Del V Vurdering av framtidsutsikter

Vi skal tilby tenester og verktøy som bidreg til å setje i verk nasjonal politikk

Utdanningsdirektoratet skal bidra til at barn og unge lærer, meistrar og trivst. Oppgåva vår er å setje i verk nasjonal politikk gjennom verkemidla våre. Vi må jobbe saman med mange aktørar og på tvers av nivå for å gi alle barn og unge eit trygt og likeverdig tilbod av høg kvalitet.

Framleis store forskjellar i kapasitet og kompetanse

Vi veit at det er for store forskjellar i barnehage- og opplæringstilbodet i Noreg, og at det er stor variasjon i kapasitet og kompetanse mellom barnehagar og skolar, kommunar og fylkeskommunar. Verkemidla og tenestene våre skal bidra til å jamne ut desse forskjellane og sørgje for varige endringar. For å lykkast må vi tilpasse verkemidla og tenestene våre til dei ulike behova og la dei som bruker tenestene våre, vere med på å utvikle innhald og innretning. Brukarmedverknad og digitalisering av tenester krev endra arbeidsprosessar og leveringar, og det utfordrar dei tradisjonelle rollene våre og den tradisjonelle ansvarsdelinga vår.

Vi skal ruste barn og unge for framtida

Nytt kompetanseomgrep og nytt digitalt system for gjennomføring av eksamen og prøver stiller krav til nye former for vurdering av kompetansen til elevane. Vi har begynt arbeidet med vidareutviklinga av eksamenar og prøver slik at dei støttar opp under måla i det nye læreplanverket, samtidig som vi får eit godt og framtidsretta vurderingssystem. Dette blir eit stort og viktig utviklingsarbeid i åra som kjem, og det vil utfordre eksamen slik vi kjenner han i dag.

Kompetente lærarar er viktig for meistringa, læringa og trivselen til barn og unge. Regional ordning for barnehage og desentralisert ordning for skole skal setje kommunar og fylkeskommunar betre i stand til å sørgje for at etterutdanningstilboda samsvarer betre med behova for kompetansepåfyll i barnehagar og skolar. Ordninga er framleis i oppstartsfasen, så vi følgjer opp og må vere villige til å gjere nødvendige justeringar etter kvart som vi får kunnskapsbaserte erfaringar med dei nye ordningane. Ny rammeplan og nytt læreplanverk krev at tilsette i barnehage og skole har oppdatert og relevant kompetanse. Då er vi avhengige av å samarbeide godt med tilbydarar av etter- og vidareutdanning. Utdanningsdirektoratet er derfor opptekne av å etablere gode samarbeidsarenaer med UH-sektoren i åra som kjem.

Vi må ta i bruk og utnytte moglegheitene teknologien gir oss

Vi veit det er stor variasjon i infrastruktur, kompetanse og bruk av teknologi og digitale hjelpemiddel i Barnehage- og Skole-Noreg.14 Det er krevjande å endre praksis, og samtidig som vi ikkje veit nok om korleis den nye digitale kvardagen vil arte seg om berre få år, veit vi at det ligg eit ikkje-utnytta potensial i å ta i bruk teknologi og digitale tenester for å fremje lærings- og meistringsopplevingane til barn og unge. Gjennom målretta kompetanseutviklingstilbod, digitalisering av rammeplan og læreplanar og modernisering av vurderingsverktøy kan vi bidra til at fleire barnehagar og skolar tek i bruk digitale verktøy og aukar kompetansen sin.

Vi må utvikle kunnskapsgrunnlaget vidare og formidle det slik at sektoren kan tolke og omsetje kunnskapen i god praksis

Eit oppdatert og relevant kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å drive gode utviklingsprosessar nasjonalt og lokalt. Vi veit at brukarane våre har stor tiltru til oss som leverandørar av tal og forsking. Samtidig er det mange kjelder og stader å hente informasjon frå, og det kan vere vanskeleg å få oversikt og orientere seg i det stadig større utvalet av tal og forskingsrapportar. Det er også ulik kompetanse i sektoren når det gjeld å tolke og analysere tala, reflektere over kva årsaka til resultata kan vere, og setje inn tiltak som verkar. Fleire ønskjer også meir kunnskap om kva tiltak som verkar. For å støtte barnehagar og skolar i å drive eit kunnskapsbasert utviklingsarbeid må vi i større grad forenkle og leggje til rette for å hente inn tal og formidle relevant forsking. Det er også område der vi framleis manglar kunnskap, og desse kunnskapshòla må vi arbeide for å tette.

Heilskap og samanheng i tenestetilbodet krev samarbeid med andre statlege og lokale aktørar

Vi veit at utsette barn og unge og familiane deira opplever at tenestene dei får, er for sektoriserte og fragmenterte. Derfor må vi jobbe saman med andre sektorstyresmakter for å skape eit koordinert og heilskapleg tilbod som verkar til beste for dei som treng hjelp og støtte. Samarbeid på tvers av sektorar er ein viktig omstillingsprosess i staten i åra framover. 0–24-samarbeidet har vist at dette er krevjande og nødvendig. Vi må arbeide vidare for å gi kommunane handlingsrom, slik at dei i større grad kan leggje til rette og skreddarsy verkemiddel på tvers av sektorgrenser. Skal vi få til det, må staten vere villig til å gjere endringar i verkemiddel på tvers av sektorar, slik at kommunane blir sette i stand til å gi meir målretta og heilskaplege tilbod til barn og unge.

Alle har rett til å ha det trygt og godt på skolen

Regelverka er viktige verktøy for å regulere kvalitet i barnehagar og skolar. Vi må framleis arbeide for at alle barnehagar og skolar skal gi tilbod som oppfyller krava, og vi erfarer at dette er eit krevjande og langsiktig arbeid. Mange barn og unge opplever framleis manglande tryggleik eller utestenging i kvardagen. Vi må halde fram med å ruste skolar og barnehagar i arbeidet med eit trygt og godt skolemiljø for alle barn og unge. Samtidig rettar vi framleis merksemd mot handhevingsordninga som skal gi barn og unge enklare og raskare behandling når dei opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt.

Felles nasjonalt tilsyn 2018–2021 har skolemiljø som eitt av fleire tilsynstema. Gjennom å kombinere styrande og støttande verkemiddel skal Utdanningsdirektoratet bidra til at kommunar, fylkeskommunar og private eigarar kan tilby likeverdige og gode tenester, samtidig som dei byggjer kapasitet og kompetanse til å ta hand om oppgåvene sine for framtida.


14) Monitor 2016.

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!