbeidet med å fornye (vertikalisere) HFL. Dette arbeidet er vidareført i 2020, og er i tråd med arkitekturprinsippa frå Digitaliseringsdirektoratet. Vi har lagt følgjande føringar for framtidig utvikling og forvaltning av HFL til grunn:

  • Dei som bruker dei ulike systemløysingane, er ekspertar på sine oppgåver.
  • Løysingar internt skal vere oppgåveorienterte.
  • Løysingar retta mot sektoren skal vere prosessorienterte.
  • Løysingane skal vere sjølvstendige og ha ansvar for eigne data.
  • Funksjonar og tenester skal vere avdelingsuavhengige.

For å oppfylle desse føringane har vi identifisert og vedteke ei oppdeling av løysinga i mindre vertikalar. Arbeidet med å dele opp HFL-porteføljen i vertikalar vil halde fram ut 2021.

Så langt ser vi at vertikaliseringa har gode gevinstar for både brukarane og for forvaltninga av HFL. For brukarane legg endringane betre til rette for å arbeide på tvers av avdelingar, grupper og fagområde. Løysinga blir opplevd som raskare, enklare og meir intuitiv. Det er enklare å hente ut rapportar og oversikter om aktørar, med omsyn til forvaltning av tilskot- og prosjektmidlar, informasjon om godkjenningar og tilsyn.

Små, sjølvstendige vertikalar gjer at behovet for langvarige periodar med oppgradering av teknisk rammeverk fell bort. Dei ulike vertikalane er ikkje lenger like avhengige av kvarandre, og det gjer at vi lettare kan tilpasse oss endringar i rammer og behov i sektoren. Det er også lettare for oss å ta i bruk nasjonale felleskomponentar og la andre leverandørar ta over eller levere vertikalar i same portefølje.

1.2 Strategi for tilskotsforvaltning

På sitt beste er tilskotsforvaltninga med på å styrkje kvaliteten og mangfaldet i barnehagane og grunnopplæringa.

Strategien har fire hovudmålsetjingar:

  • Tilskota skal bidra til å styrkje mangfaldet i barnehagane og grunnopplæringa.
  • Tilskotsforvaltninga skal vere profesjonell, effektiv og etisk forsvarleg.
  • Vi skal kommunisere tydeleg og ha god kontakt med sektorane.
  • Vi skal ha gode rutinar og system for kontroll og risikovurdering.

Strategien blir revidert i 2021 i samsvar med direktoratet sin strategi.

1.3 Vurdering av tilskotsporteføljen

Tilskotsmottakarane er svært ulike med både offentlege og private aktørar. Aktørane er knytt til opplæring i barnehagesektoren og skulesektoren på ulike nivå. Ordningane varierer i omfang, mange er baserte på lover og forskrifter, og dei fleste har retningslinjer.

Tilskotsporteføljen blir vurdert og evaluert ved hjelp av indikatorar som er knytte til både kvalitative og kvantitative målsetjingar for ordningane, og dei blir analyserte ved bruk av indikatorar på input-, prosess- og outputsida.

Analyseindikatorane gjer at vi vurderer risikoen til dei enkelte ordningane på det same grunnlaget og dannar oss eit bilete av den samla risikoen ved porteføljen.

Vi arbeider også med kvalitative metodar for analysane og vurderingane vi gjer. Det skal sikre

  • at evalueringar blir gjennomførte og presenterte på ein einsarta måte
  • at alle dei vesentlege sidene ved analysane og vurderingane blir omtalte
  • at arbeidet gir klare konklusjonar og tilrådingar

1.4 Klassifisering av tilskotsordningane

Ordningane blir plasserte i éin av fire risikoklassar. Indikatorane avgjer korleis vi vurderer det samla resultatet for den enkelte ordninga.

Klassifiseringa følgjer utviklinga av porteføljen og er eit hjelpemiddel for å prioritere kontroll og analysar på dei områda eller ordningane der risikoen er størst. Vi har desse fire risikoklassane:

Tabell 1: Risikoklassar
KlasseRisikoGrunngiving
1 Låg

Mykje relevant informasjon som kan gi eit godt bilete av om tilskotet kjem målgruppa til gode. Jamlege kontrollhandlingar i samband med saksbehandling og anna oppfølging. Mange av ordningane har klare moglegheiter for sanksjonar.

2 Middels Usikkert informasjonsgrunnlag. Omfanget av incentivproblem blir vurdert som heller lite, eller midlane er forholdsvis små. Ordningane blir følgde opp med stikkprøver. For å kunne vurdere behovet for fleire kontrollhandlingar eller evalueringar blir ordningane følgd opp med stikkprøver.
3 Høg Kjenneteikna av måleproblem, få kontrollmekanismar og incentivproblem. Ordningar i denne klassen treng meir transparens og fleire kontrollar for å sikre at dei blir forvalta i tråd med intensjonen.
4

Ikkje vurdert

Nye ordningar som ikkje er klassifiserte enno, eller ordningar med ein forvaltningsmessig karakter som gjer at det ikkje er naturleg å klassifisere dei.

Den samla kunnskapen vi har om ordningane eit år, gjer at enkelte ordningar kan endre status i samband med klassifiseringa i høve til året før.

I 2020 var om lag 49 prosent av tilskotsmidlane i den samla tilskotsporteføljen klassifisert i klasse 1, mot 42 prosent i 2019. Om lag 41 prosent av midlane var klassifisert i klasse 2, mot 54 prosent i 2019. Klasse 3 er på same nivå som i 2019. I klasse 4 er det ein auke frå 2 prosent til 8 prosent av midlane samanlikna med 2019, jf. figur 2.

Vi har klassifisert 80 ordningar i 2020. Talet på klassifiserte ordningar avvik frå talet på hovudgrupper av ordningar. Når det er behov for å klassifisere ein tilskotspost i fleire klassar, er posten splitta opp i risikovurderinga.

Det er fleire grunnar til auken vi har i klasse 1. Tilskot til fylkeskommunar for at årets avgangskull skal fullføre vidaregåande opplæring, er ei ny ordning frå 2020 som bidreg til å auke tildelinga i denne risikoklassen. Vidare har nokre ordningar endra klasse frå 2 til 1. Mellom anna består tilskot til opplæring av barn og unge asylsøkarar av tre ordningar som alle no er klassifiserte som låg risiko. Nokre av ordningane som i 2019 var klassifiserte i klasse 4, er endra til klasse 1 fordi vi no har eit informasjonsgrunnlag som gjer det mogeleg å klassifisere dei. Dette gjeld tilskot til innkjøp av digitale læremiddel og tilskot til kjøp av utstyr til programmering.

I 2019 utgjorde tilskot til tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn ein betydeleg del av tilskotsmidlane i klasse 2. I 2020 er dette tilskotet overført til kommuneramma, slik at det berre er forskingsprosjektet på auka lærartettleik, som ligg att i forvaltninga vår. I samband med dette er klassifiseringa også endra til klasse 4. Dette har si forklaring i at vi ikkje lenger får inn rapportar no når midlane blir følgde opp av Forskingsrådet.

I 2020 er det berre éi ordning i klasse 3, høg risiko. Dette er same ordninga som i 2019: tilskot til skular godkjende etter kap. 4 i voksenopplæringsloven. Ordninga er evaluert, og resultatet tilseier at risikoklassen bør oppretthaldast inntil eventuelle tiltak blir sette i verk.

I alt går 90 prosent av tilskotsmidlane til ordningar med låg eller middels risiko. Dette er ein nedgang på 6 prosent samanlikna med 2019. Grunnen til dette er ein auke i klasse 4. Auken skuldast nye ordningar der vi manglar grunnlag for å vurdere risiko. Dei fleste nye ordningane er knytte til koronasituasjonen.

