Rapport om tilskotsforvaltning og tilskotskontroll 2020

1 Om tilskotsforvaltninga

Dei overordna sektormåla for barnehage og grunnopplæring er grunnlaget for prioriteringa av faglege mål, prioriterte område og utvikling av nye tiltak eller verkemiddel.

Tilskotsporteføljen vår blir kvart år følgd opp gjennom risikovurdering og kategorisering av tilskotsordningane. Gjenbruk av data som allereie er samla inn, står sentralt i arbeidet med å forenkle tilskotsforvaltninga og gjere ho meir effektiv. Data som er tilgjengelege i sentrale datakjelder, blir lagde til grunn for fordelinga av tilskot til kommunar og fylkeskommunar. Slik unngår vi ressurskrevjande søknadsprosessar.

Om lag 9,2 milliardar kroner av direktoratet si tildeling i 2020 gjekk til ulike tilskotsordningar innanfor barnehage, offentleg grunnopplæring, friskular og folkehøgskular, i tillegg til andre formål. Det er ein nedgang på om lag 700 millionar kroner frå 2019. Årsaka er først og fremst at 1,8 milliardar kroner av tilskot til auka lærarinnsats er overført til kommuneramma. Det er også fleire andre ordningar som har gått ut av vår portefølje, desse hadde ei tildeling på 160 millionar kroner i 2019.

I samband med koronasituasjonen har vi fått ni nye ordningar med ei tildeling på totalt 642,6 millionar kroner.1 I tillegg er det seks andre nye ordningar i 2020 med til saman 224,5 millionar kroner.

Tildelinga er fordelt på 45 hovudgrupper av ordningar. Den største nedgangen finn vi i tildelinga til kommunar og fylkeskommunar, mens den største auken er i tildelinga til frittståande skular.

Vi vurderer fortløpande om tilskotsordningane våre oppfyller kvalitative og kvantitative mål. I tillegg kontrollerer vi om ordningane har kriterium som kan brukast til å vurdere risiko og styringseffektivitet. Vi vurderer også kva ordningar statsforvaltaren bør ha forvaltningsoppgåver på. Om nærleik til tilskotsmottakarane ikkje er nødvendig og vi har objektive tildelingskriterium, er det eit mål å sentralisere forvaltninga. Stordrift og standardisering gjer at statsforvaltaren kan bruke frigjord kapasitet til oppgåver der nærleiksprinsippet er viktig. Arbeidet med å forenkle, gjere ordningane mindre byråkratiske og meir effektive er framleis ein dimensjon i dette.

1.1 Digitalisering

Frå 2011 og fram til slutten av 2019 har direktoratet utvida Helhetlig forvaltningsløsning (HFL) til å omfatte store delar av tilskotsporteføljen og prosjektporteføljen, i tillegg til søknadsbehandling og godkjenning av frittståande skular og tilsyn med frittståande skular. Løysinga blir nytta av, eller utfører tenester for, mange avdelingar på tvers av divisjonar i direktoratet. HFL er også eit heilt sentralt verktøy for det stadig aukande tilfanget av nye forvaltningsoppgåver.

I rapporten for 2019 gjorde vi greie for arbeidet med å fornye (vertikalisere) HFL. Dette arbeidet er vidareført i 2020, og er i tråd med arkitekturprinsippa frå Digitaliseringsdirektoratet. Vi har lagt følgjande føringar for framtidig utvikling og forvaltning av HFL til grunn:

  • Dei som bruker dei ulike systemløysingane, er ekspertar på sine oppgåver.
  • Løysingar internt skal vere oppgåveorienterte.
  • Løysingar retta mot sektoren skal vere prosessorienterte.
  • Løysingane skal vere sjølvstendige og ha ansvar for eigne data.
  • Funksjonar og tenester skal vere avdelingsuavhengige.

