Statped

Statped skal bidra til at det vert mogleg for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov å ta aktiv del i utdanning, arbeid og samfunnsliv.

Statped er ei støtte til kommunar og fylkeskommunar. Etaten er ein pådrivar for å utvikle fagområda høyrsel, syn, språk/tale, pådregen hjerneskade, samansette lærevanskar og døvblindheit. Statped bidreg til eit likeverdig tilbod til den einskilde brukaren.

Kommunar og fylkeskommunar har ansvaret for å gi barn, unge og vaksne opplæring og moglegheit til god utvikling. Statped tilbyr støtte til kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira med barn, unge og vaksne som har særskilde opplæringsbehov.

Statped støttar kommunane både i arbeidet med enkelte barn, unge eller vaksne med særskilde opplæringsbehov, og med systemretta tiltak for ein betre læringssituasjon for enkeltindivid med særskilde behov. Ved behov utviklar Statped tiltak for kompetanseheving på lokalt nivå saman med kommunane og fylkeskommunane.

Meir informasjon om Statped, og om kva etaten gjer og tilbyr til kommunar og fylkeskommunar, finst på statped.no.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!