Vurderinga av tilskotsporteføljen gir god oversikt over det samla risikobiletet, og totalt sett meiner vi at vi har god oversikt over tilskotsporteføljen vår.


 1 Retting: Tilskot til digital heimeundervisning for kommunar og fylkeskommunar vart dessverre ikkje teke med då vi laga rapport om tilskotsforvaltning. Ordninga er difor ikkje med i våre tal, tabellar og analysar som omhandlar tilskotsmidlane for 2020. Denne ordninga hadde ei tildeling på 81,5 millionar kroner som kjem i tillegg til våre berekningar, difor hadde vi 10 ordningar med ei tildeling på totalt 724,1 millionar kroner.

2 Gjennomførte undersøkingar og evalueringar

Kunnskapen vi får om tilskotsordningane gjennom forvaltninga vår, og vurderinga av risiko i samband med klassifiseringa dannar grunnlaget når vi avgjer kva ordningar vi vil undersøkje nærare, og kva ordningar vi foreslår å evaluere.

2.1 Oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD)

I tillegg til dei ordinære forvaltningsoppgåvene har vi fått særskilde oppdrag både i tildelingsbrevet og i eigne oppdragsbrev. Desse oppdraga har vore sentrale i arbeidet vårt med tilskotsforvaltning:

Tabell 2: Oppdrag som har vore sentrale i tilskotsforvaltninga
Brev         TiltakStatus
OB 24-18 Forvaltning av tilskotsordning for forsøk med tiltak for ungdom utanfor opplæring og arbeid

Svart 
27.01.2021

OB 5-19 Styringsgruppa i 0–24-samarbeidet. Oppstart av pilot for programfinansiering

Frist 
31.12.2022

OB 7-19 Gjennomgang av tilskotsordninga for friskular for funksjonshemma

Svart 
Juni 2020

TB 2018 Ekstern evaluering av tilskotsordninga til skular som er godkjende etter kap. 4 i voksenopplæringsloven

Svart 
24.01.2020

TB 2020
Oppdrag 25

Tiltak for betre fjernundervisningstilbod i samisk og kunnskap om læringsutbytte til elevar som har opplæring i og på samisk Svart
29.01.2021

TB 2020
Oppdrag 33

Evaluering av nivået på trekkordninga for elevar i
frittståande skular

Svart 
02.02.2021

TB 2020
Oppdrag 35

Tiltak for lærlingar

Svart 
01.10.2020
31.12.2020

TB 2020
Oppdrag 36

Tilskot til fylkeskommunar for at årets avgangskull skal fullføre vidaregåande opplæring

Svart 
01.10.2020
31.12.2020

TB 2020
Oppdrag 37

Tiltak retta mot sårbare barn og unge. Oppretting av tilskotsordning

Svart 
25.02.2021

TB 2020
Oppdrag 39

Nye retningslinjer for landslinjeordninga

Svart 
30.09.2020
30.10.2020

TB 2020
Oppdrag 42

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av Opplæringslovutvalgets forslag om opplæring i og på samisk i grunnskulen og vidaregåande opplæring

Svart
26.10.2020

2.2 Undersøkingar

Vi har i 2020 gått igjennom og kartlagt ordninga med tilskot til frittståande skular for funksjonshemma. 

2.2.1 Tilskot til frittståande skular for funksjonshemma

Vi har saman med Oxford Research AS hatt ein gjennomgang av tilskot til frittståande skular for funksjonshemma. Arbeidet blei avslutta i juni 2020.

Hovudfunn frå rapporten viser at mange av skulane inngår i eit større økosystem med fritidsaktivitetar, bustadtilbod, sosiale aktivitetar, oppfølging og kompetansesenter, og at dei er tilknytte føretak der elevane kan få arbeid etter avslutta utdanning. Skulane meiner at integrering på fleire område gir eit betre og meir heilskapleg tilbod til elevane.. Vidare er det stor Andre funn viser at skulane varierer når det gjeld alder på elevane og retten deira til skulegang, læreplanar, planlagt sluttkompetanse, omfang av tilrettelegging i opplæringa og behovet til elevane variasjon i kva lærevanskar som kvalifiserer for inntak ved skulane, og det er stor variasjon i kva kompetente instansar skulane bruker for å dokumentere diagnose og behov for tilrettelagd opplæring. Skulane er svært ulike, og rapporten viser at det både er variasjonar og fellestrekk innanfor dei to tilskotssatsane.

2.3 Evalueringar

Vi har gjennomført to evalueringar i 2020.

2.3.1 Tilskot til skular godkjende etter kap. 4 i voksenopplæringsloven

Ekstern evaluering av ordninga med tilskot til skular som er godkjende etter kap. 4 i voksenopplæringsloven var ferdig i januar 2020 og blei send til departementet. 

2.3.2 Trekkordninga

Senter for økonomisk forskning gjennomførte ei evaluering av ordninga i 2020. Høgskolen i Molde har evaluert same ordning tidlegare. Begge evalueringane viser at kommunane har større kostnader enn 20 prosent av dagens satsar per elev i friskular. Dagens trekk svarte ikkje til dei faktiske endringane i kommunane sine direkte og indirekte utgifter som følgje av endra elevtal i friskular. Trekket som blir gjort, er for høgt.

Vi foreslo at modellen for berekning av rammetrekk blir endra slik at utgifter til skulelokale ikkje skal vere med i grunnlaget. Dette gjeld for både grunnskuleelevar  og vidaregåande elevar. Vidare foreslo vi å differensiere satsane for vidaregåande ved å berekne éin sats for studiespesialiserande og éin for yrkesfaglege utdanningsprogram. Trekksatsen kan då framleis vere 80 prosent av satsane både for elevar i frittståande grunnskular og vidaregåande skular. Evalueringa med vårt forslag til endring blei send til departementet i februar 2021.

3 Kvalitative og kvantitative rapportar

For å få meir kunnskap om tilskotsmottakarane sine behov vil vi mellom anna gjennomføre fleire kvalitative undersøkingar. 

3.1 Tilskot til digitale læremiddel

For å kartleggje kommunar og fylkeskommunar sitt behov i samband med tilskot til innkjøp av digitale læremiddel i 2019 laga vi rapporteringsskjema med både
kvantitative og kvalitative spørsmål. Den første delen av skjemaet hadde spørsmål om erfaring med og vurdering av ordninga, og i andre delen av skjemaet blei tilskotsmottakarane spurde om fag, trinn, læremiddel og lisensar som kommunane hadde kjøpt inn. Direktoratet utarbeidde ein presentasjon på bakgrunn av rapportane. Presentasjonen blei lagd fram for representantar frå læremiddelbransjen gjennom deira foreiningar og organisasjonar frå utdanningssektoren.

Sjå presentasjonen

Mottakarane sin eigendel

Tilskotsmottakarane gav oss mellom anna tilbakemelding om at eigendelen var for høg. I 2019 kunngjorde vi ordninga med ei fordeling på 30 prosent tilskot og 70 prosent eigendel. Sidan vi ikkje hadde erfaring med korleis interessa for ordninga ville vere, måtte vi estimere kor stor del av kommunane som ville søkje. Vi valde samstundes å krevje at kommunane skulle dekkje ein eigendel, uavhengig av kor mange søkjarar tilskotet skulle fordelast på. Dette var både for å gjere ordninga føreseieleg når det gjaldt eigendel, og for å stimulere til bruk av eigne midlar til kjøp av digitale læremiddel. Det blei sett av ytterlegare 20 millionar kroner til ordninga, og dermed fekk kommunane auka midlar til dette. Nokre mottakarar syntest det var problematisk med tanke på planlagde kjøp og anbodsrundar. Andre kommunar syntest at ekstra tilskot var bra, sidan det gjorde at dei kunne prøve ut læremiddel som dei ikkje hadde planlagt å kjøpe inn. I 2020 kunngjorde vi ordninga med ein tilskotsdel på 40 prosent og ein eigendel på 60 prosent. Det blei også løyvd ekstra midlar til ordninga i 2020, men dei gjekk til å redusere kommunane sin eigendel. Dermed blei dei ekstra midlane godt mottekne.

