Rapport om tilskotsforvaltning og tilskotskontroll 2020

7 Tal om tilskotsforvaltning

Tilskotsporteføljen vår er omfattande – med ulike aktørar og ulik storleik på tilskotsordningane. Under gir vi ein omtale av funn frå analysar vi har gjort av nokre av ordningane våre.

7.1 Endringar i tilskotsporteføljen dei fem siste åra

Figur 3 nedanfor viser endringar i tilskotsporteføljen dei fem siste åra. Vi ser ein vekst i porteføljen på vel 1,1 milliardar kroner totalt sett i denne perioden. Den største veksten er i tilskot til frittståande skular. Her er veksten på 1,4 milliardar kroner. Veksten skuldast både nye ordningar og vekst i eksisterande ordningar. Vi ser også at det er ein vekst i tilskotet til internasjonale skular, folkehøgskular, barnehagar og andre mottakarar. Berre i tilskotet til kommunar og fylkeskommunar har det vore ein nedgang perioden sett under eitt.

Nedanfor ser vi nærare på endringar mellom år for nokre av ordningane. På grunn av forskjellar i ordningane når det gjeld storleik og innretning, vil det variere kor mange år vi samanliknar.

7.1.1 Endring i tilskotsporteføljen totalt sett

Frå 2019 til 2020 er det ein nedgang på 712 millionar kroner i tilskotsordningane totalt sett. Denne nedgangen ser vi til trass for ei rekkje nye ordningar, og særleg ordningar i samband med koronasituasjonen som isolert sett har auka porteføljen vår. Årsaka til nedgangen er i all hovudsak at tilskotet til kommunar og fylkeskommunar er redusert med 1,3 milliardar samanlikna med fjoråret. Dette skuldast at tilskotet til auka lærarinnsats på 1.–10. trinn no er overført til kommuneramma. Berre forskingsprosjektet ligg att i vår forvaltning av denne ordninga. I tillegg til denne er også fem andre ordningar på til saman 160 millionar kroner avslutta eller rammeoverførte.

Vi har fått 15 nye ordningar på til saman 867,1 millionar kroner. Eksisterande ordningar har ein auke på om lag 450 millionar kroner samla sett. Her er det ei blanding av tilskot som har ein auke, og tilskot som har ein reduksjon i tildelinga. Vi ser mellom anna at tilskot til frittståande grunnskular har den største auken, på 347 millionar kroner. Tilskot til bemanningsnorm i barnehagen er den av dei vidareførte ordningane som har størst reduksjon samanlikna med fjoråret. Reduksjonen på 152 millionar kroner skuldast at berre private barnehagar fekk tilskot i 2020, mens ordninga gjaldt både kommunale og private barnehagar i 2019.

7.1.2 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Kommunar og fylkeskommunar utgjer den mottakargruppa i vår portefølje som har flest tilskotsordningar. Vi ser av figur 3 at tilskot til kommunar og fylkeskommunar har variert i perioden 2016–2020. Frå 2019 til 2020 er det ein nedgang på 1,3 milliardar kroner. Den totale tildelinga i 2020 var på 1,8 milliardar kroner fordelt på 18 hovudgrupper av ordningar.

Dei tre ordningane som har størst tildeling innanfor tilskot til kommunar og fylkeskommunar, utgjer til saman 48,5 prosent av den samla tildelinga i denne mottakargruppa. Dette gjeld tilskot til tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring, opplæring i kriminalomsorga og tilskot til landslinjer.

Samanliknar vi med 2019, ser vi ei endring på fire nye ordningar til kommunar og fylkeskommunar. Blant anna er det to nye ordningar knytte til covid-19 med ei samla tildeling på om lag 500 millionar kroner. I tillegg er programfinansiering av 0–24-samarbeidet og innkjøp av nye læremiddel i fagfornyinga nye ordningar frå 2020. Fem ordningar som gjeld tilskot til kommunar og fylkeskommunar, har gått ut av vår portefølje frå 2020. Den samla tildelinga til desse var 1,9 milliardar kroner i 2019.

7.2 Grunnlag for godkjenning – frittståande skular

Det er stor interesse knytt til oppretting av friskular. Vi har sett på utviklinga i talet på skular som er godkjende innanfor dei ulike grunnlaga i friskolelova, og på talet på elevar ved desse skulane, i perioden 2016 til 2020. 

7.2.1 Kva type grunnlag har auka mest dei siste fem åra?

I 2007 blei friskolelova endra, og skular som er godkjende etter dette tidspunktet, er godkjende på dei grunnlaga som er gitt i § 2-1 i friskolelova. Desse krava om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skular som var i drift ved utgangen av 2007.

