Kommunale sameskolar i Snåsa og Målselv

Sameskolane i Snåsa og Målselv skal gje samiske elevar opplæring etter Kunnskapsløftet - Samisk.

Kven kan få tilskott?

  • Snåsa kommune
  • Målselv kommune

Om ordninga  

Sameskolane i Snåsa og Målselv skal gje samiske elevar opplæring etter Kunnskapsløftet - Samisk.  Skolane er kommunale grunnskolar som får tilskott frå staten til drift av skole, internat, fjernundervisning og språksamlingar. Skolane har heile landet som opptaksområde.

Tilskottet skal føre til at samisk identitet, språk og kultur skal blir oppretthalde og vidareutvikla.  

Lov og regelverk

1. Før du tek imot tilskott

Du skal sende inn budsjettforslag for drift av skole, internat, fjernundervisning og språksamlingar innan 30. april  året før budsjettåret. Budsjettet skal omtale bruken av tilskottett.

2. Slik blir tilskottet berekna

Ordninga har ikkje berekningsreglar. Tilskottet blir løyvd på eigen post på statsbudsjettet. Størrelsen på tilskottet blir fastsett etter vedtak i Stortinget.

3. Dette må du rapportere

Du skal sende inn:

  • oversikt som viser faktisk elevtal pr. 1. oktober gjeldande skoleår, fordelt på skole, internat, fjernundervisning og språksamling, innan 1. november kvart år 
  • årsrekneskap innan 1. juni, året etter rekneskapsåret. Det skal gå fram at statstilskottet er inntektsført i kommunen sitt resultatrekneskap på den enkelte skole. 
  • årsmelding med rapport om gjennomførte tilsyn og kontrollar ved skolen, og om resultata av desse.

Dersom føresetnadane for å få tilskott ikkje er oppfylt, kan Utdanningsdirektoratet halde tilbake tilskott.

Retningsliner for tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv.pdf

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!