Utbetalingstidspunkt

Vi fekk også tilbakemeldingar om at tilskotet blei utbetalt for seint med tanke på planlegging av innkjøp og anbodsrundar før skulestart hausten 2019. I 2020 utbetalte vi tilskot ein månad tidlegare enn i 2019. I 2021 vil vi kutte ned søknadsperioden til ein månad slik at tilskot kan bli utbetalt primo mai. Dette meiner vi er forsvarleg fordi ordninga er godt kjent. Ei tilsvarande ordning for frittståande grunnskular og vidaregåande skular hadde ein søknadsperiode på 3 veker, og det fungerte bra.

4 Forvaltning og status

Stadig fleire ordningar blir forvalta gjennom HFL. Dette gir ei effektiv og god tilskotsforvaltning.

Direktoratet forvaltar 45 hovudgrupper av tilskotsordningar. Informasjonen vi har om den enkelte ordninga, varierer, noko som stiller ulike krav til direktoratet som tilskotsforvaltar. For nokre av ordningane er det delegert forvaltningsoppgåver vidare til statsforvaltarane.

Kontrolloppgåvene for enkelte ordningar er delte mellom direktoratet og statsforvaltarane, og dei byggjer til dels på eigenrapportering frå tilskotsmottakarar og på særattestasjonar frå revisorar. Det er viktig at både rapporteringa og kontrollen har høg kvalitet.

4.1 Utdanningsdirektoratet si forvaltning

Vi meiner at rutinane og systema våre gir oss god kontroll over forvaltninga.

Tilskotsmottakarane er både offentlege og private aktørar. Ordningane varierer i storleik, kompleksitet og innretting, og dei er knytte til opplæring på ulike nivå.

4.1.1 Kort omtale av nokre av ordningane

Tilskot til meirutgifter kommunane har til innkjøp av læremiddel til fagfornyinga

Den totale ramma på 170 millionar kroner blei fordelt og utbetalt til alle kommunane i landet, inkludert Svalbard, på grunnlag av talet på elevar i GSI per 1.oktober 2019. Tilskot per elev var på 279,07 kroner. Tilskot blei utbetalt primo april 2020, og frist for rapportering var sett til 1. desember 2020. Rapporteringa skulle gjerast i direktoratet si høyringsløysing. Det viste seg likevel at det blei vanskeleg for kommunane å overhalde rapporteringsfristen på grunn av koronasituasjonen, innkjøpsrutinar med meir. Det er per medio april 92 av 357 kommunar som har rapportert. Dei rapporterer om eit forbruk på cirka 56 millionar kroner; 40 millionar kroner til digitale læremiddel og 16 millionar kroner til analoge læremiddel, derav 12 millionar kroner til nynorske læremiddel og 1,5 millionar kroner til samiske læremiddel. Ny frist for rapportering er sett til 1. juni 2021.

Landslinjer

Det er fastsett reviderte retningslinjer for ordninga i 2020, gjeldande frå 2021. Retningslinjene omtaler særskilt kapasitetsutnytting ved landslinjene. Låg kapasitetsutnytting over tid kan medføre redusert kapasitet og reduserte tilskot, og høg kapasitetsutnytting over tid kan medføre auka kapasitet og auka tilskot. Søknad om oppretting av nye landslinjetilbod og utviding av eksisterande tilbod er omtalt i dei reviderte retningslinjene. Søknader skal sendast elektronisk til Utdanningsdirektoratet. Dette skal sikre likebehandling av søknader etter ei fagleg vurdering, der nye landslinjetilbod passar inn i den eksisterande tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring, og der ei oppretting eller utviding av landslinjetilbod samsvarer med mellom anna nasjonale og regionale kompetansebehov. Etter behandling i direktoratet skal søknadene sendast til politisk behandling hos departementet. Tilskotsordninga og søknad om oppretting av nye eller utviding av eksisterande tilbod er publisert på udir.no. 

Tilskot til innkjøp av digitale læremiddel

Tilskotsordninga er ein del av Den teknologiske skolesekken. Budsjettet i 2020 var på 48 millionar kroner med eit tilskot på 40 prosent og ein eigendel på 60 prosent. Vi fekk ytterlegare midlar i RNB som skulle gå til å redusere eigendelen for kommunar og fylkeskommunar. Dette medførte at tilskotet blei på 75 prosent og eigendelen på 25 prosent. Tilskotet per elev var på 160,63 kroner. 244 kommunar og 9 fylkeskommunar søkte om og fekk utbetalt tilskot i 2020.

Tilskot til innkjøp av digitale læremiddel, infrastruktur og utstyr til frittståande grunnskular og vidaregåande skular i Noreg

Målet med ordninga var å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med covid-19-utbrotet. Ordninga skulle bidra til at elevar og lærarar i grunnopplæringa fekk tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel av høg kvalitet. I tillegg skulle ho styrkje digital infrastruktur og digitale fellesløysingar, og kompetanse til drift av desse, og ho skulle bidra til utjamning av levekårsforskjellar der desse er til hinder for heimeundervisning.
Det blei utbetalt 7,5 millionar kroner til frittståande grunnskular og vidaregåande skular i Noreg som er godkjende etter friskolelova. Det var 251 skular som søkte om og fekk utbetalt tilskot. Det er 70 prosent av skulane. Tilskot per elev var på 247,70 kroner. Skulane si elevteljing per 1.oktober 2019 blei lagd til grunn, og skular som starta opp hausten 2020, fekk også høve til å søkje.

Tilskot til utvikling av digitale samiske læremiddel

Det er utbetalt 5 millionar kroner til Sametinget i 2020 til utvikling av digitale samiske læremiddel. Tilskotet inngår i Sametingets eksisterande ordning for utvikling av læremiddel.

Forsøk med tiltak for ungdom utanfor opplæring og arbeid

Prosjektperioden var på tre skuleår, frå 2017/2018 til 2019/2020. Det er løyvd midlar til i alt ti prosjekt i prosjektperioden – fem i 2017 og fem i 2018.

Frist for evaluering blei utsett frå våren 2020 til 1.desember 2020 grunna koronasituasjonen. Vi rapporterte til departementet 27.januar 2021 med kort oppsummering av prosjekta og med vedlagde rapportar frå forsøksfylka, jf. oppdragsbrev nr. 24-18 av 16.august 2018.
Prosjektfylka har rapportert om talet på ungdommar som har fått hjelp og rettleiing gjennom prosjekta, og om resultata av prosjekta. Vi meiner totalt sett at forsøksprosjektet er vellukka, både med tanke på mål, målgruppe og resultat.

Murmanskskolen

Troms og Finnmark fylkeskommune varsla at det ikkje blei gitt tilbod til dei norske elevane ved skulen i Murmansk skuleåret 2020/2021. Dette var på grunn av utfordringar med den pågåande pandemien.

Ekstraordinære tiltak for lærlingar

Oppsummert sluttrapportering frå fylka viste mellom anna at 2 700 lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar har vore omfatta av ordninga.