For å oppfylle desse føringane har vi identifisert og vedteke ei oppdeling av løysinga i mindre vertikalar. Arbeidet med å dele opp HFL-porteføljen i vertikalar vil halde fram ut 2021.

Så langt ser vi at vertikaliseringa har gode gevinstar for både brukarane og for forvaltninga av HFL. For brukarane legg endringane betre til rette for å arbeide på tvers av avdelingar, grupper og fagområde. Løysinga blir opplevd som raskare, enklare og meir intuitiv. Det er enklare å hente ut rapportar og oversikter om aktørar, med omsyn til forvaltning av tilskot- og prosjektmidlar, informasjon om godkjenningar og tilsyn.

Små, sjølvstendige vertikalar gjer at behovet for langvarige periodar med oppgradering av teknisk rammeverk fell bort. Dei ulike vertikalane er ikkje lenger like avhengige av kvarandre, og det gjer at vi lettare kan tilpasse oss endringar i rammer og behov i sektoren. Det er også lettare for oss å ta i bruk nasjonale felleskomponentar og la andre leverandørar ta over eller levere vertikalar i same portefølje.

1.2 Strategi for tilskotsforvaltning

På sitt beste er tilskotsforvaltninga med på å styrkje kvaliteten og mangfaldet i barnehagane og grunnopplæringa.

Strategien har fire hovudmålsetjingar:

  • Tilskota skal bidra til å styrkje mangfaldet i barnehagane og grunnopplæringa.
  • Tilskotsforvaltninga skal vere profesjonell, effektiv og etisk forsvarleg.
  • Vi skal kommunisere tydeleg og ha god kontakt med sektorane.
  • Vi skal ha gode rutinar og system for kontroll og risikovurdering.

Strategien blir revidert i 2021 i samsvar med direktoratet sin strategi.

1.3 Vurdering av tilskotsporteføljen

Tilskotsmottakarane er svært ulike med både offentlege og private aktørar. Aktørane er knytt til opplæring i barnehagesektoren og skulesektoren på ulike nivå. Ordningane varierer i omfang, mange er baserte på lover og forskrifter, og dei fleste har retningslinjer.

Tilskotsporteføljen blir vurdert og evaluert ved hjelp av indikatorar som er knytte til både kvalitative og kvantitative målsetjingar for ordningane, og dei blir analyserte ved bruk av indikatorar på input-, prosess- og outputsida.

Analyseindikatorane gjer at vi vurderer risikoen til dei enkelte ordningane på det same grunnlaget og dannar oss eit bilete av den samla risikoen ved porteføljen.

Vi arbeider også med kvalitative metodar for analysane og vurderingane vi gjer. Det skal sikre

  • at evalueringar blir gjennomførte og presenterte på ein einsarta måte
  • at alle dei vesentlege sidene ved analysane og vurderingane blir omtalte
  • at arbeidet gir klare konklusjonar og tilrådingar

1.4 Klassifisering av tilskotsordningane

Ordningane blir plasserte i éin av fire risikoklassar. Indikatorane avgjer korleis vi vurderer det samla resultatet for den enkelte ordninga.

Klassifiseringa følgjer utviklinga av porteføljen og er eit hjelpemiddel for å prioritere kontroll og analysar på dei områda eller ordningane der risikoen er størst. Vi har desse fire risikoklassane:

Tabell 1: Risikoklassar
KlasseRisikoGrunngiving
1 Låg

Mykje relevant informasjon som kan gi eit godt bilete av om tilskotet kjem målgruppa til gode. Jamlege kontrollhandlingar i samband med saksbehandling og anna oppfølging. Mange av ordningane har klare moglegheiter for sanksjonar.

