Rapport om tilskotsforvaltning og tilskotskontroll 2018

3. Forvaltning og status

Stadig fleire ordningar blir forvalta gjennom HFL. Det gir større effektivitet, samtidig som vi opprettheld ei god tilskotsforvaltning.

Direktoratet forvaltar 38 hovudgrupper av tilskotsordningar. Frå 2018 har vi færre hovudgrupper, da elleve ordningar blei slått saman til tre. Informasjonen vi har om den enkelte ordninga varierer, noko som stiller ulike krav til direktoratet som tilskotsforvaltar. Forvaltningsoppgåver knytte til ein del av ordningane er delegerte vidare til fylkesmennene.

Kontrolloppgåvene for enkelte ordningar er delte mellom direktoratet og fylkesmennene og delvis baserte på eigenrapportering frå tilskotsmottakarar og på særattestasjonar frå revisorar. Det er viktig at både rapporteringa og kontrollen har høg kvalitet.

3.1. Endring av tilskotsordningar

For å frigjere kapasitet hos fylkesmennene og for å effektivisere og oppretthalde ei god forvaltning har vi lagt om tilskotet til leirskoleopplæring og tilskotet til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg.

Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Frå og med hausten 2018 er ordninga for elevar i grunnskolen i alderen 6–15 år lagd om. Direktoratet utbetaler tilskot til desse elevane etterskotsvis. Tilskot blir gitt på grunnlag av eit akkumulert datagrunnlag per kommune. Datagrunnlaget er utarbeidd av Utlendingsdirektoratet (UDI).

Leirskoleopplæring

Frå og med 2018 blir tilskotet til leirskoleopplæring berekna og utbetalt av direktoratet. Vi har gode erfaringar med at tilskotet er basert på kommunane si rapportering i GSI. Det er ein liten auke i talet på grunnskoleelevar som ifølge GSI har deltatt på leirskoleopplæring. I gjennomsnitt deltok 8,8 prosent av elevane i kommunale skolar på leirskole i 2018, mot 8,6 prosent i 2017. Heile løyvinga til leirskoleopplæring blei delt på dei kommunane som hadde elevar på leirskoleopplæring våren og hausten 2018. Inntrykket vårt er at kommunane opplever ei forenkling i rapporteringa.

3.2. Utdanningsdirektoratets forvaltning

Vi meiner at vi har god kontroll på forvaltninga gjennom dei rutinane og systema vi har.

Tilskotsmottakarane er både offentlege og private aktørar. Ordningane varierer i storleik, kompleksitet og innretning og er knytte til opplæring på ulike nivå.

3.2.1. Kort omtale av nokre ordningar

Forsøk med tiltak for ungdom utanfor opplæring og arbeid

Frå 2018 forvaltar Utdanningsdirektoratet midlar til prosjektet «Forsøk med tiltak for ungdom utanfor opplæring og arbeid». Vi sende ut utlysingsbrev til fylkeskommunane i 2018. I tillegg til at fem fylkeskommunar fekk innvilga søknadene sine i 2017, har vi innvilga fem søknader i 2018.

I 2017 fekk Akershus, Vestfold, Vest-Agder, Hordaland og Møre og Romsdal fylkeskommune innvilga søknadene sine, og dei har ved utgangen av 2018 rapportert til direktoratet om status for prosjektet, både fagleg og økonomisk. I 2018 fekk Nordland, Telemark, Trøndelag, Østfold og Sogn og Fjordane innvilga sine søknader. Dei skal rapportere til direktoratet i mai 2019. Midlane blir utbetalte til fylkeskommunane på grunnlag av denne rapporteringa. Hordaland fekk i 2018 i tillegg utbetalt eit øyremerkt tilskot til prosjektet «Samarbeid næringsliv / vidaregåande opplæring».

Éin fylkeskommune fekk avslag på søknaden i 2018, og éin fekk innvilga éin av to søknader. Prosjekta går over tre skoleår og skal avsluttast våren 2020. Prosjekta blir evaluerte i etterkant.