Elevutveksling til utlandet

I 2020 har vi i dialog med departementet fått presisert regelverket for ordninga og kva elevar som er omfatta av ordninga. Tre frittståande skular får tilskot til elevutveksling til utlandet for eigne elevar. Ein av skulane gav tilbod om elevutveksling til andre enn skulen sine eigne elevar. Skulen har innretta seg etter det nye regelverket.

Kompletterande undervisning

Tilskot blir gitt til to nettskular. Det blei påvist manglar ved lærarkvalifikasjonane ved den eine skulen dei siste åra. Frå og med skuleåret 2020/2021 har denne skulen sendt inn dokumentasjon som viser at alle lærarane ved skulen har den forskriftmessige kompetansen for undervisning i det enkelte faget og på det enkelte trinnet. I tillegg har skulen skaffa kvalifisert vikar for trinna med lav lærarkapasitet.

Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

Pilot for programfinansiering testar ut ein meir fleksibel finansieringsmodell. Midlar frå ulike sektorspesifikke tilskotsordningar er lagde i ein felles pott. Kommunane vurderer behovet lokalt og bruker midlane til tiltak som dei vurderer som gode. Piloten kan gi oss eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere korleis staten bør innrette dei økonomiske verkemidla slik at dei støttar opp under god og heilskapleg tenesteutvikling i kommunane. Prosjektperioden skulle vare frå 2020 til 2022, men på grunn av koronapandemien er prosjektet om lag eit halvt år forseinka, og prosjektet skal gå ut juni 2023.

Førebelse tilbakemeldingar frå kommunane i piloten tyder på at dei har hatt gode erfaringar i oppstartsfasen. Sjølv om det berre inngår midlar frå nokre få tilskotsordningar i tiltaket, opplever kommunane at høve til å samordne midlane bidreg til større merksemd om og interesse for samordningsarbeidet. Dette har gitt ringverknader både i pilotkommunane og i kommunar som ikkje er med i piloten. Kommunane seier at piloten godt kunne vart lenger, sidan det tek tid å endre samhandlingspraksisen, og dei seier at det derfor er viktig med støtte til implementering.

Statsforvaltarane har ansvar for å vere «tett på» kommunane under gjennomføringa av piloten. Kommunane skal årleg gi ei overordna vurdering av status for gjennomføringa. Her skal dei mellom anna vurdere om midlane er brukte i samsvar med målsetjinga for ordninga. Statsforvaltarane skal summere opp rapportane frå kommunane og rapportere vidare til Udir i april 2021. Dei følgjande kommunane er pilotkommunar: Elverum, Nordre Land, Tynset, Vestre Toten, Frøya, Namsos, Nærøysund, Trondheim, Bamble, Horten, Larvik og Siljan.

Skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

Ordninga blei i 2020 utvida til også å omfatte elevar i vidaregåande opplæring. Det var derfor venta eit høgare søknadstal i 2020 enn året før, men grunna koronapandemien og restriksjonar på reiser både i utlandet og i Noreg var det i staden ein nedgang i søknader. Dei fleste skuleturane i skuleåret 2020/2021 vil bli gjennomført i Noreg og gå til minnestader og fangeleirar frå andre verdskrigen. Det er venta ein del oppfølgingsarbeid i 2021 som følgje av endringar i reiseplanar i innsende søknader.

Tiltak retta mot sårbare barn og unge

Det blei i 2020 utbetalt 170 millionar kroner til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular til tiltak retta mot sårbare barn og unge. Ordninga er vidareført til 2021. Målet med ordninga er å redusere tapt progresjon og hindre fråfall i perioden skulane har vore stengde eller hatt reduserte opningstider på grunn av smitteverntiltak under koronapandemien. Mottakarane har levert rapportar om bruken av midlane, og dei viser at tilskotet var til stor hjelp for å betre tilbodet til elevane under pandemien. Midlane blei i hovudsak nytta til auka bruk av lærarar, sosiallærarar, miljøarbeidarar og andre tilsette ved skulen og til leksehjelp og andre tilbod.

Rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar

Tilskotet blei utbetalt for første gong i skuleåret 2019/2020. Søknader frå 182 kommunar og 44 friskular danna grunnlaget for at 2 137 nyutdanna nytilsette lærarar fekk rettleiing dette skuleåret. Tilskot per lærar blei på om lag 28 000 kroner. For skuleåret 2020/2021 skal 2 406 lærarar, fordelt på 157 kommunar og 59 friskular, få rettleiing. Dette er ein auke på 13 prosent frå året før. Tilskot per lærar blei om lag 25 700 kroner.

Rapporteringa for skuleåret 2019/2020 viser at lærarane i all hovudsak har motteke rettleiing i tråd med krava, men tilbakemeldingar viser at rettleiingsopplegget våren 2020 har blitt påverka av koronapandemien. Særleg har dette gått ut over fellessamlingar, men det har også gitt utfordringar med å gjennomføre individuell rettleiing. Ved slike utfordringar har rettleiinga blitt utsett eller strekt ut lenger i tid enn planlagt.

Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

Tilskotsordninga blei lagd om frå 1. januar 2019 fordi ho mangla objektive kriterium for tildeling. Den nye tildelingsmodellen er i hovudsak basert på soningskapasiteten ved fengsla i det enkelte fylket. Den nye tilskotsmodellen blir fasa inn gradvis over ein periode på fem år slik at den enkelte fylkeskommunen kan tilpasse seg det nye tilskotsnivået. 2020 var andre året med ny modell.

I tillegg får fylkeskommunar med oppfølgingsklassar, ungdomseiningar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU) og eining for narkotikaprogram (ND) eige tilskot. Kriteria for tildeling av tilskot til oppfølgingsklassar blei endra frå 2020. Modellen er utarbeidd av SFVL på oppdrag frå Udir. Dei nye kriteria er meir treffsikre når det gjeld det faktiske behovet i fylka som har oppfølgingsklassar. Endringane i tildelingsmodellen gir ei meir rettferdig fordeling av tilskotet mellom fylka enn tidlegare. Dette er fylka godt nøgde med.

Tilskot til folkehøgskular

Første kvartal 2020 tok vi i bruk ein standardisert mal for søknad om oppretting av nye skular. Malen er eit elektronisk søknadsskjema. I tillegg til å fylle ut søknadsskjemaet må ein laste opp ein framdriftsplan for lokale til skule og internat, planteikningar og situasjonsplan eller kart over lokalitetane og området og finansieringsplan. Driftsbudsjett med notar skal leverast i ein eigen budsjettmal som lastast opp i søknadsskjemaet. Alle malane er publiserte på udir.no.

Etter at malen blei brukt av dei som søkte om å få opprette folkehøgskule i 2020, blei han utbetra og gjort om på bakgrunn av både tilbakemeldingane og utfordringane ein såg i samband med søknadsprosessen.

4.2 Statsforvaltarane si forvaltning

Statsforvaltarane har fått delegert forvaltningsoppgåver for ein del tilskotsordningar og kontrolloppgåver for andre ordningar. Enkelte oppgåver blir forvalta av alle embeta. For andre ordningar er forvaltningsoppgåvene delte mellom nokre få embete. Enkelte embete har også landsdekkjande oppgåver.

Statsforvaltarane rapporterer på mål, tildelingskriterium og kontrollhandlingar for alle tilskotsordningane der dei har forvaltningsoppgåver, i ein eigen portal for tertialrapportering. I tillegg rapporterer dei på forbruk og prognosar knytte til løyvingane.