2 Middels Usikkert informasjonsgrunnlag. Omfanget av incentivproblem blir vurdert som heller lite, eller midlane er forholdsvis små. Ordningane blir følgde opp med stikkprøver. For å kunne vurdere behovet for fleire kontrollhandlingar eller evalueringar blir ordningane følgd opp med stikkprøver.
3 Høg Kjenneteikna av måleproblem, få kontrollmekanismar og incentivproblem. Ordningar i denne klassen treng meir transparens og fleire kontrollar for å sikre at dei blir forvalta i tråd med intensjonen.
4

Ikkje vurdert

Nye ordningar som ikkje er klassifiserte enno, eller ordningar med ein forvaltningsmessig karakter som gjer at det ikkje er naturleg å klassifisere dei.

Den samla kunnskapen vi har om ordningane eit år, gjer at enkelte ordningar kan endre status i samband med klassifiseringa i høve til året før.

I 2020 var om lag 49 prosent av tilskotsmidlane i den samla tilskotsporteføljen klassifisert i klasse 1, mot 42 prosent i 2019. Om lag 41 prosent av midlane var klassifisert i klasse 2, mot 54 prosent i 2019. Klasse 3 er på same nivå som i 2019. I klasse 4 er det ein auke frå 2 prosent til 8 prosent av midlane samanlikna med 2019, jf. figur 2.

Vi har klassifisert 80 ordningar i 2020. Talet på klassifiserte ordningar avvik frå talet på hovudgrupper av ordningar. Når det er behov for å klassifisere ein tilskotspost i fleire klassar, er posten splitta opp i risikovurderinga.

Det er fleire grunnar til auken vi har i klasse 1. Tilskot til fylkeskommunar for at årets avgangskull skal fullføre vidaregåande opplæring, er ei ny ordning frå 2020 som bidreg til å auke tildelinga i denne risikoklassen. Vidare har nokre ordningar endra klasse frå 2 til 1. Mellom anna består tilskot til opplæring av barn og unge asylsøkarar av tre ordningar som alle no er klassifiserte som låg risiko. Nokre av ordningane som i 2019 var klassifiserte i klasse 4, er endra til klasse 1 fordi vi no har eit informasjonsgrunnlag som gjer det mogeleg å klassifisere dei. Dette gjeld tilskot til innkjøp av digitale læremiddel og tilskot til kjøp av utstyr til programmering.

I 2019 utgjorde tilskot til tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn ein betydeleg del av tilskotsmidlane i klasse 2. I 2020 er dette tilskotet overført til kommuneramma, slik at det berre er forskingsprosjektet på auka lærartettleik, som ligg att i forvaltninga vår. I samband med dette er klassifiseringa også endra til klasse 4. Dette har si forklaring i at vi ikkje lenger får inn rapportar no når midlane blir følgde opp av Forskingsrådet.

I 2020 er det berre éi ordning i klasse 3, høg risiko. Dette er same ordninga som i 2019: tilskot til skular godkjende etter kap. 4 i voksenopplæringsloven. Ordninga er evaluert, og resultatet tilseier at risikoklassen bør oppretthaldast inntil eventuelle tiltak blir sette i verk.

I alt går 90 prosent av tilskotsmidlane til ordningar med låg eller middels risiko. Dette er ein nedgang på 6 prosent samanlikna med 2019. Grunnen til dette er ein auke i klasse 4. Auken skuldast nye ordningar der vi manglar grunnlag for å vurdere risiko. Dei fleste nye ordningane er knytte til koronasituasjonen.

Vurderinga av tilskotsporteføljen gir god oversikt over det samla risikobiletet, og totalt sett meiner vi at vi har god oversikt over tilskotsporteføljen vår.


 1 Retting: Tilskot til digital heimeundervisning for kommunar og fylkeskommunar vart dessverre ikkje teke med då vi laga rapport om tilskotsforvaltning. Ordninga er difor ikkje med i våre tal, tabellar og analysar som omhandlar tilskotsmidlane for 2020. Denne ordninga hadde ei tildeling på 81,5 millionar kroner som kjem i tillegg til våre berekningar, difor hadde vi 10 ordningar med ei tildeling på totalt 724,1 millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!