Del V Vurdering av fremtidsutsikter

Vi må ha ein heilskapleg og samordna verkemiddelbruk

Vi skal bidra til læring, meistring og trivsel for barn og unge, og oppgåveløysinga vår skal gi større måloppnåing og dokumentert meirverdi i barnehagar, skolar og opplæring. I løpet av hausten 2017 identifiserte vi sentrale oppgåver og fagmiljø i dei to tidlegare verksemdene som skal jobbe saman for å skape gode synergiar i den nye verksemda. Slik vil vi oppnå ein høgare kvalitet på tenestene våre og ei betre oppgåveløysing i det nye direktoratet.

I løpet av våren 2018 startar vi strategiprosessen vår. I strategien skal vi identifisere korleis vi skal jobbe framover for å nå måla våre.

Vi må jobbe tverrfagleg og sektorovergripande

Fleire av utfordringane vi står overfor, er sektorovergripande og tverrsektorielle, og ein del problemstillingar relaterer seg også til fleire velferdsområde. Vi ser at det er nødvendig å jobbe saman og samordne oss med andre direktorat for å løyse nokre av dei store utfordringane i samfunnet. Vi må bidra til heilskap og samanheng i oppgåveløysinga på tvers av direktoratområde, slik at brukarane våre opplever ei koordinert og samla tilnærming. Eit eksempel på eit slikt tverrsektorielt samarbeid er 0–24-prosjektet, som handlar om utsette barn og unge.

Vi må jobbe med kontinuerlege forbetringar ut frå kunnskapsgrunnlaget

Det er framleis for store kvalitetsforskjellar mellom barnehagar og mellom skolar. Det er framleis langt igjen til målet om eit likeverdig barnehage- og opplæringstilbod i heile landet.

Vi ser at dei skolane og barnehagane som jobbar profesjonsfagleg, systematisk og heilskapleg innanfor sine strukturar, også har dei beste føresetnadene for å skape eit godt barnehage- og opplæringstilbod. Dette er skolar og barnehagar som jobbar kunnskapsbasert og analytisk med kontinuerleg forbetring. Det er også ein klar samanheng mellom kvaliteten på tilbodet og samspelet mellom den enkelte barnehagen eller skolen og eigaren.

Vi skal ha færre nasjonale satsingar og meir skreddarsaum

Det siste året har vi bevega oss bort frå dei store, felles nasjonale satsingane, til fordel for meir lokalt tilpassa tiltak. Kommunar og fylkeskommunar har ulik kapasitet og kompetanse til å drive kvalitetsutvikling i skolen, og nasjonale satsingar gir ikkje tilstrekkeleg rom for lokal tilpassing. Framover skal statlege midlar til etterutdanning i større grad bygge opp under det kommunale og fylkeskommunale ansvaret for kvalitetsutvikling, og midlane skal stimulere til langsiktig samarbeid mellom skoleeigarane og lærarutdanningane. For skolar som over tid slit med svake resultat, er oppfølgingsordninga etablert for at staten skal kunne støtte og rettleie kommunar og fylkeskommunar.

Vi må utnytte potensialet digitaliseringa gir oss

Noregs evne til å vere konkurransedyktig er avhengig av at vi utdannar elevar med dei ferdigheitene og den kompetansen som krevst i samfunns- og arbeidslivet i framtida. Digitaliseringa i samfunnet går på tvers av etatar, sektorar, fagfelt og forvaltningsnivå, og det er uutnytta synergiar mellom nivåa i utdanningsløpet som krev eit heilskapleg syn på digitalisering.

Digitalisering gjer større læringsutbytte og betre tilpassa opplæring mogleg. Utdanningsdirektoratet må vere ein pådrivar for endringane som må til for å ta dette potensialet i bruk, mellom anna gjennom arbeidet med å implementere IKT-strategien for grunnopplæringa.

Vi skal sette brukaren i sentrum

Omdreiinga frå nasjonal satsing til skreddarsaum er eit av eksempla på at vi i stadig større grad tilpassar tiltak og verkemiddel til behova hos brukarane. I 2017 var brukarorientering betre integrert i oppgåveløysinga vår. Vi snakkar med kommunar for å høyre kva slags støtte dei treng frå oss i arbeidet med å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen – og i arbeidet med fagfornyinga inviterer vi «alle» til å komme med sine meiningar og perspektiv. Vi høyrer på innspela frå brukarane våre, og vi gjer vårt beste for å endre verkemidla og tenestene våre i takt med behova deira.

Kunnskapsgrunnlaget er den viktigaste reiskapen vi har for å ta informerte og strategiske val

Vi ønsker stadig å forbetre og bruke kunnskapsgrunnlaget vårt på nye måtar. Vi er i ferd med å etablere to større evalueringsprogram som begge eksemplifiserer ei bevisst dreiing i valet av verkemiddel. Implementeringa av rammeplanen for barnehagen skal evaluerast i perioden 2018–2022. Evalueringa av fagfornyinga startar også i 2018 og held fram til 2025. Vi meiner at det er fleire gevinstar å hente frå denne typen evalueringsprogram. Vi får større og meir samanhengande evalueringar i staden for mange mindre og spreidde oppdrag. Vi får vite meir om effekten av verkemidla våre, noko som gir oss betre anledning til å justere dei undervegs. Denne kunnskapen vil også gi eit godt grunnlag for den vidare politikkutforminga.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!