Det generelle inntrykket vårt er at embeta gjer ein god jobb. Tilbakemeldingane dei gir, viser at dei stort sett meiner at tilskotsordningane der dei har forvaltningsoppgåver, fungerer etter intensjonen og i tråd med retningslinjene. Vi ser at rapportering i Tertialportalen fungerer godt. Nokre av ordningane er omtalte under.

Frå 1. januar 2021 skal statsforvaltarane ikkje lenger ha kontrolloppgåver i samband med søknader frå fylkeskommunane om tilskot til landslinjer.

4.2.1 Kort omtale av nokre ordningar

Samisk i grunnopplæringa – utanfor samiske distrikt

Vi har inntrykk av at embeta gjennomfører grundig kontroll av søknadene om tilskot. Det er særleg SF Troms og Finnmark (SFTF) som har eit stort omfang av søknader både frå eige fylke og frå fylka sør for Nordland. SFTF innvilga 177 søknader, og SF i Nordland innvilga 30 søknader i 2020. SFTF har lagt ned mykje arbeid for å informere skuleeigarar rundt om i landet om retten til samisk opplæring og rutinar for å søkje om tilskot til denne opplæringa i 2020. Ifølgje embeta meiner kommunane at tilskotsordninga i for liten grad dekkjer skuleeigarane sine kostnader i samband med samiskopplæring.

Generelt ser det ut til at embeta driv god oppfølging av tilskotsordninga. Tilskota ser ut til å vere nøyaktig og rett utrekna, men embeta kan ha ein del utfordringar knytt til årsbudsjettprognosane ved rapportering for 2. tertial, sidan ordninga følgjer budsjettåret og ikkje skuleåret. Rapporteringa frå embeta gir grunn til å tru at dei meiner at ordninga fungerer etter formålet, men at ho er underfinansiert.

Samisk i grunnopplæringa – skjønnsmidlar innanfor samiske distrikt

SFTF rapporterer at dei ikkje fekk søknader om skjønnsmidlar i 2020 der kommunane kunne dokumentere at utgiftene i samband med opplæring var større enn tilskotet dei får i den ordinære tilskotsordninga. Det er derfor ikkje innvilga skjønnstilskot til kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet i 2020. Vi har inntrykk av at SFTF følgjer opp denne ordninga godt.

Samisk i grunnopplæringa – studieheimlar og stipend

Embeta gir uttrykk for at det er stort behov for fleire samisklærarar. Dette gjeld særleg sørsamisk. Etter vedtaket om at tilskotsordninga kan brukast både til vidareutdanning av lærarar i grunnopplæringa og til stipend til lærarstudentar, ser embeta ut til å vere nøgde med at ordninga no er ein meir tenleg reiskap for rekruttering av samisklærarar i grunnopplæringa.

Opplæring i kvensk eller finsk

Reviderte retningslinjer tilpassa lovendringa om likestilling av opplæring i kvensk eller finsk i samsvar med opplæringslova § 2-7 blei fastsette 3. desember 2020 og trer i kraft frå 1.januar 2021. SFTF sin forvaltningspraksis gir tilskot til kvensk eller finsk i grunnskulen uavhengig av talet på elevar i kommunen som får slik opplæring. Departementet har uttalt at denne forvaltningspraksisen kan halde fram til ny opplæringslov blir send på høyring i 2021. SFTF ser ut til å leggje mykje og grundig arbeid i saksbehandlinga av tilskotssøknader til ordninga. Økonomiforvaltninga har vore god i 2020.

Opplæring i kvensk eller finsk – studiepermisjon

SFTF ser ut til å ha gode rutinar for å følgje opp at studia blir gjennomførte, og at det blir inngått avtalar om bindingstid. Retningslinjene for tilskot til studieheimlar i kvensk eller finsk er endra frå 1.januar 2020 slik at ein no kan gi tilskot til vidareutdanning av lærarar i heile grunnopplæringa. Tildeling av tilskot i 2021 vil vise om dette medfører auka søknad til tilskotsordninga.

Fjellheimen leirskole

Kapasitetskravet for 2020 er redusert slik at skulen ikkje får avkorta tilskot i 2021 grunna koronasituasjonen.

5 Endringar i tilskotsporteføljen

I 2020 har vi fått nokre nye ordningar, og andre har gått ut av porteføljen vår. 

5.1 Nye tilskotsordningar

Vi har fått forvaltningsansvaret for seks nye ordningar i 2020. I alt er det tildelt 224,5 millionar kroner til følgjande ordningar:

  • tilskot til programfinansiering av 0–24-samarbeidet
  • tilskot til innkjøp av nye læremiddel i fagfornyinga
  • tilskot til internatdrifta ved Feiring videregående skole
  • tilskot til utvikling av samiske læremiddel til Sametinget
  • tilskot til friskuleorganisasjonane for arbeid med nye læreplanar til frittståande skular
  • tilskot til frittståande skular som ikkje følgjer Kunnskapsløftet sine læreplanar, og som har behov for å oppdatere sine læreplanar som følgje av fagfornyinga

I tillegg har vi ni nye tilskotsordningar som er knytte til covid-19. I alt er det tildelt 642,6 millionar kroner til følgjande ordningar:

  • tilskot til innkjøp av digitale læremiddel, infrastruktur og utstyr til frittståande skular
  • tilskot til kompensasjon til friskular for meirutgifter i samband med covid-19
  • tilskot til kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling til skulefritidsordningar i frittståande grunnskular i perioden då styresmaktene påla dei å halde stengt
  • tilskot til fylkeskommunar for at årets avgangskull skal fullføre vidaregåande opplæring
  • tilskot til frittståande skular for at årets avgangskull skal fullføre vidaregåande opplæring
  • tilskot til kommunane, fylkeskommunane og friskular for å ta att tapt progresjon og forhindre fråfall i skulen (tiltak retta mot sårbare barn og unge)
  • støtte til heimeundervisning – prosjekt «SkoleSec»
  • tilskot til folkehøgskulane til kompensasjon for meirutgifter i samband med covid-19
  • tilskot til folkehøgskulane til kompensasjon for redusert elevbetaling i samband med koronasituasjonen

5.2 Ordningar som er avslutta eller rammeoverførte

Seks ordningar var ikkje lenger ein del av tilskotsporteføljen vår frå 2020. Desse ordningane er tilskot til

  • leirskuleopplæring – rammeoverført frå KD til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) frå 2020
  • opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov – rammeoverført frå KD til KMD frå 2020
  • tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn
  • auka barnehagedeltaking i utsette byområde – tilskot til fem byar
  • forsking på tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring
  • utvikling av digitale læremiddel

6 Kva gjer vi vidare?

Tilskotsforvaltninga vår har gjennom 2020 blitt kraftig påverka av koronasituasjonen. Vi har utbetalt og forvalta fleire kompensatoriske ordningar. Dette har påverka kapasiteten vi har til å gjennomføre andre planlagde tiltak. Dette er tiltak vi vil ta att i 2021:

  • revisjon av strategi for tilskotsforvaltning
  • vidareføring av samarbeidet med Kunnskapsdepartementet og verksemder under departementet om å standardisere metodar og verktøy i tråd med rettleiarar frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

I tillegg til desse tiltaka vil vi også setje i gang eit arbeid med å betre våre metodar for vurdering og analyser av tilskotsordningar. Vi har tidlegare teke fram ein analysemetode knytt til bruk av indikatorar i samarbeid med Høgskolen i Molde/Møreforskning. Dette arbeidet har gjort at vi har god kontroll over kvantitative forhold knytte til dei enkelte ordningane. Vi ser likevel eit behov for å utarbeide kvalitative indikatorar for vurderingar av korleis ordningane fungerer, og samtidig få meir kunnskap om brukaranes behov. Ei slik utviding av indikatorar vil og vere til god hjelp når vi vurderer kva for ordningar som bør evaluerast.

