Rapport om tilskotsforvaltning og tilskotskontroll 2020

4 Forvaltning og status

Stadig fleire ordningar blir forvalta gjennom HFL. Dette gir ei effektiv og god tilskotsforvaltning.

Direktoratet forvaltar 45 hovudgrupper av tilskotsordningar. Informasjonen vi har om den enkelte ordninga, varierer, noko som stiller ulike krav til direktoratet som tilskotsforvaltar. For nokre av ordningane er det delegert forvaltningsoppgåver vidare til statsforvaltarane.

Kontrolloppgåvene for enkelte ordningar er delte mellom direktoratet og statsforvaltarane, og dei byggjer til dels på eigenrapportering frå tilskotsmottakarar og på særattestasjonar frå revisorar. Det er viktig at både rapporteringa og kontrollen har høg kvalitet.

4.1 Utdanningsdirektoratet si forvaltning

Vi meiner at rutinane og systema våre gir oss god kontroll over forvaltninga.

Tilskotsmottakarane er både offentlege og private aktørar. Ordningane varierer i storleik, kompleksitet og innretting, og dei er knytte til opplæring på ulike nivå.

4.1.1 Kort omtale av nokre av ordningane

Tilskot til meirutgifter kommunane har til innkjøp av læremiddel til fagfornyinga

Den totale ramma på 170 millionar kroner blei fordelt og utbetalt til alle kommunane i landet, inkludert Svalbard, på grunnlag av talet på elevar i GSI per 1.oktober 2019. Tilskot per elev var på 279,07 kroner. Tilskot blei utbetalt primo april 2020, og frist for rapportering var sett til 1. desember 2020. Rapporteringa skulle gjerast i direktoratet si høyringsløysing. Det viste seg likevel at det blei vanskeleg for kommunane å overhalde rapporteringsfristen på grunn av koronasituasjonen, innkjøpsrutinar med meir. Det er per medio april 92 av 357 kommunar som har rapportert. Dei rapporterer om eit forbruk på cirka 56 millionar kroner; 40 millionar kroner til digitale læremiddel og 16 millionar kroner til analoge læremiddel, derav 12 millionar kroner til nynorske læremiddel og 1,5 millionar kroner til samiske læremiddel. Ny frist for rapportering er sett til 1. juni 2021.

Landslinjer

Det er fastsett reviderte retningslinjer for ordninga i 2020, gjeldande frå 2021. Retningslinjene omtaler særskilt kapasitetsutnytting ved landslinjene. Låg kapasitetsutnytting over tid kan medføre redusert kapasitet og reduserte tilskot, og høg kapasitetsutnytting over tid kan medføre auka kapasitet og auka tilskot. Søknad om oppretting av nye landslinjetilbod og utviding av eksisterande tilbod er omtalt i dei reviderte retningslinjene. Søknader skal sendast elektronisk til Utdanningsdirektoratet. Dette skal sikre likebehandling av søknader etter ei fagleg vurdering, der nye landslinjetilbod passar inn i den eksisterande tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring, og der ei oppretting eller utviding av landslinjetilbod samsvarer med mellom anna nasjonale og regionale kompetansebehov. Etter behandling i direktoratet skal søknadene sendast til politisk behandling hos departementet. Tilskotsordninga og søknad om oppretting av nye eller utviding av eksisterande tilbod er publisert på udir.no. 

Tilskot til innkjøp av digitale læremiddel

Tilskotsordninga er ein del av Den teknologiske skolesekken. Budsjettet i 2020 var på 48 millionar kroner med eit tilskot på 40 prosent og ein eigendel på 60 prosent. Vi fekk ytterlegare midlar i RNB som skulle gå til å redusere eigendelen for kommunar og fylkeskommunar. Dette medførte at tilskotet blei på 75 prosent og eigendelen på 25 prosent. Tilskotet per elev var på 160,63 kroner. 244 kommunar og 9 fylkeskommunar søkte om og fekk utbetalt tilskot i 2020.

Tilskot til innkjøp av digitale læremiddel, infrastruktur og utstyr til frittståande grunnskular og vidaregåande skular i Noreg

Målet med ordninga var å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med covid-19-utbrotet. Ordninga skulle bidra til at elevar og lærarar i grunnopplæringa fekk tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel av høg kvalitet. I tillegg skulle ho styrkje digital infrastruktur og digitale fellesløysingar, og kompetanse til drift av desse, og ho skulle bidra til utjamning av levekårsforskjellar der desse er til hinder for heimeundervisning.
Det blei utbetalt 7,5 millionar kroner til frittståande grunnskular og vidaregåande skular i Noreg som er godkjende etter friskolelova. Det var 251 skular som søkte om og fekk utbetalt tilskot. Det er 70 prosent av skulane. Tilskot per elev var på 247,70 kroner. Skulane si elevteljing per 1.oktober 2019 blei lagd til grunn, og skular som starta opp hausten 2020, fekk også høve til å søkje.

