Årsrapport 2024
5 Vurdering av framtidsutsikter
Barnehage og skule er blant dei største fellesarenaene i samfunnet i dag, og dei har høg tillit. Det er avgjerande at vi gjennom desse arenaene sikrar trivsel, meistring og utvikling for barn, unge og vaksne. Barnehage og skule byggjer òg felles verdigrunnlag, noko som blir særleg viktig i ei uroleg tid med store omskiftingar.
Vi veit at dei aller fleste foreldra er fornøgde med barnehagetilbodet, men samtidig er det variasjonar i kvalitet, kompetanse og kapasitet i barnehagane. Dei igangverande oppdraga om kvalitetsutvikling og nytt heilskapleg system for kompetanse og karriereutvikling vil vere viktige bidrag for å jamne ut uønskte variasjonar i kvaliteten på barnehagetilbodet. Utdanningsdirektoratet meiner det òg er behov for å vurdere dei strukturelle rammene som ligg til grunn for organiseringa av barnehagekvardagen.
I skulen er dei største utfordringane vi står overfor, fallande læringsresultat og nedgang i motivasjonen og trivselen til elevane. Dette er tendensar vi ser i mange samanliknbare land, og det finst ikkje éi enkelt forklaring på den negative utviklinga. Her speler fleire forhold inn, både i og utanfor skulen. Å bidra til at norsk skule får snudd dei negative trendane innanfor læring og trivsel, vil vere den viktigaste prioriteringa til Utdanningsdirektoratet i tida framover. Læring og trivsel påverkar kvarandre gjensidig. Derfor er det viktig å lykkast med begge delar.
Det viktigaste for å oppnå læring og trivsel for elevane er ein god lærar og ein godt driven skule. Vi veit at det er mykje som bidreg til å påverke dette: lærarutdanning, etter- og vidareutdanning, profesjonsfellesskap, leiing i skulen, arbeidssituasjon, læreplanar og læremiddel. Det er viktig at Utdanningsdirektoratet har verkemiddel som støttar opp under det vi veit er aller viktigast for læring og trivsel, og justerer etter kvart når ting ikkje fungerer som dei skal.
Like viktig er det at vi strekkjer oss for å skape best mogleg heilskap og samanheng i verkemidla våre, slik at dei er enkle å ta i bruk. I den samanhengen er det ei erkjenning at vi ikkje i tilstrekkeleg grad har teke høgd for variasjon i føresetnadene for å ta verkemidla i bruk i barnehagar og skular. For Utdanningsdirektoratet betyr dette at vi må tilpasse verkemidla våre i endå større grad for å treffe ulike behov, og at vi i større grad må prioritere dei med størst utfordringar.
Vi ser òg at eksterne drivkrefter påverkar læring og trivsel for barn og unge. Det kan vere aukande forskjellar i samfunnet og kvardagen til barn og ung utanfor skulen, inkludert fysisk aktivitet, søvn, digitalisering og psykisk helse. Innanfor fleire av desse områda har det vore ei negativ utvikling som korrelerer med nedgangen i læringsresultata. Ny teknologi i skulen kan gi moglegheiter, men samtidig utfordre læringa til elevane. Etter kvart som vi får meir kunnskap om digitalisering i skulen, vil vi forstå desse sidene av barnehage- og skulekvardagen betre. Utdanningsdirektoratet vil jobbe vidare med korleis barn og unge skal få ei variert og motiverande tid på skulen.
For å sikre best mogleg føresetnader for læring vil vi i tida framover jobbe for å justere læreplanane målretta der det er størst behov. Vi er òg i gang med store endringar for å få auka effekt av systema for etter- og vidareutdanning, og vi jobbar aktivt for å utvikle støtta og råda våre slik at dei treffer behova i sektoren betre.
Ei av dei største utfordringane vi står overfor i samfunnet, er å møte behovet for arbeidskraft i framtida. Dette er ei sentral oppgåve for grunnopplæringa, og vi må ha relevante fagtilbod som svarer til behova. Spesielt skal vi jobbe for å vidareutvikle studieførebuande opplæring slik at dei som går ut med vitnemål, er studieførebudde og har relevant kompetanse for framtida. Vidare skal vi møte behovet i arbeidslivet for fleire fagarbeidarar, både i tal og i kompetanse. Det er òg eit mål om å få fleire vaksne inn i vidaregåande opplæring, slik at dei oppnår formell kompetanse og stabil tilknyting til arbeidslivet.
Utdanningsdirektoratet vil jobbe for å bruke kunnskapsgrunnlaget og analysekapasiteten vår betre, for å forstå korleis verkemidla våre fungerer, og korleis ulike drivkrefter fremjar og hemmar læring. Vi har eit stort datagrunnlag, og vi ønskjer å bruke det på ein endå betre og meir strategisk måte. Dette inneber både å trekkje slutningar av informasjonen vi sit på, og å stille dei rette spørsmåla i dialogen vår mot sektoren, forskingsmiljø og statsforvaltarane.
I tida framover vil nye mål påverke arbeidet til Udir. Dei nye måla vil gi oss høve til å jobbe meir heilskapleg internt, i tillegg til at dei vil gjere det nødvendig å jobbe strukturert med å analysere korleis vi skaper dei rette effektane i sektoren. Derfor er måla eit av dei viktigaste verktøya våre i tida framover.