Kva skuleslag som er godkjende på dei grunnlaga som er gitt i friskolelova § 2-1 går fram av tabell 3 nedanfor, som viser kva bokstav det enkelte skuleslaget er godkjent etter.

Tabell 3: Skuleslag som er godkjende på dei ulike grunnlaga
Friskular kan drive på følgjande grunnlag etter friskolelova § 2-1Skuleslag godkjende på kvart grunnlag
a livssyn frittståande grunnskular og vidaregåande skular i Noreg
b anerkjend pedagogisk retning frittståande grunnskular og vidaregåande skular i Noreg
c internasjonalt frittståande grunnskular i Noreg
d særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett frittståande vidaregåande skular i Noreg
e norsk grunnskuleopplæring i utlandet frittståande grunnskular i utlandet
f særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma frittståande grunnskular og vidaregåande skular for funksjonshemma
g vidaregåande opplæring i verneverdige tradisjonshandverksfag frittståande vidaregåande skular i Noreg
h vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram frittståande vidaregåande skular i Noreg
i særskilt profil frittståande grunnskular i Noreg

I tillegg har vi skular som var godkjend før 2007, og som ikkje har krav om å drive på grunnlaga i § 2-1 i lova. Desse skulane er ikkje med i denne analysen.

7.2.2 Utvikling i talet på skular innanfor kvart grunnlag i perioden 2016–2020

Ser vi på utviklinga i talet på skular innanfor det enkelte grunnlaget i perioden 2016 til 2020, ser vi at talet på skular har auka frå 255 skular til 291, jf. tabell 4 nedanfor.

Tabell 4: Talet på godkjende skular i perioden 2016 til 2020
Friskular kan drive på følgjande grunnlag etter friskolelova § 2-120162017201820192020
a livssyn 108 111 112 113 113
b anerkjend pedagogisk retning 102 103 106 111 112
c internasjonalt 13 14 14 17 17
d særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett 13 13 14 13 13
e norsk grunnskuleopplæring i utlandet 5 5 5 5 5
f særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma 5 5 5 5 6
g vidaregåande opplæring i verneverdige tradisjonshandverksfag 2 2 2 2 2
h vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram 2 2 3 3 3
i særskild profil 5 9 15 16 20
  Sum 255 264 276 285 291

Den største auken er på grunnlaget særskild profil, med 15 skular. Anerkjend pedagogisk retning har auka med 10 skular og livssyn med 5 skular. Dei andre grunnlaga hadde mindre eller ingen endringar, jf. figur 4 nedanfor.

7.2.3 Utvikling i elevtalet i perioden 2016–2020

Ser vi på utviklinga i talet på elevar innanfor dei ulike grunnlaga i perioden 2016 til 2020, ser vi ein auke på om lag 6 000 elevar. Den største auken finn vi på skular som er godkjende på grunnlag av særskild profil. Grunnlaga livssyn og internasjonalt har også ein relativt stor auke i elevtalet, sjølv om dei hadde ein mindre auke i talet på nye skular, jf. figur 5 nedanfor.

Vi har sett nærare på dei to grunnlaga med størst auke i nye skular.

Auke i talet på skular og elevar godkjende på grunnlag av særskild profil

Profilskular er skular som har ekstra fagleg merksemd på eit emne, eller som har ein annan pedagogikk, og som derfor representerer noko som er vesentleg annleis enn det som er vanleg i offentlege skular og i skular som er godkjende på andre grunnlag i lova. Den særskilde profilen må synleggjerast i læreplanen, både i den overordna delen og i læreplanane for dei faga der det er relevant.

I 2016 var det berre fem skular som var godkjende med særskild profil som grunnlag. Vi ser ein jamn vekst for desse skulane fram mot 2020. Talet på skular som er godkjende på dette grunnlaget, blei firedobla i perioden. I 2016 var det 373 elevar som gjekk på skular som var godkjende på grunnlag av særskild profil. Interessa for desse skulane var aukande, og elevtalet gjekk kraftig opp i perioden. I 2020 hadde desse skulane 2 038 elevar.

Skular godkjende på grunnlag av særskild profil er stort sett retta mot idrett og realfag. Dei største aktørane som driv etter dette grunnlaget, er Wang Toppidrett og Norges Toppidrettsgymnas.

Auke i talet på skular og elevar godkjende på grunnlag av anerkjend pedagogisk retning

Opplæringa må representere ein samanhengande idé og eit verdigrunnlag som vanlegvis ikkje blir realisert i den offentlege skulen. Det pedagogiske opplegget skal vere utprøvd, utførleg beskrive i litteraturen, velrenommert og relativt kjent. Skulen skal synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i stiftingsdokument og i læreplanen, både i den overordna delen og i læreplanar for dei faga der det er relevant.