Arbeidet med å kommunisere klart og tydeleg vil halde fram. I dette ligg også å bruke effektive kommunikasjons- og samhandlingsformer og å utforske digitale måtar å løyse oppgåvene våre på.

7 Tal om tilskotsforvaltning

Tilskotsporteføljen vår er omfattande – med ulike aktørar og ulik storleik på tilskotsordningane. Under gir vi ein omtale av funn frå analysar vi har gjort av nokre av ordningane våre.

7.1 Endringar i tilskotsporteføljen dei fem siste åra

Figur 3 nedanfor viser endringar i tilskotsporteføljen dei fem siste åra. Vi ser ein vekst i porteføljen på vel 1,1 milliardar kroner totalt sett i denne perioden. Den største veksten er i tilskot til frittståande skular. Her er veksten på 1,4 milliardar kroner. Veksten skuldast både nye ordningar og vekst i eksisterande ordningar. Vi ser også at det er ein vekst i tilskotet til internasjonale skular, folkehøgskular, barnehagar og andre mottakarar. Berre i tilskotet til kommunar og fylkeskommunar har det vore ein nedgang perioden sett under eitt.

Nedanfor ser vi nærare på endringar mellom år for nokre av ordningane. På grunn av forskjellar i ordningane når det gjeld storleik og innretning, vil det variere kor mange år vi samanliknar.

7.1.1 Endring i tilskotsporteføljen totalt sett

Frå 2019 til 2020 er det ein nedgang på 712 millionar kroner i tilskotsordningane totalt sett. Denne nedgangen ser vi til trass for ei rekkje nye ordningar, og særleg ordningar i samband med koronasituasjonen som isolert sett har auka porteføljen vår. Årsaka til nedgangen er i all hovudsak at tilskotet til kommunar og fylkeskommunar er redusert med 1,3 milliardar samanlikna med fjoråret. Dette skuldast at tilskotet til auka lærarinnsats på 1.–10. trinn no er overført til kommuneramma. Berre forskingsprosjektet ligg att i vår forvaltning av denne ordninga. I tillegg til denne er også fem andre ordningar på til saman 160 millionar kroner avslutta eller rammeoverførte.

Vi har fått 15 nye ordningar på til saman 867,1 millionar kroner. Eksisterande ordningar har ein auke på om lag 450 millionar kroner samla sett. Her er det ei blanding av tilskot som har ein auke, og tilskot som har ein reduksjon i tildelinga. Vi ser mellom anna at tilskot til frittståande grunnskular har den største auken, på 347 millionar kroner. Tilskot til bemanningsnorm i barnehagen er den av dei vidareførte ordningane som har størst reduksjon samanlikna med fjoråret. Reduksjonen på 152 millionar kroner skuldast at berre private barnehagar fekk tilskot i 2020, mens ordninga gjaldt både kommunale og private barnehagar i 2019.

7.1.2 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Kommunar og fylkeskommunar utgjer den mottakargruppa i vår portefølje som har flest tilskotsordningar. Vi ser av figur 3 at tilskot til kommunar og fylkeskommunar har variert i perioden 2016–2020. Frå 2019 til 2020 er det ein nedgang på 1,3 milliardar kroner. Den totale tildelinga i 2020 var på 1,8 milliardar kroner fordelt på 18 hovudgrupper av ordningar.

Dei tre ordningane som har størst tildeling innanfor tilskot til kommunar og fylkeskommunar, utgjer til saman 48,5 prosent av den samla tildelinga i denne mottakargruppa. Dette gjeld tilskot til tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring, opplæring i kriminalomsorga og tilskot til landslinjer.

Samanliknar vi med 2019, ser vi ei endring på fire nye ordningar til kommunar og fylkeskommunar. Blant anna er det to nye ordningar knytte til covid-19 med ei samla tildeling på om lag 500 millionar kroner. I tillegg er programfinansiering av 0–24-samarbeidet og innkjøp av nye læremiddel i fagfornyinga nye ordningar frå 2020. Fem ordningar som gjeld tilskot til kommunar og fylkeskommunar, har gått ut av vår portefølje frå 2020. Den samla tildelinga til desse var 1,9 milliardar kroner i 2019.

7.2 Grunnlag for godkjenning – frittståande skular

Det er stor interesse knytt til oppretting av friskular. Vi har sett på utviklinga i talet på skular som er godkjende innanfor dei ulike grunnlaga i friskolelova, og på talet på elevar ved desse skulane, i perioden 2016 til 2020. 

7.2.1 Kva type grunnlag har auka mest dei siste fem åra?

I 2007 blei friskolelova endra, og skular som er godkjende etter dette tidspunktet, er godkjende på dei grunnlaga som er gitt i § 2-1 i friskolelova. Desse krava om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skular som var i drift ved utgangen av 2007.

Kva skuleslag som er godkjende på dei grunnlaga som er gitt i friskolelova § 2-1 går fram av tabell 3 nedanfor, som viser kva bokstav det enkelte skuleslaget er godkjent etter.

Tabell 3: Skuleslag som er godkjende på dei ulike grunnlaga
Friskular kan drive på følgjande grunnlag etter friskolelova § 2-1Skuleslag godkjende på kvart grunnlag
a livssyn frittståande grunnskular og vidaregåande skular i Noreg
b anerkjend pedagogisk retning frittståande grunnskular og vidaregåande skular i Noreg
c internasjonalt frittståande grunnskular i Noreg
d særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett frittståande vidaregåande skular i Noreg
e norsk grunnskuleopplæring i utlandet frittståande grunnskular i utlandet
f særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma frittståande grunnskular og vidaregåande skular for funksjonshemma
g vidaregåande opplæring i verneverdige tradisjonshandverksfag frittståande vidaregåande skular i Noreg
h vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram frittståande vidaregåande skular i Noreg
i særskilt profil frittståande grunnskular i Noreg

I tillegg har vi skular som var godkjend før 2007, og som ikkje har krav om å drive på grunnlaga i § 2-1 i lova. Desse skulane er ikkje med i denne analysen.

7.2.2 Utvikling i talet på skular innanfor kvart grunnlag i perioden 2016–2020

Ser vi på utviklinga i talet på skular innanfor det enkelte grunnlaget i perioden 2016 til 2020, ser vi at talet på skular har auka frå 255 skular til 291, jf. tabell 4 nedanfor.

Tabell 4: Talet på godkjende skular i perioden 2016 til 2020
Friskular kan drive på følgjande grunnlag etter friskolelova § 2-120162017201820192020
a livssyn 108 111 112 113 113
b anerkjend pedagogisk retning 102 103 106 111 112
c internasjonalt 13 14 14 17 17
d særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett 13 13 14 13 13
e norsk grunnskuleopplæring i utlandet 5 5 5 5 5
f særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma 5 5 5 5 6
g vidaregåande opplæring i verneverdige tradisjonshandverksfag 2 2 2 2 2
h vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram 2 2 3 3 3
i særskild profil 5 9 15 16 20
  Sum 255 264 276 285 291

Den største auken er på grunnlaget særskild profil, med 15 skular. Anerkjend pedagogisk retning har auka med 10 skular og livssyn med 5 skular. Dei andre grunnlaga hadde mindre eller ingen endringar, jf. figur 4 nedanfor.

