Tilskott til leirskoleopplæring

Tilskottet skal stimulere kommunane til å sende elevane på leirskole.

Kven kan få tilskott?

  • Kommunar
  • Fylkeskommunar som har ansvar for grunnopplæring ved institusjonar

Frittståande grunnskolar med godkjenning etter friskolelova § 2-1 kan ikkje søkje om tilskott. Utgifter til leirskoledeltaking er inkludert i berekningsgrunnlaget for driftstilskott til dei frittståande grunnskolane.

Om ordninga

Tilskottet skal stimulere kommunane til å sende elevane på leirskole.

Opplæring skal skje ved ein bemanna leirskole eller ved ekskursjonar/turar som er ein del av grunnopplæringa. Opphaldet skal strekkje seg over minst tre samanhengande overnattingar.

Tilskottet skal medverke til å finansiere utgiftene ved opplæringa. Kommunen kan berre søkje om tilskott for eitt opphald pr. elev i løpet av grunnskolen. Utgifter til opphald, reise m.m. må kommunen dekkje av eigne midlar.

Lov og regelverk

Opplæringslova, etter § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida nyttast til leirskoleopplæring.

Regelverk for skoleturer og leirskole

1. Før du mottek tilskott

Du skal sende søknad om refusjon av utgifter til Fylkesmannen i eige fylke etter at leirskoleopplæringa er gjennomført. Refusjon av utgifter for vår og haust, skal du søkje om på eigne skjema per halvår. Talet på elevar på leirskole skal rapporterast i GSI.

Skjema finn du her:

Søknads-, elevtellings- og prognoseskjema (nynorsk) | Søknads-, elevtellings- og prognoseskjema (bokmål)

Om du har spørsmål om tilskottsordninga, ta kontakt med Fylkesmannen i eige fylke.

2. Slik blir tilskottet berekna

  • Tilskottet blir berekna med timesats pr. gruppe.
  • Det blir gitt tilskott for 5,5 timar pr. dag i maks 5 dagar i samanheng, med inntil i alt 27,5 klokketimar.
  • Ei gruppe omfattar inntil 22 elevar. Ut over 22 kan elevane delast i to grupper.
  • Opphaldet skal ha minst tre samanhengande overnattingar.

3. Dette må du rapportere

Det er ingen spesielle krav til rapportering ut over dei opplysningane som skal gå fram av refusjonssøknaden.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!