Barnet mitt har det ikkje bra i barnehagen, kva kan eg gjere?

Det kan vere mange grunnar til at barnet ditt ikkje trivst i barnehagen. Mobbing og plaging kan vere ein av dei.

Bekymra for overgangen til skole?

Å begynne på skolen er ei stor hending for barn. Dersom du er bekymra for at barnet ditt ikkje skal trives når ho eller han begynner på skolen, tilrår vi at du snakkar med skolen og barnehagen om bekymringa di. Det kan medverke til ein betre skolestart for barnet.

Barnehagen kan òg gi skolen informasjon om barnet ditt, dersom du samtykkjer til det. 

Ikkje marginaliser eventuelle bekymringar du har. Hugs at tidleg innsats kan vere nøkkelen til at barnet ditt får det bra.

Nordsamisk

Kva er mobbing blant små barn?

Mobbing i barnehagen kan skje på mange måtar. Det kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje føler at det høyrer til eller er viktig for fellesskapen.

Det kan vere at barnet blir halde utanfor leiken og samtalen, eller aldri får leie eller sitje ved sida av nokon.

Små barn kan dytte, bite og slå. Dette er ein del av utviklinga til barn, og er ikke nødvendigvis mobbing. Men dersom barnet ditt gong på gong blir plaga eller erta, bør du ta opp dette med barnehagen.

Kva kan du sjå etter?

Det er ikkje alltid barna fortel om det som skjer i barnehagen. Spørsmål du kan stille deg:

  • Viser barnet glede over å vere i barnehagen?
  • Kva fortel barnet heime om barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt har venner i barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt kjenner seg trygg i barnehagen?
  • Fortel barnet om leik og morosame opplevingar?

Andre ting du kan sjå etter dersom du mistenkjer at noko er gale. 

Ta kontakt med barnehagen

Det er viktig at du melder frå til barnehagen dersom du oppdagar at ditt eller andre sitt barn blir mobba eller av andre grunnar ikkje har det bra i barnehagen.

  • Ta kontakt med pedagogisk leiar eller styrar og fortel om bekymringa di.
  • Det kan vere lurt å be om eit møte, der de saman kan lage ein plan om kva barnehagen og de som foreldre skal gjere for at barnet skal trivast. 
  • Du kan be barnehagen fortelje om korleis dei jobbar med å førebyggje og stoppe mobbing. Du kan òg høyre om barnehagen har ein plan for arbeidet.

Kva om barnehagen ikkje tek bekymringa på alvor?

Dersom du opplever at barnehagen ikkje tek bekymringa di på alvor, kan du ta kontakt med kommunen. Er det ein privat barnehage, tek du kontakt med eigaren av barnehagen, eventuelt med kommunen dersom ikkje eigaren lyttar. Det finst ingen formell framgangsmåte, men her er nokre forslag til kva du kan gjere:

  • Be om eit møte for å høyre om korleis dei kan hjelpe deg. Både kommunen/barnehageeigaren og leiinga i barnehagen bør vere til stades. Det er òg mogleg for deg å ta med andre i dette møtet.
  • Foreslå at det blir laga ein skriftleg plan på kva som må gjerast. Denne planen kan innehalde mål, tiltak og ei oversikt over kven som skal gjere kva.
  • Avtal eit oppfølgingsmøte.

Barns rettar i barnehagen

  • Barnehagen skal vere ein trygg stad og medverke til at barn trivst og får venner.
  • Barna skal ha eit trygt barnehagemiljø. Dei skal ha vern mot alle former for fysisk eller psykisk vald. Mobbing og trakassering blir rekna som vald. 
  • Barna har rett til omsorg.
  • Barna som blir haldne utanfor leiken, skal få spesiell oppfølging frå barnehagen. Det same skal barn som held andre utanfor leiken.
  • Barna skal møtast med tillit og respekt. 
  • Barna skal ha vaksne rundt seg som er gode rollemodellar. 
  • Barna har rett til å bli høyrde i alt som handlar om dei. Deira meiningar skal vektleggjast i samsvar med deira alder og mognad. Det står i FNs barnekonvensjon.

Kilder: Barnehageloven og rammeplanen.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!