Landslinjer – elevtilskot

Yrkessjåførlinja ved Alta videregående skole fekk auka kapasiteten frå 30 til 40 elevar frå hausten 2017. Elevteljingar både i 2017 og 2018 viser at skolen berre har tatt inn 24 elevar. Det låge elevtalet blir forklart med at det er vanskeleg å få tilsett kvalifisert personale til denne linja. Vi vil følge med på om elevtalet ved skolen aukar i samsvar med at kapasiteten har auka.

Landslinjer – utstyr

Vi har presisert overfor fylkeskommunane at vilkåret for å få tilskot til utstyr er at midlane berre skal brukast til kjøp, leige og vedlikehald av teknisk utstyr. Fylkeskommunane har oppfylt dette kravet i 2018.

Frittståande vidaregåande skolar i Noreg

Talet på avvik som er avdekte ved stikkprøvekontrollar i 2018, tilseier at ordninga endrar klassifisering frå klasse 1, låg risiko til klasse 2, middels risiko. Vi vil følge opp at mottakarane etterlever regelverket for denne ordninga.

Det er utfordringar knytte til skolar med elevar som kjem inn under 23/5-regelen, og skolar som kan ta inn vaksne utan rett. 23/5-regelen er ein veg å gå for å få generell studiekompetanse for opptak til høgare utdanning, og består av studiekompetansefag. Eleven må ha fylt 23 år og kunne dokumentere minst fem års arbeidspraksis og/eller utdanning. Tilbodet blir gitt ved enkelte friskolar. Det er uklart kva for programområde 23/5-elevane skal rapporterast under, og det manglar avklaringar knytte til realkompetansevurdering og vaksne utan rett. Direktoratet arbeider med saka. Det er grunn til å tru at vi får ei løysing tidleg i 2019, slik at vi kan gå ut med klar informasjon til dei skolane det gjeld. Det vil gjere rettleiinga til skolane lettare og kontrollane våre betre.

Det er òg utfordringar knytte til skolar som tilbyr opplæring ut over tre år utan at utvida rett er gitt etter regelverket i friskolelova, og skolar som tar inn elevar og tilbyr opplæring på nytt. Skolar som tilbyr opplæring ut over fag- og timefordelinga, skal ikkje ha tilskot. Dette blir ikkje avdekt automatisk i systema våre i dag.

Frittståande skolar for funksjonshemma

Vi avdekker få feil ved denne ordninga. Det kan ha samanheng med at vi har få opplysningar å kontrollere opp mot. Vi har ingen informasjon om grunnlaget for inntak og om elevane oppfyller kriteria for inntak etter friskolelova § 2-1 bokstav f.2

Auke i barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

22 kommunar fekk invitasjon til å søke om tilskot i 2018. 17 kommunar søkte og fekk tilskot. Frå 2019 skal kommunane rapportere på informasjons- og rekrutteringstiltak som dei meiner har god effekt i høve til intensjonen. Tiltaka bør delast med alle landets kommunar for å auke deltakinga i barnehage for minoritetsspråklege barn.

Folkehøgskolar – driftstilskot

Arbeidet med ein standardisert mal for sjølvevalueringsrapport, fastsetting av internatkapasitet og maksimalt årselevtal for den enkelte skolen blei påbegynt i 2018 og vil vere ferdig i 2019.

Læremiddel

Direktoratet fekk i 2018 langt fleire søknader enn løyvinga tilsa. Arbeidet med å prioritere søknadene og grunngi avslaga blei derfor krevjande. Da det ikkje finst noko  godkjenningsordning for ferdige læremiddel, har vi sett det som vesentleg å kvalitetssikre gjennomføringa av utviklingsprosjekta.

Forholdsvis mange søknadar fekk avslag fordi tildelingskriteria ikkje var oppfylte, noko som førte til ein del klager. For kommande år må vi legge vekt på å formidle kriterium for tildeling til produsentane på ein tydeleg måte.