Det er langt fleire skular som er godkjende på dette grunnlaget, enn profilskular. I 2016 var det 102 skular som var godkjende, og i 2020 var det 112 godkjende skular. Dette gir ein auke på 10 skular i perioden. I 2016 var det 7 653 elevar som gjekk på skular som var godkjende på grunnlag av anerkjend pedagogisk retning. Interessa for desse skulane var også aukande, men desse skulane hadde berre ein auke på 995 elevar. Dette er ulike aktørar som driv etter montessoripedagogikk eller steinerpedagogikk.

Er det samanhengar mellom auke i talet på skular og auke i talet på elevar?

Vi ser at det ikkje treng å vere dei grunnlaga som har størst auke i talet på skular, som har den størte auken i talet på elevar. Det er også auke i elevtalet ved eksisterande skular innanfor det enkelte grunnlaget. Endringar i elevtalet er knytt til kva tilbod som blir gitt ved den enkelte friskulen, kor mange elevar den enkelte skulen har plass til, og ikkje minst kvar elevane ønskjer å gå. Det er grunnlaga særskild profil, anerkjend pedagogisk retning, internasjonalt og livssyn som har auka mest i denne perioden.

7.3 Nye tilskotsordningar knytte til covid-19-pandemien

Det blei løyvd 642,6 millionar kroner i tilskot til ordningar knytte til koronapandemien. Kva tilskota var meinte å skulle dekkje, går fram av omtalen under punkt 5.1 Nye tilskotsordningar.

Tilskotsmidlane gjekk til kommunar, fylkeskommunar, KS, frittståande skular og folkehøgskular. Kommunesektoren fekk den største delen av midlane i samband med koronapandemien, heile 75 prosent. Kor stor del som gjekk til dei andre mottakarane, går fram av figur 6 nedanfor.

Midlane skulle gå til tiltak som skulle kompensere for ekstra kostnader som følgje av koronapandemien. Frittståande skular fekk midlar frå fem tilskotsordningar: innkjøp av læremiddel, infrastruktur og utstyr, dekking av meirutgifter, kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling ved SFO, tiltak for at årets avgangskull skulle få fullføre vidaregåande opplæring og tiltak for at elevar skulle kunne ta att tapt progresjon og unngå fråfall.

Kommunar og fylkeskommunar fekk tilskot for å ta att tapt progresjon og forhindre fråfall i skulen. I tillegg fekk fylkeskommunane tilskot til ekstraordinære tiltak for lærlingar og for at årets avgangskull skulle få fullføre vidaregåande opplæring. KS fekk tilskot til dekking av støtte til heimeundervisning. Folkehøgskulane fekk tilskot til dekking av meirutgifter i samband og redusert elevbetaling, begge som følgje av koronasituasjonen.

Dei fleste av tilskotsordningane kan ein knyte elevtal til. Kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling ved SFO er ikkje knytt til elevtal. Her søkte skulane om dekking av manglande foreldrebetaling som følgje av at skulane stengde. Tilskotet til prosjekt «SkoleSec» som gjekk til KS, er heller ikkje knytt til elevtal.

Dei andre tilskotsordningane er fordelt baserte på elevtal. Vi har sett på forholdet mellom tilskotsmidlane og elevtalet hos dei ulike mottakarane. Vi ser at det er variasjon når det gjeld forholdet mellom storleiken på tilskotet og talet på barn mellom dei ulike mottakarane, jf. figur 7 nedanfor.

Vi ser at kommunane har forholdsvis mange elevar i forhold til kor stort tilskotet er. Dei har berre fått midlar over éi ordning og har ein langt større elevmasse enn dei andre mottakarane. Til dei andre mottakarane er det gitt midlar over fleire ordningar, slik at dei same elevane kan vere talt fleire gonger. Fylkeskommunane har fått midlar over tre tilskotsordningar, friskulane over fire og folkehøgskulane over to.

Ei av tilskotsordningane har gått til både kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular. Det gjeld tilskot for å ta att tapt progresjon og forhindre fråfall i skulen, retta mot sårbare barn og unge. Figur 8 nedanfor viser kor mykje midlar som er tildelt til den enkelte mottakaren, og kor mange elevar ordninga treffer.

Det kan sjå ut som om kommunane må fordele tilskotet sitt på relativt fleire elevar. Ser vi på forholdet mellom tilskot og elevar hos den enkelte mottakaren, så har dei same tildeling av midlar per elev når ein fordeler midlane på elevtal.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!