Kva er Utdanningsdirektoratet?

Utdanningsdirektoratet skal sikre at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk. Slik får barn, unge og vaksne eit barnehagetilbod og ei opplæring av høg kvalitet.

Vi er underlagde Kunnskapsdepartementet og har kontor i Oslo, i Molde og på Hamar.

Her finn du korte beskrivingar av og snarvegar til våre ansvarsområde.

Tilsyn og regelverk 

Utdanningsdirektoratet er delegert den overordna nasjonale, faglege myndigheita for tilsynsarbeid. Det er fylkesmennene som fører tilsyn med offentlege skoleeigarar og skolar og med kommunen som barnehagemyndigheit. Utdanningsdirektoratet fører tilsyn med private skolar.

Vi tolkar og forvaltar lovverket for barnehagesektoren og skolesektoren. Formålet er at alle barn og unge skal få oppfylt sine rettar til ei likeverdig opplæring av høg kvalitet.

Meir om regelverk for barnehage.  

Meir om tilsyn og regelverk for skole og fagopplæring.

Rammeplanar og læreplanar 

Utdanningsdirektoratet utviklar rammeplan for barnehagar som gir ei forpliktande ramme for å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda i barnehagen.

Vi utviklar òg læreplanar saman med fagmiljø frå heile landet. Sentralt i læreplanarbeidet er klare mål for kva elevane skal kunne. Grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og rekning står sentralt i alle fag.

Rammeplan for barnehage.

Læreplanar for skole og fagopplæring.

Eksamenar og prøver

Vi utarbeider eksamenar, nasjonale prøver, kartleggingsprøver og læringsstøttande prøver for grunnskolen og vidaregåande opplæring. Eksamenar gir ei avsluttande vurdering av kompetansen til den enkelte eleven. Nasjonale prøver gir informasjon om dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane, og er grunnlaget for forbetring og utvikling i skolen. Kartleggingsprøver avdekkjer behov for individuell oppfølging og tilrettelegging.

Eksamen og prøver.  

Kunnskapsgrunnlag for utdanningssektoren  

Vi gjennomfører brukarundersøkingar for elevar, lærlingar, lærarar, instruktørar og foreldre. Vi har òg ansvaret for å koordinere internasjonale studiar. Studiane viser kompetansen til norske elevar og lærarar på utvalde område samanlikna med andre land. Desse undersøkingane og studiane gir viktige tilbakemeldingar til skolar, skoleeigarar og myndigheiter.

Statistikk og forskning om barnehage, skole og fagopplæring.

Skole- og barnehageutvikling 

Vi gir støtte til etter- og vidareutdanning for barnehagestyrarar, lærarar og rektorar. Vi har utvikla verktøy som barnehagar, skolar og kommunar kan bruke for sjølve å drive med utviklingsarbeid. Vi har mellom anna verktøy for å sikre eit betre læringsmiljø på skolen og for arbeidet mot mobbing på skolen og i barnehagen.

Meir om barnehage- og skoleutvikling.

Utdanningsdirektoratet er sertifisert som Miljøfyrtårn. Å være Miljøfyrtårn innebærer systematisk arbeid med miljøtiltak i hverdagen. Virksomhetene oppfyller krav og gjennomfører tiltak for en mer miljøvennlig drift og godt arbeidsmiljø.

Logo Miljøfyrtårn

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!