7.2.3 Utvikling i elevtalet i perioden 2016–2020

Ser vi på utviklinga i talet på elevar innanfor dei ulike grunnlaga i perioden 2016 til 2020, ser vi ein auke på om lag 6 000 elevar. Den største auken finn vi på skular som er godkjende på grunnlag av særskild profil. Grunnlaga livssyn og internasjonalt har også ein relativt stor auke i elevtalet, sjølv om dei hadde ein mindre auke i talet på nye skular, jf. figur 5 nedanfor.

Vi har sett nærare på dei to grunnlaga med størst auke i nye skular.

Auke i talet på skular og elevar godkjende på grunnlag av særskild profil

Profilskular er skular som har ekstra fagleg merksemd på eit emne, eller som har ein annan pedagogikk, og som derfor representerer noko som er vesentleg annleis enn det som er vanleg i offentlege skular og i skular som er godkjende på andre grunnlag i lova. Den særskilde profilen må synleggjerast i læreplanen, både i den overordna delen og i læreplanane for dei faga der det er relevant.

I 2016 var det berre fem skular som var godkjende med særskild profil som grunnlag. Vi ser ein jamn vekst for desse skulane fram mot 2020. Talet på skular som er godkjende på dette grunnlaget, blei firedobla i perioden. I 2016 var det 373 elevar som gjekk på skular som var godkjende på grunnlag av særskild profil. Interessa for desse skulane var aukande, og elevtalet gjekk kraftig opp i perioden. I 2020 hadde desse skulane 2 038 elevar.

Skular godkjende på grunnlag av særskild profil er stort sett retta mot idrett og realfag. Dei største aktørane som driv etter dette grunnlaget, er Wang Toppidrett og Norges Toppidrettsgymnas.

Auke i talet på skular og elevar godkjende på grunnlag av anerkjend pedagogisk retning

Opplæringa må representere ein samanhengande idé og eit verdigrunnlag som vanlegvis ikkje blir realisert i den offentlege skulen. Det pedagogiske opplegget skal vere utprøvd, utførleg beskrive i litteraturen, velrenommert og relativt kjent. Skulen skal synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i stiftingsdokument og i læreplanen, både i den overordna delen og i læreplanar for dei faga der det er relevant.

Det er langt fleire skular som er godkjende på dette grunnlaget, enn profilskular. I 2016 var det 102 skular som var godkjende, og i 2020 var det 112 godkjende skular. Dette gir ein auke på 10 skular i perioden. I 2016 var det 7 653 elevar som gjekk på skular som var godkjende på grunnlag av anerkjend pedagogisk retning. Interessa for desse skulane var også aukande, men desse skulane hadde berre ein auke på 995 elevar. Dette er ulike aktørar som driv etter montessoripedagogikk eller steinerpedagogikk.

Er det samanhengar mellom auke i talet på skular og auke i talet på elevar?

Vi ser at det ikkje treng å vere dei grunnlaga som har størst auke i talet på skular, som har den størte auken i talet på elevar. Det er også auke i elevtalet ved eksisterande skular innanfor det enkelte grunnlaget. Endringar i elevtalet er knytt til kva tilbod som blir gitt ved den enkelte friskulen, kor mange elevar den enkelte skulen har plass til, og ikkje minst kvar elevane ønskjer å gå. Det er grunnlaga særskild profil, anerkjend pedagogisk retning, internasjonalt og livssyn som har auka mest i denne perioden.

7.3 Nye tilskotsordningar knytte til covid-19-pandemien

Det blei løyvd 642,6 millionar kroner i tilskot til ordningar knytte til koronapandemien. Kva tilskota var meinte å skulle dekkje, går fram av omtalen under punkt 5.1 Nye tilskotsordningar.

Tilskotsmidlane gjekk til kommunar, fylkeskommunar, KS, frittståande skular og folkehøgskular. Kommunesektoren fekk den største delen av midlane i samband med koronapandemien, heile 75 prosent. Kor stor del som gjekk til dei andre mottakarane, går fram av figur 6 nedanfor.

Midlane skulle gå til tiltak som skulle kompensere for ekstra kostnader som følgje av koronapandemien. Frittståande skular fekk midlar frå fem tilskotsordningar: innkjøp av læremiddel, infrastruktur og utstyr, dekking av meirutgifter, kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling ved SFO, tiltak for at årets avgangskull skulle få fullføre vidaregåande opplæring og tiltak for at elevar skulle kunne ta att tapt progresjon og unngå fråfall.

Kommunar og fylkeskommunar fekk tilskot for å ta att tapt progresjon og forhindre fråfall i skulen. I tillegg fekk fylkeskommunane tilskot til ekstraordinære tiltak for lærlingar og for at årets avgangskull skulle få fullføre vidaregåande opplæring. KS fekk tilskot til dekking av støtte til heimeundervisning. Folkehøgskulane fekk tilskot til dekking av meirutgifter i samband og redusert elevbetaling, begge som følgje av koronasituasjonen.

Dei fleste av tilskotsordningane kan ein knyte elevtal til. Kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling ved SFO er ikkje knytt til elevtal. Her søkte skulane om dekking av manglande foreldrebetaling som følgje av at skulane stengde. Tilskotet til prosjekt «SkoleSec» som gjekk til KS, er heller ikkje knytt til elevtal.

Dei andre tilskotsordningane er fordelt baserte på elevtal. Vi har sett på forholdet mellom tilskotsmidlane og elevtalet hos dei ulike mottakarane. Vi ser at det er variasjon når det gjeld forholdet mellom storleiken på tilskotet og talet på barn mellom dei ulike mottakarane, jf. figur 7 nedanfor.

Vi ser at kommunane har forholdsvis mange elevar i forhold til kor stort tilskotet er. Dei har berre fått midlar over éi ordning og har ein langt større elevmasse enn dei andre mottakarane. Til dei andre mottakarane er det gitt midlar over fleire ordningar, slik at dei same elevane kan vere talt fleire gonger. Fylkeskommunane har fått midlar over tre tilskotsordningar, friskulane over fire og folkehøgskulane over to.

Ei av tilskotsordningane har gått til både kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular. Det gjeld tilskot for å ta att tapt progresjon og forhindre fråfall i skulen, retta mot sårbare barn og unge. Figur 8 nedanfor viser kor mykje midlar som er tildelt til den enkelte mottakaren, og kor mange elevar ordninga treffer.

Det kan sjå ut som om kommunane må fordele tilskotet sitt på relativt fleire elevar. Ser vi på forholdet mellom tilskot og elevar hos den enkelte mottakaren, så har dei same tildeling av midlar per elev når ein fordeler midlane på elevtal.

8 Kontrollar

Det blir gjennomført mange kontrollar knytte til forvaltninga av tilskotsordningane våre gjennom dei rutinane og systema vi har.

Forvaltninga vår er innretta i samsvar med Reglement for økonomistyring i staten (reglementet) og Bestemmelser om økonomistyring i staten (bestemmelsene). Vi har både manuelle og digitale kontrollrutinar. HFL og Elektronisk tilskuddsforvaltning (ETF) bidreg til å oppfylle krava til internkontroll. I ETF blir det utført ei rekkje kontrollar før tilskot blir utbetalte. I tillegg kontrollerer vi søknader, budsjett og ulike rapportar frå tilskotsmottakarar.

Særattestasjonar frå revisor

Økonomiforskrift til friskolelova stiller krav til at skulane si rapportering skal stadfestast av ein revisor med ein særattestasjon. I den gjeldande standarden er det ikkje samsvar mellom regelverket i økonomiforskrifta og utforminga av slike særattestasjonar. Det var derfor nødvendig å tilpasse og endre malen for særattestasjon frå revisor på friskulefeltet. Arbeidet blei ferdig i mars 2021. Den nye særattestasjonen viser til ein revisorstandard som samsvarer med forventningane i regelverket om at revisor skal stadfeste talet på elevar ved skulen.