Tilskot til utvikling av digitale samiske læremiddel

Det er utbetalt 5 millionar kroner til Sametinget i 2020 til utvikling av digitale samiske læremiddel. Tilskotet inngår i Sametingets eksisterande ordning for utvikling av læremiddel.

Forsøk med tiltak for ungdom utanfor opplæring og arbeid

Prosjektperioden var på tre skuleår, frå 2017/2018 til 2019/2020. Det er løyvd midlar til i alt ti prosjekt i prosjektperioden – fem i 2017 og fem i 2018.

Frist for evaluering blei utsett frå våren 2020 til 1.desember 2020 grunna koronasituasjonen. Vi rapporterte til departementet 27.januar 2021 med kort oppsummering av prosjekta og med vedlagde rapportar frå forsøksfylka, jf. oppdragsbrev nr. 24-18 av 16.august 2018.
Prosjektfylka har rapportert om talet på ungdommar som har fått hjelp og rettleiing gjennom prosjekta, og om resultata av prosjekta. Vi meiner totalt sett at forsøksprosjektet er vellukka, både med tanke på mål, målgruppe og resultat.

Murmanskskolen

Troms og Finnmark fylkeskommune varsla at det ikkje blei gitt tilbod til dei norske elevane ved skulen i Murmansk skuleåret 2020/2021. Dette var på grunn av utfordringar med den pågåande pandemien.

Ekstraordinære tiltak for lærlingar

Oppsummert sluttrapportering frå fylka viste mellom anna at 2 700 lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar har vore omfatta av ordninga.

Elevutveksling til utlandet

I 2020 har vi i dialog med departementet fått presisert regelverket for ordninga og kva elevar som er omfatta av ordninga. Tre frittståande skular får tilskot til elevutveksling til utlandet for eigne elevar. Ein av skulane gav tilbod om elevutveksling til andre enn skulen sine eigne elevar. Skulen har innretta seg etter det nye regelverket.

Kompletterande undervisning

Tilskot blir gitt til to nettskular. Det blei påvist manglar ved lærarkvalifikasjonane ved den eine skulen dei siste åra. Frå og med skuleåret 2020/2021 har denne skulen sendt inn dokumentasjon som viser at alle lærarane ved skulen har den forskriftmessige kompetansen for undervisning i det enkelte faget og på det enkelte trinnet. I tillegg har skulen skaffa kvalifisert vikar for trinna med lav lærarkapasitet.

Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

Pilot for programfinansiering testar ut ein meir fleksibel finansieringsmodell. Midlar frå ulike sektorspesifikke tilskotsordningar er lagde i ein felles pott. Kommunane vurderer behovet lokalt og bruker midlane til tiltak som dei vurderer som gode. Piloten kan gi oss eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere korleis staten bør innrette dei økonomiske verkemidla slik at dei støttar opp under god og heilskapleg tenesteutvikling i kommunane. Prosjektperioden skulle vare frå 2020 til 2022, men på grunn av koronapandemien er prosjektet om lag eit halvt år forseinka, og prosjektet skal gå ut juni 2023.

Førebelse tilbakemeldingar frå kommunane i piloten tyder på at dei har hatt gode erfaringar i oppstartsfasen. Sjølv om det berre inngår midlar frå nokre få tilskotsordningar i tiltaket, opplever kommunane at høve til å samordne midlane bidreg til større merksemd om og interesse for samordningsarbeidet. Dette har gitt ringverknader både i pilotkommunane og i kommunar som ikkje er med i piloten. Kommunane seier at piloten godt kunne vart lenger, sidan det tek tid å endre samhandlingspraksisen, og dei seier at det derfor er viktig med støtte til implementering.

Statsforvaltarane har ansvar for å vere «tett på» kommunane under gjennomføringa av piloten. Kommunane skal årleg gi ei overordna vurdering av status for gjennomføringa. Her skal dei mellom anna vurdere om midlane er brukte i samsvar med målsetjinga for ordninga. Statsforvaltarane skal summere opp rapportane frå kommunane og rapportere vidare til Udir i april 2021. Dei følgjande kommunane er pilotkommunar: Elverum, Nordre Land, Tynset, Vestre Toten, Frøya, Namsos, Nærøysund, Trondheim, Bamble, Horten, Larvik og Siljan.

Skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

Ordninga blei i 2020 utvida til også å omfatte elevar i vidaregåande opplæring. Det var derfor venta eit høgare søknadstal i 2020 enn året før, men grunna koronapandemien og restriksjonar på reiser både i utlandet og i Noreg var det i staden ein nedgang i søknader. Dei fleste skuleturane i skuleåret 2020/2021 vil bli gjennomført i Noreg og gå til minnestader og fangeleirar frå andre verdskrigen. Det er venta ein del oppfølgingsarbeid i 2021 som følgje av endringar i reiseplanar i innsende søknader.

Tiltak retta mot sårbare barn og unge

Det blei i 2020 utbetalt 170 millionar kroner til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular til tiltak retta mot sårbare barn og unge. Ordninga er vidareført til 2021. Målet med ordninga er å redusere tapt progresjon og hindre fråfall i perioden skulane har vore stengde eller hatt reduserte opningstider på grunn av smitteverntiltak under koronapandemien. Mottakarane har levert rapportar om bruken av midlane, og dei viser at tilskotet var til stor hjelp for å betre tilbodet til elevane under pandemien. Midlane blei i hovudsak nytta til auka bruk av lærarar, sosiallærarar, miljøarbeidarar og andre tilsette ved skulen og til leksehjelp og andre tilbod.

Rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar

Tilskotet blei utbetalt for første gong i skuleåret 2019/2020. Søknader frå 182 kommunar og 44 friskular danna grunnlaget for at 2 137 nyutdanna nytilsette lærarar fekk rettleiing dette skuleåret. Tilskot per lærar blei på om lag 28 000 kroner. For skuleåret 2020/2021 skal 2 406 lærarar, fordelt på 157 kommunar og 59 friskular, få rettleiing. Dette er ein auke på 13 prosent frå året før. Tilskot per lærar blei om lag 25 700 kroner.

Rapporteringa for skuleåret 2019/2020 viser at lærarane i all hovudsak har motteke rettleiing i tråd med krava, men tilbakemeldingar viser at rettleiingsopplegget våren 2020 har blitt påverka av koronapandemien. Særleg har dette gått ut over fellessamlingar, men det har også gitt utfordringar med å gjennomføre individuell rettleiing. Ved slike utfordringar har rettleiinga blitt utsett eller strekt ut lenger i tid enn planlagt.

Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

Tilskotsordninga blei lagd om frå 1. januar 2019 fordi ho mangla objektive kriterium for tildeling. Den nye tildelingsmodellen er i hovudsak basert på soningskapasiteten ved fengsla i det enkelte fylket. Den nye tilskotsmodellen blir fasa inn gradvis over ein periode på fem år slik at den enkelte fylkeskommunen kan tilpasse seg det nye tilskotsnivået. 2020 var andre året med ny modell.

I tillegg får fylkeskommunar med oppfølgingsklassar, ungdomseiningar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU) og eining for narkotikaprogram (ND) eige tilskot. Kriteria for tildeling av tilskot til oppfølgingsklassar blei endra frå 2020. Modellen er utarbeidd av SFVL på oppdrag frå Udir. Dei nye kriteria er meir treffsikre når det gjeld det faktiske behovet i fylka som har oppfølgingsklassar. Endringane i tildelingsmodellen gir ei meir rettferdig fordeling av tilskotet mellom fylka enn tidlegare. Dette er fylka godt nøgde med.

Tilskot til folkehøgskular

Første kvartal 2020 tok vi i bruk ein standardisert mal for søknad om oppretting av nye skular. Malen er eit elektronisk søknadsskjema. I tillegg til å fylle ut søknadsskjemaet må ein laste opp ein framdriftsplan for lokale til skule og internat, planteikningar og situasjonsplan eller kart over lokalitetane og området og finansieringsplan. Driftsbudsjett med notar skal leverast i ein eigen budsjettmal som lastast opp i søknadsskjemaet. Alle malane er publiserte på udir.no.

Etter at malen blei brukt av dei som søkte om å få opprette folkehøgskule i 2020, blei han utbetra og gjort om på bakgrunn av både tilbakemeldingane og utfordringane ein såg i samband med søknadsprosessen.

4.2 Statsforvaltarane si forvaltning

Statsforvaltarane har fått delegert forvaltningsoppgåver for ein del tilskotsordningar og kontrolloppgåver for andre ordningar. Enkelte oppgåver blir forvalta av alle embeta. For andre ordningar er forvaltningsoppgåvene delte mellom nokre få embete. Enkelte embete har også landsdekkjande oppgåver.

Statsforvaltarane rapporterer på mål, tildelingskriterium og kontrollhandlingar for alle tilskotsordningane der dei har forvaltningsoppgåver, i ein eigen portal for tertialrapportering. I tillegg rapporterer dei på forbruk og prognosar knytte til løyvingane.

Det generelle inntrykket vårt er at embeta gjer ein god jobb. Tilbakemeldingane dei gir, viser at dei stort sett meiner at tilskotsordningane der dei har forvaltningsoppgåver, fungerer etter intensjonen og i tråd med retningslinjene. Vi ser at rapportering i Tertialportalen fungerer godt. Nokre av ordningane er omtalte under.

Frå 1. januar 2021 skal statsforvaltarane ikkje lenger ha kontrolloppgåver i samband med søknader frå fylkeskommunane om tilskot til landslinjer.

4.2.1 Kort omtale av nokre ordningar

Samisk i grunnopplæringa – utanfor samiske distrikt

Vi har inntrykk av at embeta gjennomfører grundig kontroll av søknadene om tilskot. Det er særleg SF Troms og Finnmark (SFTF) som har eit stort omfang av søknader både frå eige fylke og frå fylka sør for Nordland. SFTF innvilga 177 søknader, og SF i Nordland innvilga 30 søknader i 2020. SFTF har lagt ned mykje arbeid for å informere skuleeigarar rundt om i landet om retten til samisk opplæring og rutinar for å søkje om tilskot til denne opplæringa i 2020. Ifølgje embeta meiner kommunane at tilskotsordninga i for liten grad dekkjer skuleeigarane sine kostnader i samband med samiskopplæring.

Generelt ser det ut til at embeta driv god oppfølging av tilskotsordninga. Tilskota ser ut til å vere nøyaktig og rett utrekna, men embeta kan ha ein del utfordringar knytt til årsbudsjettprognosane ved rapportering for 2. tertial, sidan ordninga følgjer budsjettåret og ikkje skuleåret. Rapporteringa frå embeta gir grunn til å tru at dei meiner at ordninga fungerer etter formålet, men at ho er underfinansiert.

Samisk i grunnopplæringa – skjønnsmidlar innanfor samiske distrikt

SFTF rapporterer at dei ikkje fekk søknader om skjønnsmidlar i 2020 der kommunane kunne dokumentere at utgiftene i samband med opplæring var større enn tilskotet dei får i den ordinære tilskotsordninga. Det er derfor ikkje innvilga skjønnstilskot til kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet i 2020. Vi har inntrykk av at SFTF følgjer opp denne ordninga godt.

Samisk i grunnopplæringa – studieheimlar og stipend

Embeta gir uttrykk for at det er stort behov for fleire samisklærarar. Dette gjeld særleg sørsamisk. Etter vedtaket om at tilskotsordninga kan brukast både til vidareutdanning av lærarar i grunnopplæringa og til stipend til lærarstudentar, ser embeta ut til å vere nøgde med at ordninga no er ein meir tenleg reiskap for rekruttering av samisklærarar i grunnopplæringa.

Opplæring i kvensk eller finsk

Reviderte retningslinjer tilpassa lovendringa om likestilling av opplæring i kvensk eller finsk i samsvar med opplæringslova § 2-7 blei fastsette 3. desember 2020 og trer i kraft frå 1.januar 2021. SFTF sin forvaltningspraksis gir tilskot til kvensk eller finsk i grunnskulen uavhengig av talet på elevar i kommunen som får slik opplæring. Departementet har uttalt at denne forvaltningspraksisen kan halde fram til ny opplæringslov blir send på høyring i 2021. SFTF ser ut til å leggje mykje og grundig arbeid i saksbehandlinga av tilskotssøknader til ordninga. Økonomiforvaltninga har vore god i 2020.

Opplæring i kvensk eller finsk – studiepermisjon

SFTF ser ut til å ha gode rutinar for å følgje opp at studia blir gjennomførte, og at det blir inngått avtalar om bindingstid. Retningslinjene for tilskot til studieheimlar i kvensk eller finsk er endra frå 1.januar 2020 slik at ein no kan gi tilskot til vidareutdanning av lærarar i heile grunnopplæringa. Tildeling av tilskot i 2021 vil vise om dette medfører auka søknad til tilskotsordninga.

Fjellheimen leirskole

Kapasitetskravet for 2020 er redusert slik at skulen ikkje får avkorta tilskot i 2021 grunna koronasituasjonen.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!