Vaksne skaper vennskap

Vennskap motverkar mobbing, og vaksne har ansvaret for at alle barn skal bli inkluderte. Her har vi samla nokre tips til det du som forelder kan gjere for å leggje til rette for vennskap blant barn og unge.

Gjer skolevegen hyggeleg for alle

  • Foreldrekontaktane på skolen kan opprette følgjegrupper for skolevegen, slik at alle har nokon å ta følgje med og vere saman med etter skoletid. 

Før ein inkluderande bursdagspolitikk

  • Inviter heile grupper, til dømes heile klassen eller avdelinga, alle jentene eller alle gutane. Det å bli halden utanfor er ei av dei vanlegaste formene for mobbing.
  • Ein annan måte å skape ei inkluderande bursdagsfeiring på er at alle barna som har bursdag same månad i klassen eller avdelinga, feirar saman. Slik kan både barn og foreldre bli betre kjende.
  • Har du liten plass til å feire barnebursdag heime, sjekk om barnehagen, skolen eller SFO kan lånast ut.
  • Snakk med barna om kvifor det er viktig å inkludere fleire enn berre dei barna dei leiker mest med.

Bli kjend med dei andre foreldra 

  • Når du kjenner foreldra til dei andre barna i barnehagen og på skolen, er det lettare å invitere med barna deira heim. Foreldrekveldar, pappakveldar eller mammakveldar kan vere ein god idé. 
  • Eit foreldremøte er ein fin arena for å drøfte kva foreldre kan gjere for

    barna skal trivast, til dømes kan dere lage felles køyrereglar for å invitere andre barn med heim. 

 «I begge klassane til barna mine bruker vi å arrangere mammakveldar. Vi møtest heime hos kvarandre eller på eit grendehus i nærleiken til ein uformell og hyggeleg kveld. Har alltid enkel servering, ofte har mødrene som kjem, med seg litt mat kvar. Det blir lettare å invitere med nye barn heim når du kjenner foreldra deira. Det er også enklare å ta opp vanskelege ting når vi kjenner kvarandre betre.»

– Marianne

Bli kjend med barna i klassen og nærmiljøet

  • Hils på barna i avdelinga eller klassen. Lær deg namna deira.
  • Dersom du har ei trampoline eller ei sandkasse i hagen din, kan du invitere nabobarna til å leike der.
  • Du kan ta med barnet ditt og ringje på hos eit barn i nabolaget som barnet ditt ikkje kjenner så godt.

Dei fleste barn og elevar har gode venner

Men ikkje alle....

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!