Del II Introduksjon til verksemda og hovudtal 2017

Utdanningsdirektoratet – det nye direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT

Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga (senteret) har hatt overlappande eller tilgrensande ansvar og oppgåver. For å få ei god styring og utvikling i sektorane blei vi frå 1. januar 2018 slått saman til Utdanningsdirektoratet – direktorat for barnehage, grunnopplæring og IKT. Omtale av organiseringa av senteret og Utdanningsdirektoratet i 2017 med tilhøyrande nøkkeltal ligg ved med lenke til slutt i denne delen. Under presenterer vi den nye verksemda.

Tilknytingsform

Utdanningsdirektoratet (direktoratet) er eit ordinært statleg forvaltningsorgan (bruttobudsjettert verksemd) under Kunnskapsdepartementet (KD). Vi har også etatsstyringsansvar for utdanningsadministrasjonane til fylkesmennene og det statlege pedagogiske støttesystemet Statped. Vidare har vi etatsstyringa av styret for dei to statlege samiske vidaregåande skolane i Finnmark og for Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskolen for Midt-Noreg).

Fagstyringa av dei ti nasjonale sentera for kvalitet i opplæringa gjekk ut av porteføljen vår frå 01.01.2018. Senter som er involverte i nasjonale fleirårige satsingar, vil føre dette arbeidet vidare ut oppdragsperioden.

Samfunnsoppdraget vårt

Direktoratet har eit overordna forvaltningsansvar for barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring. Vi skal sikre at norsk utdanningspolitikk blir sett i verk og følgd opp, og at retten for barn, ungdom og vaksne til eit likeverdig tilbod i barnehage, skole og opplæring blir tatt vare på. Digital kompetanse og digitalisering skal integrerast i verkemidla våre for å gi større gjennomslagskraft i utdanningssektoren.

Mange aktørar har ansvar for å realisere ambisjonane i utdanningssektoren. Sektormåla beskriv kva vi skal oppnå saman. Utdanningsdirektoratet har ei stilling mellom Kunnskapsdepartementet og barnehage- og skoleeigarar, og har ansvar for å utvikle og bruke verkemiddel slik at barnehage- og skoleeigarar har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å nå måla.

Mål for barnehagen

  • Barnehagar med høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring
  • Eit tilgjengeleg barnehagetilbod til alle barn
  • Føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren

Mål for grunnopplæringa

  • Elevane skal meistre grunnleggande dugleikar og ha god fagleg kompetanse
  • Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø
  • Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring

Som fagorgan har direktoratet ei rådgivingsrolle overfor departementet og den politiske leiinga. Vi skal mellom anna bidra med utgreiingar, utvikle og formidle relevant kunnskap og gi innspel til ulike statsbudsjetts- og stortingsdokument.

Direktoratet har ansvar for å utvikle læreplanar for skolen og rammeplanar for barnehagen. Vi utarbeider mellom anna kartleggingsprøver, nasjonale prøver og sentralt gitt eksamen for norsk grunnskole og vidaregåande opplæring. Ein stor del av arbeidsinnsatsen er retta mot rettleiings- og støttearbeid overfor sektorane.

Direktoratet er delegert den overordna nasjonale faglege myndigheita for tilsynsarbeid, og forvaltar og tolkar regelverket som gjeld for barnehagar og skolar i Noreg.

Samarbeid med andre direktorat
Utdanningsdirektoratet er ein del av Direktørnettverket, der ti direktorat innanfor velferdssektoren er representerte. Formålet med nettverket er mellom anna å bidra til dialog og samarbeid på tvers av sektorane.

For å sikre at barn og unge får opplæring sjølv om dei oppheld seg i ein barnevernsinstitusjon eller har eit langvarig sjukehus-/rehabiliteringsopphald, jobbar direktoratet tett saman med Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Arbeids- og velferdsetaten på område som kryssar faggrensene.

Omtale av organisasjonen og leiinga

Ved inngangen til 2018 har direktoratet 333,9 årsverk fordelte på dei fire lokasjonane våre:

Tromsø: 31,7 årsverk
Molde: 21,7 årsverk
Hamar: 10,8 årsverk
Oslo: 269,7 årsverk

Direktoratet er delt inn i seks divisjonar og to stabar med ulike arbeidsområde knytte til barnehage, grunnopplæring og IKT: myndigheitsoppgåver, vurdering og analyse, støtte-, rettleiings- og utviklingsoppgåver, forvaltning av regelverk, dokumentasjon og administrasjon. Kvar divisjon har underliggande avdelingar med oppgåver innanfor arbeidsområdet til divisjonen.

Organisasjonskart for direktoratet frå 01.01.2018

Direktoratet er organisert med direktør, to stabar og seks divisjonar. Leiarane av divisjonane utgjer toppleiinga i verksemda. Kvar divisjon har frå tre til fem underliggande avdelingar.

Det var ein føresetnad for fusjonen at det nye direktoratet skulle integrere porteføljen til Utdanningsdirektoratet og porteføljen til Senter for IKT i opplæringa på ein måte som skaper gode og hensiktsmessige synergiar. Modellen vi valde, gir rom for ein viss grad av funksjonsdeling, men også ei god ramme for organiseringa av det nye direktoratet.

Organiseringa av direktoratet vil bli evaluert og eventuelt justert etter at strategien er ferdigstilt og vi har hausta nokre erfaringar. 

Organisasjonskart Utdanningsdirektoratet

Vi er i gang med å definere nøkkeltal for perioden 2018–2020 som seier noko om kjerneverksemda til direktoratet.

 

 

Organisering av senteret i 2017 og hovudtal

Del II Introduksjon til verksemda og hovudtal 2017 (pdf)

Organisering av direktoratet i 2017 og hovudtal

Del II Introduksjon til verksemda og hovudtal 2017 (pdf)

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!