Rapport om tilskotsforvaltning og tilskotskontroll 2020

3 Kvalitative og kvantitative rapportar

For å få meir kunnskap om tilskotsmottakarane sine behov vil vi mellom anna gjennomføre fleire kvalitative undersøkingar. 

3.1 Tilskot til digitale læremiddel

For å kartleggje kommunar og fylkeskommunar sitt behov i samband med tilskot til innkjøp av digitale læremiddel i 2019 laga vi rapporteringsskjema med både
kvantitative og kvalitative spørsmål. Den første delen av skjemaet hadde spørsmål om erfaring med og vurdering av ordninga, og i andre delen av skjemaet blei tilskotsmottakarane spurde om fag, trinn, læremiddel og lisensar som kommunane hadde kjøpt inn. Direktoratet utarbeidde ein presentasjon på bakgrunn av rapportane. Presentasjonen blei lagd fram for representantar frå læremiddelbransjen gjennom deira foreiningar og organisasjonar frå utdanningssektoren.

Sjå presentasjonen

Mottakarane sin eigendel

Tilskotsmottakarane gav oss mellom anna tilbakemelding om at eigendelen var for høg. I 2019 kunngjorde vi ordninga med ei fordeling på 30 prosent tilskot og 70 prosent eigendel. Sidan vi ikkje hadde erfaring med korleis interessa for ordninga ville vere, måtte vi estimere kor stor del av kommunane som ville søkje. Vi valde samstundes å krevje at kommunane skulle dekkje ein eigendel, uavhengig av kor mange søkjarar tilskotet skulle fordelast på. Dette var både for å gjere ordninga føreseieleg når det gjaldt eigendel, og for å stimulere til bruk av eigne midlar til kjøp av digitale læremiddel. Det blei sett av ytterlegare 20 millionar kroner til ordninga, og dermed fekk kommunane auka midlar til dette. Nokre mottakarar syntest det var problematisk med tanke på planlagde kjøp og anbodsrundar. Andre kommunar syntest at ekstra tilskot var bra, sidan det gjorde at dei kunne prøve ut læremiddel som dei ikkje hadde planlagt å kjøpe inn. I 2020 kunngjorde vi ordninga med ein tilskotsdel på 40 prosent og ein eigendel på 60 prosent. Det blei også løyvd ekstra midlar til ordninga i 2020, men dei gjekk til å redusere kommunane sin eigendel. Dermed blei dei ekstra midlane godt mottekne.

Utbetalingstidspunkt

Vi fekk også tilbakemeldingar om at tilskotet blei utbetalt for seint med tanke på planlegging av innkjøp og anbodsrundar før skulestart hausten 2019. I 2020 utbetalte vi tilskot ein månad tidlegare enn i 2019. I 2021 vil vi kutte ned søknadsperioden til ein månad slik at tilskot kan bli utbetalt primo mai. Dette meiner vi er forsvarleg fordi ordninga er godt kjent. Ei tilsvarande ordning for frittståande grunnskular og vidaregåande skular hadde ein søknadsperiode på 3 veker, og det fungerte bra.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!