2) Vi har i 2019 mottatt oppdragsbrev om å gjennomgå denne tilskotsordninga.

3.3. Fylkesmannens forvaltning

Fylkesmennene har fått delegert forvaltningsoppgåver for ein del tilskotsordningar og kontrolloppgåver for andre ordningar. Enkelte ordningar blir forvalta av alle embeta, for andre ordningar er forvaltningsoppgåvene delte på nokre få embete. Enkelte embete har òg landsdekkande oppgåver.

Fylkesmennene rapporterer på mål, tildelingskriterium og kontrollhandlingar for alle tilskotsordningane dei har forvaltningsoppgåver for, i ein eigen portal for tertialrapportering. I tillegg rapporterer dei på forbruk og prognosar knytte til løyvingane.

Vårt generelle inntrykk er at embeta gjer ein god jobb. Tilbakemeldingane frå dei viser at dei stort sett meiner at tilskotsordningane dei forvaltar, fungerer etter intensjonen og retningslinjene. Nokre av ordningane er omtalte nedanfor. Vi ser at rapportering i Tertialportalen er arbeidssparande og fungerer godt.

Samanslåing av embete gir grunn til å følge opp korleis fylkesmennene organiserer tilskotsforvaltninga, og sjå til at dei set av tilstrekkeleg kapasitet og har god kompetanse på forvaltningsoppgåvene.

3.3.1. Kort omtale av nokre ordningar

Samisk i grunnopplæringa

Inntrykket vårt er at embeta følger godt opp ordninga med samisk innanfor samiske distrikt, og at kontrolloppgåver utførte av embeta har blitt noko styrkte i 2018. Vi har merka oss at dei heller ikkje for 2018 har gitt nokon grunn for måten dei har behandla vedtak om innvilga søknad eller avslag på søknad om skjønnsmidlar på. Dette vil vi følge opp i vår dialog med embetet.

Fylkesmennene i Trøndelag og Nordland er bekymra for rekrutteringa av lærarar i samisk. Dei ønsker ei justering av retningslinjene slik at det blir enklare å tildele tilskot til stipend i samsvar med behovet for vidareutdanning i skolen.

Dei embeta som har forvaltningsoppgåver knytte til samisk utanfor samiske distrikt, gir uttrykk for at tildelinga av tilskot er for låg i høve til kostnadene tilskotet skal dekke. Det gjeld spesielt kostnader til opplæring av elevar via fjernundervisning, til samlingar og til hospitering for desse elevane. Embeta meiner det bør vere betre samsvar mellom kostnader og tildeling av midlar.

Opplæring i finsk i grunnskolen

Embeta rapporterer at dei gjennomfører kontrollar av tilskotsgrunnlaget. Vi vurderer det derimot som uheldig at Fylkesmannen i Troms både i 2016 og i 2018 har gløymt å utbetale tilskot for nokre av dei innvilga søknadene. Vi forventar at økonomistyringa blir styrkt på dette området i det nye embetet for Troms og Finnmark. Dette vil vi følge opp i vår dialog med embetet.

I enkelte tilfelle gir skoleeigaren opplæring i finsk sjølv om det er færre enn tre elevar per skole som krev slik opplæring, jf. opplæringslova § 2-7. Vi vil avklare med departementet om det er i samsvar med retningslinjene for ordninga å gi skoleeigaren statstilskot for desse elevane.

Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Behandling og utbetaling av tilskot til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for ungdom mellom 16 og 18 år er førebels uendra og blir utført av fylkesmennene. Direktoratet arbeider vidare med ei mogleg omlegging, effektivisering og forenkling av tilskotsordninga for elevar i denne aldersgruppa.

Tilskot til Fjellheimen leirskole

Skolen har utfordringar med å fylle kapasitetskravet på 900 elevar/følge. Leirskolen har søkt departementet om ein varig reduksjon av kapasitetskravet på 850 elevar/følge. Søknaden blei innvilga for 2018 og 2019. Vi ventar svar på søknaden for dei neste åra frå departementet.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!