Årsrapport 2024
1 Leiaren har ordet
2024 har vore eit år med barnehage og skule høgt på dagsordenen i samfunnsdebatten. Noko av det som kanskje har etterlate sterkast inntrykk, er biletet av at mange piler peikar i feil retning i norsk skule. Både læringsresultata og trivselsresultata gir grunn til bekymring. Samtidig er eg oppteken av å synleggjere at det òg er veldig mykje som er bra i norske barnehagar og skular. 2024 har vist at vi saman kan få til endringar som gir positive resultat på kort tid.
På dei 20 åra som har gått sidan Utdanningsdirektoratet blei oppretta, har kvardagen til barn og unge endra seg vesentleg. Full barnehagedekning, seksårsreform, innføring av SFO og ikkje minst digitalisering er faktorar som har bidrege til at kvardagen til barn og unge er svært annleis enn for berre ein generasjon sidan. Gjennom desse åra har barnehagane og skulane blitt meir profesjonaliserte, fått betre system for kvalitetsutvikling, og dei tilsette har vesentleg høgare kompetanse.
Samtidig ser vi at samfunnet og teknologien blir utvikla i ei takt det kan vere vanskeleg for utdanningsinstitusjonane å halde tritt med. Mange av faktorane som påverkar kvardagen til barn og unge, ligg utanfor skulen. Fleire opplever press, forventningar og psykiske plager, det er større ulikskapar i samfunnet, og mykje av livet til ungdommane går føre seg på digitale flater. Det betyr òg at jobben vår er ein annan enn han var for 20 år sidan.
Det er bakgrunnen for at vi i 2024 har jobba med å vri arbeidet vårt, slik at vi på best mogleg måte kan støtte dei som jobbar i og med barnehage og skule. Eit viktig grep har vore å utvikle nye mål for arbeidet til direktoratet saman med Kunnskapsdepartementet. Dei nye måla, som gjeld frå 2025, er tydelegare på den endringa Utdanningsdirektoratet skal skape hos barn, unge og vaksne i barnehage og opplæring. Eg trur dei nye måla i åra som kjem, vil bli eit heilt sentralt verkemiddel for å styre aktivitetane og innsatsen vår tydelegare i retning av der vi har behov for størst innsats.
Når eg ser tilbake på kva vi har gjort i 2024, er det særleg tre prosessar eg vil trekkje fram:
- Vi har gjort eit stort og grundig arbeid med støtte til innføring av ny opplæringslov. Å innføre eit meir presist og brukarvennleg lovverk, og deretter gjere det kjent i 3000 skular, 357 kommunar og 15 fylke er eit stort og komplekst arbeid som vi har komme langt med dette året.
- Saman med lokale styresmakter har vi sikra ei god gjennomføring av eksamen, trass i rask teknologisk utvikling og krevjande føresetnader. Vi har òg sett i gang eit stort arbeid for å leggje til rette for ei berekraftig eksamensgjennomføring dei kommande åra.
- Vi har utvikla praktiske og kunnskapsbaserte råd til sektoren. I starten av året kom vi med tydelege tilrådingar om mobilbruk i skulen, noko som blei godt motteke i sektoren. I løpet av året har vi mellom anna publisert råd om bruk av KI, rettleiing om sikker skjermbruk og råd om fråvær. Råda er døme på korleis Udir tek ei ny og tydelegare rolle i å støtte barnehagar og skular.
Samtidig stiller nedovergåande lærings- og trivselsresultat oss overfor nye utfordringar. Basert på læringsresultata til elevane kan vi slutte at verkemidla våre ikkje har den effekten vi ønskjer. Sjølv om nedgangen i læringsresultat ikkje er eit særnorsk fenomen, er det viktig at vi gjer vårt ytste for å snu den negative trenden. I den samanhengen er det avgjerande at verkemidla til direktoratet er nyttige for den jobben som skal gjerast ute i barnehagane og skulane. Det er òg viktig at det er heilskap og samanheng i verkemidla til direktoratet, slik at det er lett for sektoren å ta dei i bruk.
For å forstå sektoren betre er eg oppteken av at vi skal vere eit synleg og lyttande direktorat. Derfor må vi vere til stades på arenaer der vi høyrer frå dei som kjenner barnehage- og skulekvardagen frå ulike sider. Partssamarbeid og samarbeid med andre statlege etatar er ein viktig del av det. Samtidig har eg i året som har gått, sett stor pris på å møte engasjerte elevar, lærarar og leiarar for barnehage og skule, som kvar dag jobbar for at barn og unge skal ha det best mogleg. Jobben vår er å støtte dei i arbeidet deira, og det håpar eg at har blitt endå tydelegare i året vi har lagt bak oss.