9 Oversikt over dei ulike tilskotsordningane

Tabell 5 viser ordningane vi forvaltar, om ordninga er budsjettstyrt (B) eller regelstyrt (R), løyving, risikoklasse, tilskotsmottakarar, kven som forvaltar ordninga (Utdanningsdirektoratet U), og kven som har forvaltningsoppgåver (statsforvaltarane SF).

Tilskotsmottakarar: kommunar (K), private barnehagar (P), fylkeskommunar (FK), statlege skular (S), frittståande skular (F), folkehøgskular (FHS), internasjonale skular (I) og andre (A).

Tabell 5: Oversikt over dei ulike tilskotsordningane i 2020
KapPostTilskot tilOrdninga
er
Løyving i
millionar
kroner
i 2020
Klasse i 2020MottakarForvaltar
220 70 Læremiddel o.a. B 94,408 1 A U
225 60 Landslinjer - elevtilskot B 210,373 2 FK U
225 60 Landslinjer - utstyrstilskot B 30,000 1 FK U
225 63 Samisk i grunnopplæringa - innanfor samiske distrikt B 30,900 1 K U/SF
225 63 Samisk i grunnopplæringa – utanfor samiske distrikt B 36,800 1 K/F U/SF
225 63 Samisk i grunnopplæringa - skjønnsmidlar innanfor  B 0 1 K U/SF
225 63 Samisk i grunnopplæringa - studieheimlar B 2,875 1

K/FK/F

U/SF
225 63 Samisk i grunnopplæringa - vidaregåande  B 6,099 1 FK/F U
225 64 Opplæring av asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar 
- grunnskuleopplæring 15-18 år
B 1,676 1 K/FK U/SF
225 64 Opplæring av barn og unge som søker opphald
i Noreg – grunnskuleopplæring 6-15 år
B 40,730 1 K U
225 64 Opplæring av barn og unge asylsøkjarar
- vidaregåande 
B 2,758 1 FK U/SF
225 66 Skuleturar i forbindelse med handlingsplan
mot antisemittisme
B 15,480 2 K/FK/S/F/I/A U
225 67 Opplæring i kvensk eller finsk - grunnskulen B 6,500 1 K/F U/SF
225 67 Opplæring i kvensk eller finsk - studiepermisjon B 0,250 1 K/FK/F/S U/SF
225 67 Opplæring i kvensk eller finsk - vidaregåande B 0,862 1 FK/F U
225 68 Opplæring i kriminalomsorga B 278,022 1 FK U
225 68 Opplæring i kriminalomsorga  B 15,570 1 K/FK/A U/SF
225 69 Tilskot til fylkeskommunar for at årets avgangskull
skal fullføre vidaregåande opplæring
B 147,000 1 FK U
225 69 Tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring B 175,000 4 FK U
225 74 Organisasjonar – private og frivillige  B 9,437 2 A U
225 75 Grunntilskot: B        
225 75 Organisasjonar B 38,409 1 A U
225 75 Andøya Space Education  B 16,195 1 A U
225 75 Friskuleorganisasjonar B 0,805 1 A U
225 75 Friskuleorganisasjonar - arbeid med nye læreplanar B 0,750 4 A U
225 75 Organisasjonar – prosjektstøtte interesseorganisasjonar
funksjonshemma
B 1,279 1 A U
225 75 Kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa  B 34,899 1 A U
226 21 Forsøk med tiltak for ungdom utanfor opplæring
og arbeid
B 7,500 1 FK U
226 21 Innkjøp av digitale læremiddel  111,000  K/FK
226  21 Utvikling av samiske læremiddel til Sametinget  5,000 
226  21 Kommunar og fylkeskommunar for oppgradering
av Feide
4,912  K/FK
226  21 Utstyr, infrastruktur og digitale læremiddel
til frittståande skular 
7,500  F
226  21 Støtte til heimeundervisning  3,500  A
226 21 Innkjøp av nye læremiddel i fagfornyinga   170,000 K
226  21 Tiltak retta mot sårbare barn og unge  170,000 K/FK/F
226  21 Skuleeigar for kjøp av utstyr til programmering 20,000  K/FK/F 
226  61 Rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar 61,920 K/F 
226  63 Forsking på effektane av auka lærartettleik 36,552
226  64 Programfinansiering av 0-24-samarbeidet 39,310  K
227 63 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar:          
227  63  Murmanskskolen  B 2,507 FK U
227  63  Vaksenopplæring i Sandefjord kommune  5,698 FK U
227  63  Fjellheimen leirskole  6,788 K U/SF 
227  63  Dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv 26,474  1 K U
227  78  Tilskot – særskilde skular:          
227  78  Den franske skolen i Oslo 32,606  I
227  78  Internatdrifta ved Krokeide videregående skole  29,187 
227  78  Internatdrifta ved Feiring videregående skole 8,700 
227  78  Røde Kors Nordisk United World College 39,981
227  78  Signo grunn- og videregående skole og Briskeby
videregående skole
49,666 
227  78  Opplæring i rusinstitusjonar  11,858  A/FK 
227  78  Lycée International de Saint-Germain-en-Laye 5,356 
228  70  Frittståande grunnskular - elevtilskot  R 3101,627 1
228  70  Arbeid med nye læreplanar 0,612
228  70  Lærarnorm i frittståande grunnskolar 15,480 
228  71  Frittståande vidaregåande skular i Noreg - elevtilskot  1720,980 
228  71  Arbeid med nye læreplanar 0,138 
228  72  Frittståande skular godkjende etter kap. 4
i vaksenopplæringslova
153,014
228  73  Frittståande grunnskular i utlandet - elevtilskot  93,800 
228  73  Avtale Noreg og Sverige – avregning Skolverket  1,207 
228  73  Frittståande grunnskular i utlandet
- spesialundervisning
21,500 U/SF 
228  74  Frittståande vidaregåande skular  i utlandet
- elevtilskot
12,824
228  74  Frittståande vidaregåande skular  i utlandet
- spesialundervisning 
3,500  U/SF 
228  75  Frittståande skular  funksjonshemma elevar
- grunnskule
58,056
228  75 Frittståande skular  funksjonshemma elevar
– vidaregåande skule 
308,621 
228  76  Andre frittståande skular 41,852
228  77  Den tysk-norske skolen i Oslo  29,487 
228  78  Kompletterande undervisning 24,004 
228  79  Toppidrett  48,808
228  81  Elevutveksling utland 2,122 
228  82  Kapitaltilskot til friskular, kapital- og
husleigetilskot grunnskole 
66,218
228  83  Kompensasjon til friskular refundert foreldrebet.
Ifb. stenging av skule og SFO 
11,500
228  85  Kompensasjon friskular for meirutgifter knytt
til covid-19
50,000  4 F/I 
231  60  Bemanningsnorm i barnehage 110,357
231  63  Tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for
minoritetsspråklege barn i barnehage 
144,549  K/P 
231  66  Auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege
barn i barnehage
17,342 
231  70  Symjing i barnehagane 69,993  K/P/A 
253 70  Folkehøgskular – driftstilskot/særtilskot 945,816  FHS 
253 70  Oppstartsbevilgning  2,250  FHS 
253  70  Kompensasjon for redusert elevbetaling  65,000  FHS 
253  70  Kompensasjon for meirutgifter knytt til covid-19 10,000  FHS 
253  71  Folkehøgskolerådet 5,377
253  72  Folkehøgskular Nordiske